13.2.09


På kjøkenet tenker eg på kor deilig det er når det er ryddig.
Eg drikk eit glas vatn som eg deler med potteplantene, dei treng det meir enn meg.

På badet tenker eg at eg burde vaska golvet, særleg når eg ser fotspora frå sko som har stått til tørk.

På rommet er det for kaldt eller for varmt. Det er ingen planter på rommet, berre pensum eg ikkje har lese og klede eg ikkje har vaska.

...and other forms of boredom, advertized as poetry.

10.2.09


Flyt: sonen mellom meistring og utfordring. Eg er i den sonen no, so eg klarar å konsentrera meg. "Jasså", tenker du kanskje sarkastisk, "er du så motivert at du skriv på bloggen du då?" Og ser sjølvsagt det poenget, men det er lov å ta pause i blant. Og no er det sol og vinterlys inn glaset og eg høyrer på svensk og super musikk og eg blir så veldig glad at eg måtte ta litt pause for å sei: Hurra for sola, for Laleh og for Raymond & Maria. Hurra for å endeleg få litt driv inn i denne møkkaoppgåva, hurra for FN sin barnekonvensjon, for ein pose rødbeter som skal bli suppa for 3 dagar og for at det er lysare kvar dag.
There...is......another............sky...walker..

6.2.09

ISFiT skal låna kjærasten i 13 dagar. No sit han i buss på veg til Oslo, og derfrå skal han rett til Røros. Han er blant dei norske studentane som skal vise ei gruppe studentar frå ulike konfliktområde vegen til fred og vennskap gjennom dialog.

I går hadde me kjærastemiddag, og eg skulle eigentleg ha med bilete av kor fint ein kan dandere takawaysushi på eigne fat. Men eg trur bileta er på fotoapparatet som no er på veg til Oslo, so det får heller bli med berre tekst. Men de kan sjå det for dykk! Og so kan de vidare sjå for dykk at alle lampene er av og at bordet er opplyst av ni stearinlys. På den måten slepp ein nemleg å rydda so mykje rundt, og det er kjekt.