17.6.03

"mellom potane på den ilske løva har nokon ofra ein fisk"

Slik står det skrive i ei lita notatblokk eg har liggande i veska. Der ligg den, i høve eg skulle få ein akutt trong til å formulera noko, ytra noko, skriva noko ned. Som sundag morgon i sju-tida, då eg går frå nachspiel for å legga meg hos dei eg skulle sova hos. Der var døra stengt. Eg hadde valet mellom å sove i hagen, på trappa deira, på trappa til Trond-Viggo (som bur tvers over gata for venene mine), eller å krype med halen mellom beina attende til nachspielet - noko eg sjølvsagt gjorde. Bergen er kald i sju-tida. Vel attende mellom menneske eg nesten ikkje kjenner sovnar eg på ein stygg grøn fløyelssofa, vaknar då mannen som fekk meg med dit skal gå. Eg må gje han som bur der nattefred, derfor må eg bli med.

Me går gjennom byen. Det er sol-som-står-opp, det er ganske fint. Me går på Hotel Terminus og et frukost. Etterpå har klokka blitt nok til at eg kan vekke dei eg skal sove hos. Eg får ei seng, eg får sove.

Og kor kjem fisken inn? Utanfor Naturvitskapleg Museum i Bergen ligg ei steinløve. Sundag morgon låg det ein tidlegare høgst levande, no høgst sløyd & daud fisk mellom potane. Eg hadde eingongskamera i veska, eg tok bilete av fisken.

(No når eg skriv det kjem eg på noko anna eg og tok bileta av, men det var før laurdagen var blitt sundag. Eg har lært kva snegle heiter på latin! Gastropode. Me drakk i ein hage før Garage på laurdag, og der nokon velta ein ølboks på hellene kom det 6 sneglar fossande i ein vill sneglefart til øldammen. Biologistudenten som var til stades kunne læra oss det latinske namnet. Øl var godt, dagen var fin, eg tok 4 bilete av utviklinga av gastropodefesten. Eg lover dykk, det var spanande!)

Ingen kommentarer: