28.9.09

Hei Maria! Så vidunderleg at du er i Trondheim! Venninnedagar på rad er sjeldan kost, og desse har vore verkeleg fantastiske!

Og no kjem lenka eg lova deg, bloggen til Katie frå New York, ein blogg som gjer meg oppløfta og glad. Omlag som Upperdog på kinoen i kveld.

4.9.09

Eg har drive og tenkt på ein tekst om ferien på Kypros, ein fin og interessant tekst om korleis ferie på Kypros kan vere både klassisk sydenferie og samtidig ein lærerik ferie i eit interessant land. Eit delt land. Med deilig, deilig mat med like delar tyrkiske, midt-austenske og greske element.

Og no, midt på fredagskvelden sit eg samankrølla i sofaen (sjølv om eg burde vore ein annan stad, mingla og sosialisert) med eit glas vin frå den flaska me vann på flyplassen i Larnaca - på lykkehjul, med kvitteringen frå taxfree som innsats. Det er ein heilt okei vin til å vere gratis. Det får vere nok sagt om den. Og so les eg oppskriftsbloggar, ser på fine bilete, les interessante, fine, underfundige eller masete tekstar på andre sine bloggar.

Via ei lenke frå Astrid (søte Astrid!) fann eg denne suppeoppskrifta her, 44-kløfters kvitlauksuppe, som fekk meg til å gle meg til hausten har fått enno meir tak enn den har no. Ring om du er sjuk, so skal eg koma med den på ein termos!

Nokre gongar har eg lyst å laga matblogg sjølv, ei lyst driven av like delar ynskje om å visa kor flink eg er til å laga mat og ynskje om å kanskje inspirera nokon til å laga deilige ting som er enklare enn mange trur. Eg blir i alle fall superinspirert av alt godt, epicureatricen, 101 cookbooks. Og so sjølvsagt kokebøkene mine, som eg les på senga. Nigella, Jamie, gode gamle Ingrid - og min nyaste helt: Tessa Kiros, som du kan lesa eit heilt okei intervju med her.

Det som kjenneteiknar dei kokebøkene og matbloggane eg likar best er at tekstane er meir enn berre oppramsing av ingrediensar og framgongsmåte. Det er fine foto, historier om fyrste gong ein smakte retten, grunnen til at ein likar den, tida på året den høver best eller andre personlege tankar rundt matlaging generelt og spesielt. Skriftleg fjernsynskjøken altså. Den superjoviale og entusiastiske Jamie og sensuelle, bedagelege Nigella er velkjende, men Tessa (ja, eg er på førenamn med bok-kokkane mine), som ikkje har vore på tv, kjenner eg som familiekjær, tradisjonsbevisst og med røter frå mange ulike land og kokekulturar.

Eg skal jo ikkje prøve å vere dei, eg er lysten på å prøve å skriva min eigen matskrivestil. Men har nokon lyst å lesa om og sjå bilete av dei Jamie-inspirerte blomkål- og brokkolifylte canneloniane i tomatsaus og ostesaus som me hadde til middag i dag? Den som les detta må gjerne svara. So skal eg tenka litt meir over det.