24.12.07

Kvit jul? Nei, våt jul.

Uansett, jul er det.

God jul til alle!

14.12.07

Eigentleg ynskjer eg meg ikkje noko til jul, gjerne geiter eller kyllingar eller symaskiner, men eg kan jo alltid laga ei lita liste:

Kokebøker:
Ingrids matminner (og alle dei rutete Ingrid-bøkene. Eg hadde ein gong den raude, men den er forsvunnen i ein av flytteprosessane eg har vore gjennom)
Alice B. Toklas kokebok
121 tjuvtriks med Christopher Sjuve
Og ikkje minst: Nigella på fest og Nigella freistar.

Vanlege bøker:
Frode Grytten: Tid ved hav, tid ved rom.

Musikk:
Susanne Sundfør

Kle:
Ullundertøy (Gjerne trøyer og stilongsar med blondekant. Men eg brukar IKKJE storleik 46 i stillongs slik nokon såg ut til å tru i fjor! Det held med 42!)
Gulltunika, slik som den Nicole Kidman har i “Det gylne kompasset".

Og til slutt: kjøkkenmaskin.

9.12.07

Like lite som eg får med meg alle episodane i ein tv-serie eller eit radioprogram eg liker - like lite flink er eg til å følge opp noko som går over lenger tid. Som til dømes ein julekalender. Eg vedgår: Det går skikkeleg dårleg. Men til dei som vert skuffa kvar gong eg ikkje har lagt ut nytt adventstips: det finst trøyst.

For barnas jul gløymer ikkje/gidder alltid å laga ny luka på adventskalenderen sin. Der er det stas, kvar dag kan du til dømes spela eit artig spel.

I dag er det tevling forresten. Eg har gjort nokon av desse aktivitetane i det siste. Den som klarar å gjetta kva eg har gjort skal få ei overrasking. Det er mellom 1 og 5 riktige.

A Børi ved.
B Bakt lefser.
C Kokt kyllingskrog til kraft
D Laga marsipan
E Skrive ei julehistorie og fått på trykk i Trønderbladet
F Bakt eit brød
G Laga sylteflesk
H Strikka
I Laga serinakaker i ein barnehage

Lukke til med tevlinga!

5.12.07

Adventstips 4:

I går var eg treig og fekk ikkje posta noko tips. Men her kjem det: Maris julegavetips. Dobbel-Mari-tips.

Adventstips 5:

Dagens tips er for dei som ynskjer seg kjøkenmaskin til jul og lurer på kva for ei maskin dei skal kjøpa.

For øvrig skulle eg gjerne ha posta eit bilete av pepperkakehuset me laga i forgårs. Det var laga etter arkitekt-teikningane på hytta til Svend, ei lafta "oppstugu". Det er det beste pepperkakehuset eg har bidratt til i heile mitt liv.

2.12.07

28.11.07

Kor syndig er eigentleg sjokolade? Kjærasten og eg såg Chocolat i dag på ekte white trash-vis. Me tok med kvar vår tallerken lessa over med potet&kålrabistapp og pølser inn i sofaen og såg film. Digg mat, deilig film.

Tanken på sjokolade slapp aldri taket. Medan dei andre såg Rosenborg spele kamp(kjærasten var faktisk på Lerkendal) las eg kokebøker. Eg elskar Nigella. Og no har eg testa dei syndige grensene til det lengste, det dekadente og søte livet ein vanleg onsdagskveld: å bake sjokoladekake som Nigella serverte på nyttårsfesten medan eg drikk eit par glas raudvin og ventar på kjærasten.

No står kaka i omnen. Den inneheld 300 gram sjokolade, 6 egg, 125 gram smør og 175 gram sukker, og er piska saman i tre bollar. Enkelt, ganske kjapt og veldig deilig. Og det kjennes nesten ikkje syndig ein gong.

(I morgon har eg køyretime på slaps og is. Det kvir eg meg til.)

24.11.07

Frydar meg med eit glas raudvin og fantastiske Baccara på laurdagskvelden. Ungdomstid, du slette tid. Rett frå jobb og sju-vakt att i morgon. Det er eit hondaliv, men pengane kjem godt med om ein skal ha te salt i suppo og søte kjeks te jul!

