26.11.11

Eit dikt av Rolf Sagen

Snøen snør
Havet flør
Blodet blør
Alle dør

Og dette visste vi frå før



5.11.11

Ein del av andre sine liv

Denne laurdagsmorgononen starta tidleg, og me hadde betre tid enn på lenge. Og me veit kva det tyder!

Det tyder dekka frukostbord, speilegg med chili & estragon og ikkje minst: Radiodokumentaren på P2 klokka 10.03. Dagens dokumentar heiter Epilog for herr Bodin, med undertittel et forsøk på å forstå en psykopat. Det er ein sterk, men fin start på dagen. Ei ung jente som fekk livet sprengt i fillebitar då ho var born, og som no snakkar med andre psykopaten har påverka liva til. Ho nærmer seg borna og dei tidlegare kjærastane til psykopaten på ein open og ærleg måte, forsiktig og spørjande. Fordi ho treng å forstå.

Det er ein fin dokumentar. Den trenger seg ikkje på som store ord eller brutale bilete på ei avisframside, men er sår og sterk. Tårene renn, eg er jo so sart, eg klarer ikkje la vere.  Då dokumentaren er slutt og nyhenda byrjer, utspelar følgande samtale seg rundt bordet:

- Me burde stå opp før 10 kvar laurdag.
- Så me kan høyra radiodokumentaren?
- Ja!
- Så du kan grin litt? 

8.9.11

Fjellbekkstemme

Me starta dagen med skrapelodd, ein kopp kaffi, skjeva med intaliensk salat, kokt skinka. Og radio, alltid radio innstilt på P2. Det er den beste radiokanalen, det er den ålmenne oppfatninga rundt dette kjøkenbordet her.

Men i dag fekk eg litt nok av å til stadig høyra spekulasjonane på kor han der Gaddafi, Khadafi, Glaffi har gøymd seg. Morgonsola på skrått inn! Som får kornåkrane, det som er att av dei velåmerka til å skina som gull! Nei, eg orka ikkje meir av radioen då. Nei, då vil eg heller høyra på musikk på spotify, inspirert av eit gamalt morgonblad.

Eg vil høyra Slinkombas! Eg vil høyra musikk som veksler mellom det utagerende og det einstøingaktige, melankolsk og fjollete om hverandre, med Kirsten Bråten Bergs fjellbekkstemme som en skimrende sølvtråd mellom låtene. 


Slinkombas – Gamle Gunleik, Slåttestev Frå Tovdal

26.8.11

Wayback

Ei spinkel jente med kort skjørt og høge hælar virrar passerer meg for tredje eller fjerde gong. Ho ser seg rundt, snur seg ein runde og stoppar til slutt ein forbispaserande vaktmester og spør etter bygg 6b.

Eg sit ute i gangen, ein gut set seg i sofaen ved sida av meg, og han møter blikket mitt når eg prøver å snikkikke på han for å vurdere alder og påkledning og soleis stje han i bås. Han har hettejakke, svart, og t-skjorte med kvit skrift. Eg får ikkje til å sjå kva det står, men det er mest truleg noko artig eller ironisk eller ein finurleg observasjon. No sjekkar han kvitteringa frå Tapir, bokhandelen, og dreg ei bok opp frå den fulle handleposen sin. Det er Dybvig & Dybvig, pensum i examen philosophicum på NTNU.

Eg er på Dragvoll, den delen av NTNU som husar humaniora og samfunnsvitskaplege fag. Det var her eg gjekk då eg sjølv var ny student i byen: optimistisk, blid og med ei kjensle av at noko stort var i vente og heile livet låg foran. Då var eg tøff og kul, eg hadde masse hårspray og svart augesminke, eg gjekk på konsertar og på nachspiel og hadde generelt trua.

Det hadde vore fint å vist fram nokre bilete frå den tida, men sjølv om eg var teknologisk nok til å ha ein blogg, so hadde eg ikkje digitalt kamera. Alle bileta eg tok var med eingongskamera, og uansett fins det ikkje slike bilete som eg vil ha. Meg i forelesningssalane. Den einaste med handa oppe i fonetikk-forelesninga, truleg med eit nonchalant uttrykk, eit forsøk på å sjå tøff og likegyldig ut slik at det berre skulle vere KULT og ikkje SMISKANDE å ha svaret på det læraren spør om. Med kaffi på sito, saman med nokon eg nett hadde møtt og eigentleg ikkje kjende. Eller frå den gongen Endre og eg døgna, sat i datasalen "Grava" for å skriva oppgåve i Ex.phil Modul 2.

Er det riktig at 20-åra er dei lukkelegaste i livet? Det trur eg faktisk so gjerne. Det er i alle fall ganske deilig å sitje her på Dragvoll og mimre tilbake dei opne tidene då framtida låg foran og skogane song bak. Fy søren, det var tider det!

Den einaste som plystrar medan han går gjennom gangane er ein fyr med blodgjevar-t-skjorte og arbeidsbukse. Han har ein verktøykasse i den eine handa, og feiebrett og kost i den andre.
Seier det noko om lukke-nivået?

23.8.11

App til folket?

Eg har ikkje ipod eller ipad eller tripod.
Men eg har mac.

Sidan to veker sidan har eg faktisk NY mac, nemleg ein tynn og lekker MacBook Air.
Og den har AppStore, so no er eg i gong med dingsar som skal gjere livet lettare, og so langt har eg skaffa meg desse to, som begge to FAKTISK bidreg til å strukturere og lar meg Få Ting Gjort:

Awareness, som lagar ein dingelyd når eg har heldt på ein time på dataen (og som då oppmodar meg om å ta 5 minutt pause før den nullstiller teljinga), og
Pomodoro, som med tankegong etter the Pomodoro Technique gjer meg 25 minutt til å jobba effektivt med ei vald oppgåve før eg får 5 minutt til å ta pause. Og ja, den tikkar høgt.

16.8.11

August

Det regner igjen, og sjølv om det eigentleg er keisamt at det regner, og sjølv om det fører til overstadige elver og flaum som får meg til å lura på om han der crazy radiopastoren hadde eit poeng med vårens profetiar, so må eg innrømma at eg (på eit ordentleg personleg, mikronivå) likar det, fordi det luktar
SO
GODT.

24.7.11

Tung tids tale

TUNG TIDS TALE
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Haldis Moren Vesaas

23.7.11

Grand Canyon i Hjartet

Når Anakin Skywalker gjer etter for sinnet og angsten, når han lar det ytste mørket og den største ondskap sleppe laus - då drar han til jedi-tempelet og drep, massakrerer borna. The younglings.

Då eg såg det, på film, opna det seg eit botnlaust krater inni meg, fordi eg evner å leve meg inn i ting, og fordi det var ei so uendeleg forferdeleg og vond handling.

Men det er ikkje film i dag.

So krateret stenger seg ikkje når neste scene er noko fint og godt, noko som kjemper for dei gode kreftene. Krateret blir til eit grand canyon i hjartet, ei revne, eit sår som ikkje gror når alt går godt til slutt slik filmkjenslene er det. For korleis kan det gå godt til slutt?

Det er ikkje tenkt ondskap, det er ikkje produsert og fostra av fantasti. Det er som leopoldseplet i ei Nesbø bok, eit streif av noko ekte i ei fiktiv ramme. Og det ekte gjer so vondt.

Tankane våre, medkjensla vår som eit heilt folk går til dei som var der, Oslo, Utøya.
Til dei som har fått svar om familie og vener.
Til dei som venter på svar.

Men venner!
‎Mist ikke troen på mennesket. Mennesket er som et hav. Selv om noen få dråper er skitne, blir ikke havet skittent ~ Mahatma Gandhi

22.7.11

Ta vare på kvarandre!

Oslo, Oslo!

Eg har aldri vore so takknemleg for facebook og statusoppdateringar som i dag. For kvar som skriv eg er trygg, eller eg er i god behald blir eg litt lettare. For kvar usikre bit informasjon, særleg om Utøya (UNGDOMMAR!) blir eg tyngre og tyngre, meir og meir skremt.

Medkjensla mi går ut mot dei som ikkje får dei gode beskjedane.

Nasjonalismen og dei spissformulerte kommnetarane om innvandringskontroll gjer meg kvalm og redd, men følgande status frå facebook er ei spire av noko eg trur på:

Sammen bestemmer vi konsekvensene av ugjerningene. Ikke la hatet vinne.

Det er alltid tid for å ta vare på kvarandre, og no meir enn i går, og nokon gongar er det ekstra riktig med eit dikt:


Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di:
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må di gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme frå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Halldis Moren Vesaas



21.7.11

Botanisk Mysterium


Me var i Myrane.

Der fann me denne mystiske, vakre og velduftande blomen.


Er det nokon som veit kva den heiter? Eit heilt familieselskap var fullstendig blanke, ingen hadde sett den før. Både georgine og lilje er foreslått, og det botaniske mysteriet er blitt sommarens store nøtt.

Kva er den? Og kjem han til å overleve flyttinga til tante sin hage?

28.6.11

Deb 16. august 2003 skreiv eg dette i bloggen min:


Ein kan stadig læra nytt om foreldra sine. Far min, til dømes, fortalde meg i dag at han har hatt ei Goethe-omsetjing på trykk i Vinduet.


No hadde eg gløymd det att, og blei glad for å sjå det. Ein kan visst stadig og stadig stadigare læra noko nytt om foreldra sine!

13.6.11

Fryd og Forventning

Sommar - og tid for flotte ord på F:
Fri, Ferie, Fint vær, Familie, og for å dra ein billig ein på utanlandsk: Friends.

I hagen til mamma og pappa, der er det Flora, Fryd og Forventning som regjerer!

Fryd:







Og forventning:

14.5.11

Figgjo Forever

Ein impuls kom farande over internettet og fekk meg til å bildegoogla Turi-design frå Figgjo Flint. Kvar gong eg finn noko frå Figgjo (eller konkurrenten Stavanger Flint for den del) blir eg so øm om hjartet! Eg likar so godt dei festlege blomstrande, fantasifulle, tidvis romantiske, tidvis naive og veldig nostalgiske motiva.

Sjølv har eg 7 asjettar og eit serveringsfat i serien Sicilia, og eit frukostservise i ymse delar frå den vidunderlege serien Lotte. Der har eg og 6 eggeglas, som nr. 2 frå høgre på den nedste linja på biletet. Eg har fått serviset frå Besto, og det er favoritten min. Eg kan nok aldri finna eit servise eg likar so godt som det.

Biletet har eg stole frå ein fin og veldig rosa blogg, her.

13.5.11

Fredag i hagen

Det er fredag, det er sommarleg, og systra mi bur i eit hus med ein overgrodd hage. Det er eit fint lite hus og ein stor, nydeleg hage. Dei som bur der er visst ikkje so opptekne av at dei har den, medan eg på mi side blir meir og meir sikker på at eg ynskjer meg ein hage for kvart minutt eg tilbringer der.

I fjor plukka eg bringebær til syltetøy i hagen, i år har eg so langt berre tatt nesleskot til brenneneslesuppa. Snart skal eg ta for meg av grøda enno meir, medan eg rister gamalmodig på hovudet over ungdomen som ikkje forstår kva verdiar dei har nett utom døra si. Men før innhausting er det dugnad. Dugnadsgjengen bestod av meg, og det var heilt på eige initiativ at eg gjekk i gang. Noko må ein jo gjera med denne vårlege rastløysa post-eksamen!

Fyrst skrapa eg fram desse flotte hellene under tjukke lag av mose og gras. Eg tok knekken på nokre spede tre og medan eg var i gong.
Ein fin liten gravmyrt stikk hovudet fram mellom nytt og gamalt gras.
Nydeleg, gul Marianøkleblom i mengder.
Skjønne Ruteliljer bøyer hovudet blygt.
Sidan eg har tatt på meg denne dugnaden heilt frivillig tok eg ut løn i rabarbraslang.


9.5.11

Tipp-topp: sommarkropp og rondanetopp



Eg har jo allereie skaffa meg love, sweet love (HELDIGE MEG!), men eg har ikkje akkurat den lekre, smekre, ja beint fram drop dead gourgeous figuren til Jane Russel. So no har eg skaffa meg ein treningsbuddy og ein god vane: starta veka med trening i halv ti-tida kvar einaste måndag.
So no er det vel ikkje lenge til eg blir like heit som Jane? I alle fall skal det bli kjekkare og lettare å gå på toppturar i Rondane i juli.

3.5.11

Klatrefisk

Våre kreative kapasitetar er ein rikedom, seier Ken Robinson, og TED-foredraget eg sette på for å føla at eg framleis er i eksamenslesingsflow medan eg åt lunsj viste seg å vera noko av det mest inspirerande i heile dag.



Robinsons snakkar om skule, om vaksne og om framtida, men det føles like relevant for den føreståande pedagogikk-eksamenen eg har på torsdag som mykje av det andre eg har lese.

Ken Robinson bruker nokre slåande bilete, blant anna når han samanliknar med klimamedvit og seier at me må finna ein ny "menneskleg økologi":
Our education system has mined our minds, in the way we have strip-mined the earth: for particular commodity. And for the future, it won`t serve us.

Og eg synes han har mange viktige poeng, for eg er einig - på same tid som eg oppdager at eg sjølv også verdset den typen intelligens som i bunn og grunn fører til at heile utdanningssystemet vårt er laga for å utdanna universitetsprofessorar.

Og likevel blir eg inspirert og litt stolt, for eg ser at barnehagen både kan og får til å vera noko anna. Skulen kan lære mykje av barnehagen, og trur nok at Robinson ville vore einig med meg.
Ein god barnehage kan nemleg vere ein stad som får til akkurat det Robinson etterlyser: eit pedagogisk tilbod som legg vekt på heile mennesket, der alle styrker eller "kapasitetar" blir sett etter og styrka. Barnehagen er heldig som framleis har tid til det, og det er med ei viss uro eg tenker på skuletilnærminga med læringsmål og forventa resultat som det stadig blir snakka om eller grøssa over for tida. Heldigvis er det enno ikkje sånn, og HEILE barnet har moglegheita til å falda seg ut.

Men det kjem ikkje av seg sjølv! Det krevst framleis vakne og dyktige folk som er i stand til å finna desse styrkene og kapasitetane, og som ikkje minst veit korleis dei kan støtta borna til å utvikla seg enno meir. Heldigvis fins det mange av dei i barnehagen, og eg gler meg til å bli ein av dei sjølv.

Eg må berre ha pedagogikkeksamen fyrst.

6.4.11

inspirert


Ein kamerat på facebook posta ei lenke til eit fantastisk fotoprosjekt. Eg fortset den gode trenden min med å ikkje peika på noko viktig i verda gjennom å gjera noko sjølv, men visa til kva andre gjer. Fantastisk biletserie, bra tankar bak.

5.4.11

Kamp mot modale hjelpeverb

Nokre gongar blir livet ein kamp mot modale hjelpeverb. Ein skulle, burde, kunne ha gjort mindre av det eine, meir av det andre. Alltid noko konstruktivt ein ikkje gjer, og det er stort sett relatert til skulearbeid. DESSUTAN er det for mørkt i leiligheita, for lite dagslys, og alt for mykje oppvask som er keisam ta. Og hybelkaniner. Heilt generelt - sjå førre innlegg.

Då er det berre å gjere det einaste fornuftige: Setja seg på bussen til svigermor på Melhus. Her er det store vindauge med kveldssol som lagar gjenskin i skjermen nett no faktisk. Me et middag, lagar kaffi og set oss i sofaen. Svigermor strikkar ein nett liten kjole til sitt fyrste barnebarn (som ikkje har noko med meg å gjera) og eg heklar dei små blomane som skal syast på kanten.

Og so ser me Dagsnytt 18.

