25.12.08


På føtene har eg åttebladsrosemønstra labbar frå besto. Heile tre par labbar låg under treet, frå tre som vil at eg skal vera glad og varm på føtene.

12.12.08



Eg synest å hugsa at det å skifta sikringar var ei slik oppgåve som forsvarslause kvinnemennesker trengte menn til i gamle dagar. No har eg nett skifta ein sikring (og fekk litt lærdom på kjøpet: ein oljeomn + ein vifteomn + ein vannkokar = ikkje sant), og det trur eg ikkje at eg har gjort før.

Eg kan forstå at det ikkje er så lett å skifta dekk på bilen dersom ein skal gjera det fyrste gong og er aleine. Men hvis nokon viser fyrst er det ganske enkelt. Men å skifta sikring! Det var jo kjempelett! Lettare enn å lasta ned dataspel frå bestoldgames.net!

Var kvinnemenneska førtildags så ubrukelege? Var sikringane vanskelegare før? Eller er det berre ei dårleg myte?

6.12.08


Hvis eg skulle senda julakort til nokon eg ikkje kjenner i år, so måtte det vera til Gry Falch-Olsen, den flottaste dama NRK nokon gong kunne sendt til Indonesia. Fy søren, ho likar eg godt. Og so minnar ho meg litt om mamma.

3.12.08

På akkurat same tid som dette, berre i går skreiv eg detta før eg gløymde å posta:

Me kosar oss med tøyse-engelsk frå 1996 medan eg ventar på Blåfjell og bagel-deigen hevar. Me satsar hardt på KOS og HYGGE i Det Bakkegatiske Kollektiv. Me har felles pakkekalender, me har stjerna og me set noregsrekordar i stearinlystenning.

Førjulskosen so langt har inneheldt:
2 julekonsertar
Love Actually
Pepperkakehusbygging
Eventyr i New York - to gongar på same kveld
and a partridge in a pear tree.

28.11.08



FØR OG NO.

FØR var eg forelska i Tony i East 17. NO er han ikkje so kjekk lenger.
FØR var det familiekveld med pizza og NRK kvar fredags kveld. NO er det ikkje so ofte, men det er slik i kollektivet i dag. Heimelaga pizza, me ser Beat for Beat og Nytt på Nytt og gler oss til Hunter.
FØR i dag leverte eg 2 oppgåver som eg hadde alt for dårleg tid til. Etterpå såg eg på gamle, gode videoar på youtube: East 17 og Take That.

NO tenkjer eg: FOR EIN FIN FREDAG.

23.11.08

Ein gong budde eg i eit kollektiv på eit loft. Me hadde berre takvindauge, golvet var skeivt og sjølv om vindauga var att kom det bjørkerusk inn og la seg på senga om dagen. Der budde eg i lag med ein som er nesten to meter lang, det meste av han er armar, bein og ein latter som avslører han på ei mils omkrins. Sjølv i storsalen visste du at han var der om han lo.

Kvar laurdag og sundags føremiddag om vinteren låg han i sofaen med dei store dyne-tøflane (som stinka tåfis) og kosebukse og såg på vintersport. Han la seg oppå meg i sofaen slik at meg måtte klipa han til han gav seg. Me kledde oss ut og spelte luft-synth til Meat Loaf sitt album "Bat out of Hell".

No er han i Danmark. Eg saknar han veldig.

Ein annan er tynn som ein strek og stram som ein militær i haldning og kropp. Han har alltid matchande sko og belte, og han et rå, skrelte poteter som epler. Han pleide alltid å vere blakk fordi han brukte pengane sine på sko og kule klede i staden for f.eks mat, og foreldrene hans betalte mobilrekninga, sjølv om han syntes det er litt flaut.

Han har ein eigen dans der ein roper namnet på mooven samtidig som ein gjer det, veldig pedagogisk. Då han var eit år i militæret, noko alle var sjokka over at han gjorde, budde han på rommet mitt og spreidde rotet sitt utover når han var på besøk. Og det var så ofte han kunne.

No er han i Ålesund. Eg saknar han like mykje.

Då eg blei kjend med desse to, og me budde på loftet i Maristuvegen hadde eg korte dongeriskjørt, mørk augeskugge og rockestil. Eg studerte tysk og lot meg forføra av Samfundet, og desse to var med. 3-4 år budde me i lag, på to forskjellige stader.

I nokre av dei mest skjelsetjande åra i mitt liv.

20.11.08


Herlig med nytt bilete.

PS. Lurer du på kva eg gjorde på tysdag? Svaret får du her.

PSPS. Ganglionen er vekke!
Det er snøstorm og ekstremværmvarsel ute, og eg gjer det einaste som kjennes rett. Jovisst kunne det vore deilig med ein tur ute i ruskaveret! Men ikkje no. Eg og kjærast lagar biff til middag og kakao til dessert og ser på film. Miss Marple! Og a Knights tale.

Og so har eg kjøpt noko nytt: rosesyltetøy. Det er VELDIG RART. Det lukter akkurat som rosesåpe, rosekrem eller roseshampo. Og det smakar sånn også! Eg har ein ide om at det kan bli bra saman med nøtter/mandlar og kanskje ein pudding, men det har eg ikkje prøvd enno. Førebels er det einaste fornuftige bruksområdet eg har funne å blanda med yoghurt naturell. Det var ganske godt.

No var det forresten på tide å skifta ut sommarbiletet.

14.11.08

Heime aleine, med dixie chicks, te og data. Eg lurer på om det blir godt dersom eg tek litt av raudvinen i stova og heller rett i ein kopp med firstpricegløgg?

3.11.08


La meg slå eit slag for fennikelen. Han er veldig fin!

Fennikel kom til meg med full styrke i sommar ein gong. Vidunderleg til grilling med parmesan, ein hit i kvit fiskesuppe. Rik på A og C-vitamin, og visstnok bra for fordøyinga. Og ganske vakker må eg sei, med fast og fin kropp og krusete hår.

