29.12.06


Dagens tevling. Kva er dette? Vinnaren får, tilliks med Tone som vann førre tevling, eit bilete frå jula 2006.  

27.12.06

Andredag jul, ein festedag kul. Det byrja på julafto, med fylgjande tekstmelding: 
"God jul, Popelku! Snakkas på andredag!". Då visste eg at no er det snart fest.  I går kom denne i åttetida: "E du klar? Rekna me at du stille." Andredag e da julapub på samfunnshuset, tid for å betala 150 kroner for å stå i gongen og snakka med alle dei ein treff ein eller to gongar i året: julapub og påskepub. Sceno i gymsalen er dekorert med eit knallfint banner for bandet so spele, i år "AristoCats". Den mobile baren e køyrd ut i gongen, der sel dei halvlitersboksar helt øve i plastglas for 50 krone, i kafeterian e da vin, rusbrus og hot dog over disk. På innerlommene -  du veit.  To dansa på tre tima. Dagens unge menn vil rather talk than dance with me.  Gamle klasse-
kameratar, prating om 10-årsjubileum i 2008. Alle ser ut til å gå ut i frå at eg skal arrangera, og da e greit da! Bodil e me og, og ho bur jo her i bygdo, men da e eg so hugsa ka alle i klassen heite. Nåken e nett like so dei alltid ha vore, nåken ha forandra seg heilt, andre att ser ut til å vera alt for unge te å koma inn, men so e da eg so e gamal.  Med andre ord, det er heilt fantastisk. 

Invitasjonen til vorspiel som kom på sms var so bra at eg gjer han att her:
"Jula den er her atter ein gong
på tide å dansa all night long.
Tysdag då er det pub her i Fjord`n
då blir det dansing, kanskje på bordet....
Ei samling i Naustdalen før puben da blir,
ta med deg drikke og eit sabla stort flir.
Stova er open og varm ifrå seks,
ta gjerne med musikk eller snacks.
Hjarteleg velkomen er du såvist,
satsar på at kvelden blir ein hit.
Lev vel frå Linn, Tonje og Marte.

25.12.06

Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord...

...syng Sondre Bratland på den juleplata som må kallast "tidenes", i alle fall i familien Raunsgard. 
Og då er det i sanning jol. På frukostbordet hadde me nokre kvistar med grøne skot og blom i knopp frå hagen.  Plukka i dag. Det strøymande juleregnet  hadde teke pause no på juledagen, og hadde brote veg for eit fint lys i stova. 

Julafto var fin som julafto alltid er. Høgdepunktet var vel då besto, besten og Karifaste (syste te besten) prøvde å tolka sjølvmordskanin-korta eg fekk frå Endre og Else, ei gåve bror og eg hadde latterkrampe av i eit kvarters tid. Eg og bror har arva ein riktig kjekk eigeskap frå far vår: 
evna til å le høgt og hjarteleg av noko me les, som sjølvmordskaninene. Den eldre garde i julabesøket var litt meir usikre på kva dei skulle le av, men forsøket deira var morosamt. 

Elles fekk et to av 1964 av Ragnar Hovland. Den eine har eg byrja lese (og ler høgt), den andre skal eg byte. Kanskje i Eli Hagen-biografien? Neida. Eg skal nok byte den i "Den jacobianske bygning", av Alaa Al Aswany, som Linda Kjosaas har omsett frå arabisk. Linda var barnevakten vår før, når mamma og dei var på midifest og sånt. Ho var dødsgrei, og lot oss sjå heile Poirot før me måtte legga oss. Eg møtte henne i sommar, og ho fortalde at boka kan minna om ein arabisk bikubesong. 
Det er ikkje mykje arabisk litteratur eg har lese sidan eg var oppslukt av 1001 natt, so eg gler meg til denne. Er det elles nokon som har andre forslag til kva eg kunne bytt den ekstra boka i?

Til sist, eit julespørsmål. Vinnaren får eit fint fotografi frå jula i Raunsgards-heimen i premie. Oppgaven er eit omsett refreng av ein utanlandsk julasong, men det er ikkje Olaug Nilssen som har omsett den, det er nokre karar i Trøndelega. Kva song er det? Her kjem, fritt etter minnet:

Nidarosdomens guttekor sang englan ned i skjul
og kirkeklokkan ringt oss hjæm te jul.


PS. Eg veit ikkje kvifor tekstfeltet er blitt så breidt. Det ser heilt teit ut!
PSPS. Eg må også be om orsaking for den dårege julekalendaren. Orsak!
PSPSPS. Eg skal ikkje på tur i dag! Eg vil ikkje ha hundahove! Eg skal spela CSI-dataspel. 

9.12.06

Som ei adventsgåve til meg har blogger blitt ny. Eg tykkjer den ser lik ut, og er i grunnen ikkje so spent på utviklinga.

I god tråd med sporade-kalendaren er det tid for to nye luker:

Bak den eine gøymer det seg eit flott ord: DANSEMORO. Dette er eit ord som blir for lite brukt, det er for lite av dette i livet mitt, og eg skulle ynskje eg oftare kunne sei: "i helga var eg på dansemoro". Som ein ekstra kuriositet kan eg nemne at det var på ei slik tilstelning den unge pige Eli frå Dovre møtte sin Carl. (slik at hoi seinare kunne bli (og la oss lese i kor no) elskerinne, sekretær og hustru). Det er forøvrig også ei bok eg ynskjer meg til jul.

Bak den andre luka, den for i dag, har eg ein løyndom å avsløra, noko eg må innrømma. Noko som passar den hippe-kule-trendy studenten dårleg, men som eg likevel ikkje er flau for å stå for. Eg ELSKAR plata "20 år med oss - Kikki, Bettan, Lotta" . Eller "Vem e det du vill ha", som er undertittelen. Eg vert lukkeleg av å høyre på den plata, den er den einaste som fungerar når eg skal rydde rommet. Eg elskar Bettan, ho er ein fabelaktig artist.

No må eg ta det siste brettet med lettare mislukka rundstykker ut av omnen. I dag skal eg på ein hemmeleg julefest, og eg skal innfinna meg der om ein halvtime. Må berre vaska opp etter bakinga, dusja og kle på meg fyrst.

7.12.06

Ånei! Eg fekk rett! Eg meinte det ikkje seriøst, det var ikkje meininga at de skulle tenkje på det!

Dagen slukee re its ommarlegb ildea ve ij entes oml iknarl ittp åm eg,i allef alls tilen. (Løys koden!)

6.12.06

Eg som hadde tenkt å laga adventskalender kvar dag! Men regelmessig har aldri vore eit stikkord for meg, anten me snakkar om blogging, intensjonar, skulearbeid, kosthald og anna. Sporadisk, det er meg.

I dagens luke kan eg tilby nokre godbitar:
Ein språktest frå Språkrådet som handlar om og eller å. Det er med skam å melda at eg ikkje hadde alt riktig. Flaut, men
Denne stakkar anda fortener kanskje ikkje at me ler, men eg ler litt likevel.

Til sist, ei lenke om barnetimen-redaksjonen si nye redaksjonelle avgjerd. Eg tykkjer ikkje "negerkonge" er so gale. Dersom ein verkeleg skal gå inn i små ting som kanskje ikkje er heilt politisk korrekte er det mange bøker som bør fiksast litt på. Born klarer å sjå skilnaden. Kva gjer det med "Negergutten Hoa" av Torbjørn Egner? Det blir vanskeleg å "fjerne støytande ord" i den! Skal alt gamalt berre fjernast og bytast ut med nye, trygge og ufarlege ord?

No skal eg lesa Prinsessebladet eg har kjøpt og drikka brus samstundes som eg ser eit tv-program om den nordiske mannen som far. Simultankapasitet. Digg.

3.12.06


I dag tek eg to luker i ein smekk,fordi eg ikkje skreiv noko i går. I går var det berre so vidt eg såg ei datamaskin ein gong, og det var fordi eg fekk besøk.

Dagens og gårsdagens luker innheld dette: noko ein kan lære noko av, og ein kjempeartig vits i teikningform. Hurra-ur.

1.12.06


Det er fyrste desember i dag, og adventstid. Hipp hurra! Sjølv om det er ca 20 grader ute og metereologisk institutt har sett i gong pollenmålingar tre månader tidlegare enn vanleg tenker eg på jula og blir glad. Og fyrste luke i adventskalenderen innheld ein kjekk ung mann, aktuell med ein knakande bra film. Har eg høyrd. Når eg tenkjer meg om er eg litt usikker på om det er filmen eller mannen som skal vere so bra, eg skal sjå den snart og fortelje resultatet.

All I want for christmas er den nye CD`en til Take That og ein tube med Elisabeth Arden eight hour cream.

27.11.06

Ja, då er tida komen for å bringe fasiten fram i lyset på den store, subjektive litteratur-tevlinga! Eg byrjer med det siste spørsmålet, nummer 7. Dr. H svarer at det er han sjølv som har drepe kursiv, og det kan kanskje vera, men det var ikkje han eg tenkte på. Den mest irriterande kursiv-bruken eg har lese i heile mitt liv er nemleg: Dæn Brawn. (eg skriv det slik for å unngå å gooogling, den nye folkesporten(

1. Kven treng kjærleik? Oooooo kven treng kjæ-ærleik?
Her har dr. H heilt rett. Det er Maria, nærare bestemt Maria Magdalena. Og boka: Få meg på for f av Olaug Nilssen.

2. Død, kvar er brodden din?
Åja, der er den. (Den rolege gule hunden med brillene, Eva Jensen) Det kan hende Maria har rett her, og at det står i bibelen og, men det har ikkje eg lese i alle fall.

3. Kva gjer småfuglane i skogen i staden for å synga når du nettopp har drepe leikekameraten din?
Dei hveser. (Skråninga, Carl Frode Tiller)

4. Skyt Helene seg, der på gata utafor kafeen?
(SPOILERALARM!) Nei, ho stikk pistolen i munnen og trekk av, men det skjer ingenting. (Knutar, Gunhild Øyehaug)

5. Kva finst i det ytste mørke?
Her har dr. H sjølvsagt heilt rett! Ein stengd kiosk, med huntonittplater foran vindauga. (Mord i skilpaddekafeen, Ragnar Hovland)

6. Kva døydde Sara av 20. juli 1997?
Spiseforstyrrelsar. Stakkar Sara! (Store stygge dikt, Ruth Lillegraven) Feil, dr H!

Eg tek atterhald for alt som kanskje har endra seg litt i hukommelsen min. Eg har nemleg ikkje sjekka so veldig nøye at eg hugsar alt rett. Men eg tek ingen kritikk, eg sa det kom frå hovudet mitt.

21.11.06

TEVLING

Dette er ein quiz med spørsmål frå mine favorittbøker. Det er ikkje vanskeleg i det heile om du er inni hovudet mitt, men kanskje litt vanskeleg om du ikkje er det.

1. Kven treng kjærleik? Oooooo kven treng kjæ-ærleik?
2. Død, kvar er brodden din?
3. Kva gjer småfuglane i skogen i staden for å synga når du nettopp har drepe leikekameraten din?
4. Skyt Helene seg, der på gata utafor kafeen?
5. Kva finst i det ytste mørke?
6. Kva døydde Sara av 20. juli 1997?

Og til sist, eit spørsmål frå ei bok eg ikkje tykkjer er noko særskild god, men som er ganske spanande og drivande likevel.
7. Kven drap kursiv?

Heider og ære til den som klarer det. Ho eller han har god smak i bøker.

7.11.06

I kveld er det premiere! Då er det kjekt å få omtale i Adresseavisa. Det skal bli fint, eg tykkjer det er ei fabelakit forestilling me har fått til, sjølv om innsatsen min har blitt ein del prega av mange jarn i elden og nedsatt almenntilstand. Seinare blir det sjølvsagt premierefest. Me har operert med eit straffesystem i produksjonen, der ein får kryss kvar gong ein kjem for seint, mobilen ringer med lyd eller skodespelarane kjem ut av teksten. Etter eit visst tal kryss må ein kjøpe ei flaske champagne til premierefesten. Det blir ein del champagne. (Det blir nok nedsatt almenntilstand i morgon og.)

Kom på forestillinga! Det blir servert te og bollar. Dersom du ikkje er typen som likar teater lover eg at du ikkje kjem til å keie deg uansett. (Det varer eit kvarter).

(Bestill billett på sit-billett@samfundet.no.)

5.11.06

Korleis klarar forfattarane å tenkja sakte nok til å skriva ned alt dei tenker, alle dei gode ideane og dei beste formuleringane? Kor mykje fableaktig litteratur har gått tapt for dårleg hukommelse eller konsentrasjon?

31.10.06

Det er tid for å minnast store kvinner. Den eine med sorg, ære og eit sår men varm kjensle i hjartet. Den andre med......kuriosa?

Fru Kuriositet fyrst: Eg har blitt presentert for Florence Foster Jenkins. Eg kan ikkje gjere anna enn å oppmodo til å høyra på dei to klippa som ligg ut på denne sida, og då særleg Nattas Dronning-arien. Eg elskar det!

Den andre kvinna eg vil skriva om i dag er Aud Schönemann, for ho er ikkje meir. NRK har lagt ut ein nydeleg liten kavalkade over artistiske høgdepunkt, og mimring er sjeldan so fint som når ein kjem på kor mykje ting tydde i barndommen. Kor ustyrteleg festleg eg tykte Fredrikssons Fabrikk var. Det same gjaldt Fleksnes. Difor skal me minnast Aud i dag!

23.10.06

Det har som vanleg vore ei innhaldsrik helg i student-Trondheim. Mellom dei mest interessante opplevingane vil eg trekkja fram ein spesiell samtale. Eg var vitne til at to kompisar diskuterte kva dei gjer etter dei har tissa. "Ristar du?" Det som sette meg mest ut var når dei snakka om "mjølking". Eg fekk bilete i hovudet eg ikkje vil ha. Nokre løyndomar kan gutane godt få ha for seg sjølv. Eg vurderte å starte ein tampong-samtale med den andre jenta til stades, men eg gjorde det ikkje. Eg vart ganske flau av å høyre på! Samtalar om pikk er omlag det einaste som bringer fram den blyge sida av meg, saman med folk som roper "AV MED BUKSA" på fest, det flauaste eg veit om.

16.10.06

Når den penaste dama i verda skal synge dei flottaste songane i verda - kan det gå gale? Ja, det kan det jo heilt sikkert, men eg gler meg til å høyre det likevel. Aller helst vil eg kanskje sjå det på film, og gjerne i Storsalen.

Kino i Storsalen, altså! Herregud, det er fantastisk. Eg fann nokon å vere med i går, og det er få ting eg heller ville gjort sundag kveld enn nettopp dette: Mulholland Drive i Storsalen. Det måtte eventuelt vere å sitje på kjøkenet heime med eit glas Laphroig og skrive om filmen til musikal. Som skulle setjast opp i Storsalen.
Det drøymer eg om.

15.10.06

På kontoret til SIT. Det er stilt i gongane på Studentersamfundet, men her og der er det stor jobbing på gong. Fruen fra havet har snart premiere og sjølv har eg fått meg eit lite verv i AFEI (Ansvar For Eige Initiativ)- prosjektet Philip Glass Buys a Loaf of Bread. Meir om det seinare!

Med andre ord er teater-Mari tilbake. I går var Endre og eg på Trøndelag Teater og såg ei fantastisk forestilling. Ferdydurke heiter stykket, og forestillinga er ein del av kulturprogrammet til Polen 2006. Skodespelarane snakka engelsk med sterk aksent, og eg fekk verken med meg handlinga eller dei kulturelle referansane. Heldigvis var Tymon der, og sidan han er polsk kunne han forklare ein ting og to. Uansett om eg forstod lite var det ei oppleving. Vanvittig kroppskontroll og utruleg kule scenebilder. Det var ei oppvising i Grotowski som eg aldri har sett før, og eg elska det.

Om kvelden ringte Mamma. Ho er på litteratursymposium i Odda, og sjølv om det har vore ei fin helg i Barteby skulle eg gjerne vore der og. Ho lurte på om ho skulle helse til Olaug frå meg, og det sa eg at ho gjerne måtte gjere. Helste ho til deg, Olaug?

