26.1.09

Snop og tomb raider: har eg fyrst begynt er det ingen veg tilbake. Once you pop, you cant stop.

PS! I dag var eg på ISFiT sitt programslepp. Du hildrande meg! Gled dykk til å sjekke her: www.isfit.org i morgon!

14.1.09

"I kveld legg me oss tidleg" sa me til kvarandre. "Klokka ti. Det er ein god ide." Og det var ein veldig god ide, men fem på ti ringte telefonen min.

Og det var Den Gode Tonen frå 2005 som ringte og sa ho var i Trondheim, og då vart det inga tidleg legging på meg. Nei, i staden vart det eit par øl på eit par stader, mimring og moro. Og eg fekk tilogmed ølet spandert på meg - det er slik det går med kjekke jenter når gamle vener får jobb i Schibsted! Sjølv når det er finanskrise!

Det var skikkeleg verdt det, og eg var vaken og klar for dansing når eg skulle i dag og. Gode Toner og andre gamle vener må gjerne koma og ringa kor tid som helst. Sova kan ein gjera ein annan kveld.

13.1.09

Kjærast og eg hadde kjøpt epler begge to i dag. Han hadde kjøpt fine og store epler. Eg hadde kjøpt små, heilt ok epler i ein stor pose.

Etter ein betre kvardagsmiddag* låg eg på sofaen og las pensumbok. Ikkje den eg burde lese, den til innleveringa på fredag, men ei anna som er meir kjekk. Og likevel - eg fekk ikkje tankane frå epla på kjøkenbenken. Eple, eple, eple, eple.

So no har me hatt eplekaka med vaniljeis til kvelds. Oppskrifta heitte "epleruter" og er å finna i Ingrid Espelid Hovig si store, raudruta.

Og det var deilig!





*God og sunn kvardagsmiddag er ikkje meir av ein vane enn at eg framleis blir stolt av oss når me gjer det.

12.1.09




Eg treng at dette biletet har ei nettadresse. Det er berre derfor.

7.1.09

Det eine spontane innfallet dreg med seg det neste, det heile ballar på seg og brått har ein vaska både det eine og andre golvet, vatna blomar og tørka støv.

Då kan ein trygt setja seg ytst på stolsetet og spela playstation, vel vitande om at både trivsel & hygiene har fåt betre vilkår, det skulle ikkje forundra meg om eit par kaloriar er brent vekk og mest sannsynleg får eg litt meir glansfullt hår også.
"World of oål...oår...warcraft" vart litt i vanskelegaste laget for Ugo Fermariello på morgonkvisten, og eg må trekka på smilebandet over frukosten. Sjølv har eg ikkje sagt noko særleg enno i dag, men eg sang litt i dusjen i stad. Eg testar stemma med å prøva å sei dei sjølv. "wol of....oål of..." Eg er glad eg slepp å sei det på radioen.

Det er deilig med tid til å eta og tid til å dusja før skulen - fyrste skuledagen i år. ÅH - la det blir regelen snarare enn unntaket denne våren!

5.1.09

Heilt vanleg måndags-fred kan senka seg over husværet i Bakkegata. Me har hatt fiskegrateng til middag, og no et me yndlingssjokoladen til kjærast medan me ser yndlingsprogrammet hans på fjernsynet. Det er Dagsnytt 18. Kvar gong me ser Dagsnytt 18 på fjernsynet skjer det same klokka 18.40: fyrst forsvinn lyden, og so forsvinn biletet. Det er noko deilig nostalgisk å sjå radio på TV, sjølv om det eigentleg ikkje har noko med nostalgi å gjere i det heile tatt, og det at det forsvinn er deilig gamaldags det og.

Det har vore ein heidundrande dag. Eg har skrive so tårene renn på praksisrapporten min, og fekk endeleg levert. Det er ikkje so bra som det kunne ha vore, men det kunne ha vore verre og. Rotete vedlegg og noko tynt på referansar til faglitteraturen får vere prisen eg betaler for at eg valde familiebesøk og andredags-dans foran skriving i jula! Passe tynnslitt i nervene frå før - so det var dumt å høyra på Her og nå. Forferdelege rapportar frå Gaza fekk meg til å ligga samnkrølla og grinande i sofaen rett før eg måtte ut å levera rapporten, so då måtte eg sjå litt på Mamma Mia i sing-along-versjon for å koma meg. Hadde det berre verkeleg vore so enkelt....

(Yndlingssjokoladen til kjærast var ein takk frå meg. Han vekte meg klokka kvart på sju i dag so eg kunne stå opp og skriva og han formaterte heile dokumentet slik at det fekk sidetal og like overskrifter og anna snacks. Kva skulle eg gjort utan han?)