30.7.03

Ein gong sa ein kompis av meg at han skulle heim og ete litt kjeks, han måtte fylla opp kvoten sin. For det var han blitt fortald, at kvar nordmann et 2,5 kilo kjeks i året. So fniste me alle litt, for det høyrdes mykje ut, og me åt jo ALDRI kjeks, så tenk på all kjeksen dei gamle damene et!

To og eit halvt kilo kjeks spreidd utover eit heilt år? Dersom ein går ut frå at ein kjekspakke veg ca. 250 gram (for det kan eg tenkja meg?), so vert det 10 pakkar kjeks. Ein i månaden. Dersom alle pakkane er Havrekjeks vert det sikkert litt færre (ein pakke Bixit veg 300 gram), men dog.

Eg er glad i kjeks. Det skal ikkje stå på det. Eg likar til og med tantete kjeks, slike mjuke med fyll og sjokoladetrekk, som Jaffacakes. (favoritten har solbærfyll). Mummikjeks likar eg og, på mattetentamen i tiende klasse sette eg klasserekord. 14 mummikjeks i munnen på ein gong. (det var ikkje so mange med å konkurrera, dei fleste rekna faktisk.) Det er litt dumt, det der, at det å vera dårleg i matte er heilt greit og akseptert (kor mange kjenner DU som faktisk kan prosentrekning? Eller deling med store tal? Eller oppsetet for gonging), medan det er dødspinleg å ikkje vite kven Chamberlain var. (Er det pinleg? Det er kanskje pinlegare å ikkje kunne dobbel konsonant.) (so lenge ein ikkje har dysleksi, då er det i orden og.)

No vart alt dette usamanhengande. Eg kan snart ikkje stava sjølv ein gong (og prosentrekning kan eg iallefall ikkje), dessutan er dette (matte, ikkje kjeks) ein problematikk som det er skrive meir spanande enn dette om i siste utgåve av SynogSegn, eit blad som hever dagen og ein kaffikopp mange hakk når det kjem.

Slikja. Nokon et i alle fall veldig mykje kjeks.

Ingen kommentarer: