16.2.04

Det er fantastisk å vere attende i verda blant menneska etter ei veke i senga og på sofaen foran tv. Det er keisamt å vere sjuk, men alt vert so kjekt når ein ikkje er det lenger. So er ein heilt frisk, og dersom ein hostar framleis, so hostar ein eigentleg ikkje, for ein er frisk altso. Heilt, heilt, heilt frisk berre med litt annleis stemme (litt grovare enn før), kan gå på skulen og alt. Og har ikkje vondt i hovudet eller nokon stad.

Desse flybillettane har eg kjøpt: heim no til helga, og Edinburgh i påska. Eg gler meg til begge deler, veldig.

Fusasidene står det nesten ikkje om anna enn Liv Grete, eller "gulljenta" om du vil.

3.2.04

Det er dei små tinga som ein gjerne ler mest av, inni seg. På busstoppet eller på veg heim, litt full om natta. Og so er det slike ting som ein vert heilt fantastisk glad av, nesten uten grunn. Ei ny bok, til dømes. Til dømes ei som heiter YODEL-AYY-EEE-OOOO og er eit geografisk& historisk verk som handlar om jodling. Berre jodling.

Det er verkeleg ei bok ein vert glad av å ha. Eg har so utruleg lyst til å læra meg å jodla! Er det nokon som veit kvar ein lærer slikt?

I det nye året har eg ikkje blågga noko som helst. Det er ikkje med vilje, i grunnen. DET BERRE VERT SLIK. Men det har vore kjekt. Eg har blitt kostymedame i SIT. Pass på, uttal det "essite", og ikkje "sitt". For "sitt" er noko heilt anna, og ikkje so kjekt i det heile.