No drikk eg ein kopp fennikel-te. Det er også deilig, i all sin søte anisaktigheit. Men eg vil ikkje anbefala å drikka fennikkel-te rett etter ein fenikkel-middad, den slags aktivitetar treng litt tid i mellom. Elles kjennes det som å drikka middag. Og ingen vil vel ha fiskesaft.

Hurra for fennikelen!

30.10.08

Ute er det kaldt, inne er det fint. Her er det mandariner og raudvinsdunk og bra folk og tomatsuppe til alle. Etterpå er det sjokoladeis og film. Eg skulle ha endra biletet på toppen av denna bloggen no, for det er lenge sidan grilling på verandaen. Det kjem kanskje snart.

Men eg tek lite bilete, eg har rota vekk ladaren til kameraet mitt, og dessutan er eg i praksis om dagen. Fyrste av tre veker er ferdig i morgon, og eg trivst godt. Førskulelærar kan godt vere ei blivande framtid!

23.10.08

Av alle distraksjonane eg har tatt i mot med opne armar i dag medan eg eigentleg skal jobba med innlevering i pedagogikk vil eg gjerne få presentera eit knippe av dei finaste og beste:

Heimesida til ein japansk kunstnar med nokre fantastiske greier under "selected work".

Dette diktet av kristine næss:

Ingen døde, ingen forlot meg, jeg bare var, og det var ikke nok. Og nå endrer alt seg, før jeg får gjort noe med det. Over hele verden er været uforutsigbart, folk blir urolige, uberegnelige, ja, jeg kan ikke regne med noe som helst, fra noen av dem som kunne ha passet for meg.

og eit intervju med Anne Marit Jacobsen på NRK der ho sit overvelda etter å ha sett eit klipp av seg sjølv framføre "Sjørøvar Jenny" i 1978 - noko ho ikkje kunne hugse å ha gjort ein gong.

19.10.08

Me leita i fortida og fann ei kjelde til latterkrampe: Alle barna-vitsar.
Like bra som i 1992.

Men prøv å finna nokon gode på Hedvig, Kjetil eller Ingrid!

6.10.08

Sjå kva eg har fått i handa! Ganglion! (Ikkje sjå om du tykkjer kropp er ekkelt.)Den ser slik ut.

4.10.08

I dag har eg lært noko viktig. Noko som fekk meg til å føla meg vaksen, praktisk og ansvarleg. I dag har eg skifta dekk på bilen.

I morgon står eg foran ei ny utfordring. Då skal pappa og eg køyra frå Eikelandsosen til Melhus. Det er langt, og sidan eg vanlegvis køyrer 10-20 km under fartsgrensa kan det ta skikkeleg lang tid, so det er flaks at pappa er med.

Bilen skal vere lasta med frosen fisk og saft. Og syltetøy. Og ein boks med kaffikoppar eg fekk til jul for 3 år sidan og to keramikk-krus eg fekk til konfirmasjonen. (faktisk!) Og nokre klede, og eit syprosjekt og eit vaffeljern. Og nokre flasker sider.

Eg gler meg.

10.9.08

Eg blir forbanna når nrk radio sporar ein diskusjon så grundig av som i dag. Ein i utgongspunktet viktig debatt om etikk, moral og dialog blir til ordkløyveri og forsøk på å få statsministeren til å trakka over streken og dra samanlikninga mellom noverande norsk parti og nyare historisk fascisme for langt slik at dei verkeleg får feitt kjøt på desse idiotiske beina sine.

7.9.08

I går skreiv eg eit brev. I dag har eg gått og venta på svar, sjølv om brevet ligg på kjøkenbordet. Eg har ikkje skrive adresse på det ein gong, og likevel ventar eg på svar allereie. Det er internett sin feil, tenkjer eg.

6.9.08

Nokre gongar skjer det so mykje at det ikkje blir blogging av det. Det blir stort sett blogging når det ikkje skjer noko særskild. Og det gjer det ikkje no.

Det var kult å vere nattevakt når TV2 synte Twin Peaks, men no er det ingenting på TV som er spanande. Svolten er eg og.

5.8.08

Intervju med Magnus i Trønderbladet på laurdag! Bra at pressedekninga har byrja ta seg opp.
I morgon blir det sak i Gaula og, med telefonintervju av Ragnar Hovland og fine ord om festivalen.

Kanskje tenkjer du med deg sjølv: "Kva er det ho masar om no igjen, det er jo så mange festivalar!" Og i so fall har du heilt rett. Men eg vil likevel, upartisk men sannferdig, sei at Fjøsfestivalen har noko ved seg. For det fyrste fordi det er i eit fjøs, unikt nok. Og dimed er atmosfæra fabelaktig i seg sjølv. Men for det andre og viktigaste: Fordi programmet er breidt men bra, med band som truleg aldri før har og aldri seinare vil stå på same scene att. Og med eit publikum som er ope for det meste. Berre SJEKK DET PROGRAMMET.
Og kom.

31.7.08



Eg merker at det er umogleg å fanga eit linfrø mellom fortennene og knusa det der. Det er frustrerande. Eg prøver, men ender med å bita meg sjølv i tungespissen, og det er jo fullstendig unødvendig.

Brødet smakar fantastisk. Det er firkornbrød som kjærasten har baka. Han er fantastisk han og! No ligg han på divanen og søv.

Det har vore ein ganske lang dag allereie, og me har fått gjort mykje alle som ein. No er det snart klart for FJØSFESTIVAL! Det blir supert. Alle er invitert!

25.7.08

Sola skin og eg er so glad
Det er fordi eg har bursdag i dag
Sola skin og eg er så glad
Den er fiiiin!

Fritt etter Jokke.

PS. Feiringa er slik: Middag og kake på Melhus, sidan LSL på Edgar. Kom, kom.

23.7.08


Og so ynskjer eg meg "Kjære Husmor", husmorsfilmane frå 1955 - 1972. Platekompaniet har den!

