14.3.03

Det er noko med desse pengane. Dei flyg som faen. Men det er ikkje so verst. Det er ISFIT i Trondheim, og det skjer mange feite ting. Det bur ei jente frå Tanzania på det ledige rommet heime, det er ganske kult. So var eg på Jaga i storsalen i går, skal kanskje eksplodera plast Blæst i dag. Det er dyrt men pytt. Øl er godt, det er fett å leva som student, og neste veke, NESTE VEKE; har meg og Sjur (i klassen) avtale om å bli flinke og gå på ALLE forelesningane.

Slik er det om dagen. Eg har vore på mammutsal, det var gøy, eg har lyst å kjøpe mange nye klede. Det våres, det våres, eg har byrja å sykle att. No skal eg heim og ete, men ikkje fordi eg vil, fordi eg må. Eg er supermatlei. Men eg må. Det er dumt at Doktor Kosmos kjem til Bergen og Oslo men ikkje Trondheim.

Kven er Vemund som vil ha meg til å leike i bjerka?


No skal eg sykla heim, dumt at eg er kledd for soldag og ikkje kveld. Utan hanskar.

10.3.03

Eg gidd rett og slett ikkje. Eg lever, men eg orkar ikkje skriva. Eg ventar på meira inspirasjon. Men eg er lei for at eg ikkje gjorde noko til gebursdagen til Sjur, ikkje ein gong sendte melding. Orsak, kjære Sjur, det var fordi eg ikkje har pengar på kortet! Telukka på itteskot.