29.12.03

26.12.03

"There`s no place like home!" seier eg og klikkar hælane saman tre gonger, nett som i filmen. Eg ynskjer meg slike rubinsko!

No har det vore fest, nett som før, nett same folk, det var kjekt! Omlag femten gongar har nokon sagt "har du bleika håret?" eller "du var blitt lys!" og omlag like monge gonga har e sagt "ja, heh" eller liknande. Kva skal ein svara?

I morgon er det julafrukost hjå Ber og Pirgit, og eg klare ikkje skriva rett ein gång.

Snakkas!

PS Eg snakka med Jardar på tlefonen i dag, eg måtte forklara han ein ting og to om kjemisk og frisør, slik at han ikkje skal oppelva håret mitt som forvirrande meir. Han har ein gamal ven som er frå Fusa, det måtte sjølvsagt snakkast om.

25.12.03

Tre nøtter til askepott fekk eg av John-Oh og Olege. Tre hasselnøtter i plastpose.

Det regna absolutt uvanleg mykje då me drog heim frå byn i dag.

Eg har berre fått bra presangar, ikkje ein einaste stygg kopp eller pynteting ikkje eingong eit bilete i ramme som eg ikkje får plassert nokon stad.
Berre nyttige ting.
Einast lysestake har eg fått, det er ein TING, men det er greit for den kan brukast.

Nattis, bomull, ikkje dårleg syntèt. Cd, fin. Brevpapir, pledd, ulltrøye, stilongs, bøker.
Og symaskin!

Eg strikkar eit sjal, me såg Trollmannen frå Oz i dag, det er fint med familiebesøk.


Hjarteleg god jul til alle.

6.12.03

Eg fniser jo då, ganske mykje, når eg går gjennom eksamenslokalet med eitt - 1- ark i omslagsarket, og det arket berre har ei fin teikning på seg. Fin, ja , men likevel: ei TEIKNING.

Men eg er ikkje trist, ikkje sint, ikkje oppgjeven, ikkje demotivert - eg fniser.


Knis.
Knis.


UND SONST: Linjeforeninga har fått HEIMESIDE. Om ikkje DEN er ei estetisk oppleving og lesefryd, so veit ikkje eg.

2.12.03

SKEPP O` HOI!!

Eg skriv ikkje so mykje. Jo, det gjer eg, men ikkje her, på bloggen min, her eg har hjartet i handa og håve i fatle. Knis.
Ikkje hadde eg tenkt å skrive noko her i dag heller, men eg har fått eit elektrobrev som gjorde meg so glad so glad, for det syner seg at venninner i England, slike vekkreiste venninner du veit, driv å les her i blant OG DÅ MÅ DEI JO FÅ NOKO Å LESA! Ja, alle de andre og då, sjølvsagt.

Det som skjer i livet mitt for tida foregår for det meste på tysk, og heiter eksamen. I går, grammatikk. I morgon, Litteratur. Laurdag, Landeskunde. Ich habe Angst. Grammatikken skal nok stå til ein D eller kanskje mindre. Det er ikkje nok å skriva mykje svada om kor nyttig og flott konjunktiv er, når ein ikkje kan gjera greie for ein einaste hovudregel. Å prate seg vekk frå ting kan hjelpe i blant, men på grammatikkeksamen? Neppe.

Mange går ofte ut frå eksamen med ei kjensle av å ha stroke, utan å ha gjort det. Men denne kjensla eg har er ikkje noko kjensle, det er kunnskap. Kunnskap om kva eg burde ha kunnskap om som eg ikkje har kunnskap om. Eller iallefall ikkje hadde kunnskap om mellom 9 og 14:30 i går.

Eg får vona og kryssa fingrar (og det får DE OG!) om at kunnskapen som vert venta av meg mellom 9 og 15 i morgon tilsvarer den eg har i håve. Jepp.

PS. Henki Kolstad er superfin.