6.4.11

inspirert


Ein kamerat på facebook posta ei lenke til eit fantastisk fotoprosjekt. Eg fortset den gode trenden min med å ikkje peika på noko viktig i verda gjennom å gjera noko sjølv, men visa til kva andre gjer. Fantastisk biletserie, bra tankar bak.

5.4.11

Kamp mot modale hjelpeverb

Nokre gongar blir livet ein kamp mot modale hjelpeverb. Ein skulle, burde, kunne ha gjort mindre av det eine, meir av det andre. Alltid noko konstruktivt ein ikkje gjer, og det er stort sett relatert til skulearbeid. DESSUTAN er det for mørkt i leiligheita, for lite dagslys, og alt for mykje oppvask som er keisam ta. Og hybelkaniner. Heilt generelt - sjå førre innlegg.

Då er det berre å gjere det einaste fornuftige: Setja seg på bussen til svigermor på Melhus. Her er det store vindauge med kveldssol som lagar gjenskin i skjermen nett no faktisk. Me et middag, lagar kaffi og set oss i sofaen. Svigermor strikkar ein nett liten kjole til sitt fyrste barnebarn (som ikkje har noko med meg å gjera) og eg heklar dei små blomane som skal syast på kanten.

Og so ser me Dagsnytt 18.

I 2010 vart det seld 70 000 000 magasin av ymse slag i dette landet. Det er heilt vilt tal! Agnes Ravatn pleier ikkje å lesa so mange av dei, men i ein serie i Dag og Tid (som har 7000 abonenntar, ein av dei er meg) har ho gått systematisk gjennom dei og vurdert dei, sjanger for sjanger. No er det blitt bok av tekstane: Folkelesnad. Eg vil ha ho. Boka altså, ikkje Agnes.
Måten ho og ho der vekeblad-dama som og var me i programmet snakkar om KVINNEBLADA gjer meg glad og stolt for at eg ikkje pleier å lese dei sjølv. Noko-kan-alltid-bli-betre-ved-din-person-saker er kanskje det siste eg treng, her i kampen mot dei modale hjelpeverba. Kunne eg sminka meg meir? Klart. Burde eg det? Nei, og i staden for å kjenna etter på den vesle stemma som lurer på om eg hadde vore ei betre kvinne om eg var litt meir interessert i korleis eg skulle legga augeskuggen i årets motefarge lavendel, so vel eg å lesa meir Agnes Ravatn. Det er nok meir gjevande i lengda.


Og so kjem Tristram Stuart, årets vinnar av Sofiprisen, pris for miljø og bærekraft som vart starta av Jostein Gaarder då han følte at han hadde tent meir på Sofies verden enn han hadde lyst til å bruka sjølv. Tristram Stuart er utdanna filolog i følge Jostein Gaarder, og han smiler lurt medan programleiaren introduserer han på norsk. Og so byrjer han å snakka om at det blir kasta for mykje mat. Og han bruker modale hjelpeverb, dei strengaste av dei faktisk, men eg blir ikkje stressa likevel. Me burde ikkje kasta so mykje mat! Me kan faktisk ikkje fortsetja sånn, og det er både store og små grunnar til det - dei største er økonomiske og bærekraftige. Her er ei lita lenke samling om den kjekke og vittige prisvinnaren med den store, gode saka.

Det går so sakte å tenka sjølv, skriva sjølv, og det er so avslappande og oppløftande å sjå at andre gjer det (tenker, skriv - handlar!), og at dei fokuserer på noko som er bra. Tilbakelent i sofaen, med kaffikoppen og hekletøyet, lar eg meg begeistre og inspirere av to unge, pene menneske med agenda og humor.
Åh, eg elskar det.