25.2.03

Rock!
Eg har ete ein pakke med kjeks. Eg vert nesten litt kvalm av det. Kanskje skal eg ha spinat til middag i dag.
Og jammen flyttar ikkje nokon ut av kollektivet mitt no igjen, so me skal ha meira visning. Snart.
I dag har eg vaska kjøkenet medan eg høyrde på KLEMeffemm. Det var dødsvittig med ROOOLIGE FAVORITTER KLEEEEEM EEF EEEEEEEEEEEEEEMMM.

18.2.03

I går skreiv eg ein nokså lang tekst her. Om bylarm, til dømes, som var dødsfett, og om senebetennelsen og diverse. Alt forsvann. Det gjer meg sint og lite motivert for meir blogging. Det er ikkje det at eg ikkje unnar alle å lese skrifter som eg har skrive, men eg klarar ikkje skrive mykje. Det går ikkje. Eg har så lita tid til alt, at kvar gong eg set meg for å lese, skrive, blogge - ja, bruke tankekraft - vert eg oppjaga på tanken på alt det eg IKKJE gjer. Som oversetjing, lese kasus, lese om substantiv, skrive referat, lese skodespel...

Så går eg heim for å gjere det, men så vert eg berre sjåande på tv eller øvande på gitar. Slik vert det.

10.2.03

Eg er so lei av at det ikkje står noko nytt på denne sida.
Ei senebetent kjensle som stikk til i høgre underarm kvar gong eg trykkjer ned ein tast gjer meg ikkje særleg nøgd.
Eg gidd ikkje skrive meir.

3.2.03

Det rykkjer i skjermen, dokumenta mine er forsvunne og det tek lang tid å gjere noko som helst på datamaskin. INNBROTSTJUVAR altså!

På bussen i dag (2,5 timar etter eg burde vore på bussen) køyrde me forbi eit busskur med reklameplakat for "Far from Heaven", årets mest kritikarroste film. Det stod det i alle fall på plakaten at filmen er. Men eg tykkjer kanskje ikkje det er det kulaste å skryta av - å vere årets mest eitellerannna - når det so vidt har blitt februar. Faktisk.