Førre helga fekk eg tidenes e-brev. Her stod skrive:

Beklager å måtte spamme, dette var eneste måten jeg kunne få kontakt med deg, mitt livs kjærlighet. Vi møttes på Harveys i helgen, husker at du het Mari-ett-eller-annet...
Hvis du føler det samme, please svar på denne mailen!!!!!!!

LoveU:)

hilsen
"meat-loaf"


...og det var sendt til meg og 571 andre ntnu-brukarar som heiter noko med Mari. Blant anna nokre Mariusar, og ein av desse svara (til alle 572):

Halla!

Jeg var på Harvey’s i helgen og var full som et charterfly. Husker ingenting, men kunne det vært meg?

Hilsen Marius


Eg vonar Meat Loaf finn drømmedama si, det hadde vore ei historie for den kulørte vekepressa, det.

22.11.07

Korleis har du det? Eg vonar du har det bra. Sjølv har eg budd so lenge i Trøndelag at eg har byrja å sei "lell" og ein slags "schø"-lyd på slutten av setningar. Eller meir som "sche", eventuelt "schæ" og i alle fall ei blanding av dei tre. Med kort vokal. Eg skal finna fonetikkbøkene og so skal eg skriva ned kva lyd eg faktisk lager. OG som ikkje dette var nok! Schwa-vokalen i "hei" går meir mot trøndersk e enn vestlandsk æ. Det kjennes ikkje bra. IKKJE bra.

Difor les eg vestlandske bloggar (Alle jentene i Skoddeheimen er gode å ha til dette føremålet) og eg les vestlandske bøker og eg FRYDAR meg når eg kan le innadvendt av dei vestlandske humor-særeigenheitane. So les eg høgt for kjærasten min, og FRYDAR meg når han ikkje tykkjer det er like morosamt som meg. For det tyder at det vestlandske er intakt. Heldigvis.

21.11.07

Arild Opheim fortalde nett at vill-kalkun er i ferd med å innta byar i USA. Til dømes Manhattan. Det er ein fantastisk tanke. Eg ler høgt på kjøkenet med tankene på dei gamle damene som vart so skremde at dei ikkje kom seg avgarde på grunn av ein truande kalkun, og dimed vart haldne som gissel. Diverre følgde eg ikkje med nett då, so eg høyrde ikkje KVAR denne skrekkens kalkun opererte, men eg ser for meg at dei tre gamle damene sat på eit bord på ein fortauskafe og at kalkunen patruljerte strengt fram og attende foran dei. Goble! Goble!

No er eg godt i gong. Og det er jo nett ein månad sidan sist eg skreiv noko, so då kan eg skriva litt til.

Alle stadene eg har budd har eg hatt lånekort på biblioteket. Det vil seie: Fusa, Bergen og Trondheim. I Fusa var det best, særleg før det automatiske kortsystemet. Då hadde eg lånenummer A5. A1-4 var dei andre i familien min.* I går var eg på Melhus bibliotek og fekk meg lånekort der. Det finaste der var at eg fekk kort sjølv om eg hadde gløymd legitimasjon. Eg set pris på slike stader, når ein får lånekort utan legitimasjon, for det tyder at det bur få nok folk der til at folk stolar på kvarandre enno. Eg lånte "Røff guide til samtidslitteraturen" av Marta Norheim. No planlegg eg ynskjeliste til jul. Eventuelt låneliste til biblioteket.

Kjærasten min speler trommer i kjellaren. Potetene til den tidlege middagen er på kok. Eg har det veldig fint.



*Ja, pappa var bibliotekar. Det var fantastisk å vere med han på jobb, og det var eg ofte. Sat der i barnekroken og las alle bøkene eg fann, og då klokka var åtta gjekk eg heim med ein pose eg nesten ikkje klarte å bæra. Fantastisk. Eg likte best eventyr-historier om parallelle univers og born i hovudrollene. Magi, tidsreiser, portar til andre stader eller rett og slett handling frå stader som ikkje finst. Som ein bokserie om Julia og den skumle kampen mot ei rottedronning av noko slag. Eg hugsar ikkje noko konkret, berre nokre bilete. Eller Narnia-serien so klart. Og so vidare.

21.10.07


Galla is a state of mind! For eit par veker sidan var søster på besøk. No er bror her. Det er fint med familie, særleg når dei kjem på besøk og eg ikkje har sett dei sidan august. UKA er tiara og champagne, og no også besøk. Eg skal legga ut bilete av bror seinare, bror som kjøper FUSA-skjorte på FUSA-butikken.

Til slutt er det ein ting eg vil tipse dykk om. Eg har det frå Else Camilla, og eg var lenge skeptisk. Det synte seg å vere grunnlaust. Prøv knekkebrød med brunost, salatblad og sennep! Det er skikkeleg digg, ganske pikant.

16.10.07

Ein dag skrapar eg saman nokre scones til frukost, slik at kjærasten og eg har noko å ete til kaffien. Det er ganske romantisk.

Ein annan dag sparkar eg til eit raudvinsglas so dei kvite teppa på golvet og senga til venninna mi får raude flekker.

Ein dag sit eg og gret av stoltheit over teaterforestillingar og kva ufatteleg stort gode vener kan få til.

Det er oktober og festival, ein festival eg er med på, men likevel litt framand for nett denne gongen. Men snart er det over, og då kan eg sjå fram til...

...til jul.

30.9.07

Eg freistar å få ned på papir eit ynskje om formidling. Hahaha! Det er ein søknad til noko kjekt som eg har tenkt på i mange år. Endeleg høver det. Endeleg har eg ingenting som held meg att slik at eg tenkjer "litt seinare, eg skal berre bli ferdig som leiar/gjere ferdig bachelorgrad*/vere med på UKA/bli litt betre kjend med kjærasten min slik at det ikkje vert so rart å reise fyrst!". Alt dette er greit.**

Og no får eg fan ikkje til å skriva søknaden. Fristen er i morgon, so eg bør bli genial då. No er eg ikkje genial, so eg legg meg til å lesa litt i Bikubesong før eg sovnar. Eg må jo førebu meg litt, til DETTA. Det blir skikkeleg stas, og alle er inviterte.

*HAH!
**Unntatt bachelorgraden.

17.9.07

"Du store min, tenkte Galdhøpiggen.
Den våknet en dag og oppdaget at den hadde flyttet seg en centimeter."

Det er noko slikt ho skriv, den godaste Inger Hagerup. Eg trur dei tenkjer "du store min" heime og for tida.

17.8.07

15 pent brukte bøker av Agatha Christie til 450 kroner. Det er eit tilbod eg ikkje kan la vere å slå til på, Aaaaha, heHeee. Nigella er komen i hus, eg klør i fingrane etter å setje i gong, men ikkje i kveld.

I kveld skal eg gå med lange bein til eit party, kanskje gå ned fyra kilo på at dansa charleston, men uansett feire at det er 6 månader i dag sidan noko kjekt. Kanskje det blir litt vin også. Kvar vert vinen av når ein drikk han? Kvar vert tida av når ein er forelska? Kvar tar draumen vegen når ein vaknar? Kvar tar deigen vegen når ein bakar?

Tevling i to spørsmål:
1. Kva er Atamon?
2. Kva song høyrer eg på medan eg skriv denne posten? (fleire hint i teksten)

9.8.07

Det er vanskeleg å uttrykkja kor lite eg har lyst til å vere styreleiar eller direktør eller sjef for noko som involverer Store Pengar. Eg har ikkje særleg stor kunnskap eller interesse om Store Pengar, og nokon måtte forklarar meg kva ein opsjon er.

Takka seg te å få mala eit rom medan kaffien trekk og p2 er på radioen.

Eg skal vera bra nøgd med livet dersom eg får ei eller anna statleg løn ein kan leva på og kan feire nedbetalt studielån med ei flaske raudvin rundt femti-årsalderen, har råd til Selbu Blå på skjevo ein gong i blant, eller til å ha fløyte i sausen og salt i suppo. Eg kan leva heilt fint slik som førskulelæraren og bibliotekaren i Fusa som eg kjenner ganske godt, heller det enn å vera i alle avisene på grunn av opsjonar og Store Pengar.

7.8.07

Eg har grunna eit rom, bestilt ei bok på internett som skal gjere meg til ei husgudinne, har dusja og rydda litt og skal straks laga ein salat til Gislaug som ho kan få til middag når ho kjem heim. Kom sommarvijnn, no skal eg straks skriva handleliste på ting eg treng til å laga rips-gele.

1.8.07

I dag var den siste dagen i sommarjobben for denne gong. Det er ikkje noko vemodig i det heile tatt, sjølv om eg med større sannsynlegheit enn nokon gong kanskje har rett når eg tenkjer: "Skal tru om dette er siste gong eg kjem heim til mor for å sommarjobba? Skal tru om eg til neste sommar har ein vaksenjobb som eg faktisk har ferie frå?" Det er alltid ein spanande tanke.

Då pappa kom heim frå jobben i dag, vaksenjobben han nettopp er ferdig med å ha ferie frå, hadde han med ei gåve. Det var heile Skugge-serien til Maria Gripe, i godt lesen, kassert bibliotek-utgåve. Det var fantastisk. Eg har lyst å lesa alle med ein gong, men har eigentleg ikkje tid. Vidare har eg lyst å ta dei med til Trondheim (på laurdag), men fira store bøker i bagasjen? Eg har nok problem med å halda meg under overvekts-grensa når eg skal pakka saman etter to månader heime.

Til bursdagen eg hadde fekk eg eit haiku-dikt. Det vil seie. Å lage eit dikt, song, sketsj eller limerick var den ekstra-oppgåva etter MARIQUIZ på bursdagsfesten, og den eine gruppa valde å laga haiku-dikt. Dei har ikkje forma heilt inne, men får pluss for at diktet er basert på ei ekte hending frå 1989:

Skulen er ferdig.
Fjellet er bratt.
Ryggsekk tar imot.
Mari raud.

30.7.07

Festivalguten sjølv seier i aviso i dag at ordet "å blekke ut" (for å besvima av alkohol, eller alkoholforgiftning - i alle fall for mykje) er trøndersk. I alle fall trur aviso da. Men eg er skeptisk - å blekka ut seier no me og. Og er det ikkje engelsk? Black out? Det trudde no eg.

9.7.07

Eg har ein gul sykkel med øydelagde bremsar og punktert bakdekk. Det er like greit at dekket er punktert, for elles ville eg nok falle for freistinga å ta sykkelen på jobb når eg har sove nett 10 minutt for lenge. 10 minutt er ikkje mykje, men i den smale halvtimen, minimumet av tid eg pressar inn mellom søvn og jobb, kan 10 minutt vere fatalt. Det er kanskje like greit då, å kome 5 minutt forseint, for utfallet på sykkelen ned den bratte skulebakken kan lett bli fatalt. Men no er dekket punktert, so det potensielt helsefarlege alternativet har eliminert seg sjølv.

Vidare har eg ein bror som er i ferd med å synka inn i ei anna verd, og gradvis forsvinna frå det regnvåte vestlande. Det er ei krigsverd han er i ferd med å forsvinna, på internett, og eg ler av han. Innimellom kampane han kjemper mot digitale monster er syster på facebook. Det er ikkje rart eg ikkje bloggar meir!

Men eg les. Her er lista:
Kompani Orheim (Tore Renberg)
Slapstick! Or Lonesome no more (Kurt Vonnegut)
De dødes måned (Andrew Taylor) (krim)
Berlinerpoplene & Eremittkrepsene (Anne B. Ragde)
Islandsk krim om nedgravd barnelik som eg ikkje hugsar tittelen på.
Olav H. Hauge - Bodil Cappelen Brev 1970-1975

Og ikje minst: praktverket "Absolutt heile sanninga" av Agnar Holvand. Eg las den fyrste gong i min naive ungdom, og tykte det var skikkeleg artig at forfattarnamnet minna so mykje om eit anna forfattarnamn. Men eg vart litt flau av enkelte scener i boka. Det vart eg ikkje no, når eg er ei gamal røy som har vore ute ei vinternatt sidan 1998.

30.5.07

It`s time to go official: 1. juni flyttar eg frå Ilevollen, Trondheim og til Loddgard, Melhus. Der skal eg bu i kårstova saman med Gislaug, odelsjento sjølv, og der skal eg stå opp kvar dag til sol over bygg-åkrane og lyden av sau om morgonen. Det skal bli fint, eg gler meg veldig. Dersom nokon er på veg forbi ein dag er det berre å ta av E6-en og stikka innom for ein kaffitår. Kanskje me til og med har litt biteti te deg? No for tida foreksempel, har me vestlandslefsa, so dersom du kjem innom er du ikkje til bry.

23.5.07




Henning og eg har tatt trafikalt grunnkurs, og på veg til trafikkskulen med kaffikopp i hand gjekk me forbi balkongen til denne tofjes-katten. Ein dag etter me har blitt litt betre kjend har eg tenkt å spørje tofjes-katten om han vil vere med og flytte til Melhus med meg, so fin tykkjer eg han er. Reknar med at Gislaug ikkje har noko imot at tofjes-katten vert med.

14.5.07

Kanskje eg ikkje bloggar so mykje fordi eg er so opptatt? Hahahaha, ler eg og slår meg på låret på ein so grunnleggande ironisk måte at alle skjøner eg ikkje er noko opptatt i det heile tatt. Eg finst ikkje opptatt!

Men eg gjer på ting! Her er to gøye ting eg har drive med i dag, medan kjærasten min ligg på sofaen og les seg opp til formannskapsmøte: eg koser meg med å lesa om kven figurane på vestfronten på Nidarosdomen var og kven som har laga dei. Det er veldig spanande, og eg er særleg glad for å få vita historia til han med det avhogde hovudet sitt i hendene.

Vidare har eg strøke på teoriprøven til bil, noko som er heilt greit sidan eg ikkje har byrja å lese enno og ikkje skal ta den før over sommaren.

Dette vart ein post som, dersom me tenkjer littegranne på SIT før me gjer oss, inneheld alt eg driv med for tida.

13.4.07

Marthe-Julie var også heime i påska, og i bloggen sin skriv ho om dei typiske spørsmåla som alltid kjem att. Eg veit akkurat kva ho snakkar om, eg få nett dei same spørsmåla, og nokre ekstra. Tillegget til MJ si liste:

- Du held deg i Trondheim enno, ja? Du har vel ikkje byrja å snakka trøndersk enno?
- Ja, du finn deg vel ein trønder og blir der oppe, eller?
- Kva drive du med no då? (etterfulgt av:
- Ka ska du bruka da te då? (dersom eg har snakka sant, eller ikkje noko dersom eg har løge og sagt at eg har byrja på "sykepleien" eller noko.)

5.4.07

"Mari, no e da kveldsmat!" Roper far frå stova. Eg avslutter telefonsamtalen og legg på. Eg går inn i stova.

Der sit far ved stovebordet. Foran han er det lina opp tre små glas med drykk som openberrt ikkje er vatn. Ved sida av hans glas er det tre til meg. Mor sit på hi sio av bordet og fnyser litt.

Det er tid for whiskysmaking!
(Etter whiskysmakinga var det tid for å sitje foran datamaskina og humre litt (okei då, le høgt) av Fiskerens Venn. Og lese det vittigaste høgt til far og mor som sit på tv-rommet og ser film. Sjølv om ikkje mor tykte "kveldsmaten" var noko morosam kan dei einast i at forbrukarspalta: Vi testar Margarita-mix var morosam, so ho er ikkje heilt utan humor ho heller.)

31.3.07


Kva skal du gjera då, når det er palmelaurdag og de står der og skal laga omelett til frukost? Jau, blåsa egga i staden for å knusa dei. Når de har ete frukost ferdig og dei andre har stått opp bles de ut 6 egg til slik at det vert vaffelrøre av 6 egg og 8 fine, tomme egg de kan måla på. So kan han eine steike vaflane medan de lager potettrykk til å eksperimentere på egga med (ikkje enkelt) eller måle dei med pensel på vanleg vis. Når han som steiker vaflene vert lei (det er trass alt nærare 2 liter vaffelrøre og de er berre 4 personar) byrjer han å eksperimentere med vaflene. Dersom det går nokon de kjenner forbi på gata utafor kjøkenglaset kan du opne det og rope dei inn på vafler og kaffi. Då vert det ein utruleg fin dag!

Resultat av vaffeleksperimentet:
Sjokoladesaus: Liten ettersmak av sjokolade, men ikkje mykje. G+
Bringebærsyltetøy: Kjempegodt! S
Myggelost: Ikkje bra. Smaker berre litt brent ost, castelloen tolte ikkje varme. Ng.
Chorrizo: Superb. Suksess. S+
Manchego: Veldig bra, digg med crispy ost. M+
Brunost: Når osten svei vart det karamellaktig og godt. M+
Vaniljelikør: Ikkje noko spess. Vaflene vart litt sprø, det var ok. G

13.3.07

I galehuset Ilevollen, der eg bur, fløymer kjærleiken over dag for dag. E&E elsker kvarandre digitalt, og inspirert av det skreiv eg eit kjærleiksbrev i går. Eit ektek kjærleiksbrev, for hand, på papir(eg unnslapp sovidt freistinga det var å teikne bord). I dag har eg gøymd kjærleiksbrevet ein lur stad, og er spent på å sjå om det vert funne...

11.3.07

Eg sit på rommet innafor ein fest. Ein piratfest. Dersom festen beveger seg frå eit rom til eit anna stig temperaturen til ca 50 grader. Sporenstreks. Festen syng gamle songar om att og om att, til dømes Saman for livet, bohemsk rapsodi og anna knask.

I går høyrde eg noko fabelaktig festleg på radioen medan eg rydda på rommet. Ein amerikansk forskar har nemleg spela Engelbert Humperdinck til ein bolle med e.coli-bakteriar i 48 timar. E.coli-bakteriane likte det ikkje særleg godt dei heller.

(Forresten er eg usikker på om han er forskar. Eller om han er amerikansk. Ting i lenka kan tyde på at det første i alle fall er feil, men det står skrive på utanlandsk og festen forstyrrer meg (hunting hiiiigh and loow) slik at eg ikkje forstår utanlandsk lenger.)

Festen har eit piano og. Eg kjenner meg ikkje særleg morosam og tenkjer på å gå heim. Kjip som eg er.

24.2.07

Det hadde eg aldri trudd eg skulle oppleva, men i går såg eg Ingrid Lorentzen dansa "svanens død" frå Svanesjøen. Det er ikkje noko eg har drøymd om, men etter å ha sett det tenkjer eg at eg godt kunne ha drøymd om det.

20.2.07

Etter eg hadde dusja var frukosten gjort klar. Kaffi og speilegg med chilipulver på. So gjekk eg på speglblanke islagte trondheimsgater mot Samfundet. Etter møtet vart me inviterte på lauksuppe i eit hus som ber namnet "Gammeldagshuset" (og det med rette).

Alt er godt.
Alt!

14.2.07

Det snør ikkje lenger, so eg trur Aslan må vere på veg. Men klimamessig sett er det framleis Narnia-tilstandar i Trondheim. Veldig kaldt, glatt og kvitt.

Det nye, gode livet har byrja. Eg trena pilates i går, og er godt nøgd med å kjenna det i magemusklane i dag. Dei RIKTIGE magemusklane, dei i senteret av kroppen, du finn dei dersom du strammar til og kjenner etter to fingerbreidder inn frå hofteknutane. Greitt, ja!

På veg til idrettsbygget sitra kroppen av glede og fryd. Endeleg skulle den få røre på seg litt att! Endeleg skulle musklar spennast og tøyast, og blodet skulle få bruse adrenalinfylt og fritt. Det er godt å trene, det er berre so utruleg tiltak å kome seg dit. No har eg klart det ein gong, so no skal det gå. NO har eg byrja eit nytt og betre liv! (trur eg)

29.1.07

Magnus pleide å samla på Gjende-kjeks då han var liten. Han samla dei i ein oransje balje, og hadde cirka 10 pakkar då han gav det opp. Han opna pakkane og samla kjeksa i baljen. Det kule med denna hobbyen, seier Magnus, er at "når du først får en pakke får du så SYKT mange nye i samlingen".

21.1.07

Du sundagskveld, du sundagskveld.
Du var no alt min beste kveld!

Slapp og deilig i dag, eg effektiviserer språket med apokoper og spør: "Kaff, Gis?"
"Jaa!" svarer Gislaug. Magnus speler gitar og syng lavt på pianokrakken. Ane og Gislaug lagar semesterplan. Eg skal eigentleg skriva noko, men det er så deilig å berre sitja her og vera litt sliten, drikka kaffi, høyra på Maggen og tenkja at det her livet, det er godt.

