28.11.02

Dette kunne vore forteljinga om den unge studenten Mari Raunsgard som sat oppe ei heil natt og skreiv oppgåve. Det kunne vore forteljinga om oppgåva som såg uendeleg svart ut lenge, men som til sist vart ei stor og flott og perfekt A-oppgåve.

Men det er ikkje det.

No er klokka straks sju, eg har vore på Dragvoll sidan klokka var tolv i går føremiddag. Eg har ikkje sove på 20 timar eller noko slikt. Og eg har framleis ei pinleg dårleg oppgåve som består av 1433 ord, og det er inkludert litteraturliste og framside. Dette er historia om meg og Endre som tek kaffipausar, ser TV og et snop. Det er historia om korleis Endre omsider får pressa oppgåva si til 2697 ord, og korleis eg gav opp då klokka nærma seg 4 i natt. Men eg har sørfa himla møkje, og funne mange festlege heimesider til folk eg har møtt og sambygdingar. Eg har leika meg masse med gurgle og sett på dei fine treffa på Eikelandsosen, noko som nesten gav meg heimlengt.

No er det ikkje natt lenger, men morgonkvist. Eg kan høyre det går folk oppe. Dragvoll vaknar til liv att, og natta til Endre og meg på natt-universitet er omsider over.

Eg gler meg te å dra heim og dusja og sova.

27.11.02

F R U S T R E R T P Å D A T A S A L E N . H A R F R A M L E I S 2 0 0 0 O R D A T T Å S K R I V A .

26.11.02

Sidan eg like godt er i gong med å ikkje skrive oppgåve:
Dei ubesvarte kan eg ikkje koma på nett no.

1. minnar om ein ekselskar:
Bo Kaspers Orkester - hittils
2. minnar om ein eksven:
Hm.
3.minnar om barndomen min:
Torbjørn Egner, Kine, Åge Aleksandersen
4.får meg til å grina
"The origin of love" frå filmen Hedwig and the angry inch
5.får meg til å le:
Ståle Stiil-albumet me har i kollektivet, særleg rappeballaden "hjertet mitt det banke"
6.får meg til å dansa:
Ah, mykje. Madonna.
7.minnar meg om den eg er samen med:
Definer saman med.
8.vert eg veldig, veldig søvnig av:
Ingenting.
9.skulle eg ynskje eg hadde komponert:

10.skulle eg ynskje var komponert til meg:
Lady in red
11.fyller meg med komplett glede:
Håkan Hellström
13.vil eg gifta meg til:
"from this moment" - shania twain
14.vil eg ha i gravferda mi:

15.vil eg danse klinetango til:
halloooo, klinetango? Men kline til? "Silence is sexy" - Einsturzende Neubauten
16.summerer opp tenåra mine:
Alanis Morrissette kanskje.
17.hata eg før, likar no:_
klassisk musikk
18.vil eg stå opp til:
Nina Hagen
19.vil eg fjerne frå samlinga til foreldra mine:
Dei kan no ha kva dei vil, men eg er ikkje mykje begeistra for Lynni Trekreem
20.vil foreldra fjerna frå samlinga mi:
mine foreldre bryr seg ikkje om slikt
21.eg elska(r), men hadde ikkje høyrd på hadde det ikkje vore for ein ven:
Rammstein
22.får meg til å tenkja på nokon som er død:
"Fragile" Sting.
23.eg likar videoen betre enn songen:
24.minnar om den fyrste forelskinga:
fyrste gong eg kan hugse eg høyrde masse på musikk til forelskinga: "The actor" - michael learns to rock
25.får meg til å skrika og øydeleggja ting:
nei
26.får meg til å tenkja på månen:

27.får meg til å tenkja på sex:
sjå punkt 15
28.får meg til å tenkja på einsemd:

29.får meg i djupe tankar:

30. Skildrar livssituasjonen min perfekt:
Rockette etterlyser oppdateringar. Eg kan godt skrive litt om Rockette. Han er ein av dei lengste eg har møtt, og dessutan har han skikkeleg mørk stemme.Og så er han kjempegrei. Han har nemleg sendt meg den gamle stryk-oppgåva si frå i fjor vår, så eg kan lese litt i den og kanskje bruke litt av det som står der. For det spørs om eg klarer å lage heile denne oppgåva av meg sjølv. Neppe!

Rundt meg sit studentar og skriv. Eg sit og døyr, langsamt, langsamt. Eg vil kline. Eg vil danse. Eg vil rope. Eg vil lese fine bøker som handlar om ting som ikkje fins, bøker eg kan legga frå meg om eg vil, og gløyme om eg vil. Eg vil gå heim. Eg vil sove. Eg vil drikke øl. Eg vil klatre.Eg vil synge. Eg vil sykle. Eg vil bade. Eg vil reise. Eg vil snakke i telefonen min. Eg vil få brev. Eg vil sjå film. Eg vil ikkje vere her. Eg vil ikkje skrive oppgåve.

11.11.02

Arg. Har mykje å skriva men gjer det ikkje. Helga var bra! Eg gjorde alle dei tre tinga i førre post (spionerte og spionerte fru blomkål.) og meira te.
Det var gøy på hotelromsfårspiel og Stine, Jane og Rockette! Eg hadde nytt skjørt, og det var blant anna der tyning av kontoen kom inn. Håkan er super live og det var kjekk konsert. Eg får stadig nye vener!

Byen her er kald, eg har på meg feile sko. Isklumpar i staden for tær.

Ich bin froh.

8.11.02

Tja, kva skal ein ta seg te denna helgo? Spionera på bloggedame?
Håkan Hellströmkonsert? Tyna sparekontoen min enno meir?

Jah.

5.11.02

Eg tok vekk det styggast ordet frå førre post. Eg var ikkje so sint! Dessutan skal eg sjå den i dag i staden. Såh.
Uansett, i staden så eg "Bind meg, elsk meg", evt. "Atame!" av mr. Almodovar. Det var ein vittig film med Antonia Babe og Victoria Abril, heftige sexscener og vittige folk.

Då eg kom heim kunne Leffa fortelja at han og Endre hadde blitt rævkøyrd av ein mann i eit lyskryss i bydn. So den framande mannen og Leffa var fullt opptekne med å skriva skademelding om bilane sine medan Endre og eg såg muldvarpen på tv, og var kjempeglade for at vår favoritt, Petter, ikkje vart stemd ut.

Tilslutt såg me Eyes wide shut, ein film med mindre sex og meir skummelt enn me hadde trudd. Dessutan ante det oss at det var ein heil masse symbol og greier me ikkje fekk med oss. Men me trudde kanskje farga julalys hadde eit eller anna poeng.

Tilslutt ei dødsfin lenke som atter ein gong er aktuell. Det er jo tysdag i dag.

4.11.02

Eg vert så supersur når eg gløymer kule ting. I dag til dømes, skulle eg på filmklubben og sjå "Lasse og Geir". Det har eg planlagd lenge, og gledd meg til. Men kvar er eg? Eg sit på jævladatarom (det VARME!) og les greier til prosjektoppgåva mi. Søren klype!

Her i Trondheim er det masse greier som ikkje er som heime. Julebrusen, til dømes, er brun! Dessutan smakar den ikkje julebrus, men champagnebrus. Julebrus skal vere raud og kome frå Lerum, slik er det berre. Men ikkje før desember. Eg hatar HATAR butikkar med julepynt no. Eg går inn i butikkane som julepyntar no og seier til dei i kassa at julepynt før desember burde vera superforbode.

Ein artikkel kanskje ingen andre enn meg synes er kul.

Av andre ting som er litt betre, kan det nemnast at eg har ein date med Håkan Hellström på laurdag. Eg har to billettar, og då Ziggy, lifsledsagerska mi, ikkje gadd bli med, har eg enno ikkje funne ut kven som skal vere den heldige.

2.11.02

Eg har lagt til ein ny link til venstre. Det er til Arne, kongen av unyttig informasjon. Han er dessutan veldig morosam.

Arne legg ut oppgåver på sida si kvar måndag. Prøv deg!