1.6.09

Eg kjøpte superdeilig shampo i fast form og balsam i flytande form og fekk med ein prøve av ei dusjsåpa i fast form som får huda mi til å lukta deilig rose etter eg har vaska meg. Eigentleg likar eg ikkje å dusja, likar ikkje tanken på å vera våt og måtta tørka meg eller tanken på å skylla og skylla og skylla alt det der håret som aldri bir tomt for skum. Men ikkje no lenger. Eg driv gladeleg med reklame: LUSH. Dei har tilogmed ein etisk og økologisk filosofi, og då kan ein leva med at produktnamna er litt teite.

Ingen kommentarer: