21.10.02

Ellers litt meir:

Det er snø i Trondheim og, som tidlegare antyda. Masse mase snø, merkverdig masse, for ei som har budd på vestlandet dei siste 20 åra. Og eg synes vintermusikken til Stian ser super ut, særleg nummer 4, 5, 6, 7, 11 og 16.

Eg observerer og at fleire nemner Himmelfall, den fine filmen. Eg har ikkje sett den enno, men på tysdag var regissør Vikene og skodis Joner på Samfundet og snakka om filmen. Dei vart nokså fulle etter dei var ferdige med den formelle delen der dei sat på ei scene. Eg snakka nokså mykje med Kristoffer Joner, det var fint. Han har vore cowboy i USA. Han snakka litt om mor si, og om at det var kult å finne på masse greier og drite seg masse ut og gjere gøye ting. Han håpte eg kom til å gjere det.

Ein dag skal eg lage ei liste over litt rare ting eg har gjort og sagt som involverer "kjendisar". Eg kan tenka meg at alle mine (gjennomsnittlege) 23 daglege lesarar knapt kan puste medan dei ventar på den lista!

Ingen kommentarer: