28.12.02

Eg høyrer på kassett med The Cure-konserten frå Roskilde 2001 (tatt opp frå PeTre) medan eg står på badet og sminkar meg og drikk øl.

27.12.02

ANgst! Agnst! Eg kan ikkje stava i dag, og eg trur eg skal skriva ein musikktekst som skal heite " Eg er den teitaste og eg burde gravast ned i frosen jord".

I kveld skal eg sjå "the royal tenenbaums" med nokre venner her heime. Det skal bli roleg og fint. No burde eg nok teke meg ein tur ut og lufta meg litt. Det kunne eg trenga. Det kunne eg absolutt trenga. Litt frisk luft skulle gjere meg ordentleg godt. Klokka er halv fire og bror min har ikkje stått opp enno. Eg har morgonkåpe på meg.
Kvifor kler eg ikkje på meg og luftar meg litt ute? Eg kunne gått ein tur, det hadde vore greit. Eg kunne besøke mi gamle venninne som har fått ein unge, det kunne eg gjort. Det kunne eg faen meg gjort. Ja, det er ein god ide.
Det er døttsgøy med dans i eikelandsosen for det er so mange folk der som ein kan snakka med og sånt. Men det er og dødsgøy å koma heim om natta og julepålegg er best ingen protest er du imot er du idijont. Og ingenting er som å kome heim og tru du må vere Veeeeldig veldig stille, men såer du visst aleine. Men no kom nokon til. godantt.

26.12.02

I dag kjenner eg meg i humør til sitering. Fylgjande utsegn har eg i dag bite meg merke i, av ymse grunnar:


"(Om Ronan Keating: "If Tomorrow Never Comes" ) Dette er en sånn låt som får deg til å tenke. Teksten er virkelig nydelig, og han synger faktisk ganske godt også. Normalt har jeg ikke så stor sans for musikken hans, så jeg fikk omtrent sjokk første gang jeg hørte denne låta. "
Nettdagbokperson, eg skal vere grei å la henne vere anonym

"Ved farfars hatt! Åh, unnskyld kraftuttrykket, Betty"
Henrik Meisel frå "Den spanske flue"

"Hadde Marx levd i dag ville han sagt at såpeoperaer er opium for folket."
Henrique frå São Paulo, funne her

Og til sist eit frå min ven, Christian:

"My name is samuel, and I see you all in hell, yes I see you all in hell. Damn your Eyes"
Johnny Cash

25.12.02

Fylgjande korrektur vart sendt meg på e-post julafta:

"Nils ble aldri utestengt fra kvarteret. Det var det bare Sjur som ble.
Jeg ble bare truet med utestengelse, siden jeg fulgte etter Sjur og vakten etter det så mye omtalte stol-tyveriet.
For øvrig kravlet jeg ikke rundt i en grøft. Jeg rullet meg i løvet utenfor Johanneskirken.
Snakker om at en fjær blir til fem høns! "

22.12.02

Skriv eit minne i boka mi,
so skal eg minnast deg all mi tid!

Dette biletet er teke på torgallmenningen den dagen ein verkeleg kunne få eit inntrykk av korleis Mr. Nesse(til venstre) kjem til å vera som gamling. Skjelvande, mysande og lettare mentalt redusert. Hevrøy(til høgre) var i litt betre fysisk stand, han klarte i alle fall å halde kaffekoppen med berre ei hand. Dette var, so vidt eg hugsar, dagen etter ein kveld der Sjur stal ein stol, Nils vart av den grunn stengd ute frå kvarteret, og det var umogleg å oppdrive kameraten deira(sist sett kravlande i ein grøftekant).

Barnet i bakgrunnen har eg ikkje noko kjennskap til.
Å være attende i Bergen, min hjarteby med mine gamle vgs-vener var satans bra! Det var godt med øl (ekte øl, ikkje tull), det var godt med dei gode gamle vener eg ikkje har sett på lenge, og ikkje minst var det godt med den gode gamle humoren i fritt spillerom.

I dag derimot, var eg nokså trøytt. Eg sov litt på sofaen og skulle eigentleg bade i stampen (ein slik som detta), men eit uimotståeleg tilbod på sms førde til whisky og åttitalsrockemusikkvideoar med ungdomsskulekompisane. Det vart bra!

Eg hugsar på at det var sensur på eksamenen min i går. Det vil seie at eg snart veit kor god eg er i filosofihistorie. Eg går for A, men no går eg i seng.

19.12.02

Dei tre fyrste koppane med kaffi smaka best, denne siste er litt beisk. I dag er det elles berre ein ting eg vil få fram:

Les:
Sveve over vatna av Ragnar Hovland.
Sveve over vatna av Ragnar Hovland
Sveve over vatna av Ragnar Hovland.

Takk.

18.12.02

I dag har eg vore på ungdomsskulen, sidan eg ikkje kunne halde meg vekk. Då eg kom heim teikna og skreiv eg ein oversikt medan eg høyrde på to cd-plater (som var superfine, iallefall den eine) som eg hadde fått i posten. Deretter høyrde eg på Nina Hagen medan eg laga eit julekort. Og så las eg i Ragnar Hovland si bok "Sveve over vatna". Den må alle lese. Meir enn Frode Grytten må alle lese Sveve over vatna. I kveld skal eg sjå nrkkalendaren. Og så skal eg gå ut ein tur, på besøk for å hente ein cd eg har fått brent. Eg har eit blått skjørt som eg har funne på besto sitt loft på meg. Og stjerner i øyro.
Det er greit at Jaga Jazzist har blitt store og ordentlig anerkjende i utlandet - men dei trong ikkje lage ei slik kjip heimeside for det.
Alt var betre før.

16.12.02

Eg tenkte å blogge litt att. Eg er heime, sit på ein krakk og det er kaldt i huset. Men det er godt å vere heime. Eg likar heime. Eg har tatt på meg angoraullsokkar, som eg fekk av mamma i går. Bror min henta meg på flyplassen, men hadde ein spanande køyretur i bergen sentrum (opp kleiver og inn smau) for å stikka innom god ven.
Huset mitt er dødsfint, familien min er den beste, bygda mi er så fin at eg får vondt i hjarta av det.

Eg er i dag, berre glad, og litt kald, og har ikkje så mykje å skrive i grunn. Eg skriv kun for å glede rocky. Og alle dei gjennomsnittleg 24 daglege lesarane mine. Kven dei no i HIMMELENSNAMN er. God dag til alle barn!

Her er min plan: electroclashqueen. Det blir meg.

11.12.02

Det var det. Ferdig med eksamen. Juleferie. Ahhhhhh......

10.12.02

Det sit ein fantastisk irriterande dust på same datasal som meg. Han er for tida i gong med sin tredje telefonsamtale på eit kvarter. No syng han "åh, åh, Im a kitty-cat", for at personen i andre enden skal skrive ned kva notar han syng. Og så spør han om den andre fekk lite potetgull på ungdomsskulen. Og så fortel han at han har nett fått sitt tredje sim-kort og at det er dødsbra, for då kan han ringa gratis i ein månad. Eg skal banka han, fy faen i helvete.

9.12.02

Ok! Då Kristin og eg vakna laurdag morgon i to-tida, og skulle gå heim frå kompisen me hadde sovna på sofaen til fordi me ikkje gadd å gå heim, kunne me frå der me stod i prinsens gate observere ei stor mengde røyk, som såg gul og nokså dramatisk ut. Og brann var da, GITT Det triste er at så mange fine hus er brent, og klesbutikken Tante Isabel, som eg rett nok kun har vore inne i nokre få gongar, men det var ein bra butikk. Det eg derimot ikkje er så trist for er tapet av dei ekle utestadane ricks og news. Dessutan! Kunne ikkje den heslige fridomsgudinneminikopien brent opp i same sleng?

Førre veke unngjekk eg så vidt å kome på tv to gongar. Sist då eg vart intervjua av studenttv og framstod som ein skandaløst lite smart person. Men dei sendte ikkje mine fagre uttalingar om juleferie og kvalitetsreform. Den fyrste gongen var då eg og Endre var på samfundet og såg den direktesendte stordebatten mellom Hagen og Stoltenberg.
Der kunne mi raude skulder sjåast bak talarstolen. Eg vart nervøs av å ha eit kamera i retning mot meg, kanskje eg ikkje egnar meg til å verta kjendis likavel. Fanden.
Uansett. Det aller mest underhaldande med debatten var fru massehårHagen, som sat og applauderte sin mann iherdig, eller himla med auga eller såg biskt på Stoltenberg. Og når nokon klappa for noko ho var ueinig med vart ho sur og sjokkert. Det var gøy, gøyare enn at eg satt rett ved ein høgtalar og kunne høyra Knut Olsen pusta tungt i ca. to timar.

2.12.02

Det har hendt nokre gongar at eg har drøymd at eg har møtt kjendisar eller liknande, som eg ikkje liker. I løpet av draumen, og samtalen med dette mennesket, som ofte er menneske eg har ledd mykje av, har eg møtt alle fordommane mine i døra, og måtta innsjå at det eigentleg er ein skikkeleg ok person. Og eg lovar meg sjølv aldri meir å le av eller snakke stygt om den. Tidlegare har eg drøymd slike draumar om Britney Spears, som synte seg å vere KJEMPEGREI. Og i natt var det Ari Behn. Han var jo ikkje pompøs og oppblåst i det heile, berre reflektert og klok og kul.

Hjelp meg.

28.11.02

Dette kunne vore forteljinga om den unge studenten Mari Raunsgard som sat oppe ei heil natt og skreiv oppgåve. Det kunne vore forteljinga om oppgåva som såg uendeleg svart ut lenge, men som til sist vart ei stor og flott og perfekt A-oppgåve.

Men det er ikkje det.

No er klokka straks sju, eg har vore på Dragvoll sidan klokka var tolv i går føremiddag. Eg har ikkje sove på 20 timar eller noko slikt. Og eg har framleis ei pinleg dårleg oppgåve som består av 1433 ord, og det er inkludert litteraturliste og framside. Dette er historia om meg og Endre som tek kaffipausar, ser TV og et snop. Det er historia om korleis Endre omsider får pressa oppgåva si til 2697 ord, og korleis eg gav opp då klokka nærma seg 4 i natt. Men eg har sørfa himla møkje, og funne mange festlege heimesider til folk eg har møtt og sambygdingar. Eg har leika meg masse med gurgle og sett på dei fine treffa på Eikelandsosen, noko som nesten gav meg heimlengt.

No er det ikkje natt lenger, men morgonkvist. Eg kan høyre det går folk oppe. Dragvoll vaknar til liv att, og natta til Endre og meg på natt-universitet er omsider over.

Eg gler meg te å dra heim og dusja og sova.

27.11.02

F R U S T R E R T P Å D A T A S A L E N . H A R F R A M L E I S 2 0 0 0 O R D A T T Å S K R I V A .

26.11.02

Sidan eg like godt er i gong med å ikkje skrive oppgåve:
Dei ubesvarte kan eg ikkje koma på nett no.

1. minnar om ein ekselskar:
Bo Kaspers Orkester - hittils
2. minnar om ein eksven:
Hm.
3.minnar om barndomen min:
Torbjørn Egner, Kine, Åge Aleksandersen
4.får meg til å grina
"The origin of love" frå filmen Hedwig and the angry inch
5.får meg til å le:
Ståle Stiil-albumet me har i kollektivet, særleg rappeballaden "hjertet mitt det banke"
6.får meg til å dansa:
Ah, mykje. Madonna.
7.minnar meg om den eg er samen med:
Definer saman med.
8.vert eg veldig, veldig søvnig av:
Ingenting.
9.skulle eg ynskje eg hadde komponert:

10.skulle eg ynskje var komponert til meg:
Lady in red
11.fyller meg med komplett glede:
Håkan Hellström
13.vil eg gifta meg til:
"from this moment" - shania twain
14.vil eg ha i gravferda mi:

15.vil eg danse klinetango til:
halloooo, klinetango? Men kline til? "Silence is sexy" - Einsturzende Neubauten
16.summerer opp tenåra mine:
Alanis Morrissette kanskje.
17.hata eg før, likar no:_
klassisk musikk
18.vil eg stå opp til:
Nina Hagen
19.vil eg fjerne frå samlinga til foreldra mine:
Dei kan no ha kva dei vil, men eg er ikkje mykje begeistra for Lynni Trekreem
20.vil foreldra fjerna frå samlinga mi:
mine foreldre bryr seg ikkje om slikt
21.eg elska(r), men hadde ikkje høyrd på hadde det ikkje vore for ein ven:
Rammstein
22.får meg til å tenkja på nokon som er død:
"Fragile" Sting.
23.eg likar videoen betre enn songen:
24.minnar om den fyrste forelskinga:
fyrste gong eg kan hugse eg høyrde masse på musikk til forelskinga: "The actor" - michael learns to rock
25.får meg til å skrika og øydeleggja ting:
nei
26.får meg til å tenkja på månen:

27.får meg til å tenkja på sex:
sjå punkt 15
28.får meg til å tenkja på einsemd:

29.får meg i djupe tankar:

30. Skildrar livssituasjonen min perfekt:
Rockette etterlyser oppdateringar. Eg kan godt skrive litt om Rockette. Han er ein av dei lengste eg har møtt, og dessutan har han skikkeleg mørk stemme.Og så er han kjempegrei. Han har nemleg sendt meg den gamle stryk-oppgåva si frå i fjor vår, så eg kan lese litt i den og kanskje bruke litt av det som står der. For det spørs om eg klarer å lage heile denne oppgåva av meg sjølv. Neppe!

Rundt meg sit studentar og skriv. Eg sit og døyr, langsamt, langsamt. Eg vil kline. Eg vil danse. Eg vil rope. Eg vil lese fine bøker som handlar om ting som ikkje fins, bøker eg kan legga frå meg om eg vil, og gløyme om eg vil. Eg vil gå heim. Eg vil sove. Eg vil drikke øl. Eg vil klatre.Eg vil synge. Eg vil sykle. Eg vil bade. Eg vil reise. Eg vil snakke i telefonen min. Eg vil få brev. Eg vil sjå film. Eg vil ikkje vere her. Eg vil ikkje skrive oppgåve.

11.11.02

Arg. Har mykje å skriva men gjer det ikkje. Helga var bra! Eg gjorde alle dei tre tinga i førre post (spionerte og spionerte fru blomkål.) og meira te.
Det var gøy på hotelromsfårspiel og Stine, Jane og Rockette! Eg hadde nytt skjørt, og det var blant anna der tyning av kontoen kom inn. Håkan er super live og det var kjekk konsert. Eg får stadig nye vener!

Byen her er kald, eg har på meg feile sko. Isklumpar i staden for tær.

Ich bin froh.

8.11.02

Tja, kva skal ein ta seg te denna helgo? Spionera på bloggedame?
Håkan Hellströmkonsert? Tyna sparekontoen min enno meir?

Jah.

5.11.02

Eg tok vekk det styggast ordet frå førre post. Eg var ikkje so sint! Dessutan skal eg sjå den i dag i staden. Såh.
Uansett, i staden så eg "Bind meg, elsk meg", evt. "Atame!" av mr. Almodovar. Det var ein vittig film med Antonia Babe og Victoria Abril, heftige sexscener og vittige folk.

Då eg kom heim kunne Leffa fortelja at han og Endre hadde blitt rævkøyrd av ein mann i eit lyskryss i bydn. So den framande mannen og Leffa var fullt opptekne med å skriva skademelding om bilane sine medan Endre og eg såg muldvarpen på tv, og var kjempeglade for at vår favoritt, Petter, ikkje vart stemd ut.

Tilslutt såg me Eyes wide shut, ein film med mindre sex og meir skummelt enn me hadde trudd. Dessutan ante det oss at det var ein heil masse symbol og greier me ikkje fekk med oss. Men me trudde kanskje farga julalys hadde eit eller anna poeng.

Tilslutt ei dødsfin lenke som atter ein gong er aktuell. Det er jo tysdag i dag.

4.11.02

Eg vert så supersur når eg gløymer kule ting. I dag til dømes, skulle eg på filmklubben og sjå "Lasse og Geir". Det har eg planlagd lenge, og gledd meg til. Men kvar er eg? Eg sit på jævladatarom (det VARME!) og les greier til prosjektoppgåva mi. Søren klype!

Her i Trondheim er det masse greier som ikkje er som heime. Julebrusen, til dømes, er brun! Dessutan smakar den ikkje julebrus, men champagnebrus. Julebrus skal vere raud og kome frå Lerum, slik er det berre. Men ikkje før desember. Eg hatar HATAR butikkar med julepynt no. Eg går inn i butikkane som julepyntar no og seier til dei i kassa at julepynt før desember burde vera superforbode.

Ein artikkel kanskje ingen andre enn meg synes er kul.

Av andre ting som er litt betre, kan det nemnast at eg har ein date med Håkan Hellström på laurdag. Eg har to billettar, og då Ziggy, lifsledsagerska mi, ikkje gadd bli med, har eg enno ikkje funne ut kven som skal vere den heldige.

2.11.02

Eg har lagt til ein ny link til venstre. Det er til Arne, kongen av unyttig informasjon. Han er dessutan veldig morosam.

Arne legg ut oppgåver på sida si kvar måndag. Prøv deg!

31.10.02

alle sidene er ommøblerte, alle bilete oppå tekst og oppå kvarandre.Eg skulle eigentleg ha lese, eller leita etter lesestoff, eller skrive, men eg har trena PØMP i dag, så eg orkar ikkje lesa.
eg skal stå på eksamen
eg skal stå på eksamen
eg skal stå på eksamen
hahahahaha

29.10.02

HÅH! Det var jo litt av ein plan i førre post.

Eg sat heime i stova og snakka med sigrun, og fortvila litt over pengesituasjonen. "Søren", sa eg, "for eg har jo 10.000 kroner på ein annan konto og, men den har eg berre ti uttak i året på, og dei har eg brukt, så den er stengt fram til nyåret!"
"Hm", svara Sigrun, "det er ikkje berre ti gebyrfrie uttak du har?"

Jaha. Eg har hatt den kontoen i fem år, og var ikkje klar over at det var mogleg å framleis ta ut pengar over dei 10 gebyrfrie uttaka. Sukk.

Gåtesamfundet på laurdag! Det var faen ikkje verst.

22.10.02

Åh, gud, eg vonar 1046 kroner held til Håkan Hellström-konsert, Vidar Vang-konsert, Rune Lindbæk-konsert ein 4-5 filmklubbfilmar og ein 2-3 andre kinoar og alkohol for nokre helger og busskort om 10 dagar og dessutan mat og kaffe og andre greier ein skal leva av, inntil den 15.november. Det hadde vore så greit!
fakking fåkkin fokking blågger not working. satanas.

det er vinter
eg skal bli god student i dag
jahahahahahahaha

21.10.02

Ellers litt meir:

Det er snø i Trondheim og, som tidlegare antyda. Masse mase snø, merkverdig masse, for ei som har budd på vestlandet dei siste 20 åra. Og eg synes vintermusikken til Stian ser super ut, særleg nummer 4, 5, 6, 7, 11 og 16.

Eg observerer og at fleire nemner Himmelfall, den fine filmen. Eg har ikkje sett den enno, men på tysdag var regissør Vikene og skodis Joner på Samfundet og snakka om filmen. Dei vart nokså fulle etter dei var ferdige med den formelle delen der dei sat på ei scene. Eg snakka nokså mykje med Kristoffer Joner, det var fint. Han har vore cowboy i USA. Han snakka litt om mor si, og om at det var kult å finne på masse greier og drite seg masse ut og gjere gøye ting. Han håpte eg kom til å gjere det.

Ein dag skal eg lage ei liste over litt rare ting eg har gjort og sagt som involverer "kjendisar". Eg kan tenka meg at alle mine (gjennomsnittlege) 23 daglege lesarar knapt kan puste medan dei ventar på den lista!
Eg går ikkje særleg fort. Særleg ikkje på snø, med låra fulle av gongsperr. Då eg gjekk til skulen, nei, faen, UNIVERSITETET, gjekk alle forbi meg. Sukk.
Dette var på veg til Gløshaugen. Klokka var åtte, eg hadde stått opp eit kvarter før, og vart fullstendig deprimert over alle realfagstudentane som gjekk forbi meg, hastig på veg til sine byggingeniør eller elkraftingeniør eller teknoingeniør eller elektroteknikar eller matebiolog eller marinbiologs-utdanningar. Og eg?

Eg var på veg til den tredje eller fjerd siste ex.phil. førelesing, om Popper & Kuhn. Og eg ligg dårleg an til eksamen dersom eg ikkje byrjer å lese snart.

Så kjenner eg meg dødsmislukka og vert sur fordi eg ikkje er dødsgod i matte og skal bli superingeniør. Hallo? Dette er berre piss. Dette er å undergrave den fantastiske personlegdommen og dei strålande evnene som eg utan ein jaggshittvil har. Eg bryr meg ikkje om ingeniørane, for eg likar ikkje fysikk, matte og kjemi. Det er lett å gløyme måndag morgon klokka fåkkings ÅTTA, men heldigvis kjem eg på at eg er ein så vanvittig strålande person at alle ingeniørane kan grava ned mattebøkene sine. Og eg skal bli Nina Hagen.


Drit og dra, dette gidd eg ikkje skrive om lenger. Eg skal skrive om noko som er så bra at EG MÅ SKRIVE MED STORE BOKSTAVAR!
JAGA JAZZIST KONSERTEN PÅ BLÆST PÅ LAURDAG!
ÅH SATAN! Det var frustrerande nok, fullstendig utseld, men ved hjelp frå mine gode idear, min strålande sjarm (?) og aller mest ein super trompetist fekk eg vera med på konsertmoroa, og då eg stod foran scena, midt i musikken, då kunne eg nesten døydd for det var så dødsbra. Ein meldar skreiv ein gong "Jaga Jazzist kan kunsten å bygge opp en låt til den truer med å sprenge hodet ditt". Eg har sagt det før og kan seia det tusen gongar til : eg skulle ynskja det var eg som skreiv det fyrst, for det passar så bra. Herregud, for ein konsert.
Den før så kule sida www.jagajazzist.com er diverre daud for tida, men eg fann ei ganske fin japansk jaga-side. Skjønar ikkje ein drit av teksten, pytt ah.

Etter konserten spelte "Bergens-DJ" Mikal Telle opp til dans, og eg var med Arne og Henning som ser dødsvittige ut når dei dansar. Eg er så forbanna nøgd med heile laurdagen. Det kan knapt bli betre.

Dessutan hadde me visningar i går, og me har to alternative nye flatmates. Og begge to er så kule, så kule og eg gler meg til å bu med dei. Det vil seie ein av dei. Og den som ikkje skal bu der vil eg gjerne bli kompis med, for dei er så kule. Sigrun og eg er skjønt einige om det, og då bryr me oss ikkje om kva dei andre to måtte meine. Haha, me veit kven me vil bu med!

Og elles? Plan for dagen:
1. ete frukost
2. rydde rommet
3.studere

17.10.02

Orkar ikkje skrive noko! Eg har sendt fem mailar til folk her, for Robert skal flytta ut frå kollektivet vårt.
Dersom nokon treng ein stad å bu i Trondheim frå 1.november, må de berre ta kontakt.

Eg kan forklara nærmare kva me har og kva me er ute etter seinare, for no er eg so sleten i touch-fingrane.

15.10.02

Da e so fint å vera heima! Eg gler meg te jul, då ska eg ve heima lenge.

10.10.02

Fyfaen, altså!
Etter at eg fekk omlag sju tekstmeldingar på mobiltelefonen i går kveld, som halvparten skulda meg for å vere svindlar og halvparten uttrykte medkjensle og engstelse, kjenner eg at det er på sin stad å blogge litt om dette. Eg er førebels einig med Gudrun. Eg trur ikkje eg er medlem av ein svindlarorganisasjon. Men eg veit ikkje ein jaggedshait om saka, så så mykje meir verken kan eller gidd eg skrive.



Eg trur på Vidar!

4.10.02

Eg aaaaangrar at eg ikkje åt frukost før eg gjekk. Eg kjenner det no. Det var ein jævlig dårlig ide, for å seie det som det er, med eit litt stygt ord.

Eg er jo sjuk då, så då sigrun ville drikka seg full i går, ville eigentleg ikkje eg. Men så kjøpte me whisky, for da skulle vera so bra for halsen. HÅH! Me gjekk på kino. Me hadde med whisky i ei lommelerka me fekk låna av Bjørn, som me bur med. Men filmen eigna seg dårleg til å pimpa whisky (det var dessutan litt dårleg), så me lot det vera, og fokuserte mest på den dødsfine filmen, Afterland.

Etterpå drog me hiem og var der litt og drakk meir whisky, så gjekk me ut, på ein veldig ekkel utestad med ekkel musikk og damer som danste på bord og slanga seg mot stenger. Fysjom. Eg, Sigrun, Henning og Askild skreiv 7 kort til Ragnhild som eg posta etterpå. Det var det gøye.

I dag stod eg opp klokka sju for å henta Mie på stasjonen! Mie er her! Det er veldig bra. No skal eg på seminar og so skal eg treffa henne. Eg burde ha ete/sove litt. Æshjbæshj.

3.10.02

Hovudet fullt av bomull, rennande nase og auge og slim i halsen.
Og sur.

2.10.02

Dårleg start på morgonen: Vakne 07:58. Noko som vil seie at det er 17 minutt til eg skal på førelesning. Og at eg har dårleg tid. Eit kvarter etter eg vakna var eg på busstoppet, måtte venta ei stund. Kom inn på Dragvoll 08:29. Og fann ut at førelesninga er avlyst. Haha, lo eg då, det var morosamt. Det var kjempebra, og eg følte meg med ein gong som den beste i verda.

OG VE DYKK ALLE; MIN SARKASME ER BITANDE

So er eg forkjøla. Eg hatar snott. Veldig.

Det som er bra, er at økonomisjokket frå i går roa seg fleire hakk då eg kom på (evt, då Sigrun sa) at det faktisk var den fyrste i går, så husleiga var betalt. Og det var difor kontoen var noko tynnare enn eg hadde trudd. Pjuh.

Forresten kjem rockestjerneutviklinga til å bli utsett litt. Det var nemleg ikkje fleire plassar på AKKS-gitarkurset, så eg må vente til våren. Faen for det! Men eg har no meldt meg på vokalkurs i staden. Så får me sjå om eg gidd å gå...
Eg kan iallefall ikkje fortsetje å ha slik forkjølastemme då!

1.10.02

Eg var vel teit som trudde det skulle gå bra å få billettar same dagen til ein film eg burde visst ville vere populær. Herregud. Det vart iallefall ingen samuraiar på meg i går, enno om Sigrun hadde bestemt seg for å melda seg inn i filmklubben og bli med. Men fyfaen og nei. I staden gjekk me heim og lagde frossenpizza til middag, og såg muldvarpen og buffythevampireslayer og shait på tv. Det var ei dårleg dårleg erstatning.

Me vurderte ei stund å sjå Lilja 4-ever, men fann ut at me var for trøytte.

Straks skal eg treffa Sigrun i kantina, og me skal ete våre tørre skjever. Eg har lyst på yoghurt, men etter sjokket av å sjå saldoen etter å ha tatt ut pengar i stad hindrar meg i å ynskje å kjøpe noko som helst. Eg kan berre ikkje fatte og begripe korleis det går an. PLUTSELEG har eg nesten ingen pengar att, og det er heilt på jordet. Og det verste er at eg ikkje såg det kome i det heile.
På to dagar har eg gått frå tanken "hahaha, eg har massemasse pengar" til "oi. shit. eg har jo nesten ingenting att"

Kan det ha noko å gjere med at eg har kjøpt 11 cdar, gått på 4 konsertar og sett 5 filmar den siste månaden, brukt over tusen kroner på ikea, kjøpt seng, sykkel, tre gensra betalt husaleige, drukke øl minst tre dagar i veka, så må ein kjøpe mat heile tida...

30.9.02

Måndag morgon, eg har stilt klokka på halv sju. Eg har planer om å gå på forelesing kvart over åtte. Men nei.
Det regna, heilt enormt, så eg ombestemte meg. Sov til halv tolv, eller noko slikt. Stod opp, las aviser i nokre timar.
Er trøtt, har litt vondt i halsen.

Herregud, kor vert det av pengane mine? Dei forsvinn som aldri før.

Klarar ikkje skriva noko no. Skal ned i byn, kjøpa busskort. Skal kanskje gå på fancy klesbutikk, shine/fatback, og sjå på dødsfin dongerijakke. Den fins her, og er aldeles super. Men sikkert dyr.

I kveld skal eg på kino, på Cinemateket, og sjå 7 samuraier. Det dumme er at eg ikkje har nokon å gå med! I går såg eg Ghost World aleine, og det er IKKJE det same. Såh, dersom nokon er i Trondheim i kveld og har lyst å gå på kino med meg klokka halv sju, plis gje lyd. Det skal vere mottaking med servering av sushi føre filmen.

27.9.02

Nesten heilt tomt i gongane på Dragvoll. Rart.

No skal eg straks på capoeiratrening, men Sigrun gadd ikkje bli med. Herregud. Eg er tjue år gamal, men kvir meg for å gjera ting utan bestevenninna mi. Det er dødsteit, så eg har tenkt å gå på treninga, enno om eg vurderte å ikkje gjere det, sidan ho bækkar ut, høno.

No skal eg overvinne angsten og fjortisfaktene, og gå på capoeira-trening, heilt aleine. Utan å vere nervøs. Jah, det skal eg.

26.9.02

Om har setningar i dag ugrammatiske hatt språkvitenskapen eg.
Blogger er ei rompe.

I går kveld skullle Sigrun og eg eigentleg på Knullekurs på samfundet. Det var diverre avlyst. Og me som hadde gledd oss slik til å sjå om det ikkje skulle vere ein praktisk del! Sukk. Dessutan køyrde ein buss forbi og spruta oss supervåte, nett slik som alltid skjer "når ingenting kunne bli verre" i amerikanske seriar og slikt. Me gjekk og drakk litt øl, hadde ikkje lyst til noko anna.

Då me kom heim såg me det nye musikkprogrammet til nrk. Det handla om turneane til Gluecifer, som drakk & røyka kvar dag og sov i bussen, Ephemera som var utruleg søte og pikete og drakk rusbrus i england, og Sondre Lersj som er charmerande og legg seg tidleg i Frankrike.

Eg har nett fått ei melding på min mobile telefon, som fortalde meg at ein cd eg tinga hjå Morty Black (ein nokså ny musikkbuttikk i stan), filmmusikken til "Hedwig and the angry inch" er komen! Jesss, då vart eg fornøgd, eg vonar eg får tida til å henta den etter forelesing i dag.

23.9.02

Åhoi! Helga mi har ikkje involvert alien-porno. Men det har vore ei veldig, VELDIG bra helg.

Fredag, Carl Frode Tiller las og fortalde frå den fantastiske boka si, Skråninga, på Posepilten. Ein utestad med kanskje det fiinaste namnet. Det var strålande spanande å høyre han fortelje. Det er den mest intelligente og reflekterte eg har møtt. Etterpå hadde me innfyttefest, det var vittig.

Laurdag: Studentsamling med målungdommar. Som alltid; sosialt & lærerikt. Om kvelden sprang eg gjennom den supermørke og våte skogen for å rekka ein trikk. Så var eg på Dali med sigrun, angelin, eivind, askil og arne. Og Eivind sine kontaktar fekk oss inn trass i vår eitt-år-for-unge-alder, dessutan utan å betala. Hah!
Eg skulle berre vera der ei lita stund og kanskje ta ei eller to øl. Me kom heim halv fira. Eg møtte forresten stud.ass. Roe der, som gav oss godkjend og gode kommentarar på Platon-oppgåva eg sleit med førre veke.

Sundag: Meira studentsamling. Før alle deltakarane samla seg på mormors for å vente til klokka vart seks så ølet kosta 29 kroner. (det er eit vanvittig opplegg. 51kr før 18.00, 29 kr etter. hoi!) Så møtte eg Astrid! Det var artig! Me var på teater og såg ei morsom, men litt halvvegs Jo Strømgren-forestilling om Færøyane, mine favorittøyar. Etterpå var me på mormors att, ein del målungdommar var der framleis, og me hang der til det stengte. Då køyrde Erlend og Bjarne oss heim i Bjarne sin 2CV.
Litt trangt med tre i baksetet på den, men morsomt. Marie sov hos meg.

I dag har eg vore på Platekompaniet, utan vilje nesten. Kjøpte Doktor Kosmos og den nye til Beck. No skal eg heim og høyra på da.

(Forresten har mi karriere i nmu nådd nye høgder. Eg er nemleg å finna i flygebladet til denne
saka.)


Og tilslutt, ein pris til den som skjønnar kva som er trikset med desse setningane:

Did I draw Della too tall, Edward? I did?
Emil, a sleepy baby peels a lime.
Yo, banana boy!
Oh, cameras are macho
Madam I'm Adam

19.9.02

Eg hadde fått eit ubesvart anrop på telefonen min, og då eg sjekka på telefonkatalogen var nummeret til Centrum Trelast & Jernvare. I Fauske. Lurer på kva dei vil meg.

I går såg eg Askil Holm, han gjekk utanfor platekompaniet og snakka i telefon. Sigrun og eg hadde vore på platekompaniet i over ein time. Eg kjøpte fem album. Etterpå gjekk me til ein bokhandel, og var der like lenge. Eg kjøpte to bøker. Eg likar å bruke tid i bokhandlar og platekompaniet, men eg skulle ynskje bøker var like billig som platekompanicdar. Bøker er altfor dyrt.


18.9.02

Ich bin nicht sehr froh. Es regnet viel zu viel. Doch, was macht mich froh, ist sehr gute Pläne für die Wochenende! Am Freitag haben wir InnflyttingsParty, und gute Freunde komt um uns zu besuchen. Sonntag soll ich ein Teaterspiel sehen, mit meine
telefonen ringer, eg må avslutta

16.9.02

ÅH! Akkurat då eg hadde byrja å LIKE eksfil og syntes at Platon og Aristoleles made some sense at all og i grunnen var litt interessant - då er me ferdige med det. Over til Galilei, treghetslov, linjer, krefter, matematikk og aritmantikk (kva ER DET?). Og eg som syntes det var så praktisk å gå på førelesing på Gløshaugen i dag (dette er eigentleg staden for realistar, matematikarar, naturvitskapskvinnerogmenn, sivilingingeniørar), fordi eg bur to minutt herfrå og ein halvtime frå Dragvoll (som er staden for hf & svt - filosofar og filologar og statsvitarar og musikarar og medievitarar og altså der eg høyrer heime). Alle ex.phil førelesingane er i utgongspunktet like, men denne førelesaren sa "dere er jo alle realister, så dere kan selfølgelig alt om Galilei, Newton og mekanikk", og så teikna han formlar og piler og bokstavar og slikt på tavla i to timar. "hehe, dette kunne jeg ikke gjort på Dragvoll!" Eg må nok gå på Dragvoll førelesing i morgon, sukk.

I natt drøymde eg at eg var lærar som leverte tilbake engelskprosjekt til ein klasse. Ein elev som heitte Anders hadde skrive prosjektet "Holy Hooligans".

Heile helga har eg vore på capoeiraseminar. Det var kjekt, veldig kjekt, men slitsamt. Og leggane mine kjennes som tjukke muskelknutar. Og skuldrene mine er vanskelege å røra. Og det er vondt å gå ned trapper. Og sidemusklane, dei som er verken mage eller rygger gjer meg stadig merksam på sin eksistens (noko som knapt har hendt før) ved å verka ved minste røyrsle. Men eg er nøgd, så gøy var det!

13.9.02

EGVERTSINTOGSUROGFORBANNANÅRDATAMASKINENENE
IHEILEVERDAAKTIVTGÅRINNFORÅØYDELEGGJEFORMEG
FORATEGIKKJESKALFÅFERDIGDENJÆVLOPPGÅVAOM
PLATON.DETSKALVISSTFAENIKKJEGÅANATALT
SKALFUNGERA.NOKOMÅALLTID, ALLTID!VEREFÅKKASLIKAT
EGIKKJEFÅRGJORTDETEGHARÅGJERE.
DESSUTANERDETSLITSAMTÅSKRIVEUTANTEIKNSETJING.FAEN!
Datamaskiner! AAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA!
Eg trykker superhardt på tastane berre for å ta igjen. Eg skulle ynskja det gjekk an å BANKA maskinene, for i går og i dag har dei ikkje gjort anna enn å fåkka opp i Platon-oppgåva til meg og nokre Gløs-gutar som eg er på seminar med. Men no er oppgåva levert, og eg er i grunnen ikkje så sint lenger(som før idag, sjå post over. Den havna der oppe på grunn av nokre tekniske problem). Men litt aggressiv, ja, for tastane er treige.
Iallefall for treige for meg, for eg skrive nemleg supersupersuperfort.

Eg saknar chatting! Eg har ikkje hatt slike lange, spanande internettsamtalar med menneske eg ikkje kjenner på ekte sidan eg flytte hit. Til gjengjeld har eg jo møtt ein del folk på ekte då, og dersom eg måtte velga hadde eg nok kanhenda vald dei ekte folka. Det er ikkje nett slik at eg grine, men eg saknar da litt. Chattinga altså.

Elles kan eg melda at da er haust.

11.9.02

Jøgge skrive om ein draum han har hatt. Vel, eg vakna i natt ein gong av at eg lurer på om eg ropte i søvne. Eg var nemleg superman som skulle tulla meg og fly litt rundt for å feira at eg nettopp hadde tatt ein skurk. Eg var på veg inn vindauget mitt igjen, då brått ein skummel skugge med ei farleg gul pil kom mot meg.
Ein ekte teikneseriedraum, det var dødsskummelt.
Aha. Sikre kjelder fortel meg at det er Tornerose. Tullenamn. Eg vil ikkje vera tornerose.
Eg kjenner meg obsternasig i dag.

I am Aurora!
Which Disney Princess are you?


Aurora? Kem e da? Tulleprinsessa, eg har no aldri høyrd om henne.

9.9.02

The wind blows the hair from your face
while you're waiting
by the porch on this July, sunny day
I see from the look in your eyes that you're worried,
will he come today

You won't be here tomorrow morning, but you said that yesterday as well,
I bet I`ll see you here all summer,
waiting for the one who went away

The blueberry-dress is the one you`ll be wearing,
cause that's the one, that he said he liked.
And maybe tomorrow he'll be returning, and all will be allright

No har eg fått ein meil, takk til Ida, og fått ordna teksten og akkordar, so no skal eg øva på den songen eg har hatt på hjernen omlag to veker i strekk.
Etter Jørgen:

Fått 6 på en prøve: Ja
Pult en som hadde et avkom: Nei
Drukket deg skikkelig dritings: Ja
Drept noen (forhåpentligvis i krig eller selvforsvar): Nei
Prøvd ulovlig narkotika: Nei
Vet hva abstinenser betyr: Ja
Vært i en alvorlig slosskamp: Nei
Vært i en situasjon der du faktisk har trodd du skal dø: Nei
Blitt berømt: Nei, ikkje enno
Sett en død person på kloss hold: Nei
Har forplantet deg (fått avkom): NEI takk og gudskjelov og nei og bank i bordet
Blitt arrestert: Nei
Lagd en film: Nei, men vært med i ein
Kjenne en passifist: Ja
Ha en venn som kommer fra Afrika: Ja
Vunnet masse penger på spill: Nei
Vært i verdensrommet (feks i romferge): Nei
Startet en slosskamp: Nei. Jo, med broren min.
Opplevd at noen har sagt at de elsker deg: Nja. Sjur nemde noko slikt på telefonen ein gong.
Opplevd en nærkontakt: Neppe

6.9.02

Rart, men nokså vittig, når nokon plutseleg sitt ved sida av meg på datasalen og leser på Svein si side. Frekk som eg er, bruker eg nemleg å sjegla på skjermane til dei andre på datasalane. Og så går ho vidare til Sjur si side, og så viser det seg (eg spør jo då, sjølvsagt) at dette er ei nettdagbokdame!
Rart.

I går hadde eg ein skrekkeleg og grusom og forferdeleg kjip dag. Eg bante masse i går. Men det ser ikkje så fint ut å banna her, dessutan har eg ikkje behovet lenger.
I dag går det derimot mykje betre, utanom regnet som hindrar meg i å sykla, og eg føler meg frisk og glad og superklar til å skriva oppgåve om Platon.
Eg må gjera da sjølv, for nokon ville ikkje fråta meg verdiful skrivetrening med å skriva da for meg. Ikkje ein gong mot naturaliabetaling!

Uansett. Eg skal straks på førelesning, og i kveld skal eg til Oslo att. Så det vert nok ingen Samantha Fox konsert på meg i kveld. Jahajajajajaja.

2.9.02

På lesesalen der eg var i stad hadde nokon tagga på veggen foran meg.
"JESUS" stod det. Og "TOM WAITS", "PLATON", "FY!" og "hun Rød er stygg".
Fleire enn meg har visst hatt konsentrasjonsproblemer på den lesesalen.
Jesus og Tom Waits - eg trur at eg likar musikken til mr.Tom betre enn Jesus, enno om han kanskje har lite meir innflytelse på verda enn Waits har. Men berre litt.
Det begeistrar meg at det fins eit Marispråk!
Slik ser det ut:
МАРИЙ ЙЫЛМЫМ шымлыше-влак радамыш эрвел эллаштат ушнаш тӱҥалыныт.
Det er riktig artig å lese om same kveld frå fleire vinklar!

Eg har og laga slike bøker det vert snakka om. Nokre av dei vart produsert på ungdomsskulen, og det kan nok seiast at dei, visuelt og innhaldsmessig, hadde eit litt anna uttrykk enn denna. Litt meir pyntete.
Dei litt seinare bøkene, som eg er meir nøgd med enn u-skulekladderiet, var fylte av ting som kinobillettar, bilete av auger, av munnar og diverse. Men eg kladdar lite med tusj.

I kveld skal eg på capoeiratrening igjen. Nett når eg er kvitt gongsperren, så skal eg påføra meg ein ny!

Mo dlsø fr gå djå kbs dom dkrjt frtdom rin åøsddrtrt gomhtsmr øoyy broø o gptøsjøf yoø ysdyysyitry m¨t rhom lsm ypivj- eller korleis det går dersom fingrane er feil på tastaturet. Lenge leve Bjørg Steen som lærte meg touch!

30.8.02

Eg vert kanskje ein smule irritert av at nokon printar ut noko som ser ut som ei heil bok.

I går var eg på konsert med Cadillac, det var gøy.

Den nittende oktober spelar Jaga Jazzist på Blæst. Hurra!

Brått la eg merke til at eg sit her og vippar heftig på stolen. Eg ser ut som ein autist.

No vil eg har frukost.

29.8.02

Gratulera med dagen til Øyvind og mormor! Hurra hurra hurra!

Eg er litt irritert på denna maskino no. Fakerten! seier eg høgt for meg sjølv inni meg. FAKERTEN!, kvar gong innloggingen til mailen min failar. Og når andre ting failar og!
Då seier eg andre, litt styggare ting inni meg. Og freser litt lavt. Mongodator, eg skal snakka med orakelet, skal eg!

På måndag var eg på capoeiratrening. Eg har framleis gongsperr, noko som er forferdeleg irriterande. Kvar gong eg har sete i ro i fleire minutt i strekk, går eg som ei gamal dame når eg reiser meg. Stavrar omkring og kjem meg nesten ikkje opp trapper. urg.

28.8.02

Gjennomsnittsdaglegbesøkar tal på ekstremsporaren min har gått opp frå 21 til 22, og eg vert stolt og lukkeleg for det.
No har eg fått studentepostaddressa mi til å verka. Difor vil eg oppmoda alle om å senda epost til studenten:
raunsgar@stud.ntnu.no
Send gjerne forslag til det lengste og beste samansette ordet du veit om, så skal eg analysere det morfologisk.


27.8.02

Hahahaha, lommebokinnhald:
Visakort
studentbevis
to små plastbankkort
medlemskortTrondheim Filmklubb
medlemskort NTNUI
medlemskort Samfundet
stamkundekort Platekompaniet
passordkort Samordna Opptak
gamalt medlemskort Nautilus Treningssenter i Bergen
klippekort med 9 attståande klipp, Framo Aktiv
2stk semesterkort, eit frå vår og eit frå no
bilder av: pappa og meg, syster mi, bror min, Bjørnar, Ole Gunnar, Ragnhild(2 stk), Marte, Ingvill, pappa, Ingvild (2stk), Henning
kroner 57,50
visittkort frå min kompis Helge
1 bilete frå ei avis, av sonen til min tidleglegare klassestyrar
5 luftprioritetsklistremerker
3 frimerke til Europa
1 lapp med autograf til kommande gitarstjerne
1 advarselsklistremerke med påskrift "irriterende"
1 knapp frå ein oransje kjole
1 trikkebillett (gråkallbanen)
1 togbillett (Værnes-Åsen)
1 billett flybussen i Bergen
1 billett flybussen i Trondheim
2 dagskort kollektivtrafikk i Oslo
1 billett frå bussen til Dragvoll
1 kvittering Føtex (Roskilde)
1 kinobillett, Heaven

Det var for øvrig ein genial idè å gå på kino. Nokre dagar egnar seg ekstra bra til denslags. Etter å ha tatt oss ganske heftig ut på konsert på fredag, var Sigrun og eg rimeleg utslåtte. Og då var det godt å sjå ein film med likte (og hoderre er usannsynleg vakker). Bra, bra bra.

Det går bra. I går flytta dei to andre inn i kollektivet vårt. Robert og Erik, begge er kjempetynne og kjempelange og spelar golf. Dei er sikkert greie.

Kva meir skulle eg skriva? JO! I går kjøpte eg det nye albumet til Jaga Jazzist. Det er eg strålande nøgd med.

NO GIDDA EG IKKJE SKRIVA MEIR

21.8.02

I dag har eg registrert enno meir. Stadig vekk dukkar det opp nye grupper og seminar eg må melda meg på. Eg printa ut kvitteringa til den eine registreringa, men så kom eg på at eg ikkje veit kor printaren er. Det er i grunnen litt pinleg. Eg får sperra opp auga og vere søt og litt teit dersom nokon ler av meg.

I går drakk eg øl med Sigrun då eg kom heim frå den fyrste ex.phil førelesinga. Det var jo faktisk ein dag med "r" i, og alle dagar med "r" i kan ein drikka øl.
Etter ei stund kom Henning, Askild og Arne, dei andre me kjenner i denna byen, og so drakk me meir øl.

I dag sykla eg ikkje til førelesinga (08.15), slik eg hadde tenkt. Eg tok bussen.

20.8.02

Har gjort:
-betalt semesteravgift
-registrert eksamen
-henta studielån
-fått brukarnamn&passord til datamaskinene
-blitt medlem av Samfundet
-funne sykkelvegen til Dragvoll
-fått ein utdanningsplan

18.8.02

Eg er heime ein liten helgatur. Ein helgatur verka veldig kjipt i det eg dreiv og pakka for å reise frå Trondheim på fredag, men no når eg har vore her var det i grunnen greit.
Ingen må tru at eg har reist heim avdi ei veke vekkefrå er nok til å få meg heim i akutt heimlengsle! Eg har vore i 80-årsdag til besten. Og min eigen 20-årsdag.

Eg haldt ein tale til besten. Og til besto, og foreldra og alle dei andre. Men da gjekk litt treigt, for eg hadde gråten i halsen heila talen. Det var rart, men ganske fint.
Og eg fekk masse positiv tilbakemelding!

Men. Eg har jo flytta!

Trondheim er ein bra by. NTNU ser bra ut.
Den ukjende flatmate er triveleg. Det er supert å bu med bestis Sigrun. Huset er bra.
Min nye sykkel er kjekk. Eg har plutseleg fått ein utdanningsplan. Eg er medlem av Samfundet.

No skal eg legga meg.

15.8.02

Har kome til trondheim
har da bra!

gidd ikkje skriva, da e so fint ver.

9.8.02

No ska eg forsivinna i seng. da e nok best. godantt.
Da e nesten littrart at eg ska lflytta. Litt trist. Men spennik.

Da e nok ein av dei sistaste kveldane eg sit her og oppdaterar blåggen min om nato. Jaja. Natto, kanskje, eg meinte.
Uansett.

Hada alle, eg skal oppdeite så snart eg får hhøve.

I love my readers forever and ever ande ver. jah-
Eg har dråkke litt vela mykje sider, trur eg! I alle fall ståkkar alle orda og bokstavane seg veldig, og når eg skal skriva vert da bere tlul og tøys.! Eg sbajjra , hehe,m snakkar med sjur og joachim og alt tulla seg!

Eg har hatt eit besøk meda lle, nestenmalle min evener frå gamalt av, og det va kjekt! Eg lagde pizza som var god, og no er alle gått. Eg høyurer på Rickie Lee Jones: POP, POP og alt er vitti gofing og bra.

Unntantt TØTSJ mettoden min.

Godnatt.

ps, SITATET av sjur er ikkje heilt i fiks, men eg orrkar ikkj eronda no.

7.8.02

No har eg to netter og ein dag att i dette huset. Hm.

I dag har eg pakka og rydda og kasta. Eg er visst framleis i rydde-modusen, for no går eg gjennom postboksen min, og slettar gamle epostar.
Det er litt vemodig, men det går greit. Det er vel som Sjur seier, at "det er eit teikn på at eg kan bli ferdig med ting og gå vidare i livet."

5.8.02

My hearts not made of plastic,
you`re the reason I`m sarcastic
so lets make a fine romance!







4.8.02

Eg har laga ein lasagne eg har stor tru på. Ikkje noko tomatpurèhelvete her, nei. Ekte tomater, kvitlauk (som forøvrig heiter Knoblauch på tysk, haha), sylta minichillipepper og fersk basilikum i stavmiksaren i staden for purè. Det har eg tru på.

2.8.02

Quincy Jones, Bossa Novaaaaaaaaaaaaaaaaaaaa!

Kaldt øl, pannelugg som står rett opp på grunn av saltvatn. Trøtt og god etter mange timar i solsteiken.
(men faen ikkje mykje brunare!)
Eg har to dagar til å jobba i kjørkjo, og sju dagar til eg sender flyttelasset til Trondheim.

Og elles:
In Heaven.
You're mysterious, picky, and a bit aloof. Some people say you have a very cheery personality, but it's hard to say because you mask your emotions behind dark pretenses. You enjoy watching obscure movies and going to plays, but by the end of the day you're usually too wound-up by the ironies of your life to relax.
Which Pixies song are you?


Og alle som kjende meg visste det var lyg.

1.8.02

Eg har ikkje så mykje å skriva om. Litt har eg jo, men eg får ikkje formulert meg. Hovudet er på sparebluss, da einaste som fungerar er dei innøvde replikkane på jobb.
Jobben går forresten ut på å sitja 5 timar dagleg i Holdhus Gamle Kyrkje og venta på turistar. Dersom det er dårleg vær kjem det få, dersom det er for godt vær kjem det få.

Heldigvis er det ikkje like spooky der som det ser ut på biletet. Ikkje så mørkt og dystert.
Likevel....
Det er ein liten grusgong rundt kyrkja, tett innved veggen. Den har vore grodd til av mose og nokså høgt gras så lenge eg har jobba der (i fjor og i år), men i år har eg fått i oppgåve å luka den og halda den grasfri. I dag oppdaga eg eit hol i grunnmuren. Der kan ein sjå inn under kyrkja.

OG DET LIGG EIN LITEN HAUG MED KNOKLAR DER!
Eg tullar ikkje! Det ligg 5-7 grøne BEIN under kyrkja!
Då eg kom heim og fortalde det til pappa kunne han fortelja at det var vanleg å gravlegga folk under kyrkjene i riktig gamle dagar. Og ikkje alle fekk kister, så det stinka heilt jævleg! Folk hadde faktisk med seg lukteposar på gudstenestene fordi liklukten var så sterk. Det lærer ein ikkje om på skulen!
Eg skal sjølvsagt byrja å ta dette med i omvisninga.
UTFYLLANDE TRIVSELSLESNAD:
(frå boka "Urtehagen på knatten" av Annemarta Borgen, som pappa fann til meg)

"Samtlige skildringer av middelalderens, renessansens og også senere tiders sanitære forhold er mareritt-lesning. Det eneste middel de hadde til å bekjempe stanken rundt seg med, var bruken av motlukt, og krydderurtene og andre sterktduftende planter fikk en helt ny betydning.(...)
Krydderbukettene skrives det poetisk om. De var sammensatt av minst syv forskjellige krydderurter, og kvinnene satt med nesen begravet i dem under de lange gudstjenestene. Bakgrunnen for almen bruk av kirkebukett er alt annet enn poetisk.

Bare fattigfolk ble begravet på kirkegårdene. De som hadde råd til det bestilte og betalte i god til begravelsesplass under kirkegulvet eller i kirkeveggene, som stadig ble brutt opp for nye døde. Både for de levende og de døde var det tidens statussymbol. Forfedrenes råtnende stank slo mot deres levende etterkommere når de åpnet kirkedøren, og alt de stenket med lukte vann, strødde med krydderurter eller brente med einer, malurt eller annen røkelse, samlet seg bare til bedøvende, kvalmende tåke.
I pest-tider var det så vidt vegger og gulv ble lukket mellom begravelsene."

30.7.02

KVIFOR EG IKKJE BLOGGAR OM DAGANE:
Enten:
sosial, familiær, oppteken eller full

Eller:
varm, trøtt, slapp, segen, klar, sliten, sur, svimmel, tiltakslaus

FEEEEERRRRRRIIIIIEEEEEEEEEEEEEe (med sommarjobb. men den er nokså slapp. i dag kom det to turistar heile dagen. frå 11 til 16. 2!!)

26.7.02

No skal bror min sjå "splatteraction" med tusen kompisar.

Eg går.
Det gjekk greit å ha bursdag. Eg fekk mange meldingar og hadde kakebesøk. I grunnen er eg ikkje overstadig oppteken av det der bursdagsstyret (men nok til å skrive om da.) Takk alle, for gratulasjonane!

Dei raraste meldingane eg fekk var frå nummer eg ikkje kjente. Fyrst denne:
"Hei. Du har store pupper. Gratulerer med dageeeeen!"
Deretter:
"Pøh. Du har KJEMPEstore puppar. Gratulera med dagen."

Eg fekk vita kven det var seinare, nokre kompisar av ein kompis. Eg kjenner dei ikkje i det heile, har kun møtt dei ein gong eller tre. Hm. Eg trudde fyrst det var nokre av elevane frå i år, innhaldet var liksom på det nivået.

Telefon fekk eg og, i midten av natto. Ein som nekta for at han var full. Men eg trudde han ikkje, alle som ringer kvart over fire og må ta sats for å sei ord med "r" i er fulle.
"Gratulerer" høyrdes mest ut som "KrrrrathuleRRRaa".

Eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta!

22.7.02

Audiogalaxy er daud. Eg får ikkje lasta ned musikk. ÅH!

Eg oppmodar alle som har eit dritbra lastanedmusikkprogram dei er nøgde med til å senda meg eit elektronisk brev og fortelja meg om det!

Coverversjonar er eit artig fenomen. Prøvde å snakka litt med Nils om da, men han var ikkje so interessert. No hadde eg tenkt å skriva langt og lenge om mitt forhald til coverversjonar, men brått forsvann tanken. Da får vera til ein annan gong.

Far min er ein slettikkjeverst hobby-kokk. På laurdag skal han koka i eit bryllaup her i bygdo, og i dag var bruraparet + foreldre og prøvesmakte menyen. Så då eg kom heim etter 4!!!! timar på buss var da oksasteik m. supertilbehør, og mange vinar til smaking på bordet. Og is med varm bjørnebærsaus til dessert. Håh, da va ikkje verst!

Anders, du har kanskje ikkje gått så mykje på fjellet? At alle turgåarar helser på kvarandre er nok ein naturlov. Diverre går det ikkje an å forklare, det berre er slik. På fjellet helser ein på dei ein møter. Folk som møtes syklande helser gjerne og, dersom det ser ut som dei er på langtur, eller dei treffes på aude strekker. Som eit solidaritetssmil frå ein på veg nedover ein bakke til ein som balar seg oppover.
Eit anna helsefenomen - det bur omlag 3000 menneske i Fusa. Eg kjenner mange av dei, vil ikkje sei noko tal. Men det er mange av fusingane eg veit kven er, kjenner namnet til, eller så vidt har snakka med ein gong. Men eg kjenner dei ikkje.
På senteret her i Eikelandsosen, er det mange eg ikkje ville sett på ein gong.
I Bergen ville eg helst, kanskje nikka.
I Oslo, eller på eit fly ville me kanskje snakka litt.
I utlandet ville me snakka mykje.

Ein noko ustrukturert og litt keisam post. Eg er ikkje særleg nøgd med den. Men drit. Eg må sykla på jobb om 10 timar, så no skal eg legga meg.
Hm. Nokon er ute etter meg! Aiiiii!

16.7.02

Eg irriterer meg over at mine fine postar vert fåkka av blogger.

No ete eg rips med sjokolade og mjelk.
No e da sommar, hurra!

Eg pitla ripso ein dag da regna. Da ser bra ut inne frå ein ripsbusk. Fargane var stilige, knallraude rips, knallgrøne blad, og den brunsvarte stammen på buskena. Og alt er vått. Jau, da var tøft.
Ein gong skal eg laga ein film. Den skal heita "stol aldri på nokon som kan blø i ei veka", eller eventuelt "stol aldri på nokon som IKKJE kan blø i ei veka", og skal bli lika kul som Fuckin Åmål. Filmen skal innehalda ei sentral scene, den skal føregå i ein ripsbusk.
Det er til no alt eg veit om filmen eg skal laga, men den skal bli vanvittig bra!

Ifølge ekstremsporaren min, er det mange som søker på namnet mitt, og det får meg til å bli nesten litt uroa. Kven er desse? Er det slekt? Er det ulukkeleg forelska beundrarar? Kan ikkje alle som har søkt på namnet mitt skrive mail og fortelje kven dei er?

Tilslutt i dag, eit lite sitat som eg lo rått av og tenkte "mongo!" då eg las:

"Det er ikke et "jente-skap" med respekt for sin eier som ikke har minst tre plagg hengende med prislappen på..."

12.7.02

Eg høyrer på Shonen Knife og latar som eg ikkje er aleine heime og at eg ikkje skal på jobb i morgon.
banana chips, banana chips, banana chips, banana chips, banana chips, ohjeeeeee



Et drit og dø. Vaskemaskina og tørketrommelen våras har gått ad dundas, så i går kveld sykla eg ut til snillegreieLinn for å vaska nåken kle hos henne. So no har eg endeleg, etter mange mange dagar, fått vaska den noko møkkete roskildebuksa. Og nokre andre klede. Brått har eg fleire valg for kva eg skal ha på meg! For ein luksus.

Ein annan luksus: då eg kom heim frå jobb i dag hadde elektrikarmannen vore her og fiksa kjøleskåpet. Det har vore i ufunksjon i over to veker. Uæh. Men no er alt bra. Hurra! Hurra!

Eg vil dusja. Skal eg dusja no eller i morgon tidleg? Kanskje får eg svaret her? I kveld, vart svaret.
Vonar at det ikkje tordnar så mykje i natt som det gjorde i går. Då var eg nesten redd. Mest på vegne av den stakkars kaninen sjølvsagt. Sjølvsagt!

Oh shit, no tordnar det igjen. Då tør eg ikkje ha dataen på.


10.7.02

BLogger helsar meg Welcome Back, men huset er tomt. Ingen her som ynskjer meg velkomen heim!

Heile familien er i Danmark, eg har huset for meg sjølv ei veke. Eg håper på besøk...
Eg har ikkje heilt orken til å skriva alt eg har å skriva. Det har skjedd meir på dei siste to vekene enn på heile våren (slik kjennes det iallefall ut på alle musklar og ledd), og eg klarar neppe sortere hovudet skikkeleg. Men det viktigaste:

ROSKILDE
Det var skittsamt og slitsamt og kjempekjekt! Ikkje var det så skummelt som eg hadde høyrd å vasa omkring aleine der inne på området, og så mange konsertar var det at eg knapt kan hugsa alle. Nokre absolutte høgdepunkt var der:
- Å få sitja på skuldrene til sterke menn på Rammstein-konserten!
- Å stå ein halvmeter frå bandet på Jaga Jazzist (ein av dei konsertane eg hadde sett mest fram til, og som IKKJE skuffa)
- Sondre Lerche var vittig når han ropa "Okey-dokey Roskilde! Eg skal gje dåkkar det dåkkar vil ha. Dåkkar vil ha rock? Dåkkar får.....SOFTROCK!"
-Øl, i fira dagar til magen min ikkje tolte meir og det vart bacardi for alle penga (ikkje heilt alle penga, eg har handla litt klede og dill og greier)
- Erykah Badu, som kom på scena eit kvarter for seint, slo ut med armane, og eigde publikum. Det beste divashowet eg har sett på lenge!
- Bob Hund! Sjølvsagt! Det var så kult!
- At eg traff Fran Healy, Travis vokalisten, på Kastrup då eg skulle reisa. Og fekk klem. Han er berre så vidt høgare enn meg.

NMUSOMMARLEIR
Dette gjekk føre seg på Frosta. Det var kanskje ikkje like kult og spanande som førre årets leir på Færøyane, men likevel ei bra veka. Det var nokre færingar, og "eg hava lært færöyskt!" Målungdommar er bra folk, det var triveleg å treffa alle gamle kjende att.
Nynorsk er best, ingen protest!

Og so har eg jo fått meg PLASS Å BU!
Me fekk rom i kollektivet på Singsaker det kan lesast om i posten av 22.juni! Kvart vårt store, lyse, fine rom, stor stove og heilt greitt kjøken. Høgt under taket, og supersentralt! For dei som er kjende i Bergen, kan eg seia at strøket er like "pent" og sentralt som Kalfaret. Eg sov der ei natt, og GLER meg te å flytta! No skal eg bli Trondheimstudent!

Men no er eg sleten. Eg har lyst til å dusja, eg har tusen klede å vaska, og må ringa til kjøleskåpreparatør. Det er godt å vera heima, i natt ska eg legga meg tidleg.

Forresten er det keisamt å ikkje ha lese e-posten sin på to veker - å så kun ha fått to nye som er noko kule! Den eine frå Sjur. Men eg drite i ka 85% meine, eg gidd no ikkje barbera leggane berre fordi majoriteten vil ha meg te da!
Ha gode hårete sommardagar, de av dykk som skulle vera så heldige å vera der det er sommarver.

23.6.02

Hurra, no gjer det (nesten) ingenting om det regnar på Roskilde! Eg har nemleg fått eit fantastisk regntøysett av mi venninna Linn. Familien hennar har, under opprydningsjau i kjellaren funne jakke + bukse, som eg med glede kunne få til å herpa på festivalen, om det skulle koma regn. Antrekket er rosa, riktig 80-tals rosa, med eit nesten gjennomsiktig kvitt felt over skuldrene og ditto ermer, og påskrifta HOT på eine armen og COLD på motsett lår.

Så, Joachim og eventuelle andre som les dette og skal til Roskilde, ser de noko slikt, så er det store sjansar for at det er meg. I alle fall om det regnar på Rammsteinkonserten. Vonar det...
Ein ting til. Astrid er kul!
Littegranne skrift, før eg må venda attende til pakkinga.

I natt sov eg dårleg. Søster, (12) (13 om fem dagar) sov i natt i telt i hagen saman med to venninner. Eg søv i kjellarstova. Der er vindauga omlag ein meter over bakken. Fire meter bortanfor stod teltet. Klokka kvart på tre, då telt-bråket framleis heldte meg vaken, då ropte eg og bad dei halde kjeft. Arg. Pappa sa eg skulle sjå på det som opptakten til Roskilde, men hallo? Det handlar om kva ein er innstilt på, ikkje sant, og eg er sjeldan innstilt på at trettis-jenter skal fnise meg vaken halve natta.

Elles har eg rydda og vaska klede i helga. Og planlagd teaterverkstaden til sumarleiren. Og planlagd pakking. No straks kjem onkeltantemormormorfarogfetter på besøk, alle (ja, fetter på 11 og) med formaningar om at eg må passe på meg sjølv og bekymringar over korleis det skal gå med stakkar meg som må reise heilt aleine heilt til Danmark!

Eg berre gler meg.

22.6.02

Gratulera med dagen, Stian!
Trygt og godt i kvardagen.

I går hendte noko bra. Noko anna, som eg ikkje fekk med i den særs hæppi-kæppi posten frå i går. Det ringde nemleg ein ung mann i går, med eit strålande godt tilbod.
Eg og Sigrun, venniken eg skal bu med i Trondheim, har nemleg lagt ut annonse på hybel.no, og det hadde denne unge mann sett. "Eg trur eg har hus te dåke" sa han, "Hæ, kødda du?" var min umiddelbare reaksjon.
Singsaker er staden, addressa er faktisk MARIstueveien, og berre det er nesten nok for meg. Plassen høyrdes bra ut, prisen superbra, og i dag har Siggen si mor (som er i Tr.heim desse dagar) vore på visning. "Ta han om dåke får han!" var hennar råd.

Åh, dersom me får den leiligheta skal eg verta så glad! Tusen steinar til fell frå hjarta mitt då! Dersom me får han skal dei tre gutane som bur der få ei flaska heimalaga sider av pappa, og eg kan laga middag til dei i ein månad! Eg lovar!

21.6.02

Detta er ein slik dag der ei kjensle av at alt er så vanvittig bra ligg i brystet og løfter hovudet fleire meter opp i lufta. Alt passar i dag. Eg er ferdig å jobba på ungdomsskulen og i vaksenopplæringa. Det er i grunnen litt trist, eg kjem til å sakne noko av det - men likevel mest bra. Eg har hatt eit lærerikt år, har sikkert lært meir enn elevane mine!

I dag har eg berre vore på avslutningar. Grilla med niande, spelt spel med åttande, ete kake med lærarane. Og så har eg fått så mykje blomar! I går kveld, på tiande sin avslutningsfest vart eg teken opp på scena av nokre jenter for å få roser "fordi me aldri kjem til å gløyma teikningane dine på tavla". Og i dag har eg fått roser av tre forskjellige klassar, bukett av lærarane, og ein blom til av ho eg har hatt vaksenopplæringa for. Og hjelpe meg, å jobbe ein stad og så slutte er verkeleg bra for egoet, så mykje skryt som eg har fått.

Og dessutan er det berre to dagar til eg dreg til Danmark!
Alt byrjer å ordna seg, alt som skal fiksast går i boks, og eg har ingenting av plikter og TINGSOMMÅORDNASTFORT hengande over meg.
Og som ikkje alle desse bra tinga skulle vere nok (det er sol! Og modne jordbær og blåbær i hagen!), så ringte mormor og fortalde at ho hadde fått fjorten tusen attende på skatten, og hadde tenkt å la noko av det drype på barnebarna.

Ja, det går rimeleg greit nett i dag. No skal eg kvila, so skal Linn og eg gå midnattstur på Ottanoso, eit av dei høgaste fjella i kommunen. Det vert bra.


19.6.02

UÆH!

Eg har endeleg fått nokon å bu med neste veke, på Rosken! Tusen steinar falt frå mitt hjarte då eg fekk ordna det. Eg skal få eit lite hjørne i det store fine, noko brukte 70-tals husteltet til mine gode gamle kompisar frå Fusa. No gler eg meg enno meir, og kosar meg med å lesa programmet.

Orkar ikkje skriva meir no. Eg går og legge meg.

Radiovittig.

18.6.02

Mongo: Å dikte opp ein eller annan sløkk grunn for å sove vidare medan ein framleis er i drøyme/halvsøvne, for så å tru på det, og stå opp alt for seint. I dag var det noko om ein general eg måtte vente på før eg kunne stå opp. Logisk klokka halv åtte, vanvittig irriterande klokka åtte. Argh.

17.6.02

Ettersom ferien nærmar seg vert eg ein mindre og mindre tolsam lærar. Eg opplever ei sterk, ond glede ved å inndra ting som lappar, gummistrikk, musikkspelarar (discman, minidisc), mobiltelefonar, og anna som kan bidra til å uroe undervisninga. HAHAHAHAHA, då kan dei ha da så godt for at dei bråkar og er urolege og ikkje følger med. HHAHAHAHAHAHAAAAAAAAAAAA!

14.6.02

Eg trur eg kanskje har jobba litt lenge på skulen no. I natt drøymde eg at eg skulle opp i munnleg eksamen. Dette føregjekk på ein båt.
Eg skulle opp i religion, og var rimeleg sikker på at det skulle gå bra. Men så trakk eg oppgåva, og fekk:
"Mesopotamiske religionar".
Det kan eg ingenting om. Men likevel klarte eg å ro meg ganske godt i land - då eg vakna var eg heilt imponert over kor flink eg var til å snakke om mesopotamiske religionar. Eg skulle gjerne sett det skriftleg, alt eg sa til sensor i natt! Det kan vera to ting: Anten ting eg har høyrd eller gløymd om gamle Mesopotamia, og som undermedvetet har tatt vare på. Eller berre bullshit.
Uansett, sikkert interessant lesnad.
Det er ikkje det spor moro at halva bygdo (og halve skulen) er utan vatn. Er det nokon som har ein tyggis?

13.6.02

Takk, Astrid, me er på lag!
Eg tenkjer på det ho skriv om Torborg Nedreaas og "Av måneskinn gror det ingenting". Nils har kanskje rett i at samanlikninga med "Skråninga" ikkje passa så godt. Skråninga er ei historie som kunne vore sann. Det som hender hovudpersonen kunne vore sant, for det har hendt liknande før. Det same gjeld "Måneskinn...", og difor valde eg å samanlikna smerta i skildringane slik eg som lesar opplevde det, sjølv om bøkene (tematikk, innhald, tid, forfattar) ikkje har noko anna felles.

Å finne ei bok som liknar "Skråninga" er dessutan vanskeleg. Kanskje "American Psycho" ville vore ei meir mandig samanlikning som ville passa Nils betre, men det ville ikkje vore rett i høve til det eg prøvde å formidla; Vonde ting som kunne vore sant, og som i boka er skildra så ein kan kjenne det i magen lenge etter.
"American Psycho" var berre ekkel, eg las ho ikkje ut. Det var ikkje naudsynt å vite meir. I motsetning til "Skråninga", der drivet og ynsket om forklaring gjorde det naudsynt å lesa vidare.

Dessutan likar eg det Astrid skriv om denne Marte-dama som mange lar seg irritere og provosere av.
At det er meint som ein "inside-joke" til andre jenter/kvinner er eg ganske sikker på. Dessutan syns ho sikkert det er vittig om ho les alt dei sinte gutane skriv om henne.
Nett som på barneskulen. Gutane mot jentene, den som ropar høgast vinn.


11.6.02

Hm. For to dagar sidan var det så varmt at det kjentes ut som eg skulle kovna berre eg gjekk ut på terrassen. På berre ein månad har eg fått omlag like mykje skilje på skuldrene som eg fekk i heile fjor sommar.

I dag frys eg på føtene, går i stor gensar og ullsokkar. Medan eg sat på rommet og las banka plutseleg pappa på, med ein kopp kaffelatte til meg. Det var skikkeleg fint, då vart eg glad. Kaffelatten våras er lika god som kafè-kaffelatte, for me har espressokokar og mjølkeskummar og god kaffe og godt sukker. Ahhhhh.

Medan eg nyt kaffen, kosar eg meg med å lesa litt gøy om mine ganske nært føreståande studier og anna eg skal bruke tid på til hausten. Eg gler meg til å flytta!

10.6.02

mari says:
kan du lesa no, og sjå om det duger?

Nils Johan says:
"ikkje like direkte og detaljerte som t.d. abortmedstrikkepinne-scena i "Av måneskinn gror det ingenting" av Torborg Nedreaas"

Nils Johan says:
for en teit referanse

mari says:
åja?

Nils Johan says:
høres ut som noe småpiker sitter og pjatter om Å HUFF KNIS

mari says:
hallo? du har ikkje lese boka? det er ei detaljert skildring av korleis det kjennes at strikkepinnen møter motstand, musklar, sener. Eg tok den med fordi det er det mest opprivande eg nokon gong hadde lese før

Nils Johan says:
herregud

mari says:
det er berre fordi du er mann

mari says:
og du ville sikkert brukt uttrykket "ho har ballar" om ei skikkeleg tøff dame

Nils Johan says:
Selv om Cast Away ikke er like opprivende som incestscenene i Vibeke Løkkebergs Hud, må det innrømmes at den har noen fine bilder.

mari says:
du er teit, du
Eit fascinerande foredrag om ei særs fascinerande bok, "Skråninga" av Carl Frode Tiller. I det siste har det vorte til at eg har lese ein del ny, norsk, nynorsk litteratur.

Og denne boka er noko av det beste, men verste eg har lese. Historia om ein gal mann som sirklar inn historia si, livet sitt gjennom å skrive alt ned medan han sit på rommet sitt på psykiatrisk sjukehus. I brotstykke fortel han, hoppar frå situasjon til situasjon via assosiasjonar, i eit nesten uhyggeleg syngande og ekspressivt språk (som det står bak på boka). Og desse "sceneskifta" er satans bra gjennomførd!

Hendingane som vert skildra er ikkje like direkte og detaljerte som t.d. abortmedstrikkepinne-scena i "Av måneskinn gror det ingenting" av Torborg Nedreaas, men snik seg under huda og gjer vondare i lengda. Det er ei framandgjering i språket som gjer at omfanget ikkje synker inn i byrjinga. Så vert ein heller ikkje kvitt det så snart.
Eg las boka fort, eg skal lese henne att, snart. Og då er eg førebudd.

Og om detta er sant, er det ikkje rart eg sov forferdeleg dårleg i natt.

9.6.02

Eg drikk brus rett av flaska. Eg har beina på bordet og saltvatnshår i knute på toppen av håvet.
Datamaskina er noko ustabil i dag, alt kræsja midt i Beck sin ”Devils haircut”.
Blogger er visst heller ikkje til å lita særleg mykje på, difor skriv eg detta i eit mikromjukt ord-dokument.

Men eg let meg ikkje irritera likavel – det er altfor kjekt med sommar til at eg let slike dustedetaljar gå inn på meg. Eg har blitt merkbart brun, og full i superenergi. Det kjennes ikkje som eg skal på jobb i morgon, eg berre latar som eg har ferie.
Da einaste so ikkje e bra med sommardagane, eller rettare segt kveldane, e all smikko. Eller knott, eller mygg so da og kallast.
I dag kan eg telja 18 stikk, og da er berre i andletet.
Og sju av dei klør.
Det var kjekt på dans, nett slik bygdadans skal vera. Øl i bilen, felles tissepause, lite armslag på dansegolvet, og noko som likna på eit ungkarstreff (alder: 30 +) i gongen.
Gamle kjende som ein kan veksla GPP-fraser med, eller andre kjende som ein kan lata som ein ikkje ser for å sleppa GPP-frasene. Gamle klassekameratar som klemmar og roper at det er ”Faen meg lenge sio, kor e da du helde deg?” ”Ka, e du heima, og so stikke du ikkje innnom? Du må jo faen meg vera med når me festar! Du må jo vera med i gjengen, veit du!”
Alltid nokon nye som rotar (rykteskaping, hoi!) og alltid nokon nye som har blitt i lag.
Da e kjekt å dansa, særleg om da e med ein so faktisk KAN da. Og da e ikkje nett alle!
Og brått e da slutt, nesten rett ette me e komne. Heim, eta, skillingsbollar, senda nokre tåpelege meldingar, sovna. Jah.

8.6.02

No skal eg straks kle meg om, til dansen i kveld. Houlin`Logs spelar på Hatlestrand! Men fyrst skal eg eta grilla laks i hagen (det rømde førti tusen tonn laks frå bolaks her i veko, og me har kjøpt nokre kilo av ein fiskande nabo), så skal eg ut til Inga og Ragnhild og drikka litt i lag med dei, Linn og Ole Gunnar. Houling logs er andre barndomsvener av oss, og eg har ikkje vore på dans med dei sidan påska. Det skal verta kjekt, hoi!

Elles er eg strålande nøgd med meg sjølv, etter at eg har sykla til Fusa (ei mil kvar veg, dersom nokon ikkje visste det) og trent i dag og. Eg blir supersprek! Framgongen er til å ta å kjenna på, dessutan klarer eg no å ta FEM armhevingar, mot før ingen. Den dagen eg tok min første skikkelege armheving var forresten Joachim nesten vitne, då det var medan eg chatta med han at eg klarte det. Ein stor augeblink, synd eg ikkje hugsar datoen.

Og apropos Joachim - kvifor spør han klokka tre null tre i bloggen sin i går: "Er MAri full?"
Eg var litt kanskje. Eg hadde drukke sider i hagen med mamma og pappa og vener av dei, mange glas seintverkande sider. Det vart litt pinleg då eg byrja kjenne verknaden (lo høgt og slikt), så eg gjekk inn. Der chatta eg med Jørgen, men eg skreiv berre mange, mange feil. Tilslutt ringte eg han i staden for, fordi eg ikkje kunne stava.

Dette byrjar å nærme seg ein rekordlang post for meg. Og det tilogmed på ein så varm og fin sommardag at alle som er inne burde tvingast ut og hivast på sjøden!
No går eg ned og flyttar eit bord i hagen.

6.6.02

I dag vart eg glad for at eg ikkje hadde fått e-post. Faktisk!
Det er betre å ikkje få noko, enn å få seks som heiter "look, honamari, my beautiful girlfriend" eller "so cool a flash, enjoy it".
Ein av dei det er mest freistande å opna er sjølvsagt "japanese girl vs playboy".
Men eg klarer å stå av freistinga.

Er det nokon som veit korleis ein skal beskytta seg mot slike virus-brev?

5.6.02

Leonard Cohen skreiv ein gong ein song til Marianne Faithful, fordi han elska henne. Ho elska ikkje han, då reiv han songen.



4.6.02

Marianne Faithful



Eg hadde skrive ei lang liste om eld.
Den forsvann.
Eg orkar ikkje skriva alt. Stikkord.

VARMAST: Ekle sommarnetter, for lyse, varme, og klamme til å få sove. Varme føter.

HEITAST: Hm. Eg rister på hovudet igjen, men det kjem ikkje noko no heller.

VIL TENNE: Bål. Grill. I omnen om vinteren når det er kaldt. Men slike ting kan eg ikkje, for eg er så upraktisk, og van med at andre gjer det.

VIL SLØKKE: Tørste. Sjokoladesvolt. Dessutan er det mongo at alle må barbera seg under armane. (detta hadde ein logisk samanheng i den lange posten som blogger drepte. Men no hugsar eg ikkje heilt korleis overgongen gjekk.)

KONNOTASJON:
Kolbein Falkeid:

"Jeg tror på mennesker som brenner.
Det knitrer dypt i dem en mening.
De synker aldri ned i slammet
med hjertet kaldt som en forstening
(...)"
Okei, eg bloggar kanskje ikkje så mykje. Denne helga er det fordi eg har vore i Trondheim og hatt betre ting å ta meg til, men elles kan eg ikkje nett skulda på at eg er for travel. Det er snarare fordi eg ikkje kjem på noko som eg har lyst til å publisere.

Og no vart det heilt tomt i hovudet mitt igjen. Eg ristar litt på det, men det skjer ingenting.

29.5.02

Så no kan eg pusta letta ut.
Men heldigvis var det i orden. Eg kom gjennom, heldt ut den forferdelege musikken, og billetten VAR betalt, trass i mine bange anelsar.
Dessutan er eg litt engsteleg for at Trondheimsturen min vert fåkka på grunn av Braathens-tullet.
EG HATAR TELEFONKØAR MED RÅTTEN VENTEMUSIKK

26.5.02

Sidan Maren (kule sko) har sagt at ho skal linka te meg, så linkar eg til henne. Ho har ein bra blogg.

Var det nokon som såg granpri i går?
Då Hellas trådde til, med robotkostymer, firkanta tramp i staden for dans og sjarmerande blunkande vokalist, allereie som nummer fire - då visste eg at dette vanskeleg kunne bli betre. Eller verre.

Rammstein om nokre år, har mista sitt publikum, hugsar ikkje heilt korleis dei lagde tøff og hard industritechnometal (eller ka no den sjangeren heite)...

...og bestemmer seg for å bli litt meir hørbar for det ganske lag og stille opp i Eurovision song contest. Say (say, say, say) the password!

25.5.02

I dag har eg sortert store mengder med papir på rommet mitt. Alle gitartab-utskriftene til dømes. No er dei sortert i ulike kategoriar.
"dei kule eg får til"
"dei vittige"
"dei kule, men litt vanskelege"
og dei teite, som Halfdan Sivertsen og Åge Aleksandersen og slikt.

I kveld skal eg sjå Melodi Grand Prikk. Eg skal berre vera heima og kosa meg med da, litt kjeks og brus, og poengskjemaet frå dagbladet.

22.5.02

21.5.02

Følgande er no lagt ut på nett:

Nokon som passar for oss?
Me kjeme til å trenge ein stad å bu i Trondheim frå august. Bofelleskap, eller leilighet.
Me er to 20 år gamle jenter som skal studere på Dragvoll.
Er glade i turar i skog og mark. Røyker ikkje, men nyter gjerne eit glas vin i ny og ne. (eller øl)
Helsing Sigrun og Mari

Dersom nokon har eit tilbod til oss, er det berre å ta kontakt!

18.5.02

"Jeg savner deg, snuppa!"
Dette stod det i den hyggelegaste meldinga eg fekk på 16.mai. Dei andre eg fekk frå den same personen (omlag femten på ein time) var av litt meir vulgær art, men det var ganske vittig.

Eg var på eit vorspiel hos Ragnhild, som sakte men sikkert vart til eit nachspiel. Eg sov hos Sigrun, og var vekt av buekorps i halvsju-tida. Ah.
Bjørnar og eg køyrde heim att til Fusa (som litt omlag 1 til 1,5 time bil frå Bergen, for dei som ikkje er kjend i området...). Då eg kom heim tok eg for fyrste gong på meg heile bunaden sjølv. Stor og flink jente!

Så har eg spela skodespel, og det vart ein suksess. Og så har eg sett video,

Og så har eg blitt skikkeleg trøytt. Hurra for 17.mai!

15.5.02

Eg har og prøvd den der lego-greio, men mitt resultat vart så altfor lite fornøyeleg. Eg ser ikkje ut som ei blond legobimbo faktisk!

13.5.02

No skal eg straks legga meg. Fyrst skal eg berre legga inn eit kult bilete av Cornelius. Den siste plata hans, Point er kul. Eg kan jo ikkje med sånne datakreative ting, det er derfor eg legg inn andre bilete i staden.

Etter at denne dama, Maren, linka til meg og eit par til, har eg fått mange mange treff derifrå.

Mengde av folk som har vore innom har faktisk auka veldig. Hjelp. Eg får prestasjonsangst.
Eg sov ein time på sengo te mamma og pappa. (den er best) M e n det var ein dårleg idè. Då eg vakna var eg kald, og det kjendes som nokon hadde tatt tak i ei sene frå skulder til nakke og korta den inn nokre centimeter.

Dagens musikk: Rickie Lee Jones, Pop Pop.
I kveld er MSN pikk. Kanskje eg berre skal drite i det og legge meg. Eg får jo ikkje ha ein einaste samtale utan at eg skal loggast av i hytt og pine. Fasiken!

12.5.02

Jøje meg! Eg lurer på korleis søkemotorar eigentleg verkar? KVA plasserer meg, og mine medbloggarar, som Joachim, Stian, og grillsnadder loggen til Nils og Sjur, i slektskap til fulle jenter? Som ein faktisk kan gje poeng til!
Det forresten eit skikkeleg råttent konsept. Eg hadde blitt sur om nokon la ut eit bilete av meg der. Men heldigvis så er eg aldri full. Aldrialdrialdri.
Kjære Sjur og Nils.

Det er ikkje med vilje at eg ikkje snakkar til dåke lenger. Det er fordi MSN er mongo.
På veggen i det eine rommet på Garage har dei måla nokre store bilete av platecover. Blant anna dette her.



Tom Waits har eg ofte tenkt at eg skal byrje å høyre på. Særleg når eg er på Garage, og ser på maleriet. Det er eit tøft cover, og ein bra tittel på eit album. Og i dag har eg kjøpt det, fordi eg har sett på biletet så mange gongar. Og det er bra! Dritbra. Som eg trudde. Auka kvaliteten på denne dagen her...

10.5.02

Dette er morosamt.
Her ute er det sommar. Eg har sommarkle, eg syklar i shorts og singlet, eg soler meg og har blitt solbrent.
Stian snakker om alle samlecdeane han har laga, og det høyres bra ut. Fin hylle har han og laga, han er visst ein ekta handy-hunk!

Eg vil og laga samleplate, ei sommarplate.Det vil seie sommarminidisc, me har ikkje cd-brennar. Den skal iallefall innehalde Folk og Røvere sine "Yess, det er sommer" og "Dust", og sikkert noko Moby frå i fjor sommar.

Då vert det rett stemning.

7.5.02

For eit vær! For ein dag!

Det går ikkje an å skildre ein slik dag utan klisjear!

6.5.02

Besto og besten er komne på besøk, med sjokolade, potetekaker og overlevingsost.

Det var ei gjevande, inspirerande og særs lærerik helg i Oslo. Det kulaste som skjedde var kanskje at eg klarte å verva eit nytt medlem allereie på toget heim.

Eg sat ved sida av ein kjekk, ung austlending, som synte seg å vera NHH-student frå Hønefoss. Omlag på Geilo gav eg han eit flygeblad med Kristin Clemet på. Han lo, og såg interessert på meg medan eg snakka. Så sa han at engasjementet og entusiasmen min var "nesten rørande" og at det var greit at eg verva han.

Eg er så nøgd med å ha verva nokon at det ikkje gjer meg noko at han m o g l e g v i s ikkje vert det mest aktive medlemmet NMU har sett.






1.5.02

...og no skal eg berre pakka til landsstyremøte i NMU i helga.
NATT TIL 1. MAI, del 2

Noko av det mest interressante som hendte var moglegeins dansken som kom på døra vår etter me hadde gått for å legga oss. Han sleika meg i andletet og sa "Hadde jeg ikke havt kæreste, skulle jeg ha ligget hos dej."
Han spurde ikkje om eg hadde villa det. Eller vore i stand heller, eg var rimeleg klar for å legge meg på dette tidspunktet.

Så sovna eg. Vakna igjen halv sju, tissetrengt, tørst og tung i hovudet. Drakk noko vatn, og sovna igjen.
Klokka åtte gjekk 1.mai salutten, og det første toget gjekk forbi utanfor, med fagforeningskorpset i spissen. Jøsses. Eg var glad for at eg åt pizza igår, og drakk mykje vatn. Ellers er eg redd det hadde blitt ein stri dag i dag.
NATT TIL 1.MAI, del 1

I går tok Linn og eg bussen til Høyanger. Linn er barndomsvenninne, og me skulle opp å besøka Gunnbjørg, ei anna barndomsvenninne. Ho fyller snart 20, og skulle feira dagen i går, og me var inviterte.

Då me kom fram halv seks stod ho og venta på oss med ei øl til kvar. Dei andre hadde allereie starta å drikke, så me måtte drikka opp i bilen på veg inn. (tjue minutt).
Gunnbjørg sin kjæraste eig hotellet i Høyanger, Øren Hotel, og det var der festen skulle finne stad. Då me kom fram fekk me eit dritbra dobbeltrom. Så byta me klede og sminka oss, og vorspielet kunne ta til.

Det vart litt av ein kveld i diskoteket på hotellet.. Sider, vin, øl, champagne (eg har ALDRI sett nokon shotte champagne som Gunnbjørg!), tyrkisk pepper (og eg vart ledd av fordi eg var så treig til å shotte).... Herregud for ein kveld!

27.4.02

Hehe.

Det er natt. Eg er trøytt igjen, for eg var ute igår.

I morgon skal konfirmantane mine konfirmerast.

No skal eg legga meg.

Godnatt

25.4.02

Nokre dagar er eg så trøytt at eg gløymer å helse på dei eg går forbi. I dag er ein slik dag.

Det kan ha ein samanheng med at nokon ringte meg to gongar i natt fordi han var full. Den andre gongen var for å spørja om me ikkje kunne gifta oss med kvarandre - dersom me ikkje får oss noko anna til han er 30.
Då var klokka omlag 4.

24.4.02

At alle dei sterke lyskjeldene på jorda (bilvegar, traffikklys, reklameskilt, byar...) gjer slik at dei stjernene ein kan sjå på himmelen no, er berre omlag halvparten av dei ein kunne sjå på femtitalet - Det er i grunnen trist.

Det fins menneske på jorda som aldri har opplevd ein mørk himmel. Dei har aldri sett stjerner og stjerneskot. Ikkje Mjølkevegen heller.
Det er i grunnen og trist.

Tenk, dei har aldri gått heimover i synkande rus, og sett opp mot stjernene og fundert over livet og døden og universet.
Stakkar folk.

22.4.02

Eg er på jobb, eg skriv samandrag av det siste kapittelet i "Oliver Twist" av Dickens. Eg har drive på med det ei stund no. Eg har skrive kortare samandrag av ei allereie forkorta bok. Dessutan omset eg til nynorsk. Det heile for ein elev som ....whatever.

Eg høyrer på The Cure i minidiscen medan eg skriv.
Head in the Door, det er eit fantastisk album.

No og då syng eg høgt, når nokon går forbi. Eg har fritime, og prøver stort sett å få gjort litt jobbeting i fritimane.
Eg er snart ferdig med kapittelet. Dessutan har eg tatt ein politisk test som plasserte meg nede til venstre, litt nedanfor Gandhi.

21.4.02

I ein song syng Håkan Hellström:
"Dom har gått for at leva sina liv, og gud vet at jag må leva mitt."

I dag har eg lasta ned ein song av Morrissey og han syng:
"Everybodys got to live their lives, and god knows I`ve got to live mine."

16.4.02

KVA EG GJER PÅ INTERNETT:

Aller fyrst ser eg om eg har fått epost.

Deretter bruker eg å lese bloggane til alle menneska til venstre. (I tilfeldig rekkefølge. Og om dei linkar til andre bloggar eller saker les eg gjerne det og.)

Jaga Jazzist er blant dei konsertane eg gler meg mest til på Roskilde, og på desse sidene ser eg ofte etter nytt.

Elles les eg gjerne aviser eller lastar ned gitarnotar.

Så kanskje eg går hit og ser på treffresultata mine, berre for å sjå at "nakenbilder" framleis er det mest brukte søkeordet for å kome til denne bloggen.

Dersom eg går inn på nettbanken min, vert eg berre deprimert av dei raude tala (kvar vert pengane av?), så det er ikkje så ofte.

Og innimellom alt lastar eg ned musikkkk.



4.4.02

BOKA EG LAS FØR:

Frå null til no av Ragnfrid Trohaug. Eg likar og den andre boka hennar, Okkupert kjærleik. Dessutan skriv ho i Dag og Tid, ei glimrande avis.

BOKA EG LES NO:
Dalen Portland av Kjartan Fløgstad. Her skulle det sjølvsagt vore link til intervjuet Sjur gjorde med denne brilliante forfattaren i si tid som studvest-journalist, men det var ikkje lett. Kanskje sida berre er førebels nede, prøv sjølv.

NESTE BOK EG SKAL LESA:

Ai. Eg har alltid, ALLTID, dårleg samvet for dei bøkene eg ikkje har lese. Eg lånte ei av Erik då eg var i Skottland, The New York Trilogy av Paul Auster. Ellers er det så mange andre bøker eg vil lesa at eg ikkje orkar tenkje på det ein gong.

HØGT VERDSETT:

Frode Grytten, Hermann Hesse, Jens Bjørneboe, Torborg Nedreaas, Agnar Mykle, Aksel Jensen, Johan Borgen, mange mange mange...

Dessutan Olav H.Hauge, Tor Jonsson, Halldis Moren Vesaas og Jan Magnus Bruheim. Og Karin Boye og Edith Södergran.

2.4.02

SJUR SKRIV OM LIKESTILLING


”Likestiling for meg er (……..) muligheten til å oppføre meg innenfor rimelighetens grenser MANNETE, uten å bli sett på som en levning fra urtiden.”

Sjur ynskjer å verte forstått, ynskjer at hans behov som mann skal aksepterast og respekterast. Men sjølv er han ikkje mykje interessert i å akseptere å forstå kvinnene sine behov.

”Kvinnen vil at mannen skal forstå hvordan dette får henne til å føle. Hva hans manglende tiltro gjør med hennes selvfølelse. Dagens menn skal læres opp til å forstå. Mens jeg liker å løse problemet. Get on with it. Gjøre noe nytt. Dveling KJEDER meg...Mnngh!”

Og om kvinnene likevel løyser saker på kvinnemåtar, då er det vås. Og mannen reagerer på mannens vis:

”… blir jeg forbannet av alt våset jeg må sitte og høre på før man kan bestemme seg for noe.”

Kanskje ynskjer Sjur seg attende til femtitalet? Dette er ikkje skriveri om likestilling. Det er pisspreik.

” Jeg ønsker meg kvinner som anerkjenner vår kamp, og slikker våre bakfulle sår. (Ikke bokstavelig talt.) Gir oss en kald klut så vi kan komme oss etter gårsdagens kamp. Gir oss suppe og steller vår feber...”

28.3.02

Unnskyld eg trekke da. Nils er ikkje ein tapar likevel. Men han har skikkeleg dårleg humor.
Eg fekk ei rekke kjipe, slibrige og lite morsome meldingar frå Nils i forgårs. Den siste eg fekk var frå Jørgen som ba om orsaking på Nils sine vegner. "jeg skal få ham til å legge seg nå" eller noko slikt.

Nils. Du er ein tapar.

26.3.02

Djupt sakna har kome heim.
SPRÅK. Det er viktig med språk. Viktig å kunne snakke, og viktig å kunne uttrykkje seg godt skriftleg. Eg vert trist når eg les det eg skreiv 25. mars klokka fem over elleve.
"....stod på hennar bad.."

Alle veit jo at det heiter "badet hennar" på godt norsk.
No let eg meg nesten ikkje merka av røyklukt i kleda mine lenger. Eg er blitt så van at no kan eg nesten like godt byrje å røyke sjølv. Æsj. Det vil eg ikkje.

25.3.02

Det har vore ei fin og grei helg. Eg har fått meg ein ny pannelugg, eit resultat at av Ragnhild og eg stod på hennar bad og prata om at eg vil ha krøllar og ho vil ha glatt hår, og at me begge er drittlei av det håret me har.

Mulholland Drive var litt av ein film. Satan for ein film. Eg var pissredd, og ganske forvirra.