31.1.03

Eg skal lesa og lesa og skriva, tysk, tysk tysk, prata tysk, tenkja tysk, og i april neste år skal eg til Berlin og bli ven med Nina Hagen, og det skal bli absolutt FANTASTISCH!!!!!

30.1.03

Lite blogging, men mykje action.
Faktisk det særaste eg har vore ute for.Det gjekk føre seg måndag kveld, då eg var heime og såg tv. Nrk og TV2-nyhenda såg eg, den eine flatmaten & kjærast hadde nett gått, klokka var 21, og eg såg nyhende. Eg trudde Erik, ein annan flatmate, var heime. Det gjekk nokon og pusla i gongen vår. Det er det ofte, så eg såg på tv utan å tenkje over det. Det høyrdes ut som nokon pusla inne på rommet mitt, men eg tenkte det var Erik som hengte opp klede. Klesstativet står rett utanfor rommet mitt nemleg.

Eg såg på nyhenda, og prøvde å konsentrere meg. Eg hugsar klokka ned i hjørnet på skjermen skifta frå 21:08 til 21:09. Eg såg nokre minutt til med Palestina-nytt, so gjekk eg ut for å rydde rommet. Nedst i gongen stod ein framand gut. Han såg ung og litt kjip ut, og hadde regnjakke. Eg sa hallo, kan eg hjelpa deg med noko, skal du besøka nokon? Han svara at han budde i etasjen under meg, og at badet deira ikkje verka. Eg tenkte han var ein kjip nabo, og trudde kanskje han hadde snakka med Erik. Så gjekk han, og eg gjekk for å rydde rommet.

Rommet mitt var ROTETE, ordentleg rotete, men eg sette på Blondie og rocka medan eg rydda. Det var litt rart, for nokre av greiene på golvet låg rart til, og det låg greier på golvet som eg trudde var i skuffer, og veska mi hadde dåtte ned frå senga og alt innhaldet låg strødd. Men eg rydda og var glad. Etter nokre timar, kanskje to?, kom Bjørn heim. Då fortalde eg om den merkelege hendinga med guten i gongen. Då gjekk Bjørn, litt kjappare i tanken enn meg, og dessuten litt mindre godtruande, rett inn på rommet sitt. Og fann ut at det mangla pengar og minidisc. Og det gjorde det på mitt rom og.

So altså - ein kid på omlag 17, har, medan eg såg nyhende om Palestina og Irak og gremma meg over alt vondt i verda, sneke seg inn i husværet vårt, lista seg rundt på romma til meg og Bjørn, og stole hos oss. Og Og då eg kom på at eg kunne ha overraska han MEDAN han var på rommet mitt vart eg så redd at eg grein.
Og no har me vore og anmeldt det heile, eg har skrive forklaring og bladd gjennom bilete av unge menn i den rette alder. Det var psycho, og no føler eg nesten det er på tide med eit fortvila rop mot den forkvakla verda me lever i : KVA ER DET SOM FEILAR, NÅR KIDS GÅR INN I HUS DER FOLK ER HEIME OG STEL? KVA ER DET SOM SKJER FOR SVARTE FANDEN?

Dersom nokon på gata i Trondheim vert tilbudd å kjøpa ein Sony MZ-R 900 (som diverre ikkje verkar heilt alltid), og det er ein ung, usympatisk gut som vil selga den - kan de vere så grei å gje han ein på trynet då? Takk.

24.1.03

I går gjekk eg over torget, då ein telefonautomat ringte. Eg tok den, sjølvsagt.
-Hei
-(mannerøyst, austlandsk) Hei, kven pratar eg med?
-Eg berre tok ein telefon som ringte.
-Jaha. Eg sit på Blue Garden, og lurer på om du er interessert i å tene 1000 kroner?
-Du verden.
-Ja, eg er nett komen til Trondheim, og no sit eg på Blue Garden og lurer på kva eg skal ta meg til, så eg lurer på om du vil stikke nedom og drikke litt øl eller vin og så finne på noko?
-Nei, eg er diverre oppteken.
-Eg skal vere i Trondheim ein månad omlag, er du kanskje interessert i å finne på noko seinare?
-Nei, det er eg ikkje.

Så la eg på, og gjekk på kino.

14.1.03

Auf Deutsch! Hurra!
Eg kan henta studielån! Hurra!
Kollektivet skal på familieyoga i dag! Hurra!
Back in business: rotete rom heime, kaffipause på Dragvoll! Hurra!

6.1.03

Dette gler eg meg til. Nokon som er med?
Vaniljecola = død. Slik stod det skrive i ei melding eg fekk. Og eg tenkte "det kunne eg ha fortald deg allereie". Men slik er det. Ein kan fortelje og fortelje om kor dårleg vaniljecola er, (forresten, dersom nokon faktisk skulle vere ueinig og like VC, ver vennleg gje beskjed. Eg har enno til gode å møte nokon som gjer det) men eg vil tru at dei fleste som i utgongspunktet er interessert i å vite korleis vaniljecola smakar ikkje vil nøya seg med andre sine vitnesbyrd om den kvalmande væska, men gjerne vil prøve det sjølv.

Og coca cola veit det veldig godt. Dei synes sikkert sjølv at det smakar piss, men samstundes stolar dei på at folk er nyfikne nok til at dei kjem til å tene ein del på det. So heiter jo og reklamekampanjen "reward your curiosity". Berre at med vaniljecola vert ein ikkje nett lønna, snarare straffa for at ein er nyfiken nok til å ikkje ta andre sitt ord på kor dårleg vaniljecola er.


Medan eg skriv sette pappa på Sigur Ros nede i stova. Ikkje so verst musikksmak på den mannen.

5.1.03

I dag køyrde eg frå Bergen og heim med to venninner.
I Samnanger fekk bilen ein sladd i ein sving.
Eg rakk å tenkje veldig mykje. Fyrst tenkte eg på korleis ein front-mot-front-kollisjon ser ut. Så tenkte eg at det var satans bra det ikkje vart ein slik. Så tenkte eg på korleis bilen kom til å gli sidelengs inn i autovernet, og tenkte på korleis eg kunne bli slengt mot døra, eller korleis bilen kunne bulke seg inn mot meg, eller brase gjennom autovernet ned mot fjorden.

Men farten var ikkje stor, og ho fekk bilen på vegen att. Me køyrde inn til sida og stoppa ved eit busstopp. Det var ikkje farleg, bulka og forskyvd front, men ingen nakkar slengte, ingen fekk vondt.
Men fy faen. Det kunne vore gale.

3.1.03

Når eg les Anders sin kommentar til min førre post, vert eg litt flau over at eg sjølv gløymde å nemna Johnny Cash - "One". Og eg er, av HEILE MITT HJARTE einig med den godaste fuaren om den songen.

Og forresten. Dersom nokon skulle tykkje "får fram musikalsk eigenart på ein storarta måte" er ein uklar formulering, so får dei senda eit elektrobrev. Jepp.

2.1.03

Å høyre band spele songar som ikkje er deira eigen får fram musikalsk eigenart på ein storarta måte. Motorpsycho som speler "California Dreaming", til dømes, eller "I cant forget", opprinneleg av Leonard Cohen spela av The Pixies. Det fins fleire framdragande døme.
For det nye året ynskjer eg at alle skal få det fint.

Eg vonar norske aviser og TV skal fløyme over av nynorsk, eg vonar at alle skuleelevar og andre innser kor viktig nynorsk faktisk er, og eg ynskjer at den politiske situasjonen i landet vert slik at Ragnar Hovland kan reise heim att. Eg ynskjer at USA ikkje skal lage krig berre avdi dei er nøydde til å syne sin jævla superiority for alle (og ikkje av nokon annan grunn heller.) På det litt meir personlege planet vonar eg at tysk grunnfag er så kjekt som eg tenkjer det skal verte, eg ynskjer meg eit rockeband og eg vonar eg skal vert dødsflink til å spele gitar. Eg ynskjer meg økonomisk kontroll.

Men ein skal jo ikkje vere storforlangande heller.

1.1.03

Happi ju jeeeee, happi ju jeeeee. Hovudet er tungt, føtene kalde men festen var strålande, hurra! Og alle gode ynskje for det nye året for alle.