26.2.02

Eg er framleis hjå Ingvill og Erik og har da bra. Erik har ein mækk i stadenfor vanleg datamaskin, det ser litt rart ut på skjermen,men eg forstår da ganske bra. No drive dei og legge seg, og eg har nett skrive nåkken kort. Da e nok best å skriva kort når ein har dråkke litt øl, så verte da gøye kort. Da trur eg på.

24.2.02

Eg har det veldig fint og bra hjå Ingvill og Erik. Fin by, fin leiligheit, moro, fine vegar, fine hus, god mat, litt dårleg teater i går. Før eg reiser skal eg kjøpe slike rutet capsar med raud busteparykk under (seeyoujimmie hatt), og suvenirar i jaktbutikken, og på Celtics butikken. Eg køyrde taxi forbi Celtics butikken, og då eg spurde om det ikkje er eit fotballag sa taximannen "you got to be joking" fordi eg ikkje visste da heilt. Stjupid norvikjen.

No ligg eg på magen på teppegolvet foran gassovnen med jukseflammar og snart er det mat. Ingvill har laga grønsaksuppe.

21.2.02

Reisefeberen er fordi eg reiser til byn i kveld for å sove hos Ragnhild, og så til Skottland klokka kvart over sju i morgon tidleg. Der skal eg bu hos Ingvill i Edinburgh, og kanskje stikke innom på te-besøk hos Sjur i Glascow dersom eg får lyst.
Åh. Foreldra mine nektar å køyre meg til bussen som går no. Derfor må eg sitje her og nesten sprekke av reisefeber i ein time til, då neste buss går. Argeli.

I naborommet sit syster og ser på topp20. Det er ei jente som hylar og stønner på tv fordi ho vinn så mange fine A1premiar. Det er skikkeleg kvalmt. A1 er ikkje musikk etter min smak.

Min smak: Bjørn Torske, Cornelius, Jaga Jazzist , Röyksopp, Kaizers Orchestra , Håkan Hellström,The Pixies, The Police, The Cure, The Smiths, Mrs. Miller, Nina Hagen, Nina Simone, Tori Amos, Bjørk, Marilyn Monroe og Jeff Buckley. For eksempel.

20.2.02

Vil ikkje ha:

Pynteting. Nips. Ekle rosa gjenstander eg har hatt sidan eg var elleve. Dei ligg i øskjer under senga mi. Eg hatar dei.

Fyrste ting eg fekk:

Anar ikkje. Mamma fortel om den minste bamsen ho fann i leikebutikk juli 1982, som likevel såg stor ut ved sida av nyfødd meg i vogna.

Kulaste eg har gjeve vekk:

Ei jul fekk Sigrun ei Margit Sandemo bok. Den hadde eg skore hol i, og inni låg det litt snop og ein verdikupong som sa at me skulle på kino ilag, ho velger film, eg betaler. Me såg Mongoland , og det var ein fin dag.

Ting som ikkje finst, men burde finnast:

Har ikkje peiling. Kjem ikkje på nokon ting. Liten elektrode som ein kan operera inn i korsryggen og som med fjernkontroll kan framkalla orgasme finst jo allereie.
Sjur vurderer om han likar smerte, seier han. Og Håkon likar speglar i parleiken. Barndomen på Osterøy var sikkert litt keisam, sidan dei tyr til slikt for å underhalda seg.

Eg er pyse i dag. Klarte ikkje drikka kaffe utan at halve koppen var mjelk. Eg høyrer på Ephemera sitt nyaste album
Balloons and Champagne . Det er eit fint og søtt album, men litt keisamt i lengdo. Dessutan høyres dei nesten ut som Stina Nordenstam (råtten side forresten), men eg likar Stina betre.


Den tingen eg har som eg likar best, har eg ikkje for tida. Det valdar meg stor sorg. Det er ein minidisc . Ein dag var den øydelagt, og det kostar 900 kroner å reparere den. Eg veit ikkