22.11.05

Å halde seg sjølv vaken med tørr og hard hoste - ikkje ideellt for den unge kvinna som skulle hanke karriera inn frå skogen ein gong for alle. Det får bli i morgon. I MORGON skal eg byrje eit nytt og betre liv! (trur eg).

Då skal eg ikkje lenger prate meir enn eg burde, ikkje prate om TING før eg har fått sove på det ei natt. Då skal eg legge meg tidleg OG SOVNE og stå opp når klokka ringer. Eg skal ta grytidleg buss nummer fem til Dragvoll og finne ein leseplass på biblioteket. Der skal eg lese og oppføre meg ordentleg og aldeles ikkje skusle vekk tida med å tenkje på livet, havet og tapt kjærleik. Eg blir bestemt og fornøgd når eg tenkjer på det. No skal eg lage tomatsuppe med mykje kvitlauk og tenkje på kor flink eg skal vere i morgon.


Filip er ein eg kjenner, han har byrja å kommentere litt her og der ser eg. Han er ein flott kar, sjølv om han kaller meg tyskermari. Det er ein etterlevning frå den fyrste tida i Trondheim, då alle heitte Mari og eg studerte tysk. Besøk Filip og kjærasten hans på gravidebloggen: i storm og stile .

(Det var som Filip hjalp meg med den dundrande cd-suksessen "Mari syng jula inn" i fjor på denne tida, og eg er allereie gått i tenkeboksen på ein oppfølgar. Det kjem meir om den, gjett om. )

Ingen kommentarer: