30.7.03

Ein gong sa ein kompis av meg at han skulle heim og ete litt kjeks, han måtte fylla opp kvoten sin. For det var han blitt fortald, at kvar nordmann et 2,5 kilo kjeks i året. So fniste me alle litt, for det høyrdes mykje ut, og me åt jo ALDRI kjeks, så tenk på all kjeksen dei gamle damene et!

To og eit halvt kilo kjeks spreidd utover eit heilt år? Dersom ein går ut frå at ein kjekspakke veg ca. 250 gram (for det kan eg tenkja meg?), so vert det 10 pakkar kjeks. Ein i månaden. Dersom alle pakkane er Havrekjeks vert det sikkert litt færre (ein pakke Bixit veg 300 gram), men dog.

Eg er glad i kjeks. Det skal ikkje stå på det. Eg likar til og med tantete kjeks, slike mjuke med fyll og sjokoladetrekk, som Jaffacakes. (favoritten har solbærfyll). Mummikjeks likar eg og, på mattetentamen i tiende klasse sette eg klasserekord. 14 mummikjeks i munnen på ein gong. (det var ikkje so mange med å konkurrera, dei fleste rekna faktisk.) Det er litt dumt, det der, at det å vera dårleg i matte er heilt greit og akseptert (kor mange kjenner DU som faktisk kan prosentrekning? Eller deling med store tal? Eller oppsetet for gonging), medan det er dødspinleg å ikkje vite kven Chamberlain var. (Er det pinleg? Det er kanskje pinlegare å ikkje kunne dobbel konsonant.) (so lenge ein ikkje har dysleksi, då er det i orden og.)

No vart alt dette usamanhengande. Eg kan snart ikkje stava sjølv ein gong (og prosentrekning kan eg iallefall ikkje), dessutan er dette (matte, ikkje kjeks) ein problematikk som det er skrive meir spanande enn dette om i siste utgåve av SynogSegn, eit blad som hever dagen og ein kaffikopp mange hakk når det kjem.

Slikja. Nokon et i alle fall veldig mykje kjeks.

28.7.03

I dag, etter 2,5 timar på musikkrommet på ungdomsskulen, kan eg presentera fylgjande lister:

EG KAN:
-montera eit trommesett
-spela ukompliserte rytmar saman med White Stripes
-spela litt meir kompliserte rytmar medan eg nynnar Shonen Knife
-namnet på alle trommene og lokka
-spela supersakte med dobbel basstromme
-høyra på ein cd og kjenna att basstromma og skarptromma

EG KAN IKKJE:
-høyra på ein cd og høyra skilnad på kræsj og raid
-spela fort med dobbel basstromme (utan å doble heihatten og)
-særleg mange gode triks
-spela til shonen knife i deira eige tempo

27.7.03

1. Wenn dein Leben verfilmt würde, wie wäre der Titel dieses Films?
MARI - i DITT hjarte


2. Welche Songs würden auf dem Soundtrack sein?
Motorpsycho kunne lage musikken. Men Miss Universum - Big skulle vere rulletekstmusikk.

3. Würde es ein Film mit richtigen Schauspielern oder ein Zeichentrick sein? Warum?
Ein blanding, Ekte skodespelarar med teiknefilmselement, for det er tøft.

4. Casting: Wer würde dich spielen, deine Familienmitglieder, Freunde usw. ?
Franka Potente skulle spele meg, Wenche Foss ei av bestemødrene mine, Judi Dench den andre. Eg har ei venninne som byrjer på I; Milla Jovovich. Kusina mi; Christina Ricci, venninne R; Elisabeth Matheson. Eg har ein kompis som Harald Eia kunne få vere. Gerhard får IKKJE noko rolle, ikkje Ingemar heller, enno om han er barnebarnet (oldebarnet?) til Geirr Tveitt. Heller ingen liknande glætte amerikanarar. Men Bruce Willis likar eg, han kan få vere med, sjølv om det til no har vore litt lite skyting og vald i livet mitt. Men kven veit, eg er no berre knapt einogtjue, det kan dukke opp mange skyte/slosse-episodar framleis.

