30.7.02

KVIFOR EG IKKJE BLOGGAR OM DAGANE:
Enten:
sosial, familiær, oppteken eller full

Eller:
varm, trøtt, slapp, segen, klar, sliten, sur, svimmel, tiltakslaus

FEEEEERRRRRRIIIIIEEEEEEEEEEEEEe (med sommarjobb. men den er nokså slapp. i dag kom det to turistar heile dagen. frå 11 til 16. 2!!)

26.7.02

No skal bror min sjå "splatteraction" med tusen kompisar.

Eg går.
Det gjekk greit å ha bursdag. Eg fekk mange meldingar og hadde kakebesøk. I grunnen er eg ikkje overstadig oppteken av det der bursdagsstyret (men nok til å skrive om da.) Takk alle, for gratulasjonane!

Dei raraste meldingane eg fekk var frå nummer eg ikkje kjente. Fyrst denne:
"Hei. Du har store pupper. Gratulerer med dageeeeen!"
Deretter:
"Pøh. Du har KJEMPEstore puppar. Gratulera med dagen."

Eg fekk vita kven det var seinare, nokre kompisar av ein kompis. Eg kjenner dei ikkje i det heile, har kun møtt dei ein gong eller tre. Hm. Eg trudde fyrst det var nokre av elevane frå i år, innhaldet var liksom på det nivået.

Telefon fekk eg og, i midten av natto. Ein som nekta for at han var full. Men eg trudde han ikkje, alle som ringer kvart over fire og må ta sats for å sei ord med "r" i er fulle.
"Gratulerer" høyrdes mest ut som "KrrrrathuleRRRaa".

Eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta eg gler meg til å flytta!

22.7.02

Audiogalaxy er daud. Eg får ikkje lasta ned musikk. ÅH!

Eg oppmodar alle som har eit dritbra lastanedmusikkprogram dei er nøgde med til å senda meg eit elektronisk brev og fortelja meg om det!

Coverversjonar er eit artig fenomen. Prøvde å snakka litt med Nils om da, men han var ikkje so interessert. No hadde eg tenkt å skriva langt og lenge om mitt forhald til coverversjonar, men brått forsvann tanken. Da får vera til ein annan gong.

Far min er ein slettikkjeverst hobby-kokk. På laurdag skal han koka i eit bryllaup her i bygdo, og i dag var bruraparet + foreldre og prøvesmakte menyen. Så då eg kom heim etter 4!!!! timar på buss var da oksasteik m. supertilbehør, og mange vinar til smaking på bordet. Og is med varm bjørnebærsaus til dessert. Håh, da va ikkje verst!

Anders, du har kanskje ikkje gått så mykje på fjellet? At alle turgåarar helser på kvarandre er nok ein naturlov. Diverre går det ikkje an å forklare, det berre er slik. På fjellet helser ein på dei ein møter. Folk som møtes syklande helser gjerne og, dersom det ser ut som dei er på langtur, eller dei treffes på aude strekker. Som eit solidaritetssmil frå ein på veg nedover ein bakke til ein som balar seg oppover.
Eit anna helsefenomen - det bur omlag 3000 menneske i Fusa. Eg kjenner mange av dei, vil ikkje sei noko tal. Men det er mange av fusingane eg veit kven er, kjenner namnet til, eller så vidt har snakka med ein gong. Men eg kjenner dei ikkje.
På senteret her i Eikelandsosen, er det mange eg ikkje ville sett på ein gong.
I Bergen ville eg helst, kanskje nikka.
I Oslo, eller på eit fly ville me kanskje snakka litt.
I utlandet ville me snakka mykje.

Ein noko ustrukturert og litt keisam post. Eg er ikkje særleg nøgd med den. Men drit. Eg må sykla på jobb om 10 timar, så no skal eg legga meg.
Hm. Nokon er ute etter meg! Aiiiii!

16.7.02

Eg irriterer meg over at mine fine postar vert fåkka av blogger.

No ete eg rips med sjokolade og mjelk.
No e da sommar, hurra!

Eg pitla ripso ein dag da regna. Da ser bra ut inne frå ein ripsbusk. Fargane var stilige, knallraude rips, knallgrøne blad, og den brunsvarte stammen på buskena. Og alt er vått. Jau, da var tøft.
Ein gong skal eg laga ein film. Den skal heita "stol aldri på nokon som kan blø i ei veka", eller eventuelt "stol aldri på nokon som IKKJE kan blø i ei veka", og skal bli lika kul som Fuckin Åmål. Filmen skal innehalda ei sentral scene, den skal føregå i ein ripsbusk.
Det er til no alt eg veit om filmen eg skal laga, men den skal bli vanvittig bra!

Ifølge ekstremsporaren min, er det mange som søker på namnet mitt, og det får meg til å bli nesten litt uroa. Kven er desse? Er det slekt? Er det ulukkeleg forelska beundrarar? Kan ikkje alle som har søkt på namnet mitt skrive mail og fortelje kven dei er?

Tilslutt i dag, eit lite sitat som eg lo rått av og tenkte "mongo!" då eg las:

"Det er ikke et "jente-skap" med respekt for sin eier som ikke har minst tre plagg hengende med prislappen på..."

12.7.02

Eg høyrer på Shonen Knife og latar som eg ikkje er aleine heime og at eg ikkje skal på jobb i morgon.
banana chips, banana chips, banana chips, banana chips, banana chips, ohjeeeeee



Et drit og dø. Vaskemaskina og tørketrommelen våras har gått ad dundas, så i går kveld sykla eg ut til snillegreieLinn for å vaska nåken kle hos henne. So no har eg endeleg, etter mange mange dagar, fått vaska den noko møkkete roskildebuksa. Og nokre andre klede. Brått har eg fleire valg for kva eg skal ha på meg! For ein luksus.

Ein annan luksus: då eg kom heim frå jobb i dag hadde elektrikarmannen vore her og fiksa kjøleskåpet. Det har vore i ufunksjon i over to veker. Uæh. Men no er alt bra. Hurra! Hurra!

Eg vil dusja. Skal eg dusja no eller i morgon tidleg? Kanskje får eg svaret her? I kveld, vart svaret.
Vonar at det ikkje tordnar så mykje i natt som det gjorde i går. Då var eg nesten redd. Mest på vegne av den stakkars kaninen sjølvsagt. Sjølvsagt!

Oh shit, no tordnar det igjen. Då tør eg ikkje ha dataen på.


10.7.02

BLogger helsar meg Welcome Back, men huset er tomt. Ingen her som ynskjer meg velkomen heim!

Heile familien er i Danmark, eg har huset for meg sjølv ei veke. Eg håper på besøk...
Eg har ikkje heilt orken til å skriva alt eg har å skriva. Det har skjedd meir på dei siste to vekene enn på heile våren (slik kjennes det iallefall ut på alle musklar og ledd), og eg klarar neppe sortere hovudet skikkeleg. Men det viktigaste:

ROSKILDE
Det var skittsamt og slitsamt og kjempekjekt! Ikkje var det så skummelt som eg hadde høyrd å vasa omkring aleine der inne på området, og så mange konsertar var det at eg knapt kan hugsa alle. Nokre absolutte høgdepunkt var der:
- Å få sitja på skuldrene til sterke menn på Rammstein-konserten!
- Å stå ein halvmeter frå bandet på Jaga Jazzist (ein av dei konsertane eg hadde sett mest fram til, og som IKKJE skuffa)
- Sondre Lerche var vittig når han ropa "Okey-dokey Roskilde! Eg skal gje dåkkar det dåkkar vil ha. Dåkkar vil ha rock? Dåkkar får.....SOFTROCK!"
-Øl, i fira dagar til magen min ikkje tolte meir og det vart bacardi for alle penga (ikkje heilt alle penga, eg har handla litt klede og dill og greier)
- Erykah Badu, som kom på scena eit kvarter for seint, slo ut med armane, og eigde publikum. Det beste divashowet eg har sett på lenge!
- Bob Hund! Sjølvsagt! Det var så kult!
- At eg traff Fran Healy, Travis vokalisten, på Kastrup då eg skulle reisa. Og fekk klem. Han er berre så vidt høgare enn meg.

NMUSOMMARLEIR
Dette gjekk føre seg på Frosta. Det var kanskje ikkje like kult og spanande som førre årets leir på Færøyane, men likevel ei bra veka. Det var nokre færingar, og "eg hava lært færöyskt!" Målungdommar er bra folk, det var triveleg å treffa alle gamle kjende att.
Nynorsk er best, ingen protest!

Og so har eg jo fått meg PLASS Å BU!
Me fekk rom i kollektivet på Singsaker det kan lesast om i posten av 22.juni! Kvart vårt store, lyse, fine rom, stor stove og heilt greitt kjøken. Høgt under taket, og supersentralt! For dei som er kjende i Bergen, kan eg seia at strøket er like "pent" og sentralt som Kalfaret. Eg sov der ei natt, og GLER meg te å flytta! No skal eg bli Trondheimstudent!

Men no er eg sleten. Eg har lyst til å dusja, eg har tusen klede å vaska, og må ringa til kjøleskåpreparatør. Det er godt å vera heima, i natt ska eg legga meg tidleg.

Forresten er det keisamt å ikkje ha lese e-posten sin på to veker - å så kun ha fått to nye som er noko kule! Den eine frå Sjur. Men eg drite i ka 85% meine, eg gidd no ikkje barbera leggane berre fordi majoriteten vil ha meg te da!
Ha gode hårete sommardagar, de av dykk som skulle vera så heldige å vera der det er sommarver.