26.12.04

Konrads Kalasklister fästar obönhörligt!

Med atterhald om korleis "ubønnhørlig" stavast på svensk. Eg veit ikkje korleis det stavast på nynorsk ein gong, heller ikkje om "stavast" er særleg rett. Det er ei skam. Heile kroppen inkl. hovudet er altfor mett og full av brente mandlar, sjokolade og annan mat. Det er laks til middag, det kjem ikkje til å etast so mykje av denne kroppen som skriv her i dag.

Takk for alle julegåver. Eg høyrer på den eine no, det er Le Tigre. Medan eg venta på at datamaskina skulle samarbeide (fira forsøk) las eg ei anna julegåve: Knutar. Som den observante lesar vil merke seg var det nett dei eg ynskte meg. Det var ikkje noko slumphende. (som det heiter i Tordivelen flyg i skyminga). "Slik er det visst å verte vaksen." Eg blir glad av at Le Tigre covrar (haha, det er jaffal ikkje god nynorsk) I`m so excited! Det er pub i samfunnshuset i kveld. Eg er so spent at eg berre ikkje kan skjula da.

No har eg vore ute og aka. Eg tok mykje fuktigheitskrem i ansiktet, det hjalp veldig. Hud er elles ganske tørt, raudt og skrukkete om vinteren. Eg hadde på meg kjeledress. Kjele? Varmt som i ein kjele, er det det som er greia?

22.12.04

Eit sommarminne. Herregud so deilig. Fossen heiter Brudesløret, staden er Rondane.

21.12.04

christmas lights
You are the Christmas Lights.


What Christmas Ornament are you?
brought to you by Quizilla

Eg er julelysa, eg glitrar og glitrar og er vaken halve natta av berre glitter. Neida, eg har sove tolv timar og likevel blitt trøytt. Det luktar juleaktig for far har koka halve grisehovud på kjøkenet i heile ettermiddag. Far har laga sylte. Og det her HEIHÅ juleferie igjen. Eg har ikkje kjøpt noko særleg i år, eg har laga julesingel. Den er fin, den. Misteltein.

13.12.04

Du blei Jean Grey/Marvel Girl/Phoenix!
Jean Grey/Marvel Girl/Phoenix


Kva for ein X-person (av dei fem alternativa eg har gidda aa ta med) er du?
brought to you by Quizilla

Eg tok testen til Maria. Jean Grey altso, det er meg. Er det henne som kan styre håret sitt? Eg hugsar godt eg las ei historie med ei slik ei (i eit Edderkoppen-blad, trur eg). Kvar av hårlokkane hennar var som ein kroppsdel, ho kunne løfte dødstunge ting med håret sitt. Det var knall raudt, og veldig stilig. Herregud, eg skulle gjerne hatt slikt hår!

Forresten ynskjer eg meg perleøyredobbar, toastjern og høgtalarar til diskmannen min og.

9.12.04

Santa baby, all I want for christmas is:

*historisk atlas
*Le Tigre - Le Tigre
*Carl Frode Tiller - Bipersonar
*Gunhild Øyehaug - Knutar
* Palmer - verdenshistoria. For pensumlitteratur er så dyrt!
*fuktigheitskrem til føtter
*chicks on speed-veske. Of course
*Ulltrøye med blondekant, svart
*Mulholland Drive
*nokre meter fint og glamorøst stoff + matchande glidelås til nyttårskjole

Det var det eg hadde på hjartet førebels. Elles les eg Ragnar Hovland sin julekalender her eg sit og strevar med å ikkje le høgt. Han har nokre gode tips til mat og drikke i jula som forstyrrer freden her på datasalen.
I am Daisy Faye from Fitzgerald's The Great Gatsby.  I have very shallow tendencies and I suppress a lot of my emotions because of my carefree lifestyle.  I have lost out on a lot of%
I am Daisy Faye from Fitzgerald's The Great Gatsby.
I have very shallow tendencies and I suppress a
lot of my emotions because of my carefree
lifestyle. I have lost out on a lot of
meaningful, life-changing relationships because
I am afraid. Hahahahahaa!


Which Literary Heroine Are You?
brought to you by Quizilla

28.11.04

Ein kopp kaffe står på bordet foran meg, sterk nok til å brukast som mordvåpen. "the Cocka hola company" ligg i veska mi, klart til å lesast. Det har den vore sidan september. Eg fann den i ein bokhandel i München, omsett til tysk. Eg byrja å lese litt, det var ein slik bokhandel der ein kan få kaffe og lese i bøkene frå store lenestolar før ein evt kjøper dei. Eg kjøpte ikkje ei norsk bok på tysk i München, eg kjøpte den på norsk i uni-bokhandelen i september.

Det er ordentleg vinter i denne byen. Sjølv tida går fortare enn nokon gong er det likevel lenge sidan sist vinter. Eg hadde gløymd korleis vær kunne oppføra seg, for det har vore so stabilt og fint i haust. (Eller eg har vore inne?) No er det stabilt att. Kaldt og snø.

Leffa, Endre og eg skal flytta til andre sida av byen. Me fekk veta i dag at me får bu der me var på synfaring førre sundag. Herregud so fint da skal bli.

22.11.04

Internett, staden for nyttige artiklar og god lærdom. Eller berre sinnsjukt.

16.11.04

Eg er so forferdeleg glad i dag! Forferdeleg, forferdeleg glad.

Det er ikkje anten eller. Det er ikkje anten eller. No er det snø, på den fine måten og ein kan bli glad att. Heimover i halv tre-tida, god og glad venninne på telefonen. Haha! Herregud, eg dør.

10.11.04

Fred er betre enn krig, og karsk er betre enn tequila.

Det stod ein tekst her som rett og slett var for dårleg til å få stå til heile verda. Og sitatet over har ikkje noko som helst med dagens væskeinntak å gjere, det er snarare eit STATEMENT som det heiter. Ei evig ytring, og den kan få stå i all æva, amen. Saman med eit sitat frå the Smiths:

"15 minutes with you ooooooh no, I wouldnt say no"

26.10.04

På biblioteket på universitetet, to kommentarar som får meg til å skrive litt hardare på tastaturet:
"Jeg husker jeg gråt av glede da jeg var ferdig med nynorskeksamen"
"Ja, og jeg trodde liksom jeg var ferdig, jeg. Det er skikkelig vanskelig, et helt annet språk, liksom."

NEI! NEI! Det er FEIL! Nynorsk er ikkje skikkeleg vanskeleg, det er du so er dum! Det er skulen som er dum! Det er sidemålsundervisninga som er rævkjørt!

17.10.04

-Sånn rent praktisk. Klør det i skjegget?
-Niksepinne.

Takk, kjære Egil og kompani, for ei heilt straolande helg på Samfundet. Duplex forever! I love duplex! 1000 lomper stinker!

10.10.04

Eg kjøpte boka. Den synte seg å vera veldig god og relevant uansett dei nemnde sidene. Ei bok ein kan ha, som ein kan sjå på som ei investering.

Sundagkveld, sundagkveld. Eg har skrive referat frå kulturstyremøte(ISFiT). Eg elskar å skrive referat! Det er kjempekjekt og eg kan berre koma på nokre få ting som er kjekkare ein kveld som denne. Det vart ein god dag, sjølv om det kjendes ut som den like godt kunne blitt dårleg då eg vakna i to-tida.

I "skriv melding"-feltet på telefonen min stod ei melding eg har skrive i einellerannan liten time. Eg vonar eg ikkje sendte den meldinga, det ville vore særs tåpeleg. Tidsfilter på mobilen. Det skulle ein hatt.


8.9.04

Eg er aldri so lite tissetrengt. Og litt kald. NTNU på Dragvoll er ikkje so flinke til lufting, ventilering, denslags. For kaldt, for varmt, for lite oksygen..eller kanskje muggsopp?

