21.10.02

Eg går ikkje særleg fort. Særleg ikkje på snø, med låra fulle av gongsperr. Då eg gjekk til skulen, nei, faen, UNIVERSITETET, gjekk alle forbi meg. Sukk.
Dette var på veg til Gløshaugen. Klokka var åtte, eg hadde stått opp eit kvarter før, og vart fullstendig deprimert over alle realfagstudentane som gjekk forbi meg, hastig på veg til sine byggingeniør eller elkraftingeniør eller teknoingeniør eller elektroteknikar eller matebiolog eller marinbiologs-utdanningar. Og eg?

Eg var på veg til den tredje eller fjerd siste ex.phil. førelesing, om Popper & Kuhn. Og eg ligg dårleg an til eksamen dersom eg ikkje byrjer å lese snart.

Så kjenner eg meg dødsmislukka og vert sur fordi eg ikkje er dødsgod i matte og skal bli superingeniør. Hallo? Dette er berre piss. Dette er å undergrave den fantastiske personlegdommen og dei strålande evnene som eg utan ein jaggshittvil har. Eg bryr meg ikkje om ingeniørane, for eg likar ikkje fysikk, matte og kjemi. Det er lett å gløyme måndag morgon klokka fåkkings ÅTTA, men heldigvis kjem eg på at eg er ein så vanvittig strålande person at alle ingeniørane kan grava ned mattebøkene sine. Og eg skal bli Nina Hagen.


Drit og dra, dette gidd eg ikkje skrive om lenger. Eg skal skrive om noko som er så bra at EG MÅ SKRIVE MED STORE BOKSTAVAR!
JAGA JAZZIST KONSERTEN PÅ BLÆST PÅ LAURDAG!
ÅH SATAN! Det var frustrerande nok, fullstendig utseld, men ved hjelp frå mine gode idear, min strålande sjarm (?) og aller mest ein super trompetist fekk eg vera med på konsertmoroa, og då eg stod foran scena, midt i musikken, då kunne eg nesten døydd for det var så dødsbra. Ein meldar skreiv ein gong "Jaga Jazzist kan kunsten å bygge opp en låt til den truer med å sprenge hodet ditt". Eg har sagt det før og kan seia det tusen gongar til : eg skulle ynskja det var eg som skreiv det fyrst, for det passar så bra. Herregud, for ein konsert.
Den før så kule sida www.jagajazzist.com er diverre daud for tida, men eg fann ei ganske fin japansk jaga-side. Skjønar ikkje ein drit av teksten, pytt ah.

Etter konserten spelte "Bergens-DJ" Mikal Telle opp til dans, og eg var med Arne og Henning som ser dødsvittige ut når dei dansar. Eg er så forbanna nøgd med heile laurdagen. Det kan knapt bli betre.

Dessutan hadde me visningar i går, og me har to alternative nye flatmates. Og begge to er så kule, så kule og eg gler meg til å bu med dei. Det vil seie ein av dei. Og den som ikkje skal bu der vil eg gjerne bli kompis med, for dei er så kule. Sigrun og eg er skjønt einige om det, og då bryr me oss ikkje om kva dei andre to måtte meine. Haha, me veit kven me vil bu med!

Og elles? Plan for dagen:
1. ete frukost
2. rydde rommet
3.studere

Ingen kommentarer: