24.12.05




Ei hjarteleg god jul til alle, her representert ved besto og besten frå fjorårets julafta. No må eg nett sjå om det er brudekjole i den tredje nøtta i år og, før det ber avgarde på elektro-reinsdyr til bydn for å feira denne juletid. Ho ho ho!

Kjærleik strøymer frå Eikelandsosen so vel som Betlehem til alle de som les dette.

Lat det bli jul.

18.12.05

So var eg heime, so var det jul. Det var noko eg hadde gløymd: korleis Fusa-menneska er i fleire kategoriar: Dei gamle, fantastiske venene. Familien, i utvida forstand.* Dei som det er veldig triveleg å treffe og slå av ein prat med. Og resten - underhaldningsverdien. Det er kanskje arrogant av meg å seie det, men slik vil det gjerne alltid vere: på ein stad som dette der puben er omlag like stor som husværet eg bur i og det er dei same menneska der alltid vil det alltid vere nokon som ikkje er heilt min stil. For å seie det fint. Men det er det som er sjarmen med å vere heime. Underhaldningsmessig var puben omlag som danskebåten i kveld, med ein mann med synthiseiser som spela gode gamle songar. Alt frå ABBA til The Actor til Summer of 69 til alt anna du kan tru. Det som ikkje var så danskebåtsaktig var prisane, men det er vel noko med sjarmen det og.

Det aller beste med å vere heime er likevel dette: generasjonsfest! I kveld var det smalahovemiddag i eldhuset i hagen vår. Mykje god mat, mykje god drikke og ein balje med feitt og bein. So var det bading i stampen eller tur på puben etter behag.

(* For utfyllande informasjon om det utvida familiebegrepet, sjå nettstaden til bror. For ordens skuld: Storfamilien er alle frå Eikelandsosen, men me er ikkje i familie i blod, berre sjel.)

13.12.05

EG YNSKJER MEG TIL JUL:

Pene, gode, ikkje so veldig store høgtalarar til frk. Mac
På DVD: Slå på ring, eller Six feet under eller Løven, heksa og klesskapet ( BBC-serien altså) eller Little Britain eller twin peaks eller ein fabelaktig film som f.eks Mulholland Drive.
Bok: "Få meg på for faen" av Olaug Nilssen eller "Brev til Milena" av Kafka eller"Typisk norsk" av Petter Schjerven eller ei samling store talar frå 1905 til i dag som eg har høyrd om.
Stor og kul veske som har plass til ein del ting.
Parfyme: "Touch of pink" frå Lacoste eller "Envy" av gucci eller den der turkise flaska som søstra mi har. ("Ralph")
Frosk frå IKEA. Den er dødsfin og har glidelås i munnen so det kan gøymast ting i den.
Kjærast.


Eg var på IKEA i går med Hilde og Anne Ma. Der fann eg ut kva Fusa er. Du visste det kanskje, ikkje, men Fusa er ein forstørrelsesspegel.

11.12.05


No er julesongane klare. Filip har hjulpe meg og Ludvig var med. Filip og Ludvig er fine karar. Dei lager radio og det er dei gode på - så gode at dei vart nominerte til godprisen. (som du kan lese om i Ludvig-lenka) No heng eg på kontoret på Studentradion medan dei redigerer dokumentar og eg skriv dette og ser over tekstane til vårprogrammet.

På oppmoding frå Filip og Ludvig skal eg no skrive litt om Eikelandsosen Samfunnshus. Dette er eit stort murbygg frå 1982. Dette er eit riktig flott multi-aktivitetshus. Her er både gymsal og festlokale i eit og same rom. Dette kombinert gymsal/festlokalet er eit stort rom med ein helsikes akustikk. På golvet er det slike gule, raude, brune og svarte striper som indikerer banar for ulike ballspel. På veggen er det panel der det går an å henga opp heimekoselege små lampettar til festlege høve. På scena finn du det aller flottaste: eit handmåla bakteppe som syner Eikelandsosen sentrum, Torsnesest eller Neset på folkemunne anno 1950 og det aller flottaste: teksten på Eikelandsfjordsongen. Åååh, Eikelandsfjordsongen! Den går på Vestland, Vestland-melodien og handlar om den vakre bygda. I aulaen er det mogleg å trille inn ein mobil bardisk med tappetårn og ølfat og alt, men dei siste gongane har det ikkje vore ølfat. Nei, då sel ein vanleg boksøl til ovpris, 150 kroner eller noko slikt. I kafeteriaen sel dei hot dog og slikt, og det er bord og benker for dei som heller vil sitja ned og prata enn å dansa.
2.juledag er det pub. Det vil seie dans, men me kallar da julapuben. Eller Pøbben då, om du vil. Dei to siste åra har eg gløymd ut det og set meg opp på tidlegvakt på Hellemyro, men i år hugsa eg på det og kan vere med so lenge eg vil.

7.12.05

Åh, om eg berre var i Bergen! På laurdag! Då skulle eg gått på Cafe Opera, på Fusakveld . Eg vil på det aller sterkaste oppmoda alle om å dra dit og få med seg dette. Eg har høyrd små Fusafuglar kvitra om basar og dubbelkaka. W-O-W!


Men kva, ja KVA? hender med bokstavane mine?

6.12.05


"Dypdykk i arkivet". Det er eit NRK-program, ikkje? Eg har leika meg med djupdykk i mitt eige arkiv: i gamle tankar på hjarteblogg. Mange av tankane hadde eg gløymd at eg hadde, og mange av problema - som dataproblema det første året som student. Knis.

Und sonst? Ich sitze fast den ganzen Tag am Schreibtisch. Möchte arbeiten, kann es aber nicht. Eg strikker og lager julecd. No byrjer den å ta form og eg byrjer å bli nøgd. Have a very Mary Christmas!

2.12.05

Vakne. Frukost. Drikka kaffi og høyra på Belle & Sebastian medan flikker på dei siste dårlege setningane på øvinga som ikkje kunne leverast i natt, då nettet takka for seg.

Gå ut. Gå til nærmaste UNI-bygg, finna trådlaust nett og levera øvinga. Gå forbi Samfundet der danseidol skal ha audition. Kvifor på Samfundet? Dersom nokon frå media eller noko spurde ville eg svara at det berre er triveleg å låne ut Huset vårt når me ikkje bruker det sjølv (nedsylta i eksamen som me er alle mann alle). Køen gjekk frå hovudinngongen til busstoppet. Gjennomsnittsalderen såg ut til å vere ca 16.

Uni. Eit kompendium i elektronisk form. Meir kaffi. Pause med graut. Le av tusen meter lange eposttrådar på tullelista til nokre Samfundetfolk. Skriva e-brev til gamle vener. Lesa litt i mellom. Kulturforståelse. Kva korridoren tyder for sosiale strukturar. Kvifor ekstasen er viktigare enn askesen i Brasil.

Eksamen er i morgon.

29.11.05

I går las eg ei heilt forferdeleg historie på adressanettet, eller aftenpostnettet eller noko slikt. Det handla om ei 15 år gamal jente som kyssa kjærasten sin om kvelden. Han hadde ete peanøttsmør på skjeva om morgonen, og hadde nok eit spor av nøtt att på tunga. Jenta hadde kjempeallergi mot nøtter, so ho fekk slik afolyktisk eller kva det no heiter sjokk og døde. Dødskyss! Det er ei forferdeleg historie.

Det får meg til å slutte å rekne plussar og minusar, og heller berre VERE. I dag har eg vore husmorleg, eg har rydda rommet, strikka skjerf, laga torsk til middag. Og eg har ikkje klaga over mangel på kyssing i livet, eg lever i alle fall.

24.11.05




Minus:
- forkjøla: vondt i hovudet, tett i nasa og øyrer, sår hals, hoster om natta.
- eksamenschmeksamen, eller hexamen om du vil. går ikkje bra.
- hjartegreier. seier ikkje meir.
- rotete rom over alle grenser, og første punkt på lista er effektiv hindring for at det skjer noko på den fronten i det nærmaste.
- generell misstemning i selvet: den sokalla "novembern".

Pluss:
- snart juleferi og heim.
- alle eg kjenner eg er gode menneske.
- hilde laga kake i dag.
- den økonomiske stoda er ikkje so verst.
- søster var her i helga.
- Samfundet er ein deilig stad, og laurdag er det julefest.
- har sydd ny kjole til julefesten! i stygg raud velour og fin kvit pelskant.
- marlene dietrich var dødspen og sang fabelaktige songar. Johnny, wenn du Geburtstag hast!

Samanrekning:
Fem minusar og åtte plussar. Det blir tre pluss det, noko som var ein heilt grei karakter å ha på vidaregåande f.eks. Det kunne vore betre, men det kunne absolutt vore dårlegare og. Dessutan bar det bod om betring, og ein visste at over jul kom vårsemesteret som baud på nye sjansar. Stod, gjorde ein uansett på tre pluss.
Eg seier meg nøgd. Litt misstemt, men nøgd.

PS. Illustrasjonane syner ein dag eg var pluss og ein dag eg var minus. Det skulle ikkje vere so vanskeleg å skjøne kva som er kva.

22.11.05

Å halde seg sjølv vaken med tørr og hard hoste - ikkje ideellt for den unge kvinna som skulle hanke karriera inn frå skogen ein gong for alle. Det får bli i morgon. I MORGON skal eg byrje eit nytt og betre liv! (trur eg).

Då skal eg ikkje lenger prate meir enn eg burde, ikkje prate om TING før eg har fått sove på det ei natt. Då skal eg legge meg tidleg OG SOVNE og stå opp når klokka ringer. Eg skal ta grytidleg buss nummer fem til Dragvoll og finne ein leseplass på biblioteket. Der skal eg lese og oppføre meg ordentleg og aldeles ikkje skusle vekk tida med å tenkje på livet, havet og tapt kjærleik. Eg blir bestemt og fornøgd når eg tenkjer på det. No skal eg lage tomatsuppe med mykje kvitlauk og tenkje på kor flink eg skal vere i morgon.


Filip er ein eg kjenner, han har byrja å kommentere litt her og der ser eg. Han er ein flott kar, sjølv om han kaller meg tyskermari. Det er ein etterlevning frå den fyrste tida i Trondheim, då alle heitte Mari og eg studerte tysk. Besøk Filip og kjærasten hans på gravidebloggen: i storm og stile .

(Det var som Filip hjalp meg med den dundrande cd-suksessen "Mari syng jula inn" i fjor på denne tida, og eg er allereie gått i tenkeboksen på ein oppfølgar. Det kjem meir om den, gjett om. )

11.11.05


Helene Regisjef si oppskrift på Barbiekake. Mmmmmmmm, Barbiekake.

Kjøp ei god rullekake. Skjær den i passe tjukke skiver. Legg den i ei form eller en bolle av noe slag.
Lag gele, men med halve mengden vann. La den stivne noe, ikke helt. Pisk krem og bland i geleen.
hell dette over rullekakebitene og la alt stivne. Lag kiwisaus og pynt med kiwi. Nammis. Ingen steking, kjempefint.

PS. Helene til høgre, meg til venstre.

9.11.05


Gode bror har laga seg ei nettside. Den er ikkje so veldig innhaldsrik, men historia er fin. Eg er så glad i bror min, han er dødskul. Det er lenge sidan eg såg han. Ikkje sidan august faktisk. Det skal bli fint med juleferie, då får eg møtt familie og gamle vener att. Søster kjem og besøker meg neste veke. Og dette er eit flott høve til å trykke inn eit bilete av syster, bror og meg. Eg har hatt det før, dette biletet. Det er der eg er blank i kjaken og stygg, medan søster er idoldeltakar-pen, og bror berre er kjekk og flott.

Og bror har heilt rett, pappa sin sider er veldig god!

7.11.05

Då eg stod på gata på Dragvoll og prata med ei venninne om italiensk-eksamen eg har stroke meg frå slutta eg brått å prate midt i ei setning. Eg vart litt sett ut av ho som gjekk forbi med trillekoffert. Ho såg litt desorientert ut, og likna veldig på nokon eg har sett bilete av men aldri møtt før. Utadvendt som eg er, so kunne eg ikkje late vere å spørje, og ganske riktig; Olaug er i byn, Olaug skal halde forelesning for dei som tek nordisk og ho skal prate og lese på Ni Muser i kveld.

I kveld kan eg ikkje dra til Ni Muser, for eg og Styret mitt skal få tilbakemelding på ein test me har tatt. Det er del i ei hovudoppgåve i psykologi som dreier seg om korleis leiaren sin personlegdom påverker arbeidet i ei gruppe. Og DET, kjære lesar, DET er skummelt det!

Men fyrst, kvart over tolv skal eg høyre Olaug prate om bokmelderi og forfattarskap. Det gler eg meg til.

4.11.05



Blant dagens frustrerande faktorar fins mellom anna at epostadressa eg lever gjennom leder@samfundet.no ikkje ser ut til å ville SENDE epost i dag. Berre motta, for so å sortere etter vilkårleg dato. Og DET, kjære ven, er i det samfunnet, for ikkje å seie Samfundet, eg lever i TOTALT UMOGLEG.

Når eg i tillegg har gløymd kompendiet samt oppgåve heime kjennes det ekstra lite matnyttig å vere her. Og apropos mat, so er eg svolten.

Ja, og so ein ting til! Dersom eg skal gjennomføre den planen eg har snust litt på, UTDANNINGSPLANEN altso, so må eg ta opp att matematikk frå vidaregåande. DET kjennes meiningslaust det, og eg angrer bittert på at eg var ung og dum.

No vart det fælt mykje klaging her. Eg legg inn eit fint bilete i staden, for å kompensere for klaginga. For øvrig, biletet er ikkje so fint det er heller dårleg og mørkt og uklårt, men det er jo av Pirum då, og Pirum er alltid fint.

26.10.05

Det er noko eg gler meg veldig til!

Nei, det er mykje eg gler meg veldig til! Jul. 17.mai (på ein måte ikkje). At UKA skal bli ferdig (på ein måte littegrann ikkje). At mor og far kjem i morgon! At Visekongen skal halde tale under festmøtet på revyen i morgon.

Å lese denne boka! Boka til Olaug! Det gler eg meg så mykje til! Eg ynskjer meg denne boka til jul. Det bruker ikkje vere so mykje eg ynskjer meg til jul. Det meste eg TRENG, det kjøper eg sjølv. Det er dei små tinga som ein på ein måte treng og ein måte ikkje ein skal ynskje seg til jul, og det er ikkje so mange av dei. Men no veit eg ein ting - "Få meg på, for faen" . GJETT OM!

Og so ynskjer eg meg kanskje det nye brettspelet dei skal selje på Munch-museet. Der skal ein vere detektiv som fanger skrik-ranarane, og dette må jo vere litt festlig. NOKAS-brettspelet, derimot! Det ligg nok litt lenger inne.

19.10.05



Unntakstilstanden UKA-05 går sin gong. Gallakjole og champagne, eller pønkpop og whisky? Eg står opp seint, trøtt og snørrete (H-helg tok knekken på den siste resten av immunforsvar eg hadde) og koker havregraut til frukost. So les eg avisa, les epost, tenkjer ein augneblink på kva som går føre seg i resten av verda og later som om eg ikkje har førelesing i dag.

Etter mange slike timar heime, litt oppvask, litt henging, litt 70`s show... kler eg på meg og sykler i retning det vakre, runde, raude. Biletet er tatt av Lars K Flem , eg knigger det og viser det her litt. Håper det er greit, Lars! Det er eit vakkert bilde av eit vakkert hus.

Som sagt - unntakstilstand. Prøv å prate med meg utan at eg nemner Samfundet, UKA eller ordet "gallakjole". Går ikkje.

10.10.05

UKA går som ei kule. ORIGO er eit fantastisk flott UKEnamn, eg har møtt Wenche Foss (og det var stort!), å vere nervøs skjerper meg so eg blir flink når eg skal halde tale. Eg er så stolt så stolt, og utruleg glad for å vere Samfundsleiar i eit UKEår.

Eg har sydd gallakjole i revyfargar (lilla med grønt belte & detalj), den ligg i ein krøll på rommet mitt med champagneflekkar heile vegen.

I skrivande stund sit eg og ja, nettopp; skriv. Det er lite kjekt, eg skriv på ei oppgåve eg har skrive før men som forsvann. Er det verkeleg mogleg å skrive 3 sider utan å lagre? Ja, det er det visst. Herregud. I rommet ved sida er det premierefest på ei annleis filmoppleving: Prøvekanin. Film og teater i utfordande og vakker symbiose! Eg såg premiera og vart veldig imponert men litt sur, men det var berre fordi eg ikkje skjøna ting. Eg skjøna ikkje det usagte før det hadde gått nokre timar etter forestillinga. Soleis er det jo vellukka, når ein treng tygga litt på stoffet - då hugser ein det! For øvrig tolka eg plottet feil. Sånn kan det gå.

Hurra for UKA, hurra for SIT, men antihurra for skule.

5.10.05

Galla is a state of mind...

No er det ORIGO, UKA 05, og er so nervøs at eg nesten dør.

1.10.05

For 10 år sidan....
.... var eg 13 år, utadvendt og positiv, men usikker. "Aldri mer 13" var ein film eg såg, men eg tenkte aldri på det på den måten. Det var ikkje verre å vere 13 enn for eksempel 12 eller 14. Eg hadde langt, lyst hår i midtskill. Eg hadde oransje jack&jones-bukse. Eg var ikkje særleg flittig på skulen, men las mange bøker utanom skulebøker, so eg var kunnskapsrik og ganske skarp for alderen. Eg var eit hovud høgare enn alle gutane i klassen utanom ein. Eg trudde eg var kjempetjukk og ganske stygg, men hadde nettopp bestemt meg for at aldri nokon skulle få merke kor usikker eg var på meg sjølv og livet i det heile.

For 5 år sidan...
....hadde eg nyleg gått ned ei trapp og sett meg sjølv i heilfigurspegel. Det var fyrste gong eg såg at eg ikkje var kjempetjukk, men ganske vanleg. Eg var 18 år og hadde byrja å drikke raudvin og litt øl. Eg hadde mørkeraudt hår og kort pannelugg, gjekk på dramalinja, budde på hybel i Bergen men reiste framleis heim nesten kvar helg for å henge med Fusa-vener og berre vere heime. Eg gjekk med kjolane eg fann på loftet til Besto eller Mormor. Eg var ikkje flittig på skulen, og det var litt vanskelegare enn før å surfe på god allmennkunnskap og flaks.

For 1 år sidan...
....var eg komen ordentleg inn i livet som student i Trondheim. Det vil seie, eg var ikkje så flink til å studere, for eg var ikkje flittig til å lese. MEN eg var veldig flink til å gjere andre student-ting!! Eg var i kulturstyret til ISFiT 2005, og det var heilt fantastisk. Eg hadde bleika hår med evig ettervekst, for eg hadde verken tid eller råd til å gå til frisøren so ofte som vedlikehald av blondheita kravde. Eg budde i kollektiv på Singsaker. Eg var nøgd med nesten alt.

No...
....sit eg på Samfundet og skriv oppgåve. Eg sit på Selskapssiden, der alle kostymesyarane til UKA prøver so godt dei kan å bli ferdige til 08.00 i morgon. Eg koker kaffe, henter godteri og hjelper til med andre småting. Eg har ganske langt hår, det er framleis bleika og eg tok faktisk etterveksten førre måndag. Det vart fint. Eg er ikkje so veldig flittig til å studere, men eg har god unnskuldning, for eg er leiar av Studentersamfundet i Trondhjem, og for å vera heilt ærleg: det er eg ganske stolt av! Denne veka har vore litt rar, men no er eg komen meg over det. Har skværa opp med dei som gjorde det rart, og det var godt, for eg hadde ikkje tolt å vere sint lenger. Eg liker ikkje sinne. Eg liker fest og frivilligheit, gode menneske, godteri og alt vel.

20.9.05

16.9.05

Aggi har laga blogg, og då blir det lenke. Aggi kom innom på kontoret her i stad for å gøyme ei kake i kjøleskapet vårt, men det var ikkje plass. Mari og eg sit på kontoret for å fikse litt småting. Mari fikser flybillettane for den skumlaste journalisten i landet, eg driv mental førebuing til å rydde ut av dei to hyllene mine. Det vil seie - hylla mi + hylla til Beate som eg gradvis har ekspropriert for å finna plass til permar og avisutklipp.

I morgon må me flytta ut. Då overtek UKA heile Huset, det deilige Samfundet blir til festfestfest i ein månad - men fyrst skal det byggast i to veker! Vakre Samfundetrom skal byggast om til teaterscener (Biblioteket), kombinert teater- og konsertscene (Storsalen og Knaus) og alle UKEfunkar gler seg. Då kjem SaSp og Event for å bu på kontoret vårt, difor må eg rydde.

9.9.05

Dagen i dag er god so langt, eg er vaken sjølv om klokka er berre kvart på ni. Eg drikk kaffi på SITO, kafeen på uni. Kaffien er vanlegvis beisk som rottegift, men dei første kannene som blir trakta so tidleg ganske gode. Ganske vanleg kaffi. Som UKEfunk får eg den dessutan for kroner 3. No les eg nyhende på nett - eg ELSKAR lille frøken Mac - og tek den store kunnskapstesten til Aftenposten. Eg var to poeng frå å kvalifisere, eg antar det var sport og romfartsspørsmålet som felte meg.

Eg skal lese rapport frå NUPI seinare, etter eg har vore på spanskforelesning og handla kjolestoff og mønster med Mari. Det er Mari som skal kjøpe stoff, eg har. Kjersti kjøpte vakkert blått kinastoff til meg, og eg skal sy kjole som gjer meg like deilig som Anna frå Tekken 3. Litt mindre utringing kanskje, litt mindre splitt - ja, og vanleg kropp, ikkje playstationkropp. Men like deilig.

7.9.05

Laurdag debuterte eg som ordstyrar i ein politisk debatt. Sundag prata eg på gudsteneste i Nidarosdomen. Måndag såg eg Ringenes herre: Atter ein konge, i går var eg hjå kjersti og såg fem episodar av ein serie som ingen kan tru at eg ikkje har sett før, ein serie som handlar om ei dame i new york og veninnene hennar. Ingen av dei har kjærast, men dei bedriver mykje samkvem med menn. Eg skriv ikkje namnet på serien, for eg er skeptisk til googling. Herregud, eg skriv meir om serien enn om dette: å prate i Nidarosdomen! Det har ein grunn: å ligge slakk i ein sofa med ei venninne og ete smash, det fins, det er vanleg.
Men å stå ved gullalteret å høyre si eiga stemme RUNGE i det store, vakre rommet: det fins nesten ikkje, det er aldeles ikkje vanleg. Eg vart så liten så liten, og turde nesten ikkje prate med den vanlege sjølvsikkerheita. Eg liker bileta til Håkon Bleken utruleg godt, og er ikkje einig med den ganske krasse kritikken og voldsomme diskusjonen i media over sommaren. Hadde eg orka skulle eg leita fram nokre lenker til diskusjonen - dersom nokon er veldig interessert får dei melda frå!

No skal eg på Samfundet og snakka meir om Samfundet. Det er stort sett det eg gjer for tida: snakka om Samfundet. (eg elsker det)

28.8.05

I går gifta ei av mine beste venninner frå vidaregåandetida seg, og eg var til stades. I førd rosa kjole og ei mengde tyll inntok eg rolla som den single og derfor litt bitre venninna - den einaste som signerte kortet med "Mari", og ikkje "Mari og [gutenamn her]. Det er 10 år for tidleg til å bli bitter for denslags, men kva skal ein gjere når ein er omgjeve av sambuarlukke og stadig nyforelsking?

Utanom dette var det ein fantastisk dag, sjølvsagt. Brura framførde "I got you, babe" med klump i halsen og tårer i auga, akkompagnert av brørne sine på trommer & gitar, og intet øye var tørt. Kake, vin, super fiskesuppe til nattmat, konjakk, meir vin, kjempefull ung mann i bunad - musikk og dans. Og regn. Utebryllup i Bergen? Ikkje noko som ikkje blir vellukka med noko laterner, lys & ikkje minst presenning. Fantastisk.

25.8.05

HURRAAAAA! I dag har eg fått den penaste dingsen eg har sett på lenge: ein kvit liten iBook.

Mac is the new loud!!

16.8.05

No er eg so nøgd at eg lener meg attende og berre gliser. Det er mykje å gjere for tida, eg er på Samfundet heile dagen og kjem meg liksom ikkje heim. Til slutt merker eg at eg gjer slike ting som google meg fram til stygge klede som heiter Mari, og DÅ er det på tide å gå. I går og i dag hadde eg dei to fyrste talane av typen: "Samfundetleiaren prater vakkert og inspirerande om Samfundet". Same shit kvar gong, men wrapping tilpassa publikumet. Dagens publikum var stortingskandidatar & representantar frå studentdemokratiet.

"Men kvifor so nøgd, då Mari?" tenkjer du kanskje no, og det skal du få vita: Nye nettsider for Samfundet, nytt program er sluppe (og det er sjølvsagt superbra!), ny utgave av Under Dusken i dag, immatrikuleringsdagar og alt er fint.

....no venter eg berre på eit høve til å klippe håret.

29.7.05

Då er det klart: eg reiser frå vestland, vestland på måndag klokka 21:20, og landar på Værnes klokka 22:20. Då vonar eg på kvite duer og tårevåte kjakar på Flesland, og flamencodans, flagg og hurrarop på Værnes. Okei? No skal eg legga meg, rett frå nattevakten og i seng. Aaah!

25.7.05


I dag har eg bursdag. Eller gjebursdag, gjebursdag, jibbesdag, børsdag eller kanskje fødselsdag om du vil. Kake er klar, det blir familie & vene-besøk i dag, og storfest på laurdag. Alle som vil er inviterte på festen på laurdag, berre ring om du er i fusa eller omegn.

I anledning dagen, smeller eg opp eit bilete frå bursdagsfesten i fjor.

PS. Eg ønsker meg undika, sokka og pyntestrømpikk.
PSPS. Ikkje få perverse tankar av ordet strømpikk, det betyr strømpebukse.

20.7.05

"Eg har henta ei flaska med sider te eg, Mari!" roper bror frå kjøkenet der han sit med nokre venninner. Eg har ikkje spurd, kanskje er det STUDIEPLASSEN han feirer? No har verken bror eller nokon andre i familien nokon gong trengt ei grunn for å feire med god mat og/eller god drikke. Nett no er det mest god drikke som vert konsumert på kjøkenet, makaroni med ost har vel aldri gått under kategorien "god mat", i beste fall "godt nok vombafyll". For ordens skuld: det er sjølvsagt far sin heimebrygga eplesider (på ekte Hardangerepler) bror roper om, ikkje noko tull.

Studieplassen er på bibliotek og informasjon, høgskulen i Oslo. Eg er litt trist for at det ikkje er Trondheim, men glad for at det er det studiet. Same som far, faktisk, berre at faget har endra seg litt sidan byrjinga av 80-talet. Heine og far har faktisk veldig lik tiltakskurve: militæret, fåfengd forsøk på historie på UiB, for so å ta bibliotekshøgskulen. Største skilnad er at den gode far var gift då han var so gamal bror er no (21), hadde jobba nokre år før han slo seg til ro med bibliotekshøgskulen. Og so vart eg, den fyrstefødde, fødd 2 månader etter han uteksaminerte. Me budde dei 8 fyrste månadane mine i blokk på Lambertseter før det vart FUSA, gode Fusa.

Det er kort mellomTrondheim og Oslo, eg gler meg til broderleg besøk.

14.7.05

Han skal ha rett i ein ting, paven: Eg er forført, og eg gler meg veldig til den nært foreståande boka. Men diverre for paven er det lenge sidan det var for seint for kristendommen å få moglegheita til å veksa i mitt unge sinn, og det hadde ikkje noko som helst med Hari Påtte å gjera, det var snarare noko kristendomen sjølv, representert av dei prestar eg møtte og kristendomstimar eg hadde som undergrov der, i mi sjel altso. Nokre av dei bøkene eg sette størst pris på i barndomen var fantastiske "Drømmen om Narnia", bøker eg las om att og o att. (Unntatt den siste som var så eksepsjonelt tydeleg i den kristne bodskapen at eg ikkje likte det noko særleg).
FOR tydelege parallellar til noko anna kan verka særs forstyrrande i lesing, som å lesa HP-bøkene som allegoriar over Tyskland på 30-talet, Vortemold som Hitler og svarte trollmenn som nazistar. Og er det slik det er, då har paven enno meir feil i at unge Hari lærer born vondskap og illskap. Det er ein fasettert og vanskeleg kamp mot vondskap Råoling skildrar, og hadde eg hatt born hadde eg latt dei lese HP glatt.

Og no, eit rop om hjelp i verdsvevskogen: Kva treng eg eigentleg, denne,
med 512 noko i minne og 60 gb i harddisk eller drive eller noko, eller er det heilt fint med denne, som har litt mindre minne og litt færre gb`ar? Den oppdaterte versjonen var den mannen på eple-telefonen anbefalte. Bruken min går mest ut på epost, div.internett og tekst. Altså LESA OG SKRIVAl. Dersom eg får ånda over meg, kanskje litt musikk & bilete i tillegg. Er den ekstra plassen sopass naudsynt at den er verdt noko tusen kroner meir, eller rekk det som er frå før? OG, er det vanskeleg, evt dyrt, å oppdatere slikt seinare?

6.7.05

4.7.05

so dar, ja.
Eg tenkte eg skulle forfatta nokre rørande moralske, familiære, riktig nette "det hendte meg" historier, "fra virkeligheten". Dei skal sjølvsagt ikkje vera frå røynda, for eg har ikkje opplevd so mykje slikt, men kanskje eg kan senda dei til nokre vekeblad og tent nokre kroner. Eg veit ikkje om det er so vanleg, men eg veit at eg kan skriva noko i fin stil! Det hadde vore fint om da gjekk, og pengane skulle eg kjøpt noko gøy for. Sko. Kule sko.

Elles ser eg på the Tribe, og får som alltid enorm lyst til å sy. Eg likar the Tribe, men tykkjer dei er ganske unge til å ha so mange born. Når eg tenkjer meg om er det i grunnen sminken, håret og kostyma eg likar best. Håret, forresten? Håra? Eit hår, mange hår, alle håra, men det blir so i hårstrå, ikkje sant? Må eg då skriva hårsveisane? Eg likar sminken, håra, kostyma, sminkestilane, hårsveisane, kostyma.

Nett medan eg skriv byrjer nintendo-musikk på studentradio-streaminga. Det fekk meg til å skriva mykje, mykje fortare, tenk at eg klarte å skriva rette bokstavar!

3.7.05

På Ninahagen.com fann eg den fine gjesteboka som eg har laga meg no. Den heiter teikneboka til venstre, og tenk so fint om alle som las her kunne teikna litt der! Nina Hagen er ei gal, gal dame. Bra. Eg vert inspirert berre av å sjå på henne, det er godt med nokon litt gale.

I går var det fest og badenachspiel. "Skal vi bade i nudien?" "Me pleie no å bada i sjøden, me" er ikkje so verst godt sagt.

Sidan eg no har dette "hjartet i handa" mantraet, eller kva eg skal kalla da, so er det kanskje på tide med noko rett frå hjarta og ut i handa: eg gløymde om ein gamal, knust kjærleik i natt, so levandes at eg ikkje ville vakne. Det kan framleis gjera meg so uendeleg trist. Kva skal ein gjera? Legga seg ned og grina?

28.6.05




Gratulere med dagen til supersyster, 16 år!

Hurra hurra hurra!


Eg feirer med å vise henne fram i all sin venleik, og no når eg har oppdaga at det går an å legge inn bilder smeller like godt til med eit søtt søskenbilde frå julafta. Eg er den med blanke silikonaktige kinn og grøn kjole (som eg har sydd sjølv). Astrid er den pene som ser ut som fotomodell /idoldeltakar, og den tredje er Heine. Han er 21 og har søkt bibliotekhøgskulen. Eg vonar han kjem inn der!
Eg blir visst heilt nødd til å trykka eit finare bilde av min person ved eit seinare høve, men i dag er det Astrid sin dag, so då får det heller gå at ho er mykje penare enn meg på bildet, for det er jo faktisk heilt riktig. Astrid og eg har baka brownies. 400 g smør, 8 egg, 8 dl sukker. Djises. Det blir tjukkesøstrer av slikt, men det er bursdag og sommarferie, so det får me tola.

27.6.05

Nett komen heim, direkte frå nattoget, og påmeldt som frivillig til fjøsfestival. Ulikt anna som er fysisk & naturvitskapleg her på vestlandet har ei helg på Nesodden gjort meg kraftig solbrent. I tillegg: ganske søvnig. Kvila litt no.

22.6.05

Eg er stolt over å vera Fusing, og ikkje minst over å vera konsul, for då er namnet mitt i PASSET. Etter medisinkurs (som var litt ekkelt, eg blir svimmel berre av ordet "blodfortynnande" dersom nokon andre seier det høgt) var det lansering av passet på Fjord`n Senter. Sentralbanksjefen sa nokre vakre ord, og etterpå kunne ein få seg pass. Eg fekk nummer 12, og seinare på kvelden fekk eg det påskrive av Eksellensen sjølv.
Oppmøtet var ikkje overstrøymande, men klokka 13 ein tysdag brukar det ikkje vera trengsel på senteret til vanleg heller

Eit knippe gode menneske åt laksamiddag på vakre Engevik Gard, og Eksellensen held ein rørande takketale til dei tilstadesverande. Han kunne ikkje fått til alt dette aleine, og det veit han veldig godt. Eksellensen er ein god mann, og flink til å trekkja fram dei som fortener det!Etter middagen vart eg med heim til den visekongelege residensen, der eg såg dokumentaren saman med magasinet-journalisten (LES MAGASINET NESTE HELG) medan Eksellensen vart fotografert. Etterpå var eg blitt litt full so eg avbraut med meir eller mindre saklege innskot heile tida då journalisten intervjua.

12.6.05

Over skrivebordet heng eit bilete av Heikki Holmås, omlag 3 år. Han var eit vakkert barn med sjarmerande bolleklipp.

Det har vore ei stri helg, men finfint. I går var eg på puben (ja, det er bunden form eintal. Det er ikkje so mange pubar i nærleiken). Det er ei stund sidan eg var heime, og JAFFAL sidan eg var på puben, so i fem minutt kjende eg meg nesten som ei rockestjerne. Folk blir glade for å sjå meg att, og eg blir glad for å sjå folk att. Etter fem minutt har eg helst på alle, og nyhendet er ikkje nyhende lenger. Då kan eg setja meg roleg ned og nyta ei kald (og ganske dyr) øl, skjønn karaokesong, og den gode samtalen, vittige frieri og gamle vener.
Morten Visekonge kom i regjeringa, og det med 52 prosent av stemmene, hurra for det. Og på tampen av kvelden, før eg går til sengs: ei ganske festleg liste over boktitlar med "mari" i. No går eg til sengs. Ha ei fin natt.

9.6.05

Vakna til den deilige lyd av regn, regn, regn, so eg orka ikkje hente avisa. Det gjorde ingenting, eg las DagogTid frå laurdagen medan eg drakk kaffi og såg ut på regnet, den grå fjorden og det lave skydekket. (Eg høyrde på P1 og det var i grunnen ganske fint. Alle burde gå inn og stemma på visekongen til P1-regjeringa!)

Kveldsvakt på jobben var ekstra spanande i dag. Me drog på bondegard og mata høner, såg på kyr og reid på hest. Eg reid og, i den grad å sitje oppå ein fjording som blir leigd av ei jente på 17 kan kallast å ri. Uansett, frå hesteryggen var det lenger ned enn eg forventa, og eg følte meg veldig fjollete eit sekund. Det kom seg, og eg likte meg ganske godt der oppe. Kanskje burde eg få ein ven med ein stall, so eg kunne ri litt i blant?

30.5.05

Litt om bøker

1) Hvor mange bøker eier du?
Det veit eg jammen ikkje, men omlag 180 cm med skjønnlitteratur & lyrikk, ein liten kasse + omlag 60 cm med forgangen pensumlitteratur. Og ein liten eplekasse med med meir skjønnlitteratur og barnebøker.

2) Hvilken bok var den siste du kjøpte?
Hugser ikkje, men rundt jul leverte eg fyldig bestillingsliste med godt resultat til familien, både på musikk- og bokfronten.

3) Hvilken bok var den siste du leste?
"Innestengd i udyr" av Olaug Nilssen. Eg sat tre timar på biblioteket og las denne, med pensumlitteraturen ved sida av. Det var fint, i grunnen. Etterpå byrja eg på "Sauejakten" av Haruki Murakami, men det vart litt voldsamt å byrje på heilt ny, eg trengte litt meir tid på udyra, so eg drog heim og laga middag. "Sauejakten" ligg i veska framleis.

4) Nevn fem bøker som betyr mye for deg:
"Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. Eg misunner dei som ikkje har lese denne enno, og kan gjere det for fyrste gong."Vi har så korte armar" av Olaug Nilssen, fordi eg lurde på om det handla om meg, for på sett og vis gjorde det nesten det. "Alt blir klart og betydelig" av Jonathan Safran Foer, fordi han fortel fantastiske historier, men mest fordi eg elskar det han gjer med språket. "Popsongar" av Frode Grytten, fordi det er vakkert. Og morosamt.
Og: "Kabalmysteriet" av Jostein Gaarder, som heldt meg vaken heile natta då eg var 10, som opna augene mine, skremde meg kraftig og elles var utruleg spanande. Jepp.

5) På nattbordet nå:
Nattbordet, neinei. Ved hovudputa, i senga: Snorre Sturlason & Morgenbladet. På skrivebordet: Diverse pensumschmensum. I veska: den tidlegare nemnde Murakami.

27.5.05

Pollution Pirates are sailing the 7 seas
Pollution Pirates are sailing the 7 seas
Long John Silver is dumping his chemical waste
The sea is turning gray with a slick once more
All the animals are lying dead on the shore

One day we will glow,
And one day we will flow
In the meantime baby
What you got to do is:
Let yourself go !

One day we may fly,
And the next day we may die
In the meantime baby
What you got to do is:
Give it a try !

One day we are fine,
The next day we may decline
In the meantime baby
What you got to do is:
Learn to shine !

22.5.05

I dagbladet i dag vert Nina Witosek, vinnar av Fritt Ords pris, sitert av Henrik Hovland: "Kos er en fare her i Norge. Kos kan paralysere også det intellektuelle livet." Eg står sjølv i umiddelbar fare for å paralyserast av kos. Det har skjedd og kjem til å skje, og eg må ofte bite meg sjølv i tunga eller klype meg i armen for å passe på. Neinei, ein skal ikkje kose seg for mykje! Å kose seg glugg i hel, til dømes! Å døy av kosing, tilbakelent med eit salig smil om munnen. Glad, ja, men like daud.

Neinei, ein skal ikkje kose seg med at Christian kyssar Jåorunn so glad, ein skal rase, RASE seier eg!, mot at Hareidepusen og Bondevik seier at dei ikkje kan gjera noko som helst mot nær foreståande Co2ureinande gasskraftverkutbyggjing utan å kreve skikkeleg reinsing av dritet. "Neinei", yndar Hareide, " Det er Stoltenberg sin feil". Skuldar på Stoltenberg og gøymer seg bak miljøvenlege kyrkjegardar og kompostmakkar, uviljug og søt.

Eg kosar meg IKKJE. Eg er sint. Puh.

19.5.05

Førre post får stå nett slik den vart skrive, sjølv om den ikkje hadde sett slik ut hadde eg skrive den i normal tilstand. Normal tilstand? Til dømes ein dag då ein ikkje har jobba på samfundet i 16 timar iførd bunad.

Eg har nytt nummer! Det gamle flotte med seks 9-tal skal frysast ned i eit kontantkortabonnement, og frå no av vil eg vere å nå på det feiande flotte leiarforsamfundetnummeret. Eg gidd ikkje skrive det her, men det er å finne på styret.samfundet.no, i alle fall snart.

18.5.05

Det er ikkje 17.mai meir, men eg har ikkje lagt meg enno, og slik sett er det faktisk nettopp dette det er: 17.mai, dagen då eg pompøsitet, bunad og flagg er heilt okei. Eg er ikkje redd for dei store orda, eg kan godt sei: "det handlar mykje om å elske" og meine det heilt. Eg kan tilogmed sei "Å tene Studentersamfundet best mogleg vil vere hovudoppgåva i mi gjerning" med ein viss dose "meiner det", sjølv om det var ein tøysete rip-off frå Are Kalvø sin festtale.

Eg likar marsipankak og sjampanje, eg likar øl. Eg likar folk i bunadar og eg likar i det heile tatt ei slik kjensle av samskap som 17.mai tilskipinga i storsalen, samfundet skaper. Jaaaaaaaaaaa!

15.5.05

I helga har venninnene frå vgs vore på besøk, og det kjendes som ein ferie. I dag åt eg sushi for fyrste gong (og det var supergodt), på fredag såg me Mette Marit og det japanske keisarparet (og det var overraskande gøy), og det raraste av alt: eg har nesten ikkje vore på Samfundet, og eg har knapt sjekka mail. Det føles godt.

Men hoppsann, no må eg heim att for å stryke bunadsskjorta.

Og for øvrig:











Your Deadly Sins



Pride: 40%

Sloth: 40%

Gluttony: 20%

Lust: 20%

Wrath: 20%

Envy: 0%

Greed: 0%

Chance You'll Go to Hell: 20%

You will become famous - and subsequently killed by a stalker.

8.5.05

Dagen er så vakker at eg blir rørt. Samfundet er så vakkert at eg blir rørt. Menn i dress er så kjekke at eg blir rørt. Trondheim er ein deilig by.

Eksamen? Nei, den har vi ikke sett.

24.4.05

På torsdag gjorde Falken (eller "Falck". Grem.) meg til den lukkelege eigar av ein vakker rosa og kvit DBS Fortune, drøymesykkelen frå 1992. Det har ikkje lukkast meg å google fram eit bilete av sykkelskatten, diverre.

Å sykle Ila-Samfundet er noko heilt anna enn å gå den same strekka. Livet med sykkel er direkte herleg.

15.4.05

Skulle du slumpe til å lese om FUSA og FUSAJEANS i Dagbladet sitt fredagsbilag i dag, vil eg berre du skal vite dette:

Fusa er ikkje noko øy. Berre sjå her!

10.4.05

Fusa er heime, Fusa er ein herleg kommune. Og Os&fusaposten er årets lokalavis. Jejeje! Far min skipar til 17.mai-feiring for alle bygdene i lag, dette har aldri skjedd før. Visekongen fyller snart år. Når eg blir stor skal eg vere tysk & historielærar på Fusa Vgs (ca. 50% stilling) og lage kultursenter i den nedlagde margarinfabrikken ved Koldalsfossen.

Eg skal vere heime å jobbe i heile sommar, på Hellemyro. Det blir fint, sjølv om hjernen kjem til å vere på Det høgt elska Raude Runde store deler av tida. Eg ynskjer meg ein læpptopp og masse nattevakter til sommaren! Då skal eg skrive ferdig Romanen og førebu meg på nyavervet heile sommarnettene. Det blir fint.

Les Os&fusaposten! Kjøp Fusabukser! Hurra for Visekongen!

8.4.05

For alle som er i den vakre byen ved Nidelva burde koma i Storsalen i morgon klokka sju. Det blir ein kveld med flott musikk og raude hjarte, og eg har brukt eit ukjend tal timar på å organisere so godt som råd. Kom, kom.

No må eg gå å drikka litt kaffi att.

31.3.05

Eg har ledd og ledd i mange dagar av denne lista med uvanlege namn som vart funne under folketeljinga i 1801. Grevenpop, det er mitt nye favorittnamn. Det skulle eg ynskje eg heitte. Mari Grevenpop Raunsgard!

Ein annan ting eg har ledd av er desse galne jentene. Eg ser for meg at den eine heiter Blancheflor og den andre heiter Mangori. Sånn cirka det.

Eg lever hektiske dagar på Studentersamfundet, fine og hektiske dagar. I tillegg er det våren, det gjer det heile eit ekstra deilig skjær. AH!

24.3.05

Det må skrivast: eg stilte att. Og vart vald. Dette er spanande av ei anna verd, det kjem til å bli litt av eit år!
Kvar dag og natt tenkjer eg på dette, men eg slapper av og. Eg skriv førebuingsdokument. Og so dreg eg på fest.

Eg er jo i Fusa, må vite! For ein deilig stad. Det går ei kråke over bakken til visekongen. Visekongen lagar kaffi. På laurdag laga han vintergalla, det var fantastisk.

13.3.05

For ei påkjenning: munnleg eksamen med 500 sensorar i 4 timar. Då møtet vart heva klokka halv tre om natta var ingen ny leiar for Studentersamfundet veld, og heile valet må gjennomførast på nytt.

Motkandidaten har laga seg eit program på fem punkt. Eg har sove til 13.30, 15.10 og 16.00 dei siste dagane. I dag var eg tidleg, då var eg opp allereie 12.30. Eg veit eg kunne vore ein knallbra leiar for Studentersamfundet i Trondhjem. Men eg veit ikkje om eg stiller att likevel, eg lytter til skogane som syng baki der. So får me sjå.

9.3.05

Man har meldet sig til store hverv, og er nu klar til düst. Ja.

Eg har no byrja å bli noko nervøs. Dei siste dagane har eg lest Samfundets Lover og prata i tilsaman timesvis med tidlegare leiarar & styrerepresentantar. I dag skal eg vere med på dugnad på kostymeloftet fram til Den Store Utfordringa: eit potensielt timar langt møte med utspørjing av min person og andre kandidatar. Det kjennes som eg skal opp til munnleg eksamen, men eg er tøff og klar.

22.2.05

"Den sinnsstemningen vi opplever når en million kinesere sulter i hjel, er like stor som når ti tusen indere dør i en flom, et par franske ungdommer blir myrdet på teltferie, en svenske dør i et terroristangrep, en tidligere klassekamerat kommer ut for en bilulykke, naboen brekker beinet - og gullfisken dør i vårt eget akvarium."
George Klein

4.2.05

Eg er på isfit-kontoret. Det er eg stort sett heile tida, eg elskar isfit-kontoret! Eg drikk kaffe (men ikkje Kjeldsberg-pulverkaffe lenger, den har eg fått nok av), no har deltakarsjefen steikt vafler, det var deilig. Det kjem fantastiske menneske frå den fantastiske seremonigjengen.

NO KJEM EI OPPMODING:

Sjå på student-TV neste laurdag! Nærare bestemt 12.februar klokka 19.00. Då skal dei nemleg senda opningsseremonien for ISFiT 2005 på striiiiming. Der får de sjå det siste året mitt kulminere i eit spektakulært show. Staden er storsalen på studentersamfundet, hjarta mitt kjem ikkje til å vere i handa, men snarare i halsen.

Det skal faen meg bli fint.

27.1.05

Wangari Maathai kjem til ISFiT! HØYRER DU!! WANGARI MAATHAI KJEM!

Ho skal halde eit møte i Olavshallen, og etterpå skal ho prate på opningsseremonien. Den fantastiske seremonien, som eg og den FANTASTISKE seremonigjengen har laga!

Herregud, dette blir bra. Herregud!

12.1.05

Studentenes Fredspris vert delt ut annakvart år under den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. I år går prisen til Asociacion Colombiana de Estudiantes Universitarios frå Colombia. Dei får prisen for den langvarige ikkje-valdelege kampen for eit demokratisk og rettvist Colombia.

Tidlegare vinnarar er blant andre Zinasu frå Zimbabwe og den nyleg frigjevne Min Ko Naing frå Burma. Som Thorvald Stoltenberg sa, so tyder ikkje desse prisane at det blir fred i Zimbabwe, Burma eller Colombia. Men å vinna denne prisen i Noreg tyder taletid i norske medier, eit mikrofonstativ der ein kan få sett søkelys på konflikter og problemer som elles er gløymd.

4.1.05

Den gode Tonen i kulturstyret, Tone, har laga blågg. Frå før av hadde ho ei eminent stud-side med gode bod for alle og ein kvar. For øvrig kan ein beundre Tone på biletet i post nedanfor, sommarminnet. Tone til høgre, Mari altso meg til venstre og den eminente kultursjef i midten.

ISFiT - mitt liv. ISFiT bringer fram det beste i meg. ISFiT er min morgon, min føremiddag, min ettermiddag, min kveld. (Det er greit å få sova i ro om natta)

PS. Angåande storleiken på biletet der nedanfor: eg har ikkje peiling. Eg kan ikkje gjera noko med da.