27.4.02

Hehe.

Det er natt. Eg er trøytt igjen, for eg var ute igår.

I morgon skal konfirmantane mine konfirmerast.

No skal eg legga meg.

Godnatt

25.4.02

Nokre dagar er eg så trøytt at eg gløymer å helse på dei eg går forbi. I dag er ein slik dag.

Det kan ha ein samanheng med at nokon ringte meg to gongar i natt fordi han var full. Den andre gongen var for å spørja om me ikkje kunne gifta oss med kvarandre - dersom me ikkje får oss noko anna til han er 30.
Då var klokka omlag 4.

24.4.02

At alle dei sterke lyskjeldene på jorda (bilvegar, traffikklys, reklameskilt, byar...) gjer slik at dei stjernene ein kan sjå på himmelen no, er berre omlag halvparten av dei ein kunne sjå på femtitalet - Det er i grunnen trist.

Det fins menneske på jorda som aldri har opplevd ein mørk himmel. Dei har aldri sett stjerner og stjerneskot. Ikkje Mjølkevegen heller.
Det er i grunnen og trist.

Tenk, dei har aldri gått heimover i synkande rus, og sett opp mot stjernene og fundert over livet og døden og universet.
Stakkar folk.

22.4.02

Eg er på jobb, eg skriv samandrag av det siste kapittelet i "Oliver Twist" av Dickens. Eg har drive på med det ei stund no. Eg har skrive kortare samandrag av ei allereie forkorta bok. Dessutan omset eg til nynorsk. Det heile for ein elev som ....whatever.

Eg høyrer på The Cure i minidiscen medan eg skriv.
Head in the Door, det er eit fantastisk album.

No og då syng eg høgt, når nokon går forbi. Eg har fritime, og prøver stort sett å få gjort litt jobbeting i fritimane.
Eg er snart ferdig med kapittelet. Dessutan har eg tatt ein politisk test som plasserte meg nede til venstre, litt nedanfor Gandhi.

21.4.02

I ein song syng Håkan Hellström:
"Dom har gått for at leva sina liv, og gud vet at jag må leva mitt."

I dag har eg lasta ned ein song av Morrissey og han syng:
"Everybodys got to live their lives, and god knows I`ve got to live mine."

16.4.02

KVA EG GJER PÅ INTERNETT:

Aller fyrst ser eg om eg har fått epost.

Deretter bruker eg å lese bloggane til alle menneska til venstre. (I tilfeldig rekkefølge. Og om dei linkar til andre bloggar eller saker les eg gjerne det og.)

Jaga Jazzist er blant dei konsertane eg gler meg mest til på Roskilde, og på desse sidene ser eg ofte etter nytt.

Elles les eg gjerne aviser eller lastar ned gitarnotar.

Så kanskje eg går hit og ser på treffresultata mine, berre for å sjå at "nakenbilder" framleis er det mest brukte søkeordet for å kome til denne bloggen.

Dersom eg går inn på nettbanken min, vert eg berre deprimert av dei raude tala (kvar vert pengane av?), så det er ikkje så ofte.

Og innimellom alt lastar eg ned musikkkk.



4.4.02

BOKA EG LAS FØR:

Frå null til no av Ragnfrid Trohaug. Eg likar og den andre boka hennar, Okkupert kjærleik. Dessutan skriv ho i Dag og Tid, ei glimrande avis.

BOKA EG LES NO:
Dalen Portland av Kjartan Fløgstad. Her skulle det sjølvsagt vore link til intervjuet Sjur gjorde med denne brilliante forfattaren i si tid som studvest-journalist, men det var ikkje lett. Kanskje sida berre er førebels nede, prøv sjølv.

NESTE BOK EG SKAL LESA:

Ai. Eg har alltid, ALLTID, dårleg samvet for dei bøkene eg ikkje har lese. Eg lånte ei av Erik då eg var i Skottland, The New York Trilogy av Paul Auster. Ellers er det så mange andre bøker eg vil lesa at eg ikkje orkar tenkje på det ein gong.

HØGT VERDSETT:

Frode Grytten, Hermann Hesse, Jens Bjørneboe, Torborg Nedreaas, Agnar Mykle, Aksel Jensen, Johan Borgen, mange mange mange...

Dessutan Olav H.Hauge, Tor Jonsson, Halldis Moren Vesaas og Jan Magnus Bruheim. Og Karin Boye og Edith Södergran.

2.4.02

SJUR SKRIV OM LIKESTILLING


”Likestiling for meg er (……..) muligheten til å oppføre meg innenfor rimelighetens grenser MANNETE, uten å bli sett på som en levning fra urtiden.”

Sjur ynskjer å verte forstått, ynskjer at hans behov som mann skal aksepterast og respekterast. Men sjølv er han ikkje mykje interessert i å akseptere å forstå kvinnene sine behov.

”Kvinnen vil at mannen skal forstå hvordan dette får henne til å føle. Hva hans manglende tiltro gjør med hennes selvfølelse. Dagens menn skal læres opp til å forstå. Mens jeg liker å løse problemet. Get on with it. Gjøre noe nytt. Dveling KJEDER meg...Mnngh!”

Og om kvinnene likevel løyser saker på kvinnemåtar, då er det vås. Og mannen reagerer på mannens vis:

”… blir jeg forbannet av alt våset jeg må sitte og høre på før man kan bestemme seg for noe.”

Kanskje ynskjer Sjur seg attende til femtitalet? Dette er ikkje skriveri om likestilling. Det er pisspreik.

” Jeg ønsker meg kvinner som anerkjenner vår kamp, og slikker våre bakfulle sår. (Ikke bokstavelig talt.) Gir oss en kald klut så vi kan komme oss etter gårsdagens kamp. Gir oss suppe og steller vår feber...”