Og no er det altså kontoret til SIT. Produksjonsplanen for Philip Glass er sendt ut, epost er lese, bloggar er lese, nettsida til Fusa Kommune er lese, nettaviser er lese. Livet store spørsmål er: Should I stay or should I go? Skal eg gå heim og ete middag eller skal eg finne nokon å ete på Samfundet med? Er det nokon som vil vere med og sjå Mulholland Drive i Storsalen i kveld?

13.10.06

Sporadisk blogging for tida må eg sei. Det har vore mykje å skrive, men lite har blitt skrive. Og det gjeld ikkje berre blogginga, men også skulen. Ny tevling:

Kva fortel denne setninga om meg?
I love the sound of MacGyver in the morning.

a) Eg likar å vri på kjende sitat og tykkjer sjølv det er rasande festleg.
b) Eg står for seint opp.
c) Båe alternativa over.
d) Ingenting.

19.9.06

Eg skjønar at tevlinga ikkje slo heilt an. Var den kjip og keisam? Eller har ingen lest den? Ingen har svara i alle fall. Sidan ingen prøvde ein gong reknar eg med at de ikkje er intereserte, so de får ikkje svaret av meg heller.

Eg er på nattevakt att, men dette er den nest siste. So pakkar Tak Over Hodet saman for denne gong. Neste år er det på att, med nye studentar på dei same gamle madrassene. Kjem eg til å vere her då? I byen, eller på Tak Over Hodet? Time will show.

I same huset som det er TOH er det ein barnehage. Halv åtte byrjer ungane å strøyme på, og nokre av dei grin og grin når dei må skiljast av med foreldra sine. Kva er det med dei? Trur dei at foreldra ikkje kjem og hentar dei? Kvar dag elles men ikkje i dag? Ungar er bra teite. Eg er glad eg ikkje er 5. Deilig å sleppe ansvar, men stress med alle dei irrasjonelle sorgene.

7.9.06

TEVLING!

Eg fann ei side i notatblokkak mi med skriblerier til ein heime-eksamen eg leverte i haust. Oppgåven er å sjå på notata, og gjette kva fagområde dette høyrer heime i, og kva tema for heime-eksamenen var:

"Johannessen s. 16: HAN OM DET!
INNSNIRKLING - MOSAIKK - VANDRING
Formal (Johannesen) /Sakprosa (Beck-Karlsen) minus Haas (Røynsla)
Tårnet! (det arabiske visdomsordet)
OPNINGSSITATET ER FEIL!"

5.9.06

Endre har kjøpt ein gullfisk. Den skal brukast i forestillinga hans, men førebels står den i ein bolle i kjøkenglaset vårt, ved sida av radioen.

Der ligg den og vakar, stort sett ganske roleg og nede mot botnen av bollen. Den oppfører seg litt slapt, men eg har lært korleis han blir livleg att: Det er berre å skru på radioen. Då går han crazybananas i bollen, og vatnet kokar som om me hadde sluppe ein piraya i vatnet til han.

Eg har ikkje etablert noko kjensler for den vesle gull-saken, men det kan hende det kjem snart, eg satser på det.

Elles har hausten snike seg inn i både vær og immunforsvar. Eg har sjal og strømpebukse, og går med ordentleg jakke for fyrste gong sidan mai trur eg.

PS. Forestillinga til Endre heiter "Daddy, I`m so depressed" og skal spelast på Galleri KiT frå neste veke til 24. september.

3.9.06

Nokre kveldar vert noko anna enn ein hadde tenkt seg. Til dømes hadde ein kanskje nett sett seg ned og sett det første kvarteret av Komiprisen 2006. Kanskje tenkte ein: "Dette er litt teit, men eg kan klare det, for i kveld skal eg berre vere heime og slappe av! Kanskje eg skal driste meg bort på kiosken og kjøpe ein brus og litt snop etter kvart."

Då kanskje telefonen ringer, og ein blir spurd om å vere garderobe-krise-vakt på Samfundet. Det er sjølvsagt ikkje voldsomt freistande, men ansvarsfylt og grei som ein er seier ein "okei, då".
Når ein kjem fram til Samfundet får ein vite at det ikkje trengst garderobevakter likevel, og det er like greit, for då kan ein ete pizza med venninner i staden.

Og brått kjem det nokon frå ein (konsert)arrangerande gjeng og spør om nokon kan sminke.
Og brått står ein på Sminken (eit rom, der ein sminker. Åpenbart) og sminker eit av medlemma i Black Debbath om til Zombie Ibsen!

Då må ein sjølvsagt på konserten for å overvære verket, og Black Debbath er fantastisk morsomme og kule, som alltid. Håret til Lars Vokalist blafrar vakkert i vindmaskina, og dei heller ein trønderblanding (trønderfår, kjøttsuppe, heimert, snus og kaffi) over publikum.

So går ein heim, edru men litt trøytt, i eitt-tida, og kjenner at det er like greit ein slapp å sjå Komiprisen 2006, som knapt var like festleg som ein tilfeldig laurdag på Samfundet.

27.8.06

Maria er på besøk. Ho hadde med burgar til meg. Burgaren kom frå eit selskap me ikkje snakkar høgt om at me kjøper mat frå, men eg kan nemna at logoen deira inneheld forbokstaven vår, Maria sin og min altså. I tillegg har eg drukke kapitalistbrus med stor nytelse, og då skjønar sikkert alle korleis ein dag det er i dag! Me har sett på bilete og drukke te, no skal me sjå Ekko av Ibsen på NRK2.

26.8.06

...og då var det tid for å skrive om:
KVA ER BEST AV EIKELANDSOSEN OG TRONDHEIM?
Ah, for eit spørsmål! Det er like lett som: sukker eller salt? Kven er greiast av mamma og pappa? Dersom du berre skal høyre ein cd resten av livet, kva for ein blir det då?

Alt til si tid, og sitt bruk, ser ut til å bli løysinga. Men det er for enkelt, det nyttar ikkje å kome med ein slik påstand utan å argumentere. Oppgåva skal løysast, og spørsmålet skal drøftast.

Eikelandsosen. Fusa - i hjartet av Hordaland. Ikkje særleg høge fjell, ikkje særleg djupe fjordar, men likevel! Fjorden å bada i, fjell å gå opp på for utsyn og nytt perspektiv på tinga. Det er slikt ein treng, og slik er ikkje Trondheim, ikkje fjell her. Fjord finst her, men den er så alt for brei! Og badeplassar må ein leite for å finne, og dele med så veldig mange andre. I Eikelandsosen kjenner stort sett alle alle, på godt og vondt. Det er vittig å vere "dåttro te Raunsgardn/ho i barnehagen" ,alt etter som kven av foreldra mine dei kjenner best, og det er godt å ha dei gamle barndomsvener. Me ler av dei same gamle historiene. Sankthansafto (kan det ha vore 2001) er ein av slagerane, då me fann ei dau skata i fjøro, og Trond hoppa naken gjennom bålet med skato i neven. SKATO var ein ståande vits. I Fusa finst både bygdedyr og engasjerte folk med vilje til å skapa nytt og kreativt. Det siste er godt, det første ikkje til å unngå. Eikelandsosen var fabelaktig å vakse opp i, og eg trur det er fint å vere vaksen der, jobbe og ha ungar og sånt. I kongedømet Fusa.

Trondheim er studiebyen min. Eg elskar å vere her, eg går over Øya frå Ila til Samfundet og blir rørt av Nidelva stille og vakker, og det runde raude Huset som blinkar midt i bildet. Det er spanande og utviklande å vere i student-miljøa, i ei studentboble der alle er mellom 19 og 30 og studerer ville ting som eg ikkje veit nokon ting om. Det er koseleg å ta trikken opp i skogen og drikke kaffi i naturen. Sentrum av byen er lite og kjekt, stort nok til at ein ikkje rekk over alt, lite nok til å ha oversikt. Men eg ser ikkje for meg at eg blir her. Det verkar ufatteleg trist å stå opp tidleg om morgonen og ta bussen over Elgeseter bru på jobb. Tanken på å gjere det ein grå oktoberdag og sjå på dei fulle studentane som raver heimover etter ei lang natt på Samfundet! Nei, eg må reise herfrå når eg blir vaksen, eller når det blir tid for til dømes Berlin.

Alt til si tid, alt til sitt bruk. Eikelandsosen er barndomsparadiset som eg må attende til om sommaren, til jul og kanskej ein tur til i semesteret. I Eikelandsosen eller Fusa kan eg og bu når eg blir vaksen, om eg ikkje finn ein annan stad. Trondheim er studentbobla som eg skal reise attende til når det er UKA 2017 og late som eg framleis er student og alt er som før, bortsett frå dei tinga eg skal observere på ein liksom-skeptisk måte og sei, overlegent, "i MI tid...."

Alt til si tid.

24.8.06

I dag har eg forstått korleis eg kan laga overskrifter!


Kva er best av Eikelandsosen og Trondheim?
Det var eit steike godt spørsmål Dr. H kom med i nestførre kommentar. Det må eg tenka litt på, og so skal svaret koma. Det vil seie, eigentleg skulle eg svara på det no.

MEN!

Klokka er fire, det er andre natt på nattevakt, og eg er ikkje heilt meg sjølv. Hjernen tek nye vegar, og den siste halvtimen no har eg hatt latterkrampe av bilda på denne fabelaktige flickren her, av desse drittstygge kattungane, særleg dette bildet her, som eg har kalla "skvist kattunge". Eg ler og ler og ler.

Ny oppleving med bridlene: I stad landa eit lite gult flygedyr på det eine brilleglaset. Det var rart å sjå det krype forbi. No har eg tørka vekk dyret, og skal sjå film. Jadda!

23.8.06

"Men jentene vil ikkje gifte seg med meg. Dei vil berre ha meg som kompis/dildo. Bjynne å gå litt lei no."

Eg er nattevakt, og sit på msn med ein i same situasjon. Ikkje unormalt - samtaleemnet er mellommennesklege relasjonar. Elles ser eg på 80-tals musikkvideoar på jutuub. Nett no er det "Why can`t I be you" med deilige The Cure, og det er super musikk som held meg vaken og blid i små nattetimar! Eg sit i lotus-stilling i den ubehagelege pinnestolen og nikkar på hovudet. Eg prøver å spontanomsetje, men eg er ikkje like flink som visse romanpersonar eg veit om, so eg skal la vere å publisere resultatet.

Tre timar til eg kan heim og leggast!

21.8.06

Aaah, so var det Trondheim att. Eg har fått meg ein kjekk liten jobb som eg skal ha ut september, ein jobb som minner meg på korleis det var å vere 20, ny i byen og ganske utan snøring.

Tak over Hodet er eit sympatisk tiltak frå Studieby ein, der unge lovande akademia-spirer kan få ei seng på sovesal til dei får seg ein stad å bu. Veldig greit, då kan ein takke ja til studieplass og byrje på studia sjølv utan å ha hybel før ein reiser.

So no sit eg her då, i resepsjonen. Eg drikk kaffi, vakar rundt på verdsveven og auser av min kunnskap til dei unge, håpefulle. Kor er den beste kaffien? Dromedar. Kva skal du i kveld klokka sju? Omvisning på Samfundet. Er det bra å bu på hybel på Lian? Det spørs om du føretrekk skau og lang veg med trikk foran by.

I morgon byrjer studia for alvor. Det blir stas. Eg har funne fram språkhistorieboka, og kosar meg med den i mellom kaffien, verdsveven og ferskingane.

PS. Mandagspanel i Osenbanden i dag igjen. Mellom klokka 17 og 18 ein gong. Veldig nervøs.

13.8.06

Maren, den ferdigutdanna mikrobiologen, sendte meg ei lenke til ein tale i dag. Det var litt av ein tale. Dersom eg hadde fått den talen på my graduate day hadde hjarta mitt vakse seg stort, og eg hadde tenkt (pompøst, men ektefølt): JA, SLIK SKAL EG LEVA.
Dette var inspirerande, no når sommaren går på hell. Det kan godt henda det vert fint sommarver i lange tider frametter (og alle fingre er kryssa), men so lenge eg skal til T-heim og bli STUDENT att er sommaren på hell. Og no reiser eg snart. Nokre dagar i Oslo fyrst, so er eg på plass neste laurdag.

9.8.06

(Medan eg venter på Home and Away)
EI LISTE OVER BØKENE EG HAR LESE I SOMMAR:

Charles Bukowski: Pulp
Anna Gavalda: Saman er vi mindre aleine og Eg elska ho
Tokvam/Folgerø: Tyl
Ingvill Skjold Thorkildsen: Klara
Andrè Bjerke: Enhjørningen
Bernhard Borge (eller A. Bjerke om du vil): Hobbydetektiven
Torleif R Hamre: Norgeshistorier
John Cleland: Fanny Hill, en glædespiges memoirer
Jonathan Safran Foer: Extremely close & incredibly loud
Ragnar Hovland: Professor Moreaus løyndom
Laurent Gaudè: Kong Tsongors død

Den siste er eg ikkje heilt ferdig med, og Fanny Hill gidd eg ikkje lese ut.
No byrjar Home and Away

4.8.06



Shake that face and say no more! Takk til Håkon for denne fabelaktige serien. Finare blir eg knapt.

2.8.06

OG NO, LITT LOKAL REKLAME:

FUSA NETTRADIO! Redaksjonen kallar seg "ein slags nærradio på internett, som ser verda gjennom sitt Fusa-perspektiv men som likevel høver for alle". Kanskje det høver for deg? Programleiar Asle og hans kompis Morten AKA Visekongen sette djupe spor i meg då dei terga meg for den knallgule sykkelhjelmen min, men eg er ikkje redd for nokon av dei lenger. Set Fusa Nettradio like djupe spor i deg?

HUSFLIDSTRADISJONAR I FUSA! Vil du læra meir om åkleveving på oppstø-stol?
"Dette tyktes vera eit solid stykke Fusa-reklame..."
OS og FUSAPOSTEN 15.03.06
"Dette gler eg meg til å sjå!"
Naboen
"Flott at dei lagar noko slikt og syner fram kulturarven!"
Ei på senteret

1.8.06


Når ein reiser i bryllup til jamnaldringar saman med si høggravide, også gifte venninne, og treffer alle venninnene som har sambuarar og baby og slikt - då kan hende ein kunne trengt nokre vaksenpoeng. Uansett kor kjekt det var på festen! (OG DET VAR KJEKT KAN DU TRU)

Difor: ca. 5 vaksenpoeng: BRIDLE. No blir det stas på lesesalen!

25.7.06

Eg vil nytta dei siste 25 minutta av årets gebursdag til noko godt, eg vil nytt høvet til å sei: Takk for alle meldingar og telefonar i dag. Det var kjekt å høyra frå dykk alle saman, men eg har ikkje svara dykk. Det er fordi eg har slik dust kontantkort, og det er tomt nett no. Men takk igjen!

Og so ein song:

Lev vel, so vil eg seia og so lettar eg på min hatt.
Lev vel, so vil eg seia og so svingar eg på min stakk.
Og so sei alle gode vener: Ha ei god og ei roleg natt!
Og so sei alle gode vener: Ha ei god og ei roleg natt.
God na-att, go-od natt. Takk for i dag!

24.7.06


I dag minnast me Bruno, 29.08.99 - 22.07.06.

Fred over minnet hans. Bruno var ein god kanin, men 7 år var nok, og i dei varme sommardagane takka han for seg. Pelsen hans var framleis mjuk som silke og fløyel, eller som mjuk kaninpels, då me la han ned i eit hol i hagen, under epletreet. Me song eit vers av Fager kveldsol smiler, og mintes korleis han pleidde å legge seg godt til rette på fanget vårt. Då stakk han snuten inn i albogen og slikka oss på underarmen. Han kom so blid og tillitsfull bort til oss når me kom med lyng eller gras til han, og han vart so glad når me kom ut til han.

Bruno var blind på eine auget etter å ha blitt skremd av ein hund. Eit år var han også skeiv i nakken, truleg på grunn av øyrebetennelse, men likevel var han ein glad kanin. Gift var han og, men eit kaninekteskap er sørgeleg avhengig av eigarane si interesse, so med åra vart det mindre samvær med Ninni. Astrid og Tale vart for opptekne av fotballen, typisk. Men Bruno klaga ikkje.

Roleg, blid, mjuk og pen. Det er slik me kjem til å hugsa Bruno. Me kjem til å hugsa den vesle, ru tunga mot hendene eller nakken vår. Me kjem til å sjå mot buret i mange veker, for å helsa krabaten god morgon. Men buret er tomt. Me får senda helsinga vår til holet i jorda under epletrea. Takk for alt du var for oss.

18.7.06

Mot i brystet: Eg skal ta lappen til hausten. Det blir skummelt, men eg skal gjere det likavel.
Vett i panne: Eg les bøker. Og øver meg på trafikkskilt.
Stål i ben og arme: I går gjekk me på Ottanosi (976 m.o.h). Gangsperr i dag, det er ein bratt tur.

Eva Marie og dr. H har båe rett svar på Klok på Bok i førre post. Anna Gavalda er forfattaren, "Saman er vi mindre aleine" er tittelen. Gild premie i emning, kjem snart (= når eg får til skænnaren).

Elles er eg midt i to nye bøker. Eg likar båe veldig godt, men eg vil ikkje avsløre dei nett her. (I tilfelle eg skal laga ny Klok-på-Bok, sjølvsagt) Eg les før eg legg meg, og medan eg ligg i hagen og solar meg. Den eine boka passar om kvelden når eg skal legga meg (og helst med ei øl eller ein liten whisky), den andre sola, men helst under forhold ein kan konsentrera seg i . Slike forhald er det no: eg er aleine heime. Difor skal eg ta den med ut i hagen. Eg skal legga ei hageputa på plenen, bretta shortsen oppover låra og t-skjorta opp over magen. Eg skal ha med litt vatn, og eg skal bli bruuuun og klok, vett i panne.

10.7.06

KLOK PÅ BOK? Kva bok har eg fotografert her? Det var Anne som lånte denne boka på biblioteket, og word of mouth brakte den til meg via mor og far. Det er altså ein tjukk, men lettlest sak. Dei tre fyrste fjerdedelane av denne boka er fantastiske. Forfattaren har eit vakkert, vokaltungt namn, og dette er den andre romanen på norsk vedkomande gjer ut.

Dersom du trur du veit det og har rett kan det hende du vinn ein gjev premie.

29.6.06




Sommaren 2006 - Prosjektsommaren!

I dag har Astrid og eg laga prosjektet Tjukk- og Bleikholmen. Da går ut på at me skal få betre kondis og bli brune. Det er eit problem, og det er at me ikkje kan laga noko opplegg for begge to der ho får betre kondis, for ho speler jo fotball og joggar og sånt, so ho er vel omlag på det nivået eg berre kan drøyme om å kome opp på i løpet av ein sommar. Men betre skal da bli!

I dag gjekk me til Bankfurua (sjå bilete) i eit smertefullt høgt tempo halve turen. Det skal me fortsetja med. Tur til Bankfurua i snakketempo gjev 1 poeng, høgt tempo gjev 2 poeng. Kraftlagshytto: 5 poeng, og sjølvaste Botnavatnet: heile 15 poeng. I juli skal me gå minst 10 turar, då skal du sjå me blir brune og at kondisen piplar fram av musklane.

No ska eg skriva enn setning sånn såmm da vatt om eg skreiv Ravi-nårsk. Eg skrivkje sånn te vanle åg da e kanskje lika grett nårr eg ser nøye itte og tenke meg omm. Før eg legge meg ska eg legga ut ei lenka te ein fin sång som minna omm ein fin serie såmm eg likte døttsgått før, nemli SHAGMA. Da e piratsången.

28.6.06

Då har eg laga meg ein flickr, då. Eg har vore foto/datanerd i nokre timar no.
ER DET EI VYA?
ELLER ER DET VARIG?
Alle venter i spaning på å sjå korleis det går.

Hurra for lillesøs 17 år! Hurra, hurra, hurra! Både ho og eg har fått digitalkamera av mormor til bursdagane våre (min er om ein månad), men me har ikkje fått lagt inn nåke bilde enno. So de får kosa dykk med eit bilde av kameraet so lenge!

27.6.06

Meir om sunnhordlandsforfattarane, denne gongen frå TYL av Tokvam/Folgerø:


Olav Stedje får ein god idè på julebordet til
sunnhordlandsforfattarane


eg tek
Den fyrste song
ein gong til

26.6.06

Den snille og kule Maria spør etter sunnhordalandsforfattarane, Eller sunnhordalandssurrealistane om du vil. Google er ikkje hjelpsam i dag. Eit forsøk på ein prat med far min, bibliotekaren, fører til følgande resultat:
Ragnar Hovland
Einar Økland
Rune Belsvik
Per Olav Kaldestad
Atle Nilsen
Og ei dama som han ikkje hugsar namnet på.

Hans Sande er ikkje med, seier pappa, sjølv om bur i Sunnhordaland og har skrive praktverk som til dømes "Fiskepuddingen Pim på nye eventyr". Moglegeins barnebøker ikkje tel som surrealisme.

Medan eg har skrive dette har far min, mor mi, syster mi og ein kompis av far min forsøkt å innstallera parabol i huset vårt. No har dei omsider lukkast (og skrudd av tv og gått ut i hagen for å nyta sola før ho går, sjølvsagt). Ein ting som ikkje lukkast meg særleg godt var å få noko ut av far min. Kven kalla dei sunnhordalandssurrealistane? Når var dette, var det ein glansperiode for slik forfattarskap eller har det vore jamt over? Skreiv nokon av dei nynorsk?

Ein ting far gadd å meddela meg før han stakk var at eg tok feil på stavinga. Dersom eg googlar sunnhordlandsforfattarar med berre ein a i hordaland finn eg følgande liste. Er då alle desse surrealistar. Eventuelt surrealistane? Må eg studere lit.vit. for å få klarheit i dette, eller held det at Maria gjer det?

(Dersom nokon lurer på korleis eg har hatt det på dei nynorske festspela kan eg fortelja at eg har hatt det så fantastisk at sjølv ikkje betre vêr kunne gjort det meir fantastisk. Interessert i detaljar? Maria har fått med det meste.)

23.6.06

Eg vil synga ein liten song om koffor eg bloggar sånn som eg gjer*


bloggekurs vert eg inspirert til å skriva litt om nett dette. Eg byrja med denne bloggen i 2001 fordi eg ikkje var so flink til å gå på skogstur det året eg budde heima og jobba på fusa ungdomsskule. So eg leika på internett i staden for. Då kjende eg Sjur, og brukte mykje tid på msn med han, og hans kompis Nils. Dei hadde bloggar. Eg fekk blogg.

Det var kjekt å skriva, so eg fortsette. Det har vore ganske sporadisk gjennom åra – og det er nok ikkje til å stikka under ein liten krakk ein gong at det blir mest skriving i eksamenstid, oppgåveskrivetid eller når eg er i Fusa i ferietid.

Eg skriv når eg har noko det er kjekt å skriva, eller eg får vyer eller eg får anda over meg. Det har blitt mest småpludring, mest sjølvsentreret og noko festleg som eg finn og som nokon fortener å sjå eller få vite om at finst.

Eg skriv for dei som har lyst å lese og for dei eg har blitt kjend med gjennom blogging, men kanskje mest for dei eg kjenner som bur andre stader enn meg og som likar å sjå kva eg gjer på og tenkjer på i blant. Enkelt og greit. Kvifor les du dette?

* Fritt etter Vamp, som speler utekonsert i kveld. Nynorske Festspel er stor stas!

21.6.06

Plukkfisk er ganske lett å lage. Det er berre å koke poteter møre, mose dei og blande inn noko hakka graslauk og fiskarestar saman med smørklattar og mjølk. Ein må berre passa seg når ein skreller potetene, at ikkje det er ein slik hard poteteskrellar som lager vannblemmer på fingeren og at det ikkje er bein i fisken.
Ganske lett, ganske godt.

Det einaste problemet med plukkfisk er at fyrst må ein ha fiskarestane. Kokt torsk foreksempel, det var det me hadde i forigårs, slik at eg laga plukkfisk i går. Eg kan nemleg ikkje fordra kokt torsk. Som barn lika eg ingen fisk, men kvart år som går oppdagar eg at eg likar noko nytt. I påska til dømes, merka eg at eg likar ansjosfiletar på skjevo, saman med egg.

Men kokt, kvit fisk. Det går nok ikkje.

17.6.06





Her kom dei, no ville bloger samarbeida. No må eg laga eit songhefte, difor skriv eg ikkje meir.