16.1.07

Urtete i glas, det var ikkje fleire reine koppar her på hybelen. I stad gjekk det i døra, men det var ingen der då eg såg etter. Eg gjekk ut i gongen, men det var ikkje lydar av skritt i ei einaste retning. Det var passe skummelt, her eg er, nesten aleine i eit kjempestort murhus frå 1929.

Heldigvis kjem Ane snart, då vert det tryggare. Eg har sett på kaffi til deg, Ane!

15.1.07

Det er ikkje mange minutta att til det fyrste måndagsmøtet i det nye året. Ane er litt nervøs, eg er ikkje noko særleg, eg berre gler meg. Me har øvd inn ein song me skal opptre med før møtet byrjer: Alle mann hadde fota. Det er ein flott song, like sær i teksten som dei fleste gamle folkeviser er. Og med ein fengjande melodi som me har sunge på inni hovuda våre ei heil helg og meira til. Kven er desse ME som ho snakkar om, spør du kanskje deg sjølv no. Og sanneleg, det seier eg deg: eg har ikkje klart å halde meg unna frivilligheita i år heller. Eg er blitt med i Styret for SIT detta året, og no i helga var me på hyttetur på Røros. Det var skikkeleg flott.

4.1.07

Tre ting eg har notert på gule lappar på kjøkenet:

Klokka 6 om morgonen, kaffi & Henning Mankell på kjøkenet: Keeper of the flame – Nina Simone på radioen

"Først ska vi finn ut, ta stilling til og gjøre vurdering av…"(Odd Roger Enoksen er grundig i ord)

Einar Gullvåg Staalesen. (Pans Labyrint) Du kan få lesa eventyr for meg korti som helst!


Eg hadde tenkt å spela ferdig Narnia før eg drog, men eg veit ikkje om eg greier det. Eg kjem meg fanskjærameg ikkje forbi to av kentaurane – og dei er ikkje slemme ein gong! Difor legg eg det frå meg, og freistar lese ut Henning Mankell att, Kennedys hjerne. Eg blir skremt av den boka, eg kjenner den moderne verda eller noko som eit svart hol i brystet.

I dag vakna eg også tidleg. For alle andre er det kanskje ikkje noko sensjonelt i det å vakne av seg sjølv klokka halv åtte, men for meg som kan sova til eitt om føremiddagen er det veldig fint. Stearinlys og god tid til kaffi i grålysninga. Og ”Mørkets opplevelser”, P2 sitt filmmeldarprogram på radioen. Dette er fint, dette er nyårsforsettet mitt.



 

3.1.07


Framtida gjer meg kvalm. Då eg kom heim frå ein regntung spasertur til likningskontoret, 
der eg oppjusterte skattakortet, høyrde mamma på Sivert Høyem. Wasnt it ironic? Yes it was, for då eg kom inn døra song Siverten: "Now I`ve slept for three days straight. January third has found me waiting. January third has found me waiting." Og det kvalmande skjebneironiske hadde ikkje noko med resten av teksten å gjera, men det var nettopp dette med dagens dato, ventinga og sovinga som passa. Nattevaktene i jula har gjort store ting med døgnrytmen min. I går sov eg bokstavleg tala heile dagen, eg var kun vaken då eg åt middag og då eg prøvde å lesa litt etter middagen. Elles sov eg og sov eg heilt til eg vakna kvart på fem i natt/dag tidleg, spill vaken og ikkje i stand til å sova eit minutt lenger. January third starta soleis på kjøkenet med "Kennedys hjerne" av Henning Mankell, 
havregraut og eit par koppar kaffi. Spaserturen i regnet var prega av Den Store Framtidsgrublinga, og eg berre ventar på ein Den Geniale Ideen, Den Store Planen, eller nokon som skal til å kome eller noko slikt. Det einaste eg veit er at det blir ikkje nokon bachelorgrad på frk. Raunsgard i år heller. Verken i tysk eller noko anna.

Ja, og so til førre tevling. Astrid hadde rett sjølvsagt, for Astrid var der då eg tok biletet og det, vener, det er fusk.
Difor vert biletet frå jula i familien Raunsgard av nettopp Astrid, der ho sender melding frå
mobiletelefonen min og har på seg smykket ho fekk av meg og Heine.