27.5.09

Den fyrste hausten eg budde i Trondheim og hadde eksamen ringte eg heim og var litt uroleg. Då kunne han far koma med nokre trøystande ord som eg gøymde i hjarta og sidan tek fram kvar gong eg har bruk for litt trøyst:


Gaor da, so gaor da. Og gaor da `kje, so gaor da og.

Det er kvelden før siste skriftlege eksamen i denne omgong. Ein praktisk eksamen, til saman 5 mappebidrag fordelt på 3 fag og 3 skriftlege eksamenar vil då vere overstått klokka 13. Eg kjem til å trenga ein klem!

I tillegg til dei gode orda frå far har eg også detta til trøyst: Nye knoppar på gardeniaen. Biletet er av førre knopp. Den sprang ut og blomstra av, men no kjem det nye. Og dagens røvarkjøp: 4 Indiana Jones-filmar + ein krystall hovudskalle for tilsaman 178 kroner.

PS. Eg skal snart legga ut biletet og.

15.5.09


Ut i min hage veks ingen blå bær, men eit plommetre som blømer. Åh, det blømer og blømer som om det trudde det var med på sjølvaste Hardangerbløminga. Inne har Gardenia i vinduskarmen ein knopp på bristepunktet. Kom hjärtats frøjd!

Me et frukost ute i sola,drikk kaffi og høyrer på Stian Carstensen sin fabelaktige nasjonalsong. So går me inn og set oss med eksamensarbeidet att.

13.5.09

Laleh og Raymond & Maria er blant dei som hjelper meg gjennom våren, den delen av våren eg treng hjelp til: skulevåren 2009. Vener og bekjende på rad og rekke står med nytrykte masteroppgåver i hendene og superstive skuldre, sjølv har eg berre dei stive skuldrene. Der får eg for å byrje på ny med blanke ark.

Eg angrar ikkje, berre på alt eg ikkje las før og at eg ikkje allereie har skrive ferdig. Og so vaskar eg senebetennelsen i varmt vatn, og prøver å trykka "lagre" med jamne mellomrom.