14.6.06

Dei tilsette på Hellemyra bufellesskap har ikkje gått i ferie enno, og det tyder berre ein ting: At eg har ferie. Ordentleg ferie, ikkje arbeidsferie. I dag har eg funne ut at det tek omlag to timar (på magen i sola) å lese ut ei bok frå serien "Sagaen om Isfolket". Ikkje rart eg i si tid (som var 1998) las ut 47 bøker på 3 månader, det var jo den tida eg pendla Bergen-Fusa med buss kvar helg!

Det har kome etterlysing i kommentarar om bilete frå den gongen eg song med den krinskjende populærmusikkgruppa PAPP. Det er no forsøkt ordna. To bilete frå festen: syngebilete og klyngebilete. Eit minne får ei tid då sola ikkje hadde fått leika seg so myke på huda vår som no.

Det kjem når eg har tid og tol til å venta på at blogger vil samarbeida.

Ha meg orsaka, det er framleis sol og eg har ei isfolkbok til å lesa. HAHAHAHA.

12.6.06

Beate som var med i tidenes Styre ved Studentersamfundet imponerer meg stadig. For ei jente! For ein kunnskap, for ein omsorg - og for eit initiativ! No skal ho og søstra hennar, Anne-Sofie som fan ikkje er verst ho heller, sykle heile landet på langs. Og du kan følge med! Det er bra tøft.

9.6.06


Det er siste innsats, det er oppgåve, det er innspurten, det er litt kjølig, det er godt med kaffi, det er fredag, det er leveringsfrist i morgon, det er snart sommarferie, det er bra at feriepengane i går, det er bekymringsverdig med bankstreik, det er godt å snart vera ferdig, det er morsomt med alle pensjonistane som strøymer mot eksamenslokala på mårrakvisten, det er ikkje so mykje folk på skulen, det er fest og fanteri i morgon, det er vanskeleg å sortera tankane, det er meir keisamt å skriva enn å prata, det er freistande å ta pause.

29.5.06

No er planen for sommaren lagt.
No er planen for semesteret nesten lagt.
No er planen for resten av livet... Nei, forresten den er ikkje lagt i det heile.

I sommar: Eg og Maria skal reisa på dei Nynorske Festspela! Det blir stas. Då skal me bu i telt, helsa på Agnes, den nye babyen til Filip, og onsdag 21. juni kan me smaka på Olaug Nilssen sin favorittrett i kafeen på Aasentunet.
Til hausten: Blir eg i Trondheim, tek opp att det eg manglar på tysk (noko grammatikk og språkhistorie) og kanskje får meg ein liten jobb ved sida.

I dag har eg vore panel i Osenbanden. Nederst i linken kan ein lesa om panelet: "På mandager er det paneltid. Da kommer veltalende unge trøndere som er Osenbandens egne rikssynsere." Og eg fekk vera med sjølv om eg ikkje er trønder! Det var skikkeleg artig.

21.5.06

Eg er ikkje lenger leiar av Studentersamfundet i Trondhjem. Og dersom du møter meg, og føler for å spørja: Det er superfint. Noko er trist, noko er bra. Men mest er eg glad.

16.5.06

Heimeeksamen heile natta. I går kveld skjøna eg at eg måtte byte oppgåve, og no sit eg her. Eg gler meg som ein liten hundekvalp til eg har skrive mange nok sider til at eg kan belønne meg sjølv med å setje linjeavstanden til 1,5 i staden for vanleg singel.

Det byrjer å tetta seg til i hjernen. Eg har skrive det eg veit eg kan, eg har pynta på med flotte sitat. No må eg lesa meir i artiklane, men det einaste eg får til er å skumlesa etter behov, med halv-skarpt blikk etter noko som kan passa i akkurat det avsnittet eg held på med.

Treng å sova no, men neineinei, må vera vaken til 12. Må ha noko å levera 12. Må!

11.5.06

Natur, kultur, blablablablabla. Eg er ute av stand til å ta kontroll over eige liv, mine eigne emosjonar og alt som heiter rasjonalitet! I går var eg sur, sliten og utruleg trøytt. Det var tusen millionar ting å ordne og alt såg heilt forferdeleg vanskeleg og tungt ut. Etter at den eine vanskelege tingen ordna seg (Retting: det var eg og Jon som ordna det. Ingenting ordnar seg av seg sjølv!) gjekk det litt betre. So tok eg heilt fri og gjekk for å sjå og høyra Dum Dum Boys. Det var fabelaktig! Det var dritbra! Det var fan så kjekt! Det vart litt betre då.

Og so har eg fått mensen i dag. Eg har ikkje kontroll over meg sjølv! Det ligg nokre ekle hormon i hjernen min og styrer alt! Jævla natur! Det var ikkje livet mitt som var vanskeleg, det var ikkje stresset som tok meg - det var hormonane! Dritt-kropp. Går det an å operere ut hypofysen?

Det er faktisk slik for tida at eg føler meg på grensa til desperat nok for dette. Åh, tenk så deilig om dette gjekk an! Tenk det! Då skulle eg fått til alt mogleg!

Bildet har eg knabba frå pavedokke, men det høver godt til korleis eg kjenner me for tida. Når eg vaknar om morgonen, eit par timar etter eg burde stå opp.

3.5.06

Kaffien i universitetskantinene er så sur at eg kjenner smaken av den i heile munnhola mest heile dagen etter at eg har drukke ein kopp. Difor tek eg heller med ein termos av min eigen kaffi når eg skal skrive heime-eksamen. No har eg drukke heile termosen og kjenner at det lukter kaffi av hendene mine. Eg er faktisk usikker på om det er noko betre.

2.5.06


Mai? Allereie? Eg vakna, drakk ein kopp kaffi, leita etter sjølvmeldinga so eg fekk levert den. Fekk ei tekstmelding: "Håper du vet at eksamen blir delt ut klokka 12.15 på Dragvoll i dag!" Det visste eg ikkje, so no er eg på Dragvoll.

På laurdag hadde me det siste Samfundsmøtet vårt utanom 17.mai. No er det eksamen og 17.mai som tel, men pokker ta det distraherande været! Biletet er frå sundag, det er Frode som har tatt det. Me gjekk langs Nidelva på veg til vårball og blomane hadde han stole til meg i ein hage. Vår, trallala vår.

23.4.06


I dag har eg ikkje dusja og det lukter ikkje spesielt godt av meg, for eg dusja vel ikkje i går heller sjølv om eg var på fest både i går og forgårs. HA HA HA! Eg gjer opprør mot all denne dusjinga. Eg har vore på kontoret i heile dag, stort sett heilt aleina og hatt latterkrampe opp til fleire gongar. Mest fordi det har skjedd morosame ting i helga, men no sist fordi pavedokke og blodklubb er veldig morosamt. Veldig bra, pavedokke og blodklubb, veldig bra. Kreksene er fan ikkje so verst dei heller. Åh, gje eg var like morosam!

Det var ein strålande kveld på Studentersamfundet i går og, dersom du ser vekk frå eit lite avbrekk i form av brannalarm og full evakuering. Sjå bilete! Der ser du fulle folk som er dødsglade for å måtta gå ut på Fengselstomta midt i Motorpsycho-konserten. Dødsglade! Det var ein megadust som utløyste alarmen for skøy. Det skal du få billig frå meg, ass!

22.4.06

I kveld har det vore ein fantastisk kveld på Samfundet. Festmøtet om Joachim Nielsen vart eit rørande innblikk i Mannen, myten og musikaren. Mode Steinkjer og May- Irene Aasen snakka på ein måte som gjorde det heile ærleg og ekte, og slik måtte det bli. Konserten etterpå var allsong, ølkasting og alle hitsa som måtte komme. Når May-Irene kom på scena og spelte på dei siste songane var eg lukkeleg. No er det fest, eg er litt sliten og må drikke vatn. Mest av alt er eg utruleg glad, for det har vore ein god kveld og det har vore eit godt år som snart skal gå over. Det er rart, fint, trist, deilig.

I går var Bydagen 2006. Sola kom, eit par hundre studentar kom, media kom mannsterke, til og med dagsrevyen og me er fabelaktig stolte!

13.4.06


Eg ser på krimthrillerfilm frå krigen. Det er dritskummelt, eg tør ikkje sjå nett no. Lucy er aleine på Storm Island, det er krig og den skumle spionen som ho har låge med har drept mannen hennar og Tom, som styrer fyret og som har radio. Då er dei einaste menneska att på heile øya ho, spionen og sonen hennar som er 4 år. Den tyske ubåten ligg og vakar i sjødn og ventar på spionen. Korleis skal dette gå?

Det er påskeferie no. Nesten ingen e-post, ingen som ringer og ingen tekstmeldingar. Og det er så deilig! Søs, bror og eg har vore på hytto på viddo og hjå besten og besto på Ringøy, Hardanger. (Nei, det er ikkje noko øy). I går var det storfamiliemiddag med lammelår i eldhuset (sjå bilete).

I morgon skal eg fyst på jobb, og om kvelden er det dans med Hot Shot på Puben (skikkkeleg syndig, på langfredag og greie!), på laurdag er det 20årslag i Naustdalen. Det er påske, det er feri og me ser at det er veldig, veldig godt.

No skal eg sjå trivelegare krim, eg skal sjå Foyle.

5.4.06


I går song eg "La det swinge" i duett med Bettan. Herregud, det var stort!

29.3.06


Det er snart duka for årets stor-store fæst på Studentersamfundet. Den rosa & svarte buksedressen er på plass i hylla mi. Koring & dansesteg vert innøvd rundt meg.

Gudene skal vite at du aldri blir en OOO OAPPAPP OOOO OOAPAPAP

22.3.06

You could be my unintended choice to live my life extended.

Det er noko merkeleg på gong i hovudet mitt! Kvar einaste kveld, litt utpå kvelden og særleg etter travle dagar skjer det same: den same songen kjem snikande, og brått finn eg meg sjølv nynnande på den. Songen er "Unintended" av Muse. Det er ein fin song, eg liker den godt, men likevel er det litt rart å ha den tilbakevendande på denne måten.

17.3.06


Det er mogleg mange av dykk lurer på kva eg skal gjera til hausten. Eg får spørsmålet relativt ofte, so difor presenterer eg her dei ulike scenaria over korleis det komande året i livet mitt kan sjå ut:

PLAN FOR LIFE:

1. Gjera ferdig tysk. Moglegeins Humanister i Praksis. Kanskje italiensk for å fylla på. Dette vil jo opna for å fortsetja eit engasjement på Samfundet, fortrinnsvis eit litt mindre ansvarleg enn no. Etter eit semester med dette må eg velga noko nytt, eventuelt eg kan flytta til Bergen, ein tanke eg ikkje er heilt framand for.
2. Lærarhøgskulen, her i Trondheim. Dette opner for same moglegheiter som skissert ovanfor. I tillegg slepp eg å flytta, og det er alltid greit. Flytting er sress, og eg føler meg ikkje heilt ferdig med Trondheim. Men dersom eg får lyst kan det jo henda eg kan søka overflytning til Bergen etter eit år.
3. Kulturprosjektsledelse, Lillehammer. Dette høyres ut som eit fabelaktig spanande fag. Men faktorane som tel positivt i forslag 1 og 2 fell vekk her, og gjer at eg er litt skeptisk.
4. Kaospilot i Danmark. Same som over.
5. Jobba eit semester, og til våren: praktikantkurs nynorsk mediesenter. Same som over, i tillegg til at dette er litt meir usikkert. Det er jo so, at etter snart 4 år på universitetet byrjer behovet for ei ordentleg utdanning å melda seg. Det er grenser for kor tungt ein god og fyldig engasjements-CV kan vege opp!

Og om nokon lurer på korleis eg ser ut når eg lurer på desse tinga, kan dåke sjå over. Omlag slik.

14.3.06

Ein gong las eg ei bok som heitte "Hjemme er der hvor hjertet er". Og kvar er hjartet? I handa? Eg veit i alle fall at det er litt i Fusa, og ganske mykje på Samfundet. Men i Ilevollen 3D er eg meir usikker. Der søv eg, og rotar noko forskrekkeleg på rommet mitt. I går tok eg Tidenes Oppvask medan eg høyrde på radio. Det var i grunnen fint, oppvask har ein fin meditativ effekt, særleg i kombinasjon med Dagsnytt Atten.

10.3.06

Medan eg skriv høyrer eg meg sjølv på radioen. Knis. Det blir presentert som ei glad-sak og at eg er superglad for og einig i dette forslaget; studiepoeng for frivillig engasjement. Men eg er ikkje ubetinga einig.

Det er flott at universitet og høgskule kan vise i praksis at dei set pris på frivilligheitskulturen. No kjenner eg mest til Trondheim, men her er det ikkje måte på kor mange godord me får. Dette skulle for øvrig berre mangla, for Samfundet, UKA, ISFiT, NTNUI og med meir er ein enormt viktig del av student-Trondheim. Men eg trur ikkje måten dei skisserer det på, med 10 studiepoeng for verv/praksis i frivillig arbeid bakt inn i ein bachelorgrad er måten å gjere det på. På denne måten blir berre dei som har ein hobby som samsvarar med utdanninga belønna, og ikkje dei som vel å drive med noko heilt anna enn studia. Ein mediestudent som skriv i studentavisa vil få desse poenga, men ei sivilingeniørspire vil ikkje få noko att for å vere med i studentteateret. Vidare lurer eg på kven som skal vurdere kriteria for å få desse poenga? Går det på mengden ansvar? Tid brukt?

Ledelse i Praksis er eit fag NTNU har tilbydd studentar med tunge verv i Samfundet, UKA og ISFiT dei siste åra. No er faget lagt ned, men me vonar voldsomt å få det tilbake. Dette er eit ledelsesfag der ein følger relevante førelesningar og skriv øvingar basert på pensum samt eigne leiarrøynsler. I tillegg til å gje ei verdifull avlasting på studieprogresjonen slik at ein kan forsetje det gode vennskap med lånekassen og samstundes bruke tid på vervet sitt er også dette faget verdifullt for organisasjonane. Faget er lærerikt og nyttig og kan slik bidra til kompetanseheving i det at leiarane ikkje treng å lære alt på intuisjon eller ved varierande kompetanseoverføring.

Eg tek sjølvkritikk for lange setningar.

6.3.06

Reportasjen i Typisk norsk i går, den som handlar om italienske svartmetall-rockarar som lærer seg norsk for å synge "det svarte hjertets apokalyptiske ensomhet" eller liknande, den gjer meg glad. Tanken på å analysere den førre setninga gjer meg litt glad og - ei skikkeleg lang setning med mange ord, men likevel få ledd. Riktig, riktig kjekt er det å tenkje på.

Men å rekne med potensar eller teikne imaginære tal på ei tallinje! Det er vanskelegare enn eg trudde å kome inn i. Eg gremmer meg, og går for å drikke kaffi.

28.2.06

I helga var eg på hyttetur. Der fekk eg vite noko om meg sjølv: Når eg tek tonen sjølv når eg skal synge, byrjer eg nesten konsekvent i b-dur.

helsing Mari

22.2.06

Fyrst slår lånekassen opp med meg. So får eg vita at å reparere skjermen på frk. Mac (aka Livet Mitt) kostar 7000 kroner. På veg tilbake til Samfundet køyrer ein buss gjennom ein søledam og spruter på meg.

Eg tenkte: "Kva? Dette skjer jo berre på film!" At slike kjipe, kjipe, kjipe ting skjer og at ein blir spruta på av ein buss. Det skjer ikkje på gode, fine, kjekke dagar. Eg nekter å leve ein slik klassisk film. På ei anna side: det er jo nett slike filmar der slike klisjear skjer at det ender godt. Bra, i det minste.

So då kan eg jo avslutte med dette, for det er Supergrass som bringer meg frå stad til stad for tida, på min raude discman:

But we are young, we get by,
Can't go mad, ain't got time,
Sleep around, if we like,
But we're alright,

18.2.06

Fusa! Åh, Eikelandsosen! Denna helgo har eg fri, denne helgo har eg reist heim. I går var eg hjå mormor, i dag i Bergen. No er eg heilt heime, i gode gamle Fusen. Dei siste vekene har det kjendes ut som eg ikkje lenger er ein person, Mari, men berre er leiar av Samfundet. Då er det på tide å dra heim ein tur, møte familie og gamle vener og byte ut "vi" og "gjøre" frå dialekta med det mykje meir MARIske "me" og "gjera". Det er utruleg kva som skjer med talemål & ordforråd når ein er omringa av austlendingar, trøndarar eller nordlendingar heile dagen!

Ja til setlabok, boss, snop og hoon pitle! Nei til lommebok, søppel, godteri og shit, ass!

Førre veke var ei av det hektiske slaget, men på ein veldig kjekk måte: Ny UKEsjef vart det vald, og det til og med ei jente. Kandidatane var gode og det kunne like godt blitt den eine som den andre, men feministen i meg tykkjer at den tredje kvinnelege UKEsjefen nokon sinne er verd ein skål.

I tillegg har vegen mot eit Nytt og Betre Liv tatt meir konkret form: å ha eit fag med LEKSER og obligatorisk oppmøte har gjeve meg smaken på skule & studier attende og eg er klar for å jobba ordentleg att. Over jul har Samfundet-vervet gått ordentleg i blodet på meg, so no får eg til å kombinere studia med vervet på ein annan måte. Noko som absolutt kan seiast positivt, for å uttrykkja det på ein fullstendig idiotisk måte.

Elles har eg trena: 50 minutt på treningsstudiosykkel! Det er ein slik ein med program; tidsinnstillingar og variasjon i tyngda, ein slik som seier "Good job!" når ein er ferdig. Flotte greier. Det kjennes godt, er veldig kjekt når ein har Supergrass på øyret og ikkje minst: det bringer fram interessante kulørar mellom rosa, raudt og lilla i andletet mitt.

15.2.06


Då ei av mine hjartans gode venninner i dag fann det for godt å fortelje meg, etter at eg hadde småpludra om meg og mitt ei fem minutts-tid, at ho skal ha born i august tenkte eg: oi.

Eg skal bli tante!

13.2.06

"særlig slike som uforskyldt er kommet i nød eller er blitt vanskelig stillet, eller som i yngre dager har sett bedre dager, men ved alderdom har tapt sin arbeidsevne eller på annen måte er vanskelig stillet."

Kven sa det var lett å skaffe seg pengar?

12.2.06

Åååå, lørdagskveill og ungdomstid - og trøndelag, du slette tid!

Åge altså! Åge er mannen sin det. Saman med alle dei andre femtiåringane laga han den beste stemninga i Storsalen sidan Jostein Pedersen. Det er ein god kveld på Studentersamfundet. Det er folk og liv og fest og moro. Som det skal vere! Ååå, levva livet!

Tidlegare i dag markerte me fred og samhald i byen. Det ser ut til at adressa.no ikkje har alt heilt i lodd: heiter eg Raumsland eller Raumsgard? Og dersom ein les teksten - kva er no dette for noko å sitere meg på? Alt eg snakka om, alle orda eg hadde, og eg blir sitert på "aldri vært så redd"? Det er litt kjipt kjenner eg. Når eg kjenner etter. Og det gjer ein jo gjerne, når ein har vore i avisa.

Til sist vil eg helsa til Aggi. Ingen kan danse på bordet som Aggi!

3.2.06

No har eg nettopp intervjua Hurra Torpedo. På tv. Eg har aldri intervjua nokon foran kamera før, men det kom eg ikkje på før etterpå. Det gjekk ganske bra, men eg fniste litt, og det var litt teit.

Kanskje du no lurer på kva dette intervjuet skal brukast til? Det får du ikkje vite, for det er hemmeleg. Kanskje eg skriv om det i morgon. Etter ni.

29.1.06

Det er noko med den ugreie kjensla av at eg er ein mobilitelefon som går på siste rest av batteriet. Eg lader opp pittelitt, nok til å få tatt dei mest presserande samtalane, men det går tomt fort, og eg rekk ikkje å få lada heilt opp.

I går var eg so forkjøla at eg ikkje skjøna eit ord av det innleiarane sa til sist, noko som var veldig synd, for møtet var spanande. Kyoto-avtalen og framtida. Etterpå måtte eg reise heim og sjå film, og ikkje drikke so mykje som ein slurk øl. Det var fabelaktig deilig, og "Vindauge mot bakgården" av Hitchcock var veldig, veldig bra.

Difor har eg no bestemt meg: i morgon leverer eg eigenmelding og let møtet i stiftelsen isfit, styremøtet og alt anna ligge. Eg veit eit par ting nett som eg skal fikse, men elles skal eg vere heime og rydde rommet og lade opp. Ete noko sunt. Ikkje dra på Samfundet. Og gjenopppstå på tysdag som eit betre menneske. Snakkas då!

25.1.06

Det har vore ein god dag, ein særs god dag! Den byrja med ein telefon frå NRK(eg må fyrst renske stemma og øve meg på å sei "hei, det er mari" når telefonen ring medan eg søv og eg eigentleg VEIT det er dag og at eg burde vere vaken. Klokka var 10). So stod eg opp då, og førebudde meg å møta sjefen for Mensa Trondheim i debatt på direktesendt riksdekkande radio. Dette kan høyrast om du lastar ned dagens "Norgesglasset" på nettradio. Og det gjekk fint!

Vidare var dagen ein heilt vanleg fin dag på Studentersamfundet. Gode folk, gode nyhende, gode ting.

I kveld har eg vore hjå ei god venninne og feira den gode B ho fekk på munnleg-eksamen til hovudoppgåva hennar. So er ho ferdig utdanna og følgeleg vaksen. Gud, kor fint å vere med henne og andre gamle vener! Me gjekk på cherrox og drakk øl og festleg drink med namnet "Mexican death squad".

So kjem eg heim, og har fått epost med lenke til Motorpsycho på nynorsk! Og dette er så vakkert og gjer meg glad og roleg. For øvrig tykkjer eg dette forsøket på å skrive nynorsk er fint. Trur nokon at "va" er nynorsk berre fordi det er slik ho uttaler det? Det vart sitert slik fleire stader. Og er det lov å skrive "jentane"?

Klar til å legge meg? Nei ikkje nett enno, men snart. Klokka er ikkje halv fire enno. (Og ja, eg tykkjer likevel ikkje at studentane i Trondheim på generell basis er uansvarlege. Halv fire er ikkje noko tidspunkt.)

16.1.06

I dag har eg eit strålande nyhende: eg har vore på Dragvoll! Det vil seie, for alle utanbygds lesarar: UNIVERSITET! Eg har vore på førelesning! Vel. Eg må vedgå at forelesinga var litt meir eit infomøte, for prosjektoren som skulle vise "Orions Belte" verka ikkje. Men eg lærte ein ting: Orions belte var innleiinga på det som populært vert kalla "helikopterperioden" i norsk film.

Etter nokre timar på Dragvoll, derav eit par kaffedrikkande kafetimar, innhenta dette vervet meg, og eg vart oppringt av Adressa.no. Resultatet av desse samtalane kan de lese her og her. (Eg ser heilt fullstendig klinkokkovilloggal ut på bildet. Herregud altså.)

5.1.06

Eg er særs begeistra, og skikkeleg gjennomskremt:
- snikande uvisse, skummel musikk-skremt
- brå lydar, kveppe og hyle-skremt
- krypande ekle insekt-skremt
- store monster som slåss-skremt
- rosa, udefinerbart tentakkelmonster-skremt
- action på høge hus-skremt

....alt dette, i tillegg til kjærleik ved fyrste blikk-romantikk, vennskap på tross av enorme skilnader og litt tristheit....

King Kong er ein fantastisk film!

2.1.06

Då var jula over, og det nye året er byrja. Det blir eit år eg har heilt passe store voner til. Det største og nyaste var i august då eg for alvor skulle inntre i dette nye vervet. Dette året me byrjer på no blir soleis fyrst og framst ei fortsetjing på det som har vore. Og forsetta blir deretter: å framleis gjere so godt eg kan. Men eg ynskjer meg ein plan for hausten, og eg gler meg til å klippa håret.


Visekongen er i eksil. Han har abdisert og reist. Det var ein vakker, men også særs trist avskilseremoni i Fusa Kyrkje på nyttårsaftan. Då Kongen heldt tale var det mange raudkanta auge å sjå. No er han reist og eg er trist. Fusa kjem aldri til å bli det same att!