24.4.05

På torsdag gjorde Falken (eller "Falck". Grem.) meg til den lukkelege eigar av ein vakker rosa og kvit DBS Fortune, drøymesykkelen frå 1992. Det har ikkje lukkast meg å google fram eit bilete av sykkelskatten, diverre.

Å sykle Ila-Samfundet er noko heilt anna enn å gå den same strekka. Livet med sykkel er direkte herleg.

15.4.05

Skulle du slumpe til å lese om FUSA og FUSAJEANS i Dagbladet sitt fredagsbilag i dag, vil eg berre du skal vite dette:

Fusa er ikkje noko øy. Berre sjå her!

10.4.05

Fusa er heime, Fusa er ein herleg kommune. Og Os&fusaposten er årets lokalavis. Jejeje! Far min skipar til 17.mai-feiring for alle bygdene i lag, dette har aldri skjedd før. Visekongen fyller snart år. Når eg blir stor skal eg vere tysk & historielærar på Fusa Vgs (ca. 50% stilling) og lage kultursenter i den nedlagde margarinfabrikken ved Koldalsfossen.

Eg skal vere heime å jobbe i heile sommar, på Hellemyro. Det blir fint, sjølv om hjernen kjem til å vere på Det høgt elska Raude Runde store deler av tida. Eg ynskjer meg ein læpptopp og masse nattevakter til sommaren! Då skal eg skrive ferdig Romanen og førebu meg på nyavervet heile sommarnettene. Det blir fint.

Les Os&fusaposten! Kjøp Fusabukser! Hurra for Visekongen!

8.4.05

For alle som er i den vakre byen ved Nidelva burde koma i Storsalen i morgon klokka sju. Det blir ein kveld med flott musikk og raude hjarte, og eg har brukt eit ukjend tal timar på å organisere so godt som råd. Kom, kom.

No må eg gå å drikka litt kaffi att.