14.5.11

Figgjo Forever

Ein impuls kom farande over internettet og fekk meg til å bildegoogla Turi-design frå Figgjo Flint. Kvar gong eg finn noko frå Figgjo (eller konkurrenten Stavanger Flint for den del) blir eg so øm om hjartet! Eg likar so godt dei festlege blomstrande, fantasifulle, tidvis romantiske, tidvis naive og veldig nostalgiske motiva.

Sjølv har eg 7 asjettar og eit serveringsfat i serien Sicilia, og eit frukostservise i ymse delar frå den vidunderlege serien Lotte. Der har eg og 6 eggeglas, som nr. 2 frå høgre på den nedste linja på biletet. Eg har fått serviset frå Besto, og det er favoritten min. Eg kan nok aldri finna eit servise eg likar so godt som det.

Biletet har eg stole frå ein fin og veldig rosa blogg, her.

13.5.11

Fredag i hagen

Det er fredag, det er sommarleg, og systra mi bur i eit hus med ein overgrodd hage. Det er eit fint lite hus og ein stor, nydeleg hage. Dei som bur der er visst ikkje so opptekne av at dei har den, medan eg på mi side blir meir og meir sikker på at eg ynskjer meg ein hage for kvart minutt eg tilbringer der.

I fjor plukka eg bringebær til syltetøy i hagen, i år har eg so langt berre tatt nesleskot til brenneneslesuppa. Snart skal eg ta for meg av grøda enno meir, medan eg rister gamalmodig på hovudet over ungdomen som ikkje forstår kva verdiar dei har nett utom døra si. Men før innhausting er det dugnad. Dugnadsgjengen bestod av meg, og det var heilt på eige initiativ at eg gjekk i gang. Noko må ein jo gjera med denne vårlege rastløysa post-eksamen!

Fyrst skrapa eg fram desse flotte hellene under tjukke lag av mose og gras. Eg tok knekken på nokre spede tre og medan eg var i gong.
Ein fin liten gravmyrt stikk hovudet fram mellom nytt og gamalt gras.
Nydeleg, gul Marianøkleblom i mengder.
Skjønne Ruteliljer bøyer hovudet blygt.
Sidan eg har tatt på meg denne dugnaden heilt frivillig tok eg ut løn i rabarbraslang.


9.5.11

Tipp-topp: sommarkropp og rondanetopp



Eg har jo allereie skaffa meg love, sweet love (HELDIGE MEG!), men eg har ikkje akkurat den lekre, smekre, ja beint fram drop dead gourgeous figuren til Jane Russel. So no har eg skaffa meg ein treningsbuddy og ein god vane: starta veka med trening i halv ti-tida kvar einaste måndag.
So no er det vel ikkje lenge til eg blir like heit som Jane? I alle fall skal det bli kjekkare og lettare å gå på toppturar i Rondane i juli.

3.5.11

Klatrefisk

Våre kreative kapasitetar er ein rikedom, seier Ken Robinson, og TED-foredraget eg sette på for å føla at eg framleis er i eksamenslesingsflow medan eg åt lunsj viste seg å vera noko av det mest inspirerande i heile dag.



Robinsons snakkar om skule, om vaksne og om framtida, men det føles like relevant for den føreståande pedagogikk-eksamenen eg har på torsdag som mykje av det andre eg har lese.

Ken Robinson bruker nokre slåande bilete, blant anna når han samanliknar med klimamedvit og seier at me må finna ein ny "menneskleg økologi":
Our education system has mined our minds, in the way we have strip-mined the earth: for particular commodity. And for the future, it won`t serve us.

Og eg synes han har mange viktige poeng, for eg er einig - på same tid som eg oppdager at eg sjølv også verdset den typen intelligens som i bunn og grunn fører til at heile utdanningssystemet vårt er laga for å utdanna universitetsprofessorar.

Og likevel blir eg inspirert og litt stolt, for eg ser at barnehagen både kan og får til å vera noko anna. Skulen kan lære mykje av barnehagen, og trur nok at Robinson ville vore einig med meg.
Ein god barnehage kan nemleg vere ein stad som får til akkurat det Robinson etterlyser: eit pedagogisk tilbod som legg vekt på heile mennesket, der alle styrker eller "kapasitetar" blir sett etter og styrka. Barnehagen er heldig som framleis har tid til det, og det er med ei viss uro eg tenker på skuletilnærminga med læringsmål og forventa resultat som det stadig blir snakka om eller grøssa over for tida. Heldigvis er det enno ikkje sånn, og HEILE barnet har moglegheita til å falda seg ut.

Men det kjem ikkje av seg sjølv! Det krevst framleis vakne og dyktige folk som er i stand til å finna desse styrkene og kapasitetane, og som ikkje minst veit korleis dei kan støtta borna til å utvikla seg enno meir. Heldigvis fins det mange av dei i barnehagen, og eg gler meg til å bli ein av dei sjølv.

Eg må berre ha pedagogikkeksamen fyrst.