1.6.09





Fine minner! Fylt fisk og klippfiskbollar frå påska. Overeksponerte bestevenninner på hyttetur. Clapping music av Steve Reich framførd av Tor Haugerud og Kyrre Laastad i hagen til Jani.
Eg kjøpte superdeilig shampo i fast form og balsam i flytande form og fekk med ein prøve av ei dusjsåpa i fast form som får huda mi til å lukta deilig rose etter eg har vaska meg. Eigentleg likar eg ikkje å dusja, likar ikkje tanken på å vera våt og måtta tørka meg eller tanken på å skylla og skylla og skylla alt det der håret som aldri bir tomt for skum. Men ikkje no lenger. Eg driv gladeleg med reklame: LUSH. Dei har tilogmed ein etisk og økologisk filosofi, og då kan ein leva med at produktnamna er litt teite.