31.3.05

Eg har ledd og ledd i mange dagar av denne lista med uvanlege namn som vart funne under folketeljinga i 1801. Grevenpop, det er mitt nye favorittnamn. Det skulle eg ynskje eg heitte. Mari Grevenpop Raunsgard!

Ein annan ting eg har ledd av er desse galne jentene. Eg ser for meg at den eine heiter Blancheflor og den andre heiter Mangori. Sånn cirka det.

Eg lever hektiske dagar på Studentersamfundet, fine og hektiske dagar. I tillegg er det våren, det gjer det heile eit ekstra deilig skjær. AH!

24.3.05

Det må skrivast: eg stilte att. Og vart vald. Dette er spanande av ei anna verd, det kjem til å bli litt av eit år!
Kvar dag og natt tenkjer eg på dette, men eg slapper av og. Eg skriv førebuingsdokument. Og so dreg eg på fest.

Eg er jo i Fusa, må vite! For ein deilig stad. Det går ei kråke over bakken til visekongen. Visekongen lagar kaffi. På laurdag laga han vintergalla, det var fantastisk.

13.3.05

For ei påkjenning: munnleg eksamen med 500 sensorar i 4 timar. Då møtet vart heva klokka halv tre om natta var ingen ny leiar for Studentersamfundet veld, og heile valet må gjennomførast på nytt.

Motkandidaten har laga seg eit program på fem punkt. Eg har sove til 13.30, 15.10 og 16.00 dei siste dagane. I dag var eg tidleg, då var eg opp allereie 12.30. Eg veit eg kunne vore ein knallbra leiar for Studentersamfundet i Trondhjem. Men eg veit ikkje om eg stiller att likevel, eg lytter til skogane som syng baki der. So får me sjå.

9.3.05

Man har meldet sig til store hverv, og er nu klar til düst. Ja.

Eg har no byrja å bli noko nervøs. Dei siste dagane har eg lest Samfundets Lover og prata i tilsaman timesvis med tidlegare leiarar & styrerepresentantar. I dag skal eg vere med på dugnad på kostymeloftet fram til Den Store Utfordringa: eit potensielt timar langt møte med utspørjing av min person og andre kandidatar. Det kjennes som eg skal opp til munnleg eksamen, men eg er tøff og klar.