16.8.03

Ein kan stadig læra nytt om foreldra sine. Far min, til dømes, fortalde meg i dag at han har hatt ei Goethe-omsetjing på trykk i Vinduet.

(No verkar eposten min og. Det synte seg at webmail vart oppdatert i sommar, so nettlesaren vår var for gamal til å forstå det eller noko slikt. Eg skjøna det ikkje heilt, men lasta ned nokre greier som ser ut som det funka fint. No kan eg lesa epostane mine. Det var godt.)

14.8.03

Det er frustrerande, f r u s t r e r a n d e, FRUSTRERANDE at universitetspostverket ikkje verkar som det skal. Eg har ikkje fått lese elektrobrev på MINST tre dagar.

Det var kaldt, k a l d t, KALDT i kyrkja i dag, det var keisamt, k e i s a m t, KEISAMT i kyrkja i går. Det er fint, f i n t, FINT at eg snart skal til Oslo og vere med gode vener, og det er supert, s u p e r t, SUPERT at eg skal til Trondheim att neste onsdag.

Ser de det, alle kjende i Bartestaden? Eg kjem attende! Opne glasa og rop det ut: HO KJEM! HO KJEM! Syng det ut i den hallande sommaren. Og kjøp øl.

6.8.03

Dersom nokon såg tre jenter danse på ein rar måte på garage i går, medan ingen andre dansa, so var den eine, ho med gummisko som hang fast i golvet på ein seig måte, meg.

Dersom nokon køyrde over Holdhus i dag, og såg ei jente site og sove i ein kyrkjedøropning og sove, so var det meg, det og.

4.8.03

I kveld reiser hobbiten Melilot Brambleburr of Bindbale Wood (eg) og alven Maranwë Silimaurë (eg, det og) til Bergen. Det skal bli bra moro.
Eg gløymde Tom Waits - Rain Dogs. Den må vera med.

3.8.03

Lista til Øyvind, ja. Fem feilfrie album. Album der ein ikkje har lyst å hoppe over ein einaste song.

I`m your man - Leonard Cohen

So storslagent at det må stå litt for seg sjølv. Det finst fleire som oppfyller det førnemnde kriteriet trur eg; Lou Reed - Transformer, Jaga Jazzist - a livingroom hush, Beth Orton - Central Reservation....

Kanskje eg tek feil, kanskje er eg ikkje einig i dette sjølv ein gong. Eg er ikkje sikker.

2.8.03

Jane er så søt og spør i minneboka om korleis sommaren min er, om den er fin.

Eg ser på skjermen. So klør eg meg litt i nakken. So ser eg litt på city of Angels med søstra mi, sjølv om eg ikkje likar den filmen.

So jobbar eg mykje. Og det regner alltid når eg sykler. I mellom, når me har tid eller kjem på det, er eg med vener, slike gode; barndomsvener. Som i går, middagsbesøk m.m. Det var bursdagsfeiring og veldig bra. God mat, godt øl og kjekt, kjekt, kjekt.

Strålande planar for næraste framtid: dra til oslo for eit par dagar, med ei venninne, besøke to andre venninner. Det skal bli deilig venninnete. Og so, brått; Trondheim. Det skal og bli deilig.

Sommaren? Den har vore fin. Den er brått over. Eg jobba mykje.