26.6.03

Og, JA! Eg har bestilt billettar til BLONDIE, Rockefeller, oktober. Eg og Raggy. Ja!
JA! Det er kjekt å få att pengar på skatten!
Eg kjem ikkje til å skrive i helga. Eg kjem til å vere oppteken av å jobbe, og i mellom jobbinga skal eg ha besøk. Av Trondheimsvenn, av gamal vgs-venninne og slikt. Veslebror og eg er aleine heime, det er ganske fing og hyggeleg. Eg har ikkje sertifikatet, men han har, so han køyrer meg dit eg vil. Me rotar. Me drikk øl, og lagar oss makaroni. Og ser film. Men no ser han "Full House".

I dag var eg i den gamle barnehagen min. Den har krympa.

God helg!

22.6.03

Journalistar burde få bank når dei skriv artiklar om Store Hendingar i Små Kommunar og ikkje får med seg viktige detaljar. Visekongen i Fusa heiter Morten Holmefjord. Han heiter ikkje Magne!

Eg er matt etter den store dagen, og nattevakt på jobb. Inntrykka trenger på og gjer det vanskeleg å sortere alle kjenslene av identitet og tilhøyrsle. Ei knugande kjensle av influensa eller liknande styggedom gjer det vanskeleg å skrive noko om opplevinga frå i går. Men det kan eg fortelje dykk - ikkje stol på BT-journalisten, han har visst ikkje skjøna nokon ting! (Les heller her)



Gårsdagen var ein fest i regn og myr. Bunadsskoa vart våte og kalde, men ingenting er som ein vadmelsstakk når det bles og regnar kring leggene. Leve Visekongen.

17.6.03

Eg ler meg i hel!
"mellom potane på den ilske løva har nokon ofra ein fisk"

Slik står det skrive i ei lita notatblokk eg har liggande i veska. Der ligg den, i høve eg skulle få ein akutt trong til å formulera noko, ytra noko, skriva noko ned. Som sundag morgon i sju-tida, då eg går frå nachspiel for å legga meg hos dei eg skulle sova hos. Der var døra stengt. Eg hadde valet mellom å sove i hagen, på trappa deira, på trappa til Trond-Viggo (som bur tvers over gata for venene mine), eller å krype med halen mellom beina attende til nachspielet - noko eg sjølvsagt gjorde. Bergen er kald i sju-tida. Vel attende mellom menneske eg nesten ikkje kjenner sovnar eg på ein stygg grøn fløyelssofa, vaknar då mannen som fekk meg med dit skal gå. Eg må gje han som bur der nattefred, derfor må eg bli med.

Me går gjennom byen. Det er sol-som-står-opp, det er ganske fint. Me går på Hotel Terminus og et frukost. Etterpå har klokka blitt nok til at eg kan vekke dei eg skal sove hos. Eg får ei seng, eg får sove.

Og kor kjem fisken inn? Utanfor Naturvitskapleg Museum i Bergen ligg ei steinløve. Sundag morgon låg det ein tidlegare høgst levande, no høgst sløyd & daud fisk mellom potane. Eg hadde eingongskamera i veska, eg tok bilete av fisken.

(No når eg skriv det kjem eg på noko anna eg og tok bileta av, men det var før laurdagen var blitt sundag. Eg har lært kva snegle heiter på latin! Gastropode. Me drakk i ein hage før Garage på laurdag, og der nokon velta ein ølboks på hellene kom det 6 sneglar fossande i ein vill sneglefart til øldammen. Biologistudenten som var til stades kunne læra oss det latinske namnet. Øl var godt, dagen var fin, eg tok 4 bilete av utviklinga av gastropodefesten. Eg lover dykk, det var spanande!)

12.6.03

æøå
Eg har ei tid tenkt å fylle ut denne posten til Sjur med eit stykk sms eg har liggande på telefonen. Tidspunktet er 00:33, og det står skrive: "For øyblikket sitter jeg og snøvler på Parage. Alene. Kom hit!" So kom eg til Garage, etter bursdagsvorspiel med vener som heller ville sjekke ut Metro fyrst (Halllo!). Og i garasjekjellaren sat Den Store Mann og drakk øl med seg sjølv. Me prata, me velta glas og det var kjekt å treffa gamle kjende att.

Til helga vert det Garage igjen. Laurdag, nokre kompisar skal vere oppvarming. Lady Lala er namnet, eg ser dykk der.

11.6.03

JEHELLANDEMANN! Ikkje berre har eg blitt hakka, men blogger er dust og let meg ikkje lenger skriva norske bokstaver, sist i alfabetet, til venstre paa tastaturet. Eg s?ker profesjonell hjelp!
Djises! Eg har ikkje vore p? denna bl?garen sidan det s?g ut som f?r. Og no er alt nytt, og difor kan eg ikkje laga den nye linken til Janey sin nye heim. Sorry Mac!
Dessutan har det dukka opp nokre jenter p? www.skoddeheimen.no. Dei heiter tilogmed Nilssen, og eg lurer meg gr?n p? om dei er i slekt med Olaug, eller om dei har lese boka. Og i so fall - lika dei den?

Livet i Eikelandsosen er som alltid f?r. Med eitt unntak: "Buo", eller "Tobbens kro" om du vil, har igjen endra eigar, namn, og denne gongen og konsept. Oi, so stolt eg kan skrive: Eikelandsosen har f?tt pub; "Sj?huset". Der skal det verta saker! ?l skal visst heller ikkje vera avskrekkjande dyrt, etter ordet ?t dei som allereie har vore der. Vidare utdjuping n?r fyrstehandskjennskap til nyapuben kjem meg til hende.
Eg har hacka bloggen til Mari! Eg er ein l33t haX0r!