25.8.04

I går var eg på radio, på programmet der Tor-Erling Thømt Ruud presenterer viktige nyhende om dagsaktuelle tema innemellom fengjande popmusikk. Eg vart intervjua på H&M om temaet "kvifor kjøper ikkje unge menneske smykka sine hjå gullsmeden, men på Hennes & Mjauritz?". Det var kjekt. Eg har diverre ikkje fått høyrd det sjølv, men venninna til søstra mi ringte og fortalde til mamma at ho hadde høyrd det.

Forøvrig kan eg avsløre at ingen av alternativa i "kva hendte med tanna mi"-tevlinga var riktige. Det riktige er at eg datt ned frå eit tre då eg var 10 år gamal. Ikkje 12. Men det med nektarinen er sant.

11.8.04

Rock og likestilling? Eg tykkjer dette er ei herleg setning: "Norsk rock domineres av menn. Bildet er imidlertid i ferd med å endre seg. " Musikk og politikk. Med austlandsk uttale: trykk på fyste staving. Je.

Dette kontoret er so varmt at det tek livet av meg. AAAA. Eg let spørsmålet om kva som eigentleg hendte med tanna mi stå ope litt til, det er so kjekt når folk gjettar.

SJÅ kva SIT skal gjera i haust! Spela A Clocwork Orange! Djeezes, da blir so bra, da!

7.8.04

Dersom ein har ei brukken tann og av den årsak ringer til akutt-tannlegen i Trondheim, og det der er stor pågang - då får ein Karius og Baktus som ventemusikk. Det var veldig morosamt, men eg vart litt sett ut. Slik var det.

-Åh, nå hørte jeg det igjen, bror!
-Hva var du du hørte, bror?
- Han sa "Trondheim tannhelsesenter, værsågod"

Det kan setje ein og einkvar ut av spel eit lite sekund, byrjinga på samtalen vart litt haltande kan du sei. Men kvifor er tanna brukken? Her er alternativa:

1. Eg klatra opp ein bratt fjellvegg, og måtte bita meg fast for å ikkje falle.
2. Eg klatra i tre då eg var 12, og det var berre plastbiten som løsna då eg beit i ei hard nektarin.
3. Eg klatra i tre.
4. Eg havna i slåsskamp og vart skalla ned. I fylla.

No kan de gjetta!