I 2010 vart det seld 70 000 000 magasin av ymse slag i dette landet. Det er heilt vilt tal! Agnes Ravatn pleier ikkje å lesa so mange av dei, men i ein serie i Dag og Tid (som har 7000 abonenntar, ein av dei er meg) har ho gått systematisk gjennom dei og vurdert dei, sjanger for sjanger. No er det blitt bok av tekstane: Folkelesnad. Eg vil ha ho. Boka altså, ikkje Agnes.
Måten ho og ho der vekeblad-dama som og var me i programmet snakkar om KVINNEBLADA gjer meg glad og stolt for at eg ikkje pleier å lese dei sjølv. Noko-kan-alltid-bli-betre-ved-din-person-saker er kanskje det siste eg treng, her i kampen mot dei modale hjelpeverba. Kunne eg sminka meg meir? Klart. Burde eg det? Nei, og i staden for å kjenna etter på den vesle stemma som lurer på om eg hadde vore ei betre kvinne om eg var litt meir interessert i korleis eg skulle legga augeskuggen i årets motefarge lavendel, so vel eg å lesa meir Agnes Ravatn. Det er nok meir gjevande i lengda.


Og so kjem Tristram Stuart, årets vinnar av Sofiprisen, pris for miljø og bærekraft som vart starta av Jostein Gaarder då han følte at han hadde tent meir på Sofies verden enn han hadde lyst til å bruka sjølv. Tristram Stuart er utdanna filolog i følge Jostein Gaarder, og han smiler lurt medan programleiaren introduserer han på norsk. Og so byrjer han å snakka om at det blir kasta for mykje mat. Og han bruker modale hjelpeverb, dei strengaste av dei faktisk, men eg blir ikkje stressa likevel. Me burde ikkje kasta so mykje mat! Me kan faktisk ikkje fortsetja sånn, og det er både store og små grunnar til det - dei største er økonomiske og bærekraftige. Her er ei lita lenke samling om den kjekke og vittige prisvinnaren med den store, gode saka.

Det går so sakte å tenka sjølv, skriva sjølv, og det er so avslappande og oppløftande å sjå at andre gjer det (tenker, skriv - handlar!), og at dei fokuserer på noko som er bra. Tilbakelent i sofaen, med kaffikoppen og hekletøyet, lar eg meg begeistre og inspirere av to unge, pene menneske med agenda og humor.
Åh, eg elskar det.

30.3.11

Odd Nordstoga

Eg budde i eit kollektiv i eit litt forsinka liv. Og no hadde eg og ho,
Som hadde lagt ein arbeidsdag, tappert sett i gang med fag.
Trur eg var på side to. Då kapitulerte eg og sa til ho:

Altfor mange lause ting, altfor myrke krokar, altfor mykje
skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenke på.

Kor er den beste teori for ei lukke og litt fri?
Kva er pensum for å få raustlause menn til å få ro?
Ikkje boka eg les no. Ikkje den eg las i går, og faga eg må ta
opp att til neste år.

Altfor mange lause ting…

No er eg over tredve år, ikkje akkurat i min ungdoms vår
Men eg er like dum som då eg hadde guterom. Jau då, eg er då
intelligent (Litt over snittet trur eg omtrent). Gjev meg misjonen,
livsmisjonen, eg skal greie den.

Men det er altfor mange lause ting, altfor myrke krokar, altfor mykje
skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenke på.

19.3.11

Verdsleg glede, jordisk gods

Uglelampe frå Etter min morfar, bruktbutikkparadiset rett over gata for oss, har fått ny heim. Heime hjå meg!


12.3.11



Det er ikkje berre-berre, reint moralsk sett, at eg må vedgå dette: Men eg lika "The best little whorehouse in Texas" ganske godt. Eg fniste, og koste meg, men den vesle stemma i bakhovudet kunne ikkje vere stille. Eg snakkar om vere med i amnesty-stemma, skru av lyset på badet-stemma, kjøp økologisk, gå i demonstrasjonstog, ta bussen, bli vegetarianar-stemma. Kort sagt, stemma som veit kva som er riktig og ordentleg, Kants kategoriske imperativ-stemma.

Og stemma spør: Går det an å lika ein film som handlar om eit nedleggingstrua horehus og korleis bygdefolket og sheriffen kjempar mot ein fanatisk tv-prest slik at dei skal få dyssa ned saka og får fortsetja å ha horehuset sitt? Er det lov å synast at horene er tøffe og kule (og reine, blir det påpeikt på eit tidspunkt), og tru på at dei er ordentlege jenter som berre har tatt eit valg? For det er jo "just lots of good will and maybe one small thrill, and nothing dirty going on"?

Eg innrømmer det - eg lar meg fenga av det som minnar om ville vestens saloon-estetikk - det noko med antrekka til Dolly Parton får meg aller mest til å tenka på sjefen for sparkepikene i Lucky Luke. Åh, eg lot meg fenga av dei som liten og, kanskje hadde eg lett ikledd meg noko slikt hvis eg fekk sjansen?



Biletet fann eg då eg googla "saloon girls lucky luke", og det kom frå ein bloggpost om " 10 halloween costumes I hate", og forfattaren kommenterer biletet slik:
Girl's "Saloon Girl" Costume. (Wait, isn't that the same thing as a hooker?)


Og jo, det er jo det. Og eg synes ikkje det er greit å kle små jenter opp på den måten.
For på den andre sida av ressurssterke vaksne som tøyser med estetikken til saloon-jentene, eller dei sterke jentene som VIL det, som VEL det, som bruker mennene like mykje som mennene bruker dei - der er er det mørkt og hardt og jævlig.
Der er Lilja 4-ever. Der er det pengemangel, desperasjon og den siste utvegen. Eller for å fortsetja i Dolly Parton-land: Mora som må gjere hore av dotter si for å skaffe pengar til familien.

Visst er det festleg og fargerikt på Chicken Ranch. Men eg klarar ikkje synes det er greit. Prostitusjon er ikkje greit.

10.3.11

Alanis

you took me for a joke
you took me for a child
you took a long, hard look on my ass
and then played golf for a while.

your shake is like a fish
you pat me on the head
you took me out to wine dine sixty-nine me
but did`nt hear a damn word I said.

Det var vel neppe sånne problemer eg strevde med på ungdomsskulen. Eg sleit heller ikkje nemneverdig med katolsk skuld eller utru drittkjærastar, og mange av songane forstod eg ikkje heilt kva handla om ein gong.

Men gode, gamle Jagged Little Pill står framleis sterkt. Eg syng med so høgt eg kan, prøver å gjere sånn med stemma mi som Alanis gjer for å likna so mykje som mogleg (det likner ikkje noko særleg). Alanis, you have already won me over!

spotify:album:5IBveTW3rs7a02i5jmWXV1

18.2.11

Eg tok meg sjølv i å sei dette på telefonen:

"...so derfor vil eg ha mykje større fleksibilitet med tanke på eit eventuelt sosialt samvær!"

Kusina i den andre enden lo. "Det høyres ut som du er godt inne i rapportskrivinga, ja!"

Og so eg då, som er so begeistra for klarspråk. Eg må vel gå ein runde til gjennom rapporten min, og rydda opp i tøysespråk!

13.1.11

På den eine sida er det ein prinsippsak, ein enkelt lagnad som vert ståande som symbol for mange.

På den andre sida er det ei fantastisk jente med stort mot som kan verta sendt ut av landet kortid som helst. Maria.

Det er rart å vere heime og drikke te med tente stearinlys og skulearbeid, når Maria er varetektsfengsla. Det går nesten ikkje an å tenke på anna.

12.1.11

Ingen nyttårsforsett



Godt nytt år, gamle blogg! Eg feirer det nye året med ny arbeidslyst som likevel lar seg rokka ved av internetten. Og eg legg ut eit bilete som ikkje er av meg, for jula har ikkje satt så inngåande spor på kroppen min - men det er eit kult bilete frå eit kult prosjekt. Eg blei glad av bileta! Ikkje alle, men eg blei glad.

Eg sit ved kjøkenbordet og drikk te. Dersom eg var glamourbibliotekaren ville eg nok lagt ut bilete av stearinlys eller tekopp. Men eg er ikkje glamourbibliotekaren, og ikkje er eg like flink til å blogga som henne heller - og då snakkar eg om både kvalitet og kvantitet.

Eg har ikkje noko nyttårsforsett i år. Eg skal berre fortsetja å vera flink og snill. Eg skal gjera det eg må, og forhåpentlegvis mykje av det eg har lyst til og.
Det får halda.