31.10.02

alle sidene er ommøblerte, alle bilete oppå tekst og oppå kvarandre.Eg skulle eigentleg ha lese, eller leita etter lesestoff, eller skrive, men eg har trena PØMP i dag, så eg orkar ikkje lesa.
eg skal stå på eksamen
eg skal stå på eksamen
eg skal stå på eksamen
hahahahaha

29.10.02

HÅH! Det var jo litt av ein plan i førre post.

Eg sat heime i stova og snakka med sigrun, og fortvila litt over pengesituasjonen. "Søren", sa eg, "for eg har jo 10.000 kroner på ein annan konto og, men den har eg berre ti uttak i året på, og dei har eg brukt, så den er stengt fram til nyåret!"
"Hm", svara Sigrun, "det er ikkje berre ti gebyrfrie uttak du har?"

Jaha. Eg har hatt den kontoen i fem år, og var ikkje klar over at det var mogleg å framleis ta ut pengar over dei 10 gebyrfrie uttaka. Sukk.

Gåtesamfundet på laurdag! Det var faen ikkje verst.

22.10.02

Åh, gud, eg vonar 1046 kroner held til Håkan Hellström-konsert, Vidar Vang-konsert, Rune Lindbæk-konsert ein 4-5 filmklubbfilmar og ein 2-3 andre kinoar og alkohol for nokre helger og busskort om 10 dagar og dessutan mat og kaffe og andre greier ein skal leva av, inntil den 15.november. Det hadde vore så greit!
fakking fåkkin fokking blågger not working. satanas.

det er vinter
eg skal bli god student i dag
jahahahahahahaha

21.10.02

Ellers litt meir:

Det er snø i Trondheim og, som tidlegare antyda. Masse mase snø, merkverdig masse, for ei som har budd på vestlandet dei siste 20 åra. Og eg synes vintermusikken til Stian ser super ut, særleg nummer 4, 5, 6, 7, 11 og 16.

Eg observerer og at fleire nemner Himmelfall, den fine filmen. Eg har ikkje sett den enno, men på tysdag var regissør Vikene og skodis Joner på Samfundet og snakka om filmen. Dei vart nokså fulle etter dei var ferdige med den formelle delen der dei sat på ei scene. Eg snakka nokså mykje med Kristoffer Joner, det var fint. Han har vore cowboy i USA. Han snakka litt om mor si, og om at det var kult å finne på masse greier og drite seg masse ut og gjere gøye ting. Han håpte eg kom til å gjere det.

Ein dag skal eg lage ei liste over litt rare ting eg har gjort og sagt som involverer "kjendisar". Eg kan tenka meg at alle mine (gjennomsnittlege) 23 daglege lesarar knapt kan puste medan dei ventar på den lista!
Eg går ikkje særleg fort. Særleg ikkje på snø, med låra fulle av gongsperr. Då eg gjekk til skulen, nei, faen, UNIVERSITETET, gjekk alle forbi meg. Sukk.
Dette var på veg til Gløshaugen. Klokka var åtte, eg hadde stått opp eit kvarter før, og vart fullstendig deprimert over alle realfagstudentane som gjekk forbi meg, hastig på veg til sine byggingeniør eller elkraftingeniør eller teknoingeniør eller elektroteknikar eller matebiolog eller marinbiologs-utdanningar. Og eg?

Eg var på veg til den tredje eller fjerd siste ex.phil. førelesing, om Popper & Kuhn. Og eg ligg dårleg an til eksamen dersom eg ikkje byrjer å lese snart.

Så kjenner eg meg dødsmislukka og vert sur fordi eg ikkje er dødsgod i matte og skal bli superingeniør. Hallo? Dette er berre piss. Dette er å undergrave den fantastiske personlegdommen og dei strålande evnene som eg utan ein jaggshittvil har. Eg bryr meg ikkje om ingeniørane, for eg likar ikkje fysikk, matte og kjemi. Det er lett å gløyme måndag morgon klokka fåkkings ÅTTA, men heldigvis kjem eg på at eg er ein så vanvittig strålande person at alle ingeniørane kan grava ned mattebøkene sine. Og eg skal bli Nina Hagen.


Drit og dra, dette gidd eg ikkje skrive om lenger. Eg skal skrive om noko som er så bra at EG MÅ SKRIVE MED STORE BOKSTAVAR!
JAGA JAZZIST KONSERTEN PÅ BLÆST PÅ LAURDAG!
ÅH SATAN! Det var frustrerande nok, fullstendig utseld, men ved hjelp frå mine gode idear, min strålande sjarm (?) og aller mest ein super trompetist fekk eg vera med på konsertmoroa, og då eg stod foran scena, midt i musikken, då kunne eg nesten døydd for det var så dødsbra. Ein meldar skreiv ein gong "Jaga Jazzist kan kunsten å bygge opp en låt til den truer med å sprenge hodet ditt". Eg har sagt det før og kan seia det tusen gongar til : eg skulle ynskja det var eg som skreiv det fyrst, for det passar så bra. Herregud, for ein konsert.
Den før så kule sida www.jagajazzist.com er diverre daud for tida, men eg fann ei ganske fin japansk jaga-side. Skjønar ikkje ein drit av teksten, pytt ah.

Etter konserten spelte "Bergens-DJ" Mikal Telle opp til dans, og eg var med Arne og Henning som ser dødsvittige ut når dei dansar. Eg er så forbanna nøgd med heile laurdagen. Det kan knapt bli betre.

Dessutan hadde me visningar i går, og me har to alternative nye flatmates. Og begge to er så kule, så kule og eg gler meg til å bu med dei. Det vil seie ein av dei. Og den som ikkje skal bu der vil eg gjerne bli kompis med, for dei er så kule. Sigrun og eg er skjønt einige om det, og då bryr me oss ikkje om kva dei andre to måtte meine. Haha, me veit kven me vil bu med!

Og elles? Plan for dagen:
1. ete frukost
2. rydde rommet
3.studere

17.10.02

Orkar ikkje skrive noko! Eg har sendt fem mailar til folk her, for Robert skal flytta ut frå kollektivet vårt.
Dersom nokon treng ein stad å bu i Trondheim frå 1.november, må de berre ta kontakt.

Eg kan forklara nærmare kva me har og kva me er ute etter seinare, for no er eg so sleten i touch-fingrane.

15.10.02

Da e so fint å vera heima! Eg gler meg te jul, då ska eg ve heima lenge.

10.10.02

Fyfaen, altså!
Etter at eg fekk omlag sju tekstmeldingar på mobiltelefonen i går kveld, som halvparten skulda meg for å vere svindlar og halvparten uttrykte medkjensle og engstelse, kjenner eg at det er på sin stad å blogge litt om dette. Eg er førebels einig med Gudrun. Eg trur ikkje eg er medlem av ein svindlarorganisasjon. Men eg veit ikkje ein jaggedshait om saka, så så mykje meir verken kan eller gidd eg skrive.



Eg trur på Vidar!

4.10.02

Eg aaaaangrar at eg ikkje åt frukost før eg gjekk. Eg kjenner det no. Det var ein jævlig dårlig ide, for å seie det som det er, med eit litt stygt ord.

Eg er jo sjuk då, så då sigrun ville drikka seg full i går, ville eigentleg ikkje eg. Men så kjøpte me whisky, for da skulle vera so bra for halsen. HÅH! Me gjekk på kino. Me hadde med whisky i ei lommelerka me fekk låna av Bjørn, som me bur med. Men filmen eigna seg dårleg til å pimpa whisky (det var dessutan litt dårleg), så me lot det vera, og fokuserte mest på den dødsfine filmen, Afterland.

Etterpå drog me hiem og var der litt og drakk meir whisky, så gjekk me ut, på ein veldig ekkel utestad med ekkel musikk og damer som danste på bord og slanga seg mot stenger. Fysjom. Eg, Sigrun, Henning og Askild skreiv 7 kort til Ragnhild som eg posta etterpå. Det var det gøye.

I dag stod eg opp klokka sju for å henta Mie på stasjonen! Mie er her! Det er veldig bra. No skal eg på seminar og so skal eg treffa henne. Eg burde ha ete/sove litt. Æshjbæshj.

3.10.02

Hovudet fullt av bomull, rennande nase og auge og slim i halsen.
Og sur.

2.10.02

Dårleg start på morgonen: Vakne 07:58. Noko som vil seie at det er 17 minutt til eg skal på førelesning. Og at eg har dårleg tid. Eit kvarter etter eg vakna var eg på busstoppet, måtte venta ei stund. Kom inn på Dragvoll 08:29. Og fann ut at førelesninga er avlyst. Haha, lo eg då, det var morosamt. Det var kjempebra, og eg følte meg med ein gong som den beste i verda.

OG VE DYKK ALLE; MIN SARKASME ER BITANDE

So er eg forkjøla. Eg hatar snott. Veldig.

Det som er bra, er at økonomisjokket frå i går roa seg fleire hakk då eg kom på (evt, då Sigrun sa) at det faktisk var den fyrste i går, så husleiga var betalt. Og det var difor kontoen var noko tynnare enn eg hadde trudd. Pjuh.

Forresten kjem rockestjerneutviklinga til å bli utsett litt. Det var nemleg ikkje fleire plassar på AKKS-gitarkurset, så eg må vente til våren. Faen for det! Men eg har no meldt meg på vokalkurs i staden. Så får me sjå om eg gidd å gå...
Eg kan iallefall ikkje fortsetje å ha slik forkjølastemme då!

1.10.02

Eg var vel teit som trudde det skulle gå bra å få billettar same dagen til ein film eg burde visst ville vere populær. Herregud. Det vart iallefall ingen samuraiar på meg i går, enno om Sigrun hadde bestemt seg for å melda seg inn i filmklubben og bli med. Men fyfaen og nei. I staden gjekk me heim og lagde frossenpizza til middag, og såg muldvarpen og buffythevampireslayer og shait på tv. Det var ei dårleg dårleg erstatning.

Me vurderte ei stund å sjå Lilja 4-ever, men fann ut at me var for trøytte.

Straks skal eg treffa Sigrun i kantina, og me skal ete våre tørre skjever. Eg har lyst på yoghurt, men etter sjokket av å sjå saldoen etter å ha tatt ut pengar i stad hindrar meg i å ynskje å kjøpe noko som helst. Eg kan berre ikkje fatte og begripe korleis det går an. PLUTSELEG har eg nesten ingen pengar att, og det er heilt på jordet. Og det verste er at eg ikkje såg det kome i det heile.
På to dagar har eg gått frå tanken "hahaha, eg har massemasse pengar" til "oi. shit. eg har jo nesten ingenting att"

Kan det ha noko å gjere med at eg har kjøpt 11 cdar, gått på 4 konsertar og sett 5 filmar den siste månaden, brukt over tusen kroner på ikea, kjøpt seng, sykkel, tre gensra betalt husaleige, drukke øl minst tre dagar i veka, så må ein kjøpe mat heile tida...