28.2.06

I helga var eg på hyttetur. Der fekk eg vite noko om meg sjølv: Når eg tek tonen sjølv når eg skal synge, byrjer eg nesten konsekvent i b-dur.

helsing Mari

22.2.06

Fyrst slår lånekassen opp med meg. So får eg vita at å reparere skjermen på frk. Mac (aka Livet Mitt) kostar 7000 kroner. På veg tilbake til Samfundet køyrer ein buss gjennom ein søledam og spruter på meg.

Eg tenkte: "Kva? Dette skjer jo berre på film!" At slike kjipe, kjipe, kjipe ting skjer og at ein blir spruta på av ein buss. Det skjer ikkje på gode, fine, kjekke dagar. Eg nekter å leve ein slik klassisk film. På ei anna side: det er jo nett slike filmar der slike klisjear skjer at det ender godt. Bra, i det minste.

So då kan eg jo avslutte med dette, for det er Supergrass som bringer meg frå stad til stad for tida, på min raude discman:

But we are young, we get by,
Can't go mad, ain't got time,
Sleep around, if we like,
But we're alright,

18.2.06

Fusa! Åh, Eikelandsosen! Denna helgo har eg fri, denne helgo har eg reist heim. I går var eg hjå mormor, i dag i Bergen. No er eg heilt heime, i gode gamle Fusen. Dei siste vekene har det kjendes ut som eg ikkje lenger er ein person, Mari, men berre er leiar av Samfundet. Då er det på tide å dra heim ein tur, møte familie og gamle vener og byte ut "vi" og "gjøre" frå dialekta med det mykje meir MARIske "me" og "gjera". Det er utruleg kva som skjer med talemål & ordforråd når ein er omringa av austlendingar, trøndarar eller nordlendingar heile dagen!

Ja til setlabok, boss, snop og hoon pitle! Nei til lommebok, søppel, godteri og shit, ass!

Førre veke var ei av det hektiske slaget, men på ein veldig kjekk måte: Ny UKEsjef vart det vald, og det til og med ei jente. Kandidatane var gode og det kunne like godt blitt den eine som den andre, men feministen i meg tykkjer at den tredje kvinnelege UKEsjefen nokon sinne er verd ein skål.

I tillegg har vegen mot eit Nytt og Betre Liv tatt meir konkret form: å ha eit fag med LEKSER og obligatorisk oppmøte har gjeve meg smaken på skule & studier attende og eg er klar for å jobba ordentleg att. Over jul har Samfundet-vervet gått ordentleg i blodet på meg, so no får eg til å kombinere studia med vervet på ein annan måte. Noko som absolutt kan seiast positivt, for å uttrykkja det på ein fullstendig idiotisk måte.

Elles har eg trena: 50 minutt på treningsstudiosykkel! Det er ein slik ein med program; tidsinnstillingar og variasjon i tyngda, ein slik som seier "Good job!" når ein er ferdig. Flotte greier. Det kjennes godt, er veldig kjekt når ein har Supergrass på øyret og ikkje minst: det bringer fram interessante kulørar mellom rosa, raudt og lilla i andletet mitt.

15.2.06


Då ei av mine hjartans gode venninner i dag fann det for godt å fortelje meg, etter at eg hadde småpludra om meg og mitt ei fem minutts-tid, at ho skal ha born i august tenkte eg: oi.

Eg skal bli tante!

13.2.06

"særlig slike som uforskyldt er kommet i nød eller er blitt vanskelig stillet, eller som i yngre dager har sett bedre dager, men ved alderdom har tapt sin arbeidsevne eller på annen måte er vanskelig stillet."

Kven sa det var lett å skaffe seg pengar?

12.2.06

Åååå, lørdagskveill og ungdomstid - og trøndelag, du slette tid!

Åge altså! Åge er mannen sin det. Saman med alle dei andre femtiåringane laga han den beste stemninga i Storsalen sidan Jostein Pedersen. Det er ein god kveld på Studentersamfundet. Det er folk og liv og fest og moro. Som det skal vere! Ååå, levva livet!

Tidlegare i dag markerte me fred og samhald i byen. Det ser ut til at adressa.no ikkje har alt heilt i lodd: heiter eg Raumsland eller Raumsgard? Og dersom ein les teksten - kva er no dette for noko å sitere meg på? Alt eg snakka om, alle orda eg hadde, og eg blir sitert på "aldri vært så redd"? Det er litt kjipt kjenner eg. Når eg kjenner etter. Og det gjer ein jo gjerne, når ein har vore i avisa.

Til sist vil eg helsa til Aggi. Ingen kan danse på bordet som Aggi!

3.2.06

No har eg nettopp intervjua Hurra Torpedo. På tv. Eg har aldri intervjua nokon foran kamera før, men det kom eg ikkje på før etterpå. Det gjekk ganske bra, men eg fniste litt, og det var litt teit.

Kanskje du no lurer på kva dette intervjuet skal brukast til? Det får du ikkje vite, for det er hemmeleg. Kanskje eg skriv om det i morgon. Etter ni.