28.3.02

Unnskyld eg trekke da. Nils er ikkje ein tapar likevel. Men han har skikkeleg dårleg humor.
Eg fekk ei rekke kjipe, slibrige og lite morsome meldingar frå Nils i forgårs. Den siste eg fekk var frå Jørgen som ba om orsaking på Nils sine vegner. "jeg skal få ham til å legge seg nå" eller noko slikt.

Nils. Du er ein tapar.

26.3.02

Djupt sakna har kome heim.
SPRÅK. Det er viktig med språk. Viktig å kunne snakke, og viktig å kunne uttrykkje seg godt skriftleg. Eg vert trist når eg les det eg skreiv 25. mars klokka fem over elleve.
"....stod på hennar bad.."

Alle veit jo at det heiter "badet hennar" på godt norsk.
No let eg meg nesten ikkje merka av røyklukt i kleda mine lenger. Eg er blitt så van at no kan eg nesten like godt byrje å røyke sjølv. Æsj. Det vil eg ikkje.

25.3.02

Det har vore ei fin og grei helg. Eg har fått meg ein ny pannelugg, eit resultat at av Ragnhild og eg stod på hennar bad og prata om at eg vil ha krøllar og ho vil ha glatt hår, og at me begge er drittlei av det håret me har.

Mulholland Drive var litt av ein film. Satan for ein film. Eg var pissredd, og ganske forvirra.

22.3.02

Sjur sitt oppgåvefordelingsforslag er strålande. Men dersom eg skal spele hovudrolle er eg kanskje LITT skeptisk til tittelen.

21.3.02

Eg har slite med noko manglande konsentrasjon i det siste. Alt kjem av at eg har brått byrja å jobbe mykje meir, og det tek lengre tid. Slitsamt er det, ja, men dog greit. For meir jobb tyder to ting: meir pengar, og mindre daudtid. Og når alt kjem til alt, så er det positivt, for eg får gjort mest når eg har det mest travelt.

Astrid har laga ei liste over film-ting. Min filmkunnskap er diverre sterkt manglande, og ikkje har eg ei særleg imponerande liste over filmar eg har sett heller. Likevel - dagens synspunkt på film:

Beste engelskspråklege filmar?

Roman Polanski sin Macbeth. Fleire? Meir Shakespeare kanskje, Romeo+Juliefilmen som konfirmantMari elskte meir enn mitt eige liv iallefall.
Og så A Clockwork Orange. Og mange til, heilt sikkert.

Beste ikkje engelskspråklege filmar?

Alt om min mor! Og Mongoland , Lola Rennt , og dessutan alt eg har sett (alle 2,5 filmar) av Ingmar Bergman.

Kva burde det lagas film om?

Eg veit iallefall kva det IKKJE burde lagas film om. Nemleg ein familie med feite amerikanarar, og der den eine feite lagar ein medisin som gjer han slank og attraktiv. Iallefall ikkje dersom alle rollene skal spelas av Eddie MongoMurphy.
Men burde lagast? Filmen om meg kanskje.

Lengde?

Ein film bør vara til den er slutt, hahaja.

Kor skulle eg vore på ein rulletekst?

Hovudrolle. Klart. Om ikkje, så iallefall den som blir drept i byrjinga.

14.3.02

Ja, då var det gjort. Eg takka i går ja til å sitje i landsstyret til Norsk Målungdom .
Det er ei stor oppgåve, eg er litt redd for at eg er for lat og tiltaukslaus til dette. Men vonar det går bra.

13.3.02

DET BESTE EG VEIT...

...er å ha da gøy. Gøy er best, uansett.

DET VERSTE EG VEIT

Er å ikkje få sova når eg har lagt meg, og skal opp tidleg dagen etter. Iallefall om det er skikkeleg varmt i rommet. Ellers er det ille å stå opp.

LIVSOPPGAVE

Arg. Eg har vel inga livsoppgave. Eg skal ha det gøy. Jo, så vil eg formidle. Ikkje det at andre ikkje kan gjera det like godt- men eg vil formidle. Eg vil bli sett på å lytta til. Kva eg skal formidle? Det er ikkje så nøye, førebels. Mine eigne ting, andre sine.....whatever.


Dei to siste på denne lista, Jørgen sitt listebidrag, må eg kome tilbake til. Eg kan ikkje koma på kva som er det dummaste eg veit eller har høyrd. Faktisk.

8.3.02

These interesting ears I saw at the plane from Stavanger to Newcastle.

7.3.02

Album eg kunne tenkje meg:

Alanis Morissette : Under rug swept
The Margarets : What kept you?
The Cure : Disintegration
Stina Nordenstam : This is Stina Nordenstam
Martin Horntvedt sin solodebut

No kom eg ikkje på fleire. Kanskje seinare.
ÅH eg skulle gjerne vore i Kristiansand i helga!

6.3.02

Alle, ynsk dykk Jaga Jazzist og Stockhaus til Roskilde!
HURRAAAAAAAAA!!! Eg er så flink, så flink, så flink, eg fann musikken min!!

Skjermen min er framleis fåkka, men no betyr da INGENTING.
Det er ein sorgens dag. Skjermen på datamaskina er blitt så fåkka at eg prøvde å ringa Nils for hjelp, men han var unåeleg. Men skjermen er ikkje det verste. At den er blitt liten med store ikon kan eg leva med.

Men at musikkmappa er sletta! Det er mykje verre. Alle dei fantastiske songane mine.

Alle dei fantastiske, fantastiske, fantastiske songane. Svarte satan.

4.3.02

Ferien i Skottland var ein heilt optimal blanding av kultur, sosiale aktivitetar, byvandring, parkvandring og festing - nok til ikkje å verte lei av nokon av delane. Då var det nedtur å koma til ti centimeter snø - for i dag regnar det!

Nils sitt sprit-liste forslag gidd eg ikkje skrive om i det heile. Men språka hans er eg einig i, vil berre endre rekkefølgen til:


1.Nynorsk
2.Tysk
3.Svensk
4.Italiensk
5.Islandsk/Færøysk