Fredagsfire på ein sundag

22.7.03

On a long deserted wood road: eine weiss und rote Campingwagen. Oui, oui, sacre bleu! SACRE BLØ! BLØ! BLØ! Soaking, Nass, Gjennomvåt, GJØNOBLAUT, av å sykla heim, blinda av sprut. Familie drog avstad med alle regnbuksene. Regnet og tordna jagar alle turistar vekk frå allfarveg KOR ER ALLE TURISTANE? OG REGNJAKKENE? Brent suppe stinkar, sjokolade og yoghurt er ingen god investering for resten av dagen. ACH! SO ist das Leben, eg sovnar motlaus, rastlaus og passiv i mamma si seng. Ich wusste nicht dass ich auch heute Nachtsdienst habe. Fickgeilundscheisse.

Dagen blir ikkje betre når eg brått surfar inn i dette gresselege vesle rimet her, eit rim eg trudde eg hadde gløymd for evig og alltid (og det hadde nok vore best):"If you where a tear in my eye, I would'nt have cried, in fear of loosing you.." - Det tykkjest meg at dette er ikkje noko dikt ein skriv i blågen sin. Eg er ikkje so glad i å henga ut folk. Dersom ein er glad i poesi er dette plassen å gå. Hrmf. Gmfr.


21.7.03

ALeine heime, foreldre + kleinschwester er på fjellet og bygger terasse på hytte, og bror er in the army now, åoå hes in the army. Eg skal spele lufttrommer og danse vilt til "I just dont know what to do with myself" (white stripes) i stova. Musikken høgt på. Snart skal eg på nattevakt, men fyrst må eg rocke litt med alle vindauge opne. LUFT! ROCK! Kiss me kiss me kiss me!
I anfall av keisemd - eg skulle ha spelt trommer no, men han eg skal låna nøkkel av tek ikkje telefonen - stirer eg tomt på dataskjermen og skriv inn tøffe ord i adressefeltet til verdsveven. Beinhard.

Oftare og oftare finn eg meg sjølv i ein irriterande tilstand der eg mest av alt skulle ynskje det satt ein kul, morosam, tøff, kanskje litt hårete, eller kanskje ikkje, mann i stova som eg kunne ta med meg når eg skal legga meg. DET HADDE GJORT SEG. Eg ynskjer meg ein slik til gebursdagen. Det er forresten på fredag.

Det har tordna i dag. Eg likar betre sola som er no. Redd i torden? Nei, men eg er alltid glad når elektriske apparat ikkje eksploderer, det hadde vore so bale når eg er aleine heime.

12.7.03

Trøytt, trøytt, strømpetrøytt. I dag har eg hjulpe kongen med å representera, han opna småbåthamna på Baldersheim. Dessutan har hjarta hoppa litt i brystet på meg i dag, eg las i BT. Hilde Sandvik, flinkåskriva, hadde skrive ein artig liten sak om å flytta. Eg visste ikkje at det fantes fleire som sparer på ei avis som handlar om heile forløpet til krigen i Bosnia.

Strømpetrøytt. Går-i-seng.



9.7.03

Nei, søt er ikkje særleg bra. Babyar, kattungar og ekle rosa animasjonar som dansar er søte. På barneskulen kunne gutar vere søte, eller skjønne, for det var dei einaste dekkjande alternativa (kjekk, pen og vakker var utelukka, deilige vart dei ikkje før på ungdomsskulen)(og akkurat det er jo verdt ein diskusjon. Er fjorten år gamle, kvisete gutar søte? Neppe).

8.7.03

No har eg fiksa litt i lenkene. Det kan skodast litt til venstre, Maria og heimstaden er komen med, Janey er oppdatert.

7.7.03

Livet i stikkord & lenker:
Pappa.Mamma. Nyasommarjobben.Gamlasommarjobben.Barneskulen.Ungdomsskulen.

Kanskje dette er freistande?

Harde stolar.Klorlukt og forsiktig badedraktsflørting.Dårlege uniform og marsjeringsminner.Slikt dreiv eg aldri med!

Lenge leve Fusa Kommune!
Eg har ingen medynk med unge menn som føler dei må barbere pungen for å få seg noko. Kanskje skal eg skriva meir om kor lite synd det er på desse mennene som slit på sjekkemarknaden i morgon, no er eg for trøytt og uinspirert.

Det er noko med denne sola. Den drep det meste av datalyst!

Den siste veka har eg jobba kvar dag. Det er OK, men no er eg litt lei. Eg vil HIT, til besto og besten!