Skal ein kjøpa ei bok til firahondra kroner når ein berre skal lesa side 137 - 265 LIKSOM?

No reiser eg te byn. Eg skal kjøpa bursdagsgåve. Fenalår, turkniv og mjød, trur eg. Og no må eg gå, for no er eg kjempetissetrengt. Hada.

25.8.04

I går var eg på radio, på programmet der Tor-Erling Thømt Ruud presenterer viktige nyhende om dagsaktuelle tema innemellom fengjande popmusikk. Eg vart intervjua på H&M om temaet "kvifor kjøper ikkje unge menneske smykka sine hjå gullsmeden, men på Hennes & Mjauritz?". Det var kjekt. Eg har diverre ikkje fått høyrd det sjølv, men venninna til søstra mi ringte og fortalde til mamma at ho hadde høyrd det.

Forøvrig kan eg avsløre at ingen av alternativa i "kva hendte med tanna mi"-tevlinga var riktige. Det riktige er at eg datt ned frå eit tre då eg var 10 år gamal. Ikkje 12. Men det med nektarinen er sant.

11.8.04

Rock og likestilling? Eg tykkjer dette er ei herleg setning: "Norsk rock domineres av menn. Bildet er imidlertid i ferd med å endre seg. " Musikk og politikk. Med austlandsk uttale: trykk på fyste staving. Je.

Dette kontoret er so varmt at det tek livet av meg. AAAA. Eg let spørsmålet om kva som eigentleg hendte med tanna mi stå ope litt til, det er so kjekt når folk gjettar.

SJÅ kva SIT skal gjera i haust! Spela A Clocwork Orange! Djeezes, da blir so bra, da!

7.8.04

Dersom ein har ei brukken tann og av den årsak ringer til akutt-tannlegen i Trondheim, og det der er stor pågang - då får ein Karius og Baktus som ventemusikk. Det var veldig morosamt, men eg vart litt sett ut. Slik var det.

-Åh, nå hørte jeg det igjen, bror!
-Hva var du du hørte, bror?
- Han sa "Trondheim tannhelsesenter, værsågod"

Det kan setje ein og einkvar ut av spel eit lite sekund, byrjinga på samtalen vart litt haltande kan du sei. Men kvifor er tanna brukken? Her er alternativa:

1. Eg klatra opp ein bratt fjellvegg, og måtte bita meg fast for å ikkje falle.
2. Eg klatra i tre då eg var 12, og det var berre plastbiten som løsna då eg beit i ei hard nektarin.
3. Eg klatra i tre.
4. Eg havna i slåsskamp og vart skalla ned. I fylla.

No kan de gjetta!

28.7.04

JohnOlav, min gode, gode ven kan køyra den store kofferten min opp te Trondheim i bilen sin. E du klar øve ka da betyr? Da betyr at eg får mykje mindre å drassa på når eg skal reisa i måro.

Eg spele Luring, Odd, du veit, inn på ein kassett, og nett no når eg skriv detta so synge han: "Alt for mange lause ting", og da e nett so da e alle klea og arka og greiene i stova han syng om, alle tinga som skal ned i sekk eller koffert og fraktast te Trondheim, der eg bur.

Da e sol og fint, men eg e inne. Eg har på meg dångribuksa te Heine, bror min, utan å kle den særleg godt. Litt sid i rævo kanskje. Eg har tatt meg ei øl for ikkje å bli stressa over pakkinga. (neida, da va berre fordi eg hadde lyst på). Været e so fint, men eg må pakka, for eg reise i kveld.

Eg reise i kveld, eg reise i kveld. Skogane synge bakom, fjordn e blank. Eg reise no.

25.7.04

Bursdag er kjekt, kjempekjekt. Hurra. Eg er trøytt og glad. Festen var bra. Da  va fint på jobb i dag. Eg har fått fri på tysdag og skal på fjelltur. Da ska eg te helgo og. Ting ser bra ut.  Eg er veldig glad. Om ei veke er eg attende i Trondheim. Raske, raske ferien. "Ferien". Åh, sukk.

Hurra for Gudrun og Tarjei!


24.7.04

Me spelar ikkje gitarar! Me spelar ikkje gitarar!  Me speler ikkje gitarar! Me speler ikkje gitarar?

Musikken er høg og hælane mine er høge, og dei trampar med bassen. Eg skulle ynskje eg stolt kunne presentere dykk biletet av den fantastiske kaka eg lagar. Den er som eit kunstverk. Eg skal skrive meir om kva type kunstverk ved eit seinare tidspunkt, men den er absolutt dekadent. Dekakedent, HAH! Men det kan eg ikkje, med mindre de kjem på besøk, på festen.
Pappa kom frå besto og besten i Hardanger med ein stor kasse moreller og eit bakstetrau jordbær. Håhåhå! Eg og syster har rensa jordbær på terassen medan far laga god middag og mor bursdagskake. Det er siste kvelden familien er heime alle, siste i sommar og siste på uvisst lang tid. Hausten? Eller jul?

Bursdagskaka er til meg. Eg skal feira den store dagen, den andre i livet som består av to heilt like siffer i morgon. Med kake og folk! Nokon i nærleiken av Eikelandsosen, Fusa må gjerne stikke innom, velkomen velkomen velkomen!

Lydsporet til kvelden er Øyonn Myren og den litt meir kjende Odd Nordstoga; Nivelkinn. Ei fin plata frå den tid Odd`n ikkje va fullt so kjend som no. Eg kjøpte den til mor og far då eg var i byn no sist. Sio dei betaler husleigo mi i sommar då, takk og takk!

19.7.04

Eg les Vreng!, adbusters sitt magasin. Eg høyrer på  Johndoe, drikk kaffe. Eg er kvalm, og har vondt i magen, men nektar å ta piller. "Det fins ikke piller mot møkkete vann", dessutan er eg MOT å ta piller mot alt mogleg som kjem og går over. Nokre gongar trur eg pillene er farlegare enn å la være å ta dei. Dei tek ikkje vekk det vonde, du berre merkar ikkje at det er vondt lenger.

Snart skal eg på jobb. Jobben eg får betalt for, der eg går no og då, når eg må, men der det alltid er nokon andre som og får betalt for å vera der - og jobben er livet til dei som bur der, som er der alltid. Me går rundt og kontrollerer at det er lettare å leve, gjennom rutiner og hjelp. Når eg tenkjer på det på denne måten er det so utenkjeleg.
 
SMAKERRARTSMAKERASFALTSMAK!
 
Nei, no må eg bli glad, sjølv om det regnar. Ordna glad: god idè, ooooooh-ooooaaaoooh-refreng.  Engasjement: dårleg ord, bra ting.   Bilete til lyst og glede. Hugs, eg var der.

17.7.04

For nokre dagar sidan klinte eg med David Bowie. Det var på medan han spelte ein liten konsert for berre nokre få, rett før han skulle spele den store konserten. Eg hadde ikkje billett, men fekk høyre på då fyrst, eigentleg skulle eg berre rett gjennom rommet for å finne nokon andre. Medan han spela "Ziggy Stardust" strekte han ut armen og strauk meg over andletet, so lente han seg fram og svevde mot meg og kysste meg.

11.7.04

HAHA! Det er ein rosa vegg eg ser paa, med gullmaling überstrichen. Daa eg kom til Berlin var eg braatt blitt so daarleg i tysk. I München gjekk det bra, eg hadde ordentlege samtalar og fekk det til heilt flytande.

Men her gaar det so daarleg! Eg skjönar ingenting. Eg er litt sliten her eg sit. Byen er so forferdeleg stor. I dag har eg vore i Treptower Park med Espen, kompis som eg bur hjaa, og i det jödiske museumet aleine etterpaa.

BLabla, turistbla! Fire kroner for ein halvtime internet, det er ikkje verst?

No er eg svolten. Dersom eg freistar aa skrive kröllalfa med den vanlege tasten ser det slik ut:². Kröllalfa göymer seg nemleg bak q i tyskland. AH, desse kulturskilnader!

3.7.04

No er eg i München. Det er varmt. Det er folksamt, men eg er her aleine. Det er heilt greit, og litt spanande. Folk er supergreie og superhjelpsame.

I gaar var eg paa Holledau Open Air Festival. Det var ein särs sjarmerande festival. Eg drog dit paa grunn av Nina Hagen, eine og aleine. Noko som frambrakte litt imponerte, men vantru smil paa andleta til dei eg sa det til. Vesle jenta - aleine fraa Noreg paa grunn av NINA HAGEN? Rart. Men töft.
So fekk koma backstage, daa, og staa der aa venta paa at NINA skulle dra. Og naar ho drog, daa fekk eg autograf og veksla so vidt nokre ord.

Det du nett las no er berre ord paa ein dataskjerm, det er i grunnen ikkje so tydeleg:
HERREGUD, eg har truffe Nina Hagen! NINA HAGEN! Herregud! Ord blir knappe. HAHAAA!!

29.6.04

Det er NINA HAGEN og chicks on speed eg høyrer på. Eg lager kassett til FERIETUREN! Hurra, eg skal ta tog i tusen timar med walkman. I love walkman.

Og so noko som eg av uforklarlege grunnar ikkje har nemnd før. For ei tid sidan, for å vere NESTEN nøyaktig ein månad og ei veke, fekk eg e-brev frå RAGNHILD MARGRETHA! Og det må vel vere ei bra dame! Tenk om eg kunne brodere! Det har eg ikkje prøvd på lenge. Då skulle eg har brodert NINA HAGEN på buksa mi, den eg skal sy litt på no etter å ha skrive dette.000

So skal eg lage ei veske som eg kan ta med på FERIETUREN. Eg gler meg slik at eg hoppar omkring og klapper i hendene medan eg kviner. Syster kjem opp og lurer på kva som skjer. Eg berre gler meg veldigveldigveldig.

Det er i morgon eg dreg. Med nattoget frå Bergen til Oslo. Tjoho! Skal DU vere i Køben mellom klokka tre og seks på ettermiddagen på torsdag? Sei i so fall frå. Eg har med mobliteflonen.

23.6.04

Heksa på st.hansbålet var laga av ein trekross med klede på, hovudet var ein ballong. Ballongen sprakk med ein gong, kleda forsvann fort. Det som då stod att var ein brennande trekross i toppen av bålet. HAAHAHAHA!

21.6.04

Det er Weeping Song av Nick Cave eg høyrer på. Og er litt sur. Sur for at dette er ei dustedatamaskin som berre innimellom vil samarbeida med menneske. No vil den, litt - men tek ikkje fem øre for å drepa alle internettsidene som eg hadde oppe. Eg bannar.
Desse bileta kom frå Nils. Takk Nils, det hjalp!

Det er ein luresommar. LURESOMMAR! I dag snur sola, men det har ikkje vore noko godt vær, det har regna og tordna og lynt og vore nokre regnbogar og berre kaldt. Dessutan jobbar eg heile tida. Ferie! No!

Weepin Song har blitt til Poison og Alice Cooper. Eg blir gladare då.

13.6.04

"Dersom ein berre skal ha ei Bowie-plate, kva for ei plate skulle det vore då?

Eg har berre ei Bowie-plate. Det er Aladdin Sane. Etter å ha lese om B. i BT i dag var det klart at eg måtte høyre på den. Aladdin Sane. Og difor lurer eg på, er det nok Bowie? Er det nok, "liksom"? Eg er neimen ikkje sikker. Iblant har ein ei kjensle av at det ikkje burde vere nok, at det sulle ha vore slik kjensla var då eg berre eigde to Tom Waits-album. Då kjende eg at eg ville ha meir. Men eg har ikkje den same kjensla for Bowie. Men eg vil.

Kjensler. Herregud. Kva er no detta for noko. Skrivetull.

Øyvind har mykje pengar som han ikkje bruker, for han treng ikkje ting. Eg har ikkje so mykje pengar, for eg bruker dei på ting eg føler for. Er eg heilt skadd? Kjensler for ting?

Er musikk ting?

10.6.04

Dette får meg til å skrive:

Ja, det var ein god i ide. Lat oss klandre ALLE tyskarar, særleg dei som er fødde etter 1945. Lat dei ALDRI gløyme kva DEI har vore skuldige i. Lat oss binde dei fast og spytte på dei medan me roper kor glade me er for at ME vann, at MOTSTANDEN nytta, at KRIGEN ER OVER og OKKUPASJONSMAKTA fall. ME KLARTE DET.

Kvifor stoppe med det? Når me er i gong med å feire rettferda: Lat oss skalpera alle amerikanarar for det dei har gjort mot indianarar. Og lat oss brenne engelskmenn på bål for herjingane deira i India. Lat oss ikkje minst sterilisere, kastrere og banke oss sjølv, nordmennene for samane si hemn. Lat oss ta spanjolane for oksane, nordmenn ein gong til for kvalane og franskmenn for sneglane. Drep palestinarar for jødar og jødar for palestinarar. Ta Bin Laden for Bush, ta Bush for hundre tusen ihelsvoltne afganske born. Ta Kinesiske menn for kinesiske jenteborn. Ta brasilianske bønder for regnskogen. Ta alle med atombomber. TA dei.
Men tyskarane fyrst.

8.6.04

7.6.04

Det var ein fin kveld i mars.
Fotogjengen tok fint bilde. Eg var fin. (men daud)
Då han var ung og tøff, på 70-80-talet vil eg tru, spelte onkelen min i band. Det heitte Vendetta, onkel spelte kibord. Vendetta delte øvingsrom med to andre band. Dei heitte Krampe og Overdose.

"Krampe". Det skal mitt band heitte. Kven vil spele trommer i Krampe?

5.6.04

I går kveld, på fest hjå President of ISFiT 2005, gjekk eg bort til ein fyr og sa: "Hei, eg er Hjertemari." Det vil seie, fyrst sa eg vel noko slikt som "bokstaver, snøvlesnøvle, blogspot", men poenget var iallefall dette: Hei, eg er Hjertemari. Og han sa oj og hei. Det er har skjedd ein gong og to etter blogger kom inn i livet mitt. Dette: at eg kan gå bort til nokon eg aldri har møtt før og presentere meg med eit namn eg ikkje har i vanlegalivet, og bli kjent att som skrift på internett. Det er kult. Det var ein kjekk fest og ein bra kveld! Hurra!

Und sonst: Det har byrja regne Trondheim, og eg tykkjer det er heilt greit, for eg dreg i morgon. Heim heim heim! Heim for å jobbe, heim for å gå i fjellet, for å sykle, for å bade, for å sy, for å drikke med gamle vener, for å ha ferie, for å tena pengar!

Og dra til tyskland to veker i juli. Aleine. Hoppsann, det blir spennik.

26.5.04

Hassle The Hoff. Eg dør. Kvifor er han ikkje med i historiepensumet mitt? Eg dør og dør og dør.
Den skjønne blå, den milde, snille og fine siemensmobiltelefonen min avgjekk med dauden i dag. Etter ei nesten-drukningsulukke i går kveld, ølkrig på jesper, vart ikkje skadene lagt merke til og ordna opp i. I dag døydde den. Framleis fuktig under dekselet.

Mobiltelefonen min drukna i øl, og eg må ha ein dum, dum, dum nokia. Ein som låg og slang i stova og ikkje har plass til 30 meldingar, berre 10 eller 12 eller noko. So eg må sletta mange! Og andre forsvann av seg sjølv!

Og eg vart lurt ut på sprit nesten utan å merke det, har mista ein lesedag og luktar litt dårleg.

Og likevel! Eg har det finare enn nokon gong for tida. Verkeleg.

21.5.04

Røykarar er ufatteleg barnslege. Når dei i samla flokk skal boikotte røykelova og sitje der, stinkande, teite, sure og røykande, skal eg sitje på nabobordet og spraye på dei med AXE spraydeodorant. Kanskje det kjem til å svi litt i auga deira, setje seg litt vond lukt i kleda deira og generelt opplevast som ubehageleg, MEN EG KJEM TIL Å HA DET KJEKT! Det kjem til å vera NYTELSE for meg! EG kjem til å ha det bra! HAH!

Og eg gidd IKKJE å høyra nokon kalla meg sutrete eller likanande, eg gidd IKKJE å gå med på at røykelova er inngrepen i privatliv eller totalitært. Det er eg ikkje einig i, og det er RØYKARANE som syt og sutrar.

HAH!

19.5.04

Hallaien! Eg har i dag sykla til universitetet med Ace of Base på walkman. (I`m gonnna make you move)

13.5.04

Lori Glory! The man that I love
loves you.
Thats why I love you to.

7.5.04

Det er ein god dag. Det er og dagen d? eg bada i sj?en for fyrste gong i
?r. Eg skal ikkje late som noko anna: det var beinkaldt.
For ? vera n?yaktig, ca 10`C, i f?lgje det ganske fancy og s?rs
n?yaktige vasstermometeret te far.

Etter at det slutta ? regne har innhaldet i dagane mine kome seg stort.
I g?r til d?mes, gjekk eg til skogs. Eg gjekk opp til bankfurua, eit
svera tre ein halvtimes gange opp i skauen her. Eg hadde vel tenkt ? g?
eit stykke te, men so s?g eg ei furu eg heller ville klatra i, so
gjorde eg da. og sat fem meter over bakken, skoda utover fjorden og
h?yrde p? walkman.

5.5.04

Eg les i "Ut og stjæle hester" av Per Petterson. Ei påfallande bra bok. Verkeleg.

3.5.04


Alt er sant! Alt er bløff!

Marit Eikemo i BT, 21.09.03


"Kven er det som meiner alvor - og kven er ein bløff? I månadsskiftet var eg så heldig å vere til stade under eit statsbesøk. Eg var i Os då ordførar Terje Søviknes tok i mot visekongen av Fusa. Det var eit flott syn. Kunstnaren Morten Holmefjord har oppretta Fusa som eige kongedøme og set seg sjølv inn i rolla som visekonge. Han var strålande i all pompen og prakten sin då han gjekk i hemmelege forhandlingar med Søviknes om nokre landområder Fusa mista til Os for 40 år sidan. Etter forhandlingane sa kongen mellom anna dette:

«Kven imiterer kven? Kven blir ramma av latteren? Kven er det gåseauga stirar på frå skuggane?».

I bakgrunnen brann ein trehest. Og Ragnar Hovland, som i litteraturen har gitt Fusa eit eige symfoniorkester, mumla noko slikt som at «Ja, ja. Kva skal ein fylle livet sitt med etter dette?». "

1.5.04

Grisen står og hyler i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast men hyler likevel)
Fir`og tjue kråker sit på ein madrass.
Endå ei vil sitje men det er ikkje plass.

Månen står og lyser, rund og feit og kvit.
Reven kjem frå skogen og luskar hit og dit.

Fiskane i havet søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet har eg aldri møtt.
Mor og far har lagt seg. Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset så spring eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler og månen lyser kvit
sit du og eg på taket og ler og pratar skit.

Grisen står og hyler. Faltirultirei.

(Ragnar Hovland)

22.4.04

Eg er glad for at Sellafieldtutsleppa er stansa. Hurra! So er eg glad for at veret er godt, for det er det, veldig godt. Sol og varmt og heilt fantastisk. Når eg ser på BT ser det ut som om veret ikkje er like lyst og deilig i Bergen, den andre byen som tel.

Eg har gått frå huset mitt, dvs nesten sentrum, til Dragvoll, dvs universitetet, kvar dag denne veka. Det tek omlag 45 minutt og er stort sett oppoverbakkar. Eg har gått omlag 180 minutt i oppoverbakke denne veka. OG eg har stått opp klokka åtte to dagar på rad, og ni dei to dagane før.

Eg er stolt og nøgd.

30.3.04

Slik student skulle ein vore, men det er eg alts? ikkje. Eg er flink til mykje anna, men ikkje nett dette. Nei.

29.3.04

Sjå meg i avisa! Les om stykket der eg er inspisient, sufflør og har ei lita rolle! Her og!


No gler eg meg til å dra til Skottland på laurdag, hurra hurra hurra!

2.3.04

(No høyre eg på striiiiminga til studentradion, der ei mørk stemme med voldadialekt prata om musikk.)

(Høyr på studentradioen i kveld, for eg er intervjua nemleg!)


Skrubbsår på kneet, akkurat som då eg var liten.
Sundag: fekk ikkje sova, var nervøs og litt kvalm på grunn av ei oppgåve eg ikkje hadde gjort.
Akkurat som då eg var liten.


Dette har eg gløymd å fortelje om!
Dette: Å vere i familiebesøk, trygt og fint og morosamt besøk. Å vere MARI, som alle kjenner so godt, men likevel vere studenten i Trondheim med eit liv dei ikkje veit noko om. At dei bryr seg om meg og vil vite korleis eg har da!
Dette: Å gå på pøbben i Eikelandsosen og treffa att mange som eg ikkje ser anna enn heime. Å tykkje det er superkjekt. (men samstundes vere glad for å ikkje vere der KVAR laurdag.
Dette: Å henge i vindauga på Garage ein sundagskveld saman med Eli. Å drikke øl og le kjempehøgt.

16.2.04

Det er fantastisk å vere attende i verda blant menneska etter ei veke i senga og på sofaen foran tv. Det er keisamt å vere sjuk, men alt vert so kjekt når ein ikkje er det lenger. So er ein heilt frisk, og dersom ein hostar framleis, so hostar ein eigentleg ikkje, for ein er frisk altso. Heilt, heilt, heilt frisk berre med litt annleis stemme (litt grovare enn før), kan gå på skulen og alt. Og har ikkje vondt i hovudet eller nokon stad.

Desse flybillettane har eg kjøpt: heim no til helga, og Edinburgh i påska. Eg gler meg til begge deler, veldig.

Fusasidene står det nesten ikkje om anna enn Liv Grete, eller "gulljenta" om du vil.

3.2.04

Det er dei små tinga som ein gjerne ler mest av, inni seg. På busstoppet eller på veg heim, litt full om natta. Og so er det slike ting som ein vert heilt fantastisk glad av, nesten uten grunn. Ei ny bok, til dømes. Til dømes ei som heiter YODEL-AYY-EEE-OOOO og er eit geografisk& historisk verk som handlar om jodling. Berre jodling.

Det er verkeleg ei bok ein vert glad av å ha. Eg har so utruleg lyst til å læra meg å jodla! Er det nokon som veit kvar ein lærer slikt?

I det nye året har eg ikkje blågga noko som helst. Det er ikkje med vilje, i grunnen. DET BERRE VERT SLIK. Men det har vore kjekt. Eg har blitt kostymedame i SIT. Pass på, uttal det "essite", og ikkje "sitt". For "sitt" er noko heilt anna, og ikkje so kjekt i det heile.