2.10.02

Dårleg start på morgonen: Vakne 07:58. Noko som vil seie at det er 17 minutt til eg skal på førelesning. Og at eg har dårleg tid. Eit kvarter etter eg vakna var eg på busstoppet, måtte venta ei stund. Kom inn på Dragvoll 08:29. Og fann ut at førelesninga er avlyst. Haha, lo eg då, det var morosamt. Det var kjempebra, og eg følte meg med ein gong som den beste i verda.

OG VE DYKK ALLE; MIN SARKASME ER BITANDE

So er eg forkjøla. Eg hatar snott. Veldig.

Det som er bra, er at økonomisjokket frå i går roa seg fleire hakk då eg kom på (evt, då Sigrun sa) at det faktisk var den fyrste i går, så husleiga var betalt. Og det var difor kontoen var noko tynnare enn eg hadde trudd. Pjuh.

Forresten kjem rockestjerneutviklinga til å bli utsett litt. Det var nemleg ikkje fleire plassar på AKKS-gitarkurset, så eg må vente til våren. Faen for det! Men eg har no meldt meg på vokalkurs i staden. Så får me sjå om eg gidd å gå...
Eg kan iallefall ikkje fortsetje å ha slik forkjølastemme då!

Ingen kommentarer: