24.2.08

No er det nok sofa, nok føremiddagstv, nok film , nok repsils og nok vond hals. Nok vakning midt på natta tett som eit studenthybelsluk i halsen. Nok hostebyger. Eg vil ikkje vera sjuk lenger no.

Desse filmane har eg sett i løpet av mitt 5 dagar lange sjukeleie:
Tomorrow never dies
Ace Ventura
Notting Hill
The Holiday
Harry Potter and the Philosophers stone
A beautiful mind

+ Rachael Ray, diverse på tv3 og ikkje minst kvardagsgullrekka: 13.30: Home and away(gårsdagens episode), 14.00: 7th heaven, 14.45: MacGyver og 15.40: Home and away igjen. Merk at siste rekke er skrive etter hukommelse. Eg kan tidspunkta i hovudet. Kjærasten seier at eg er i ferd med å bli øydelagd, at eg brytes ned. Han kan ha eit poeng.

20.2.08

I kveld har Samfundet fått ny leiar, og det er like deilig i år som i fjor og åra før det. Marie, den blonde vestlandske nynorske jenta vann, og det kan jo eg lika godt.

STV var fyrst ute på nett, og no skriv eg. Eg har trua på Marie, dei tankane ho fekk fram om Samfundet og seg sjølv kan eg lika og vera einig med. Ho kan gjerne få representera meg!

Og so kan eg lenka til til eit bilete frå eit leiarval eg deltok på med noko høgare puls enn i dag. Det var tider. Det er både bra og trist at dei gamle tidene er over, men eg har stor tru på dei nye. (Sjølv om månen nok er den same gamle.)

16.2.08

http://www.blogger.com/img/gl.link.gif

Astrid og Hanna og Lars Saabye Christensen og slike skriv stadig om kor bra Oslo er. Eg kan sjå at det er ganske bra her, men eg må vedgå at desse gatene i denne byen ikkje kommuniserer direkte med hjarterøtene.

Nett no er det likevel heilt vidunderleg. Når sollyset kjem inn gjennom høge vindauge i leiligheita me er på besøk i, når den nye plata til Radiohead står på og eg les i Genanse og Verdighet som me kjøpte på Literaturhuset i går. Når dagens utsikter er å gå omkring i småe butikkar og brukthandlar for å leite etter rekvisittar, handihand i sol som liknar VELDIG på vårsol. Og at me skal laga god middag og drikka god vin før teateret i kveld. Då er det vidunderleg.

I det siste har sjølv å gå over Bakklandet føltes som ein ut-tygd tyggis. Då er det deilig med isfrie gater og ein merkbart par graders temperaturskilnad. Og fem dagar fri i hovudstaden med ingen oppgåver og mange gamle vener og brødre.

I morgon er planene meir god mat med dei beste gamle vener og nattog heim. Eg likar nattog betre enn Agnar Mykle, mest fordi nattoga er av noko betre standard i vår tid enn i hans vil eg tru, og i alle fall når det er i lag med kjærasten eg skal ta nattoget. So vaknar me opp, hvis me har fått sova då velåmerka, i Trondheim att. Og då har me vore kjærastar eit år.

Men no er kaffien drukke opp, han er ferdig i dusjen, og me skal ut å sjå på Oslo igjen. Snakkast!

9.2.08

Ei brå kjensle av avmakt og at framtida er eit svart gap vart avløyst av vissa om at det einaste eg kan gjere for å gjenoppretta balansen er å rydda i cd-ane* medan eg høyrer på musikk eg høyrde på vidaregåande, for å samstundes få ei kjensle av at mykje er betre no.**

Då fann eg ein cd-singel som eg VEIT at eg har lånt for ikkje so alt for lenge sidan (eit eller to år max), men som eg ikkje hugsar kven eg lånte av.

So dersom du saknar Murmurs America: "You suck"-singelen, so har eg gløymd at den er din. Kan hentast på Loddgard kortidsomhelst.



*Kunne like gjerne vore klede eller papir her, men i dag var det altså cd-ane.
** For musikken bringer fram dei gamle kjenslene, heilt eksakte vibrasjonar av noko som VAR og ikkje ER. Og det er ikkje det at eg hadde det så vondt på vidaregåande, men mykje er i alle fall betre no sjølv om noko heilt sikkert er dårlegare også.

5.2.08

Eg kunne ikkje heilt tru det då eg oppdaga kva eg hadde gløymd i går. Heile dagen hadde eg vore slapp og småsjuk i kollektivet til kjærasten, og gjekk då rundt og slang i stilongsen hans. Litt før seks skulle me på mandagsmøte i SIT, og då tok eg på meg jakka og gjekk. Midt på Bakklandet skjøna eg det: Eg hadde ikkje teke på meg skjørt. Difor gjekk eg i ulltrøye og mannestilongs, med gylf, resten av kvelden. Det var litt rart, men eigentleg ikkje so flaut som ein skulle tru og dessutan: eg skulle ynskje det var litt meir avslappa stemning i verda generelt, slik at ein kunne gå meir i stilongs.