Men eg ynskjer meg ikkje Venus Flugefangar (sjå illustrasjonsfoto), for det har eg kjøpt i dag. No står den i kjøkenglaset og glefsar mot flugekryp som vågar seg inn.

21.7.08

Tomat- og paprika-plantene blømer. Paprika er faktisk riktig så vakker! Tomat er spinkel og høg, og har blitt noko gulaktig på dei nedste blada. Eg vonar likevel på god frukt. Og so veit eg mykje om planter til neste års avling! Bra start, bra start.
(Den eine står det Aggi på forresten)

Og so har eg kome inn på skule. Førskulelærarutdanniing. So no vert det utdanning på meg og.

Og so har eg snart bursdag. Og dette ynskjer eg meg:

- Den nye utgåva av Sveve over vatna.
- "Vi gifter oss" på dvd eller vhs
- Ei datamaskin eg kan ha. Kan godt vere brukt.
- Billettar til den nye batman-filmen
- Besøk

14.7.08


Han er død, eg høyrde det på radioen i stad og byrja å grine. Midt i butikken.
Kva var vel livet utan Henki? Til 80-årsdagen hans sendte eg han eit brev og gratulerte. Og eg fekk svar! Skomaker Andersen-postkort med lang handskriven helsing der han takka for kortet og svarte på det eg hadde skrive om. "Det er ikke så rart du var redd for Tore Gruvik. Jeg var litt redd han sjøl! Jeg håper du og bror din er godvenner nå."
Åh, eg var på avstand veldig glad i Henki Kolstad. For ein fin mann han var! Og tenk at eg fortalde han at eg pleide å krangla med bror min i bursdagsbrevet!

13.7.08

Eg skjønte akkurat at livet mitt hadde vore mykje betre om eg hadde
Mr. Bento. Flaks at eg har bursdag snart.

12.7.08

Eg sykla til jobb, og det gjekk to gamle damer midt i vegen, eg hadde ikkje sjans til å svinga forbi. Og dei gjekk med ryggen til og såg meg ikkje, so eg ropte "Pling, pling!", for eg har ikkje ringeklokke enno. Då fekk dei latterkrampe.

11.7.08

No skal det bli liv i kårstua!
Lesing og lesing, fru Blomkål.
Krim går inn det eine auget og ut det andre og eg elskar det.
Eg kan lesa ei krimbok på ei natt, på ein dag eller i 2-3 strekker der det passar seg sånn.

Det går ikkje an å snakka med meg, og i enkelte (men sjeldne) tilfelle må eg snika meg unna for å lesa, eller i alle fall detta heilt ut av all konversasjon og bura meg inne i sofakroken med krimmen. Det er ikkje alltid like høfleg, særleg ikkje når eg har eller er i besøk.

Men det er deilig.

I dag har eg lest svensk krim. Byrja på Flesland klokka fem og var ferdig i to-tida i natt. To ventetimar på Flesland, ei flyreise, to bussreiser og so keisame nattetimar er alt som skal til for å sluke 373 pocketsider. Og so slutta boka med byrjinga på eit nytt mysterium! Det var slitsomt, for det verka. Eg fekk lyst å lesa den neste boka og, helst med ein gong.


Underhald meg!

10.7.08

DET ER ALDELES IKKJE NOKO BELEGG SOM HELST FOR AT SUSAN OG CASPIAN HADDE NOKON ROMANSE I NARNIA.

Faktisk møtes dei ikkje før boka er nesten ferdig ein gong.

Herregud.

7.7.08

Going down the memory lane!

Geografisk:
Eg er heime i Stallabrotet, Eikelandsosen, Fusa, Hordaland, Noreg, Verda, Mjølkevegen. I dag er det laks til middag og eg har vore innom bufellesskapet der eg for fyrste gong sidan år 2000 ikkje har sommarjobb i år.


Mentalt:
I går tok søsknene Raunsgard ein tur til vårt vakraste og mest spanande barndomsland, Narnia. Det var både fantastisk og irriterande. Det aller mest irriterande var den stygge slutten med ein song som blanda seg inn og gjorde heile filmopplevinga dårlegare. Det nest mest irriterande var kjærleikshistoria som dei hadde dikta opp. Eg skal lesa boka NØYE for å sjå om dei har belegg for denslags kliss. Og det tredj mest irriterande var dei kjappe og frekke one-linerane som var spreidd utover filmen som sukat i rosinbollar. Det skulle då vere mogleg å la ein og annan samtale vere utan? Så frekk er ikkje ei Pevensie-borna som eg kjenner! Likevel var det ein flott film. Lucy og Edmund er veldig fine og flinke, og eg likar at det er sopass rått som det er. Folk vert faktisk drept i denna filmen her, so eg veit ikkje om det er barnefilm. Men EG elskar å vere i Narnia!

"Tingleg"
I dag har eg og mor rydda og tørka støv på det gamle rommet mitt. Innerst i huset står eit museum over MARI 0 - 25 år. Posar, boksar og ein bag med fotografi og eit par halv-utfylte album. Suvenirar, greier, gåver, leiker. Bøker eg har kjøpt, fått, funne i stova og tatt med inn til meg (omlag som ei kråke samlar sølv til reiret) eller gløymd å levere attende til biblioteket. Krukker, boksar og mapper med papirlappar, postkort, utklipp, billetar. Blant alle lappane likar eg best dei som kun heiter lappar: sendt mellom meg og klassekompisar gjennom 12 års skulegong. Kvardagsleg informasjon, hemmelege forteljingar eller intern humor som ein ikkje hugsar lenger. Favoritteksempelet: "Korleis er du sett saman? Av exe?" og svaret på andre sida: "Jepp. Enn du?"

Eg er ein samlar. Eg samlar på papir, på ting og på historier og folk. Eg elskar (nesten) kvar einaste dings på det der rommet, og vil ikkje kasta noko som helst.
Takk til mor og far som lar meg få ha museet mitt!

No går eg for å kontroll-lesa "Prins Caspian".

29.6.08

Naar tapas og oel stroeymer paa og folka i raude og gule t-skjorter rundt meg jublar og gret og klemmer og herjar - daa tenkjer eg: Det var bra me drog til Madrid og ikkje Berlin.

Helsing Mari paa ferie.

25.6.08



I helga var eg på Sunndalsøra og såg musikal. Å herremingud, for ein musikal dei har skapt. Det går heilt fint an å ha ei heidundrandes helg på Sunndalsøra, i alle fall når ein kan "gjøra Øra" midt på natta - guida tur med brun sprit i løynde rom i ein sekk. Og ein ting til - eg trudde me hadde fjell på veslandet*. Men etter å ha vore ein tur i Møre og Romsdal, eit fylke eg har fått stor tru på, skjønar eg at me ikkje har det på ordentleg. Men meir enn Trøndelag då, det kan eg trøyste meg med.

Biletet har ikkje noko som helst med teksten å gjera, bortsett frå å kanskje vagt illustrera poenget med eigentleg ikkje fjell.



*Det ekte vestlandet, det som er mitt.

13.6.08

I morgon byrjer den delen av sommaren som heiter FERIE. Kjærasten og eg skal på turne i Møre og Romsdal. Del 1 byrjer i morgon, med buss til Ørsta der bryllup skal feirast på laurdag. Stas, stas.

Vidare skal me til Ålesund på søndag for å vitja gamal ven, og derfrå dreg me med hurtigruta tysdag morgon. Gjebursdagen til kjærasten skal feirast i Geiranger på båten, før me dreg til Trondheim att. Med Hurtigruta.

Neste helg er det klart for del 2: Musikal på Sunndalsøra, og testing av den lokale festekulturen saman med nokre lokale som me kjenner. Stas, stas det også.

Imellom er eg her på garden, so det er berre å stikka innom for den som skulle vere i nærleiken! Berre ring fyrst, so eg kan få sett på kaffen i tide!

So markerer eg sommar og grillsesong med å legge ut eit bilete av senneptest. Den gule er amerikansk, den andre er "dijonaise", eit feilkjøp som er ein blanding av dijon-sennep (godt) og majones (også godt). Blandingen smaka ikkje så godt, men biletet er jo kjempefint.

7.6.08

Det er mogleg eg er spesielt lett å begeistra. Men det tyder ikkje at eg er ukritisk. For når eg likar nesten alle bøkene eg les, so er det fordi eg vel etter gjevne kriterie. Som at nokon eg kjenner og stolar på smaken sin på seier det er bra. Eller at ein kjend forfattar som eg også likar har anbefalt på omslaget eller i føreordet eller har namedroppa boka ein stad og eg har fått det med meg. Eller at eg har likt alt som har kome frå den same pennen før. Dei som kjenner meg veit kven det gjeld.

No til dømes, skal eg gå i gang med Spør støvet av John Fante. Bokklubben sendte e-brev og spurde om eg ville ha den, og då dei kunne skilta med ein lengre anbefalingstekst av Bukowski slo eg til og ikkje avbestilte.

Men nokre gongar ser eg ting eg føler at eg berre må få kloa i slik at eg har det. Det treng ikkje vere for å lesa det, med mindre det syner seg lesverdig, men mest for å sitja med boka i hendene i fanget og tenka "tenk at denna finst!" på ein lukkeleg og noko overraska måte.

Som: Salvador Dali sin kjærleiksroman, som eg har, men ikkje har lest.
Eller Saddam Hussein sine kjærleiksromanar, som eg ikkje har sett og eigentleg ikkje er sikker på om er meir enn ubekrefta rykte. Føl deg fri til å bekrefte det for meg, evt fortel meg kor eg kan få eige ei av desse bøkene. Vonleg i engelsk eller tysk språkdrakt (då nynorsk sikkert er for mykje å håpe på.)

3.6.08

Brått inspirert i går gjekk eg ut i hagen med spade, grapse, løvetannstikkar og rosesaks. Solbær- og ripsbuskane skulle få gå ei meir einsam tid i møte. Men også meir solrik på føtene og med mindre kamp for tilværet. Hissige brennenesler, kvelande gras, idiotiske løvetann og ein rognspirea som aldeles ikkje kjende si besøkelsestid måtte takka for seg. So luka eg fram eit bed, fekk tilkøyrd eit traktorlass med jord frå bonden sjølv og planta 12 fine stemødre som ser ut til å trivast i dag.

Herregud, det var gøy.

Så prøvde eg å redda rabarbraen frå seg sjølv, skvallerkål og tidlegare nemnde rognspirea. 2 kg stilk vart teken med inn, og no har me 9 glas syltetøy på kjøkenet.
Mammo til Gislaug (bondekona sjølv på garden her eg bur) kom bort med rabarbrapai til oss, og gripen av stemninga som herska stussa ho verandabuskane våre medan me åt den deilige paien. So gjekk Henning og Gislaug laus på skapelsen av noko me har tenkt på lenge: trinn ned frå verandaen. Det innebar å fjerne ei rot (til akkopagnement av "Gubben og Gamla", sjølvsagt) og så å planere, bære heller og lage tre vakre trinn. Dette var medan eg laga syltetøy. Alt er på bilete, berre vent til eg får lagt dei inn på data!

No er Gislaug på jobb, Henning på eksamen og eg har stått opp helselaust tidleg for å luke bedet på andre sida av inngangsdøra, gjere ferdig urtekroken i hagen og ta oppvasken etter syltetøy-kokinga.

Det skal bli ein deilig dag. Gratulera med dagen, Sigrun og Ragnhild! Hurra!

2.6.08

- Vi sommarmenneske blir ofte sett på som litt grunne og overflatiske, seier Tomas i Dalen. - Litt enkle. Vi er liksom folk sm liker gladpop og ler heile tida, litt slik Wenche Myhre-aktige. Optimistar og pratmakarar som sit i solsteiken i smaklause, korterma skjorter og drikk øl og er høgrøysta. Der har du oss sommarfolk.
Han ser på meg.
- Det er liksom litt meir djupt og høgverdig å vere haustmenneske. Då er det litt meir Joni Mitchell og utilgjengelege dikt av Stein Mehren og franske svart-kvitt-filmar. Men kva faen er det som er så bra med kjærleikssorg, det har eg spurd meg om mange gonger. Så det spørst om ikkje vi sommarkarar vil få vårt velfortente comeback ein dag. Og då skal vi faen meg ta over heile butikken.

Utdrag frå Ei vinterreise av Ragnar Hovland. Og eg seier: gje meg ei smaklaus skjorte og ei øl. Det er solsteik ute, og ingen kjærleikssorg so langt auga kan sjå over åkrane.

29.5.08

Take a walk on the wild side!

Det var ikkje lov å hekla når ein var eksamensvakt, men eg gjorde det likevel! Rebell! Og det tyder sikkert at det ikkje var lov å lesa 400 sider av Stieg Larsson i går heller, og det forklarer i sofall dei stygge blikka eg fekk frå mine med-eksamensvakter KåreValebrokkLookALikeLady og Johnny Johnsen (hovedvakt). Ungdomen no til dags!

Eg las i dag og, denne regelbrytinga tek heilt av. Ei vinterreise las eg, 117 sider,og det var veldig gode sider. No veit eg ikkje kva eg skal gjere. Handle for så å ete? Ligge i sola med hekletøyet? Ligge i sola med Vinterreisa? Sitje inne og sjå fjernsyn?

Marthe Julie
, som også har flørta litt med ein forsmak på pensjonisttilværet denne veka her sendt meg ei slik utfordring. Eg har ikkje tenkt å fortsette kjedebrevet, for eg er ikkje noko plaga med urinveisinfeksjon, men likevel: Å skrive sitat frå bøkene ein les kan jo vere veldig fint. So eg skriv noko fint frå Ei vinterreise. Av Ragnar Hovland. Dette som eg skal sitera er på side 70, og finn stad i Egypt:

"Korleis kunne Israelsfolket traske rundt i 80(!) år i Sinai-øydemarka? Det er berre fjell der, så vidt eg kunne sjå frå flyet. Ikkje rart dei murra mot Moses og laga seg ein gullkalv."

25.5.08

Eg har ikkje dårleg samvet for å sitje på jobben si kommunale datamaskin og bruke den til facebook, blogg-lesing og privat epostskriving. For eg er på vaken nattevakt, ei vakt som varer frå 22.15 til 07.10. Og fjernsynet på fellesen er øydelagd. No skal eg laga ei liste over det eg gjer både på og utafor internetten.

LISTE:
1. Eg les hobbybloggar som inspirerer og frustrerer. For eg vil og strikke, hekle, sy og pynte, men eg er for rastlaus og for lat og for utolmodig! Nokon, kom her og lær meg det så eg kan det og det går fort!
2. Eg ser på bileta til 600 av mine nærmaste vener. Det spenner over ferieturar, familieselskap, nasjonaldagsfeiringar og ikkje minst: ungane og babyane til folk (fortrinnsvis frå Fusa). Det er grådig knallkjekt, særleg det siste.
3. Drikk firstpriceearlgrey-te med mjølk og sukker. Ikkje fordi eg treng sukker akkurat, men fordi eg har lyst. Og fordi firstpriceearlgrey ikkje er noko særleg med sin bitre te-liknande smak aleine. Lenge leve søtningsdrukninga.
4. Det beste er å lesa i ei bok som heiter "Farlig godt", og som fortener eit eige punkt utafor denne tilfeldige lista. Tru ikkje at eg gjer alt dette i rekkefølge forresten. Det er i aller høgaste grad i hulter til bulter.

Farlig godt er så bra at eg ikkje vil skriva fantastisk, for det er oppbrukt. Den er himmelsk. Vittig, interessant og inspirerande. Eg har så lyst på delikat og deilig mat no, at eg blir ekstra frustrert over å vere her, vaken og på jobb. Kan nokon stikka innom med eit stykke bellotta-skinke, litt parmesan og kanskje eit glas cava til meg? Eller ein kopp ekte sjokolade? Asparges? Nokre heftige kamskjell?

Ingen?

20.5.08

I dag sykla eg i ein fei til postkontoret. Det sprutregna, og sykkelen eg sykla på hadde ikkje bakskjerm, so etter tre meter var eg full av søle og sprut oppover heile ryggen. Men mest på ræva. Det var ikkje flaut inne på postkontoret heller, for eg måtte forta meg og rekka postgangen. Hvis eg ikkje hadde gjort det er det ikkje sikkert eg hadde hatt ein einaste plan til hausten nemleg, for omslagsarket til opptaket skulle eigentleg vore sendt i går. Men eg ringte i dag, og det skulle gå bra å senda i dag sa ho. Og det bør det, for hvis ikkje veit aldeles ikkje kva det skal bli med meg.

Dagen var litt dårleg sånn sett, men litt festivalplanlegging* for sommaren rundt heimelaga asparges- og fennikelsuppa og VELDIG GODT NYTT på sms gjorde susen. Og om lag på same tida letta skylaget, so eg kunne lesa Kraftsentrum i kveldsolsstrålar.

No lagar kjærasten rundstykker og eg lurer på om eg skal gjera noko hjelpsamt (som oppvask) eller noko deilig (som å lesa Stieg Larsson i gyngestolen som er komen opp frå kjellaren.)

*Gamal side, forelda informasjon.

18.5.08

Attende mai i både kropp og sjel. Me har sett den fyrste Gudfaren, og held no på med den andre. Eg har ikkje sett dei før, og eg tykkjer den er like bra som eg trudde, som alle seier. Aldeles fantastisk med taco og gode vener til. No vil eg ikkje blogga meir, no skal eg sjå korleis det går og om Don Corleone får tatt rotta på Roth til slutt.

11.5.08

På veg heim frå nattbussen høyrer eg på Absolute Music 9 på walkmannen min. Der er "I would do anything for love (but I wont do that" med Meat Loaf.

Og eg minnes at eg i 1993 tykte at Meat Loaf var stygg, tjukk og rar men at det var ein flott, mektig og kjempefin song som rørte meg. Men i all verda! Kva kan eg ha fått med meg av teksten?

7.5.08

Før tøffa eg meg alltid med at eg turde å plukke brennenesler utan å stikke meg. Men eg hadde berre lært meg det enkle trikset med at det kun er streif-røyrsler som avgir gift, og dimed svir, og at eit fast grep om stilken ikkje ville svi eller lage blemmer. Eg lurer på om nokon av mine vener og kameratar frå barndomen hugsar kor tøff eg var til å plukke brennenesle utan hanskar eller frykt.

I dag brukte eg hanskar, men det var fordi eg måtte plukke 150 gram nesler. Det er nesten 10 liter! Luftig mellom, men likevel. Det vart hanskar. So koka eg suppa, og det var godt. No leikar me med tanken på å plukka posar på posar med nesler og frysa ned, slik at me kan servera brenneneslesuppa under den litterære hendinga på årets fjøsfestival. Det hadde gjort seg.

Dersom du og venene dine brått skulle byrja å lura på kva dei 12 læresveinane eigentleg heitte, og so kjem du berre på 8 som ganske sikkert var med, so finn du dei resterande 4 på wikipedia sjølvsagt.
Og hvis du finn fram bibelen for å kose deg litt med den, slik Gis gjer no, så finn du kanskje der det står i Matteus: "Den som ikke er mot oss, er med oss". Og so kan de vurdera om de likar Bush eller Jesus sin versjon best. Eg held ein knapp på Jesus.

6.5.08

"Did you see that?"
"See it? I did it."

John McClane er så utruleg tøff! Kjærasten og eg er i ferd med å avslutta serien no, etter at me fekk kloa i ein boks med alle filmane i. Den tredje er den beste, so kjem den fyrste, den siste og den dårlegaste er toen, den med flya som sirklar. Opningsscena i toen er fabelaktig, og den obligatoriske sjakt-scena er alltid tøff. Men ikkje så nervepirrande - det er jo ikkje som om me lurer på kven som kjem til å gå mørbanka og blodig, men levande, vekk derifrå til slutt. I love John McClane!

Og so vil me gjerne få gratulera Lurvelegg og kjerringa som hn er så glad i med bryllupsdagen i går, den fjerde mai. Tillukka!

1.5.08

"Med hjartet i handa" skulle ein kanskje tenke "det må handla om å skriva om heile vegen fram til si inste grind utan å la ein einaste privat detalj vera skjult."

Og det kan ein jo ikkje akkurat sei om denne bloggen. MEN! Eg tenkjer faktisk mest på våren, været og kva eg lagar til middag for tida. I dag til dømes, har eg bakt ciabatta, planta om småplantene som er komne av frøa eg sådde for ei stund sidan i størrwe potter og laga middag. Fisk til middag! Og, med hjartet i handa: eg blir utruleg tilfreds av å baka og laga middag og sysla med plantene når sola sin og eg er så glad.

Eg er spent på hausten, for uansett kva det vert so skal eg gjera noko anna. Eg skal ikkje jobba i slik ein "levere"-jobb der eg kjem, gjer det eg skal og går att. Eg skal bruka hovudet til hausten, eg skal pressa tankane og utfordra meg sjølv på måtar eg ikkje har gjort sidan eg var leiar på Samfundet. Og det var i 2006! Tenk om hjernen har stivna og eg ikkje er så klok og flink som eg var før!
Er det rart eg blir heilt skjelven og vender tilbake til kokebøkene?

20.4.08

Eg er interessert i baggubag. Eg vil ha ein slik.
Lyset inn stovevindauga ein sundagsettermiddag passar godt i lag med Ane Brun si nye plate og ein kopp der fruktteen sprer seg som raude strimer i det varme vatnet.

Eg skal prøva bunaden og vonar den passar. Om den gjer det skal eg pakka den ned i ein koffert i lag med nokre andre klede og Genanse og Verdighet og køyreteoriboka. So skal eg til byen og pakke bunaden og kameraet til kjærast i den same koffferten. Etter det skal eg legga meg, og når eg vaknar er det den dagen eg skal heim til Fusa. Det er den første sidan jul som er ein slik dag, og eg kjenner at det er godt.

15.4.08

Ein deilig vårmorgon med Billie, Henning, Silje og Eirik. H og eg øver oss på teoriprøven, dvs: eg øver meg. Snart skal eg ta den. Kanskje fredag, faktisk.

Pappa sendte meg ein mail med link til heirre bainnet: Fusa finest. Les der, og høyr den fine Johnny Cash; lettare men like fin-musikken.

MEN: ingen passar betre til våren enn Billie!

14.4.08

No er søknaden sendt, og eg er so spent som ei som ikkje har søkt om noko som ho vil so sterkt og som det er so usikkert om ho får gjere på mange (3) år. Og so er det so lenge å vente! Og i denne augeblinken vart eg litt redd for at dei googlar søkarar. Men so kom eg på at det stort sett er flatterande leiar-for-Samfundet-artiklar om meg på nett. Men eg må testgoogle likevel.


Om den førre tevlinga som ikkje var tevling likevel: Aggi har lyst på premie, og eg har følgande forslag: Om du vil ha ei tomatplante skal du få det når dei har blitt litt større.

31.3.08

Dagens prosjekt, og eit par spørsmål i samband med det:
1. Male opp ein tørr skalk og ha som krumlar.
- Er det mest hensiktsmessig å fryse for å bevare dei ferske, eller tørke dei og ha dei tørre? Kjem eg til å laga mest kjøttbollar eller mest fiskegrateng?

2. Lage kjøttbollar av 1 kg kjøttdeig og fryse ned.
- Skal dei frysast gjennomstekte eller nesten gjennomstekte?

3. Så nokre frø og plante litt ingefær og kvitlauk som har spirt.
- Frøa er greie, dei kjem med instruksjon. Men kan eg ha kvitlauk inne? Vil det bli lauk av den då, eller berre litt grønt gras? Er kvitlauksgraset brukande til noko?

4. Rydda ferdig rommet. Her er det einaste spørsmålet: Kvifor er det so vanskeleg å få gjort ferdig?

27.3.08

Det er lyst, det er sol, det er vår. Ikkje nett no, for no er det natt og eg er på nattevakt, men om dagen. Frå tidleg av og lenge. Og me snakkar seriøse endorfiner!
I dag baka eg brød, og for fyrste gong vart det nesten perfekt. Mjukt og saftig, ikkje tungt og tørt slik det har blitt før (sjølv om det har vore godt då og). Trikset var visst gulrot, mindre rugmjøl og ikkje minst: gløyme deigen i løpet av begge hevingane. So det vart to timar forheving og ein time etterheving, noko eg ikkje har hatt tolmod til før. Eg er nøgd og glad. I går laga eg middag til 14 personar, heldigvis ikkje aleine, og i lys av det og brødsuksessen frå i dag kan eg glad konstantera: Eg er i ferd med å bli eit riktig so godt gifte.

25.3.08

Med (u)jamne mellomrom finn eg den gode gamle walkmannen frå 1992, og eg blir like glad kvar gong eg oppdagar at han verkar. Eg skal høyra på the Clash i morgon på veg til jobb.

16.3.08

"Hva leser du?" spurde han med ein so vidt tydeleg aksent. Den ordentlege jakka og dressen eg skimta under var teikn tydeleg nok til at eg ikkje trengte å sjå skiltet på brystet hans for å skjøne teikninga. "Berre nåkke tull" svarar eg, men han er verkeleg interessert i å starte ein samtale med meg, og det er for so vidt eit par ting eg er interessert i å spørja ein mormonar om sjølv. So eg spurde og han fortalde: Når unge menn vert 19 kan dei velje om dei vil ut i verda å misjonere. Då søkjer ein, og so får ein tildelt eit land. Denne unge guten hadde knapt høyrd om Noreg før då det var hit han skulle, og han kom for 2 år sidan, saman med ein annan 19-åring som han aldri har møtt før. Her reiser dei rundt frå by til by, bur på hyblar, snakkar med folk og misjonerer før dei reiser attende.

Han trudde han hadde klart å opne hjarta til nokon i løpet av tida her, i alle fall nok til at den heilage ande kunne sleppa inn, men han godtok at eg ikkje var interessert i å høyra meir. Eg sa ingenting om kva eg trur på eller kva eg meiner om den der boka hans, og var heldigvis framme der eg skulle av nett då samtalen kunne dreid seg i den retninga.

Og kva var det eg las, då ein slik ung misjonær spør meg? Eg las om lyst og so syndig begjær at det neppe er mykje av det i mormonarlesnad: eg las ei bok eg so nyfikent og skrekkblanda fryd-skeptisk hadde kjøpt på Mega tidlegare i dag. "Sjørøverprinsen". (Synd at ikkje den engelske utgåva har jente med på omslaget. Jentene på desse bøkene er alltid so dåneferdig henførte!)

So på same ettermiddag fekk eg to små blink inn i noko so utruleg anneleis enn alt eg er vane med. Mormonarar og Husmorsporrno*. Og alle var einige om at det var ein interessant ettermiddag.

**feilstaving med vilje, med von om å unngå googling.
Det er ein deilig føremiddag med kjærasten. God tid før jobb, heldigvis. Me høyrer på radio (nett no er det Migrapolis som handlar om skilsmisse i utlendingsfamiliar) og han lager mat. Me har ein fin fordeling: Avogtil lagar han middagen, avogtil lagar eg middagen. Me er like flinke, men eg likar betre å lese oppskrifter på internett.

Ein vakker dag skal han få nudelsuppe med torsk til middag og detta til dessert. Det bør bli bra.

PS. Då pappa og mamma var her førre helg var me på Mega og handla. Då kjøpte pappa dyr olivenolje til meg. Eg har aldri kjøpt so dyr olivenolje før, og det var så sinnsjukt verdt det. Eldorado go home!

11.3.08

Stream of consciousness.

Klokka er åtte, eg har sett 4 rådyr beite på åkeren og eg har impregnert sko. Eg har ete ei skjeve av mamma sitt brød med geitost og leverpostei, og ein kiwi.

Eg kjem rett frå nattevakt, og er vaken og ullen på same tid. Klar som den tidlege vårhimmelen, ullen som sau. Eg ser alt, gjennomskodar alt, men har ikkje kapasitet til å tenkje tanken heilt ut. Eller ork til å skrive ned, det tek for lang tid.

Nesten heilt frisk har eg blitt! Framleis er ikkje halsen god, og eg krysser fingrane for at det ikkje skal vare so veldig lenge meir. Sjukdom skikkeleg, skikkeleg kjipt.

Til slutt, to kjappe og fine:
1. Førre veke var eg vitne til at eit piano vart frakta ned ei bratt og svingete trapp. Det gjekk bra!
2. Mamma og pappa var her i helga! Det var veldig, veldig kjekt. Takk for besøket, mamma og pappa!

24.2.08

No er det nok sofa, nok føremiddagstv, nok film , nok repsils og nok vond hals. Nok vakning midt på natta tett som eit studenthybelsluk i halsen. Nok hostebyger. Eg vil ikkje vera sjuk lenger no.

Desse filmane har eg sett i løpet av mitt 5 dagar lange sjukeleie:
Tomorrow never dies
Ace Ventura
Notting Hill
The Holiday
Harry Potter and the Philosophers stone
A beautiful mind

+ Rachael Ray, diverse på tv3 og ikkje minst kvardagsgullrekka: 13.30: Home and away(gårsdagens episode), 14.00: 7th heaven, 14.45: MacGyver og 15.40: Home and away igjen. Merk at siste rekke er skrive etter hukommelse. Eg kan tidspunkta i hovudet. Kjærasten seier at eg er i ferd med å bli øydelagd, at eg brytes ned. Han kan ha eit poeng.

20.2.08

I kveld har Samfundet fått ny leiar, og det er like deilig i år som i fjor og åra før det. Marie, den blonde vestlandske nynorske jenta vann, og det kan jo eg lika godt.

STV var fyrst ute på nett, og no skriv eg. Eg har trua på Marie, dei tankane ho fekk fram om Samfundet og seg sjølv kan eg lika og vera einig med. Ho kan gjerne få representera meg!

Og so kan eg lenka til til eit bilete frå eit leiarval eg deltok på med noko høgare puls enn i dag. Det var tider. Det er både bra og trist at dei gamle tidene er over, men eg har stor tru på dei nye. (Sjølv om månen nok er den same gamle.)

16.2.08

http://www.blogger.com/img/gl.link.gif

Astrid og Hanna og Lars Saabye Christensen og slike skriv stadig om kor bra Oslo er. Eg kan sjå at det er ganske bra her, men eg må vedgå at desse gatene i denne byen ikkje kommuniserer direkte med hjarterøtene.

Nett no er det likevel heilt vidunderleg. Når sollyset kjem inn gjennom høge vindauge i leiligheita me er på besøk i, når den nye plata til Radiohead står på og eg les i Genanse og Verdighet som me kjøpte på Literaturhuset i går. Når dagens utsikter er å gå omkring i småe butikkar og brukthandlar for å leite etter rekvisittar, handihand i sol som liknar VELDIG på vårsol. Og at me skal laga god middag og drikka god vin før teateret i kveld. Då er det vidunderleg.

I det siste har sjølv å gå over Bakklandet føltes som ein ut-tygd tyggis. Då er det deilig med isfrie gater og ein merkbart par graders temperaturskilnad. Og fem dagar fri i hovudstaden med ingen oppgåver og mange gamle vener og brødre.

I morgon er planene meir god mat med dei beste gamle vener og nattog heim. Eg likar nattog betre enn Agnar Mykle, mest fordi nattoga er av noko betre standard i vår tid enn i hans vil eg tru, og i alle fall når det er i lag med kjærasten eg skal ta nattoget. So vaknar me opp, hvis me har fått sova då velåmerka, i Trondheim att. Og då har me vore kjærastar eit år.

Men no er kaffien drukke opp, han er ferdig i dusjen, og me skal ut å sjå på Oslo igjen. Snakkast!

9.2.08

Ei brå kjensle av avmakt og at framtida er eit svart gap vart avløyst av vissa om at det einaste eg kan gjere for å gjenoppretta balansen er å rydda i cd-ane* medan eg høyrer på musikk eg høyrde på vidaregåande, for å samstundes få ei kjensle av at mykje er betre no.**

Då fann eg ein cd-singel som eg VEIT at eg har lånt for ikkje so alt for lenge sidan (eit eller to år max), men som eg ikkje hugsar kven eg lånte av.

So dersom du saknar Murmurs America: "You suck"-singelen, so har eg gløymd at den er din. Kan hentast på Loddgard kortidsomhelst.



*Kunne like gjerne vore klede eller papir her, men i dag var det altså cd-ane.
** For musikken bringer fram dei gamle kjenslene, heilt eksakte vibrasjonar av noko som VAR og ikkje ER. Og det er ikkje det at eg hadde det så vondt på vidaregåande, men mykje er i alle fall betre no sjølv om noko heilt sikkert er dårlegare også.

5.2.08

Eg kunne ikkje heilt tru det då eg oppdaga kva eg hadde gløymd i går. Heile dagen hadde eg vore slapp og småsjuk i kollektivet til kjærasten, og gjekk då rundt og slang i stilongsen hans. Litt før seks skulle me på mandagsmøte i SIT, og då tok eg på meg jakka og gjekk. Midt på Bakklandet skjøna eg det: Eg hadde ikkje teke på meg skjørt. Difor gjekk eg i ulltrøye og mannestilongs, med gylf, resten av kvelden. Det var litt rart, men eigentleg ikkje so flaut som ein skulle tru og dessutan: eg skulle ynskje det var litt meir avslappa stemning i verda generelt, slik at ein kunne gå meir i stilongs.

18.1.08


Ja, då veit me det.
Kjærast og eg har snakka om å dra på interrail, og då me fann billettar til 230 kroner frå Madrid til Oslo 4. juli vart det bestemt tid og stad for at turen skal vere ferdig.

Då må me berre finna ut kor lenge me skal vera kvar FØR dette avreisetidspunktet. Eg tek gjerne mot tips og vink og råd. Førebels veit eg berre at eg vonar karane på biletet, castellers de barcelona, har oppvisning i det aktuelle tidsrommet.

9.1.08

Den beste starten på dagen er ein god frukost og kvalitetstid på kjøkenet med kjærasten. Og å lesa postsecret.blogspot.com med ein god kopp kaffi til! Kjærasten kosar seg med pepperkakedeig til sin kaffi. Det er eit snack han for alltid kan få ha for seg sjølv.

4.1.08

Eg byrjer det nye året med å sjå litt attende:

Sei meg om du hugsar dette verset, og eg skal seie deg kor gamal du er:

Ost, loff og leverpostei -
Nelly, det skal jeg kjøpe til deg.


Eller dette:
Dumme spøkelse, gå din vei!
Du finnes ikke men det gjør jeg!