27.8.06

Maria er på besøk. Ho hadde med burgar til meg. Burgaren kom frå eit selskap me ikkje snakkar høgt om at me kjøper mat frå, men eg kan nemna at logoen deira inneheld forbokstaven vår, Maria sin og min altså. I tillegg har eg drukke kapitalistbrus med stor nytelse, og då skjønar sikkert alle korleis ein dag det er i dag! Me har sett på bilete og drukke te, no skal me sjå Ekko av Ibsen på NRK2.

26.8.06

...og då var det tid for å skrive om:
KVA ER BEST AV EIKELANDSOSEN OG TRONDHEIM?
Ah, for eit spørsmål! Det er like lett som: sukker eller salt? Kven er greiast av mamma og pappa? Dersom du berre skal høyre ein cd resten av livet, kva for ein blir det då?

Alt til si tid, og sitt bruk, ser ut til å bli løysinga. Men det er for enkelt, det nyttar ikkje å kome med ein slik påstand utan å argumentere. Oppgåva skal løysast, og spørsmålet skal drøftast.

Eikelandsosen. Fusa - i hjartet av Hordaland. Ikkje særleg høge fjell, ikkje særleg djupe fjordar, men likevel! Fjorden å bada i, fjell å gå opp på for utsyn og nytt perspektiv på tinga. Det er slikt ein treng, og slik er ikkje Trondheim, ikkje fjell her. Fjord finst her, men den er så alt for brei! Og badeplassar må ein leite for å finne, og dele med så veldig mange andre. I Eikelandsosen kjenner stort sett alle alle, på godt og vondt. Det er vittig å vere "dåttro te Raunsgardn/ho i barnehagen" ,alt etter som kven av foreldra mine dei kjenner best, og det er godt å ha dei gamle barndomsvener. Me ler av dei same gamle historiene. Sankthansafto (kan det ha vore 2001) er ein av slagerane, då me fann ei dau skata i fjøro, og Trond hoppa naken gjennom bålet med skato i neven. SKATO var ein ståande vits. I Fusa finst både bygdedyr og engasjerte folk med vilje til å skapa nytt og kreativt. Det siste er godt, det første ikkje til å unngå. Eikelandsosen var fabelaktig å vakse opp i, og eg trur det er fint å vere vaksen der, jobbe og ha ungar og sånt. I kongedømet Fusa.

Trondheim er studiebyen min. Eg elskar å vere her, eg går over Øya frå Ila til Samfundet og blir rørt av Nidelva stille og vakker, og det runde raude Huset som blinkar midt i bildet. Det er spanande og utviklande å vere i student-miljøa, i ei studentboble der alle er mellom 19 og 30 og studerer ville ting som eg ikkje veit nokon ting om. Det er koseleg å ta trikken opp i skogen og drikke kaffi i naturen. Sentrum av byen er lite og kjekt, stort nok til at ein ikkje rekk over alt, lite nok til å ha oversikt. Men eg ser ikkje for meg at eg blir her. Det verkar ufatteleg trist å stå opp tidleg om morgonen og ta bussen over Elgeseter bru på jobb. Tanken på å gjere det ein grå oktoberdag og sjå på dei fulle studentane som raver heimover etter ei lang natt på Samfundet! Nei, eg må reise herfrå når eg blir vaksen, eller når det blir tid for til dømes Berlin.

Alt til si tid, alt til sitt bruk. Eikelandsosen er barndomsparadiset som eg må attende til om sommaren, til jul og kanskej ein tur til i semesteret. I Eikelandsosen eller Fusa kan eg og bu når eg blir vaksen, om eg ikkje finn ein annan stad. Trondheim er studentbobla som eg skal reise attende til når det er UKA 2017 og late som eg framleis er student og alt er som før, bortsett frå dei tinga eg skal observere på ein liksom-skeptisk måte og sei, overlegent, "i MI tid...."

Alt til si tid.

24.8.06

I dag har eg forstått korleis eg kan laga overskrifter!


Kva er best av Eikelandsosen og Trondheim?
Det var eit steike godt spørsmål Dr. H kom med i nestførre kommentar. Det må eg tenka litt på, og so skal svaret koma. Det vil seie, eigentleg skulle eg svara på det no.

MEN!

Klokka er fire, det er andre natt på nattevakt, og eg er ikkje heilt meg sjølv. Hjernen tek nye vegar, og den siste halvtimen no har eg hatt latterkrampe av bilda på denne fabelaktige flickren her, av desse drittstygge kattungane, særleg dette bildet her, som eg har kalla "skvist kattunge". Eg ler og ler og ler.

Ny oppleving med bridlene: I stad landa eit lite gult flygedyr på det eine brilleglaset. Det var rart å sjå det krype forbi. No har eg tørka vekk dyret, og skal sjå film. Jadda!

23.8.06

"Men jentene vil ikkje gifte seg med meg. Dei vil berre ha meg som kompis/dildo. Bjynne å gå litt lei no."

Eg er nattevakt, og sit på msn med ein i same situasjon. Ikkje unormalt - samtaleemnet er mellommennesklege relasjonar. Elles ser eg på 80-tals musikkvideoar på jutuub. Nett no er det "Why can`t I be you" med deilige The Cure, og det er super musikk som held meg vaken og blid i små nattetimar! Eg sit i lotus-stilling i den ubehagelege pinnestolen og nikkar på hovudet. Eg prøver å spontanomsetje, men eg er ikkje like flink som visse romanpersonar eg veit om, so eg skal la vere å publisere resultatet.

Tre timar til eg kan heim og leggast!

21.8.06

Aaah, so var det Trondheim att. Eg har fått meg ein kjekk liten jobb som eg skal ha ut september, ein jobb som minner meg på korleis det var å vere 20, ny i byen og ganske utan snøring.

Tak over Hodet er eit sympatisk tiltak frå Studieby ein, der unge lovande akademia-spirer kan få ei seng på sovesal til dei får seg ein stad å bu. Veldig greit, då kan ein takke ja til studieplass og byrje på studia sjølv utan å ha hybel før ein reiser.

So no sit eg her då, i resepsjonen. Eg drikk kaffi, vakar rundt på verdsveven og auser av min kunnskap til dei unge, håpefulle. Kor er den beste kaffien? Dromedar. Kva skal du i kveld klokka sju? Omvisning på Samfundet. Er det bra å bu på hybel på Lian? Det spørs om du føretrekk skau og lang veg med trikk foran by.

I morgon byrjer studia for alvor. Det blir stas. Eg har funne fram språkhistorieboka, og kosar meg med den i mellom kaffien, verdsveven og ferskingane.

PS. Mandagspanel i Osenbanden i dag igjen. Mellom klokka 17 og 18 ein gong. Veldig nervøs.

13.8.06

Maren, den ferdigutdanna mikrobiologen, sendte meg ei lenke til ein tale i dag. Det var litt av ein tale. Dersom eg hadde fått den talen på my graduate day hadde hjarta mitt vakse seg stort, og eg hadde tenkt (pompøst, men ektefølt): JA, SLIK SKAL EG LEVA.
Dette var inspirerande, no når sommaren går på hell. Det kan godt henda det vert fint sommarver i lange tider frametter (og alle fingre er kryssa), men so lenge eg skal til T-heim og bli STUDENT att er sommaren på hell. Og no reiser eg snart. Nokre dagar i Oslo fyrst, so er eg på plass neste laurdag.

9.8.06

(Medan eg venter på Home and Away)
EI LISTE OVER BØKENE EG HAR LESE I SOMMAR:

Charles Bukowski: Pulp
Anna Gavalda: Saman er vi mindre aleine og Eg elska ho
Tokvam/Folgerø: Tyl
Ingvill Skjold Thorkildsen: Klara
Andrè Bjerke: Enhjørningen
Bernhard Borge (eller A. Bjerke om du vil): Hobbydetektiven
Torleif R Hamre: Norgeshistorier
John Cleland: Fanny Hill, en glædespiges memoirer
Jonathan Safran Foer: Extremely close & incredibly loud
Ragnar Hovland: Professor Moreaus løyndom
Laurent Gaudè: Kong Tsongors død

Den siste er eg ikkje heilt ferdig med, og Fanny Hill gidd eg ikkje lese ut.
No byrjar Home and Away

4.8.06



Shake that face and say no more! Takk til Håkon for denne fabelaktige serien. Finare blir eg knapt.

2.8.06

OG NO, LITT LOKAL REKLAME:

FUSA NETTRADIO! Redaksjonen kallar seg "ein slags nærradio på internett, som ser verda gjennom sitt Fusa-perspektiv men som likevel høver for alle". Kanskje det høver for deg? Programleiar Asle og hans kompis Morten AKA Visekongen sette djupe spor i meg då dei terga meg for den knallgule sykkelhjelmen min, men eg er ikkje redd for nokon av dei lenger. Set Fusa Nettradio like djupe spor i deg?

HUSFLIDSTRADISJONAR I FUSA! Vil du læra meir om åkleveving på oppstø-stol?
"Dette tyktes vera eit solid stykke Fusa-reklame..."
OS og FUSAPOSTEN 15.03.06
"Dette gler eg meg til å sjå!"
Naboen
"Flott at dei lagar noko slikt og syner fram kulturarven!"
Ei på senteret

1.8.06


Når ein reiser i bryllup til jamnaldringar saman med si høggravide, også gifte venninne, og treffer alle venninnene som har sambuarar og baby og slikt - då kan hende ein kunne trengt nokre vaksenpoeng. Uansett kor kjekt det var på festen! (OG DET VAR KJEKT KAN DU TRU)

Difor: ca. 5 vaksenpoeng: BRIDLE. No blir det stas på lesesalen!