29.1.07

Magnus pleide å samla på Gjende-kjeks då han var liten. Han samla dei i ein oransje balje, og hadde cirka 10 pakkar då han gav det opp. Han opna pakkane og samla kjeksa i baljen. Det kule med denna hobbyen, seier Magnus, er at "når du først får en pakke får du så SYKT mange nye i samlingen".

21.1.07

Du sundagskveld, du sundagskveld.
Du var no alt min beste kveld!

Slapp og deilig i dag, eg effektiviserer språket med apokoper og spør: "Kaff, Gis?"
"Jaa!" svarer Gislaug. Magnus speler gitar og syng lavt på pianokrakken. Ane og Gislaug lagar semesterplan. Eg skal eigentleg skriva noko, men det er så deilig å berre sitja her og vera litt sliten, drikka kaffi, høyra på Maggen og tenkja at det her livet, det er godt.

16.1.07

Urtete i glas, det var ikkje fleire reine koppar her på hybelen. I stad gjekk det i døra, men det var ingen der då eg såg etter. Eg gjekk ut i gongen, men det var ikkje lydar av skritt i ei einaste retning. Det var passe skummelt, her eg er, nesten aleine i eit kjempestort murhus frå 1929.

Heldigvis kjem Ane snart, då vert det tryggare. Eg har sett på kaffi til deg, Ane!

15.1.07

Det er ikkje mange minutta att til det fyrste måndagsmøtet i det nye året. Ane er litt nervøs, eg er ikkje noko særleg, eg berre gler meg. Me har øvd inn ein song me skal opptre med før møtet byrjer: Alle mann hadde fota. Det er ein flott song, like sær i teksten som dei fleste gamle folkeviser er. Og med ein fengjande melodi som me har sunge på inni hovuda våre ei heil helg og meira til. Kven er desse ME som ho snakkar om, spør du kanskje deg sjølv no. Og sanneleg, det seier eg deg: eg har ikkje klart å halde meg unna frivilligheita i år heller. Eg er blitt med i Styret for SIT detta året, og no i helga var me på hyttetur på Røros. Det var skikkeleg flott.

4.1.07

Tre ting eg har notert på gule lappar på kjøkenet:

Klokka 6 om morgonen, kaffi & Henning Mankell på kjøkenet: Keeper of the flame – Nina Simone på radioen

"Først ska vi finn ut, ta stilling til og gjøre vurdering av…"(Odd Roger Enoksen er grundig i ord)

Einar Gullvåg Staalesen. (Pans Labyrint) Du kan få lesa eventyr for meg korti som helst!


Eg hadde tenkt å spela ferdig Narnia før eg drog, men eg veit ikkje om eg greier det. Eg kjem meg fanskjærameg ikkje forbi to av kentaurane – og dei er ikkje slemme ein gong! Difor legg eg det frå meg, og freistar lese ut Henning Mankell att, Kennedys hjerne. Eg blir skremt av den boka, eg kjenner den moderne verda eller noko som eit svart hol i brystet.

I dag vakna eg også tidleg. For alle andre er det kanskje ikkje noko sensjonelt i det å vakne av seg sjølv klokka halv åtte, men for meg som kan sova til eitt om føremiddagen er det veldig fint. Stearinlys og god tid til kaffi i grålysninga. Og ”Mørkets opplevelser”, P2 sitt filmmeldarprogram på radioen. Dette er fint, dette er nyårsforsettet mitt.



 

3.1.07


Framtida gjer meg kvalm. Då eg kom heim frå ein regntung spasertur til likningskontoret, 
der eg oppjusterte skattakortet, høyrde mamma på Sivert Høyem. Wasnt it ironic? Yes it was, for då eg kom inn døra song Siverten: "Now I`ve slept for three days straight. January third has found me waiting. January third has found me waiting." Og det kvalmande skjebneironiske hadde ikkje noko med resten av teksten å gjera, men det var nettopp dette med dagens dato, ventinga og sovinga som passa. Nattevaktene i jula har gjort store ting med døgnrytmen min. I går sov eg bokstavleg tala heile dagen, eg var kun vaken då eg åt middag og då eg prøvde å lesa litt etter middagen. Elles sov eg og sov eg heilt til eg vakna kvart på fem i natt/dag tidleg, spill vaken og ikkje i stand til å sova eit minutt lenger. January third starta soleis på kjøkenet med "Kennedys hjerne" av Henning Mankell, 
havregraut og eit par koppar kaffi. Spaserturen i regnet var prega av Den Store Framtidsgrublinga, og eg berre ventar på ein Den Geniale Ideen, Den Store Planen, eller nokon som skal til å kome eller noko slikt. Det einaste eg veit er at det blir ikkje nokon bachelorgrad på frk. Raunsgard i år heller. Verken i tysk eller noko anna.

Ja, og so til førre tevling. Astrid hadde rett sjølvsagt, for Astrid var der då eg tok biletet og det, vener, det er fusk.
Difor vert biletet frå jula i familien Raunsgard av nettopp Astrid, der ho sender melding frå
mobiletelefonen min og har på seg smykket ho fekk av meg og Heine.