27.1.05

Wangari Maathai kjem til ISFiT! HØYRER DU!! WANGARI MAATHAI KJEM!

Ho skal halde eit møte i Olavshallen, og etterpå skal ho prate på opningsseremonien. Den fantastiske seremonien, som eg og den FANTASTISKE seremonigjengen har laga!

Herregud, dette blir bra. Herregud!

12.1.05

Studentenes Fredspris vert delt ut annakvart år under den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. I år går prisen til Asociacion Colombiana de Estudiantes Universitarios frå Colombia. Dei får prisen for den langvarige ikkje-valdelege kampen for eit demokratisk og rettvist Colombia.

Tidlegare vinnarar er blant andre Zinasu frå Zimbabwe og den nyleg frigjevne Min Ko Naing frå Burma. Som Thorvald Stoltenberg sa, so tyder ikkje desse prisane at det blir fred i Zimbabwe, Burma eller Colombia. Men å vinna denne prisen i Noreg tyder taletid i norske medier, eit mikrofonstativ der ein kan få sett søkelys på konflikter og problemer som elles er gløymd.

4.1.05

Den gode Tonen i kulturstyret, Tone, har laga blågg. Frå før av hadde ho ei eminent stud-side med gode bod for alle og ein kvar. For øvrig kan ein beundre Tone på biletet i post nedanfor, sommarminnet. Tone til høgre, Mari altso meg til venstre og den eminente kultursjef i midten.

ISFiT - mitt liv. ISFiT bringer fram det beste i meg. ISFiT er min morgon, min føremiddag, min ettermiddag, min kveld. (Det er greit å få sova i ro om natta)

PS. Angåande storleiken på biletet der nedanfor: eg har ikkje peiling. Eg kan ikkje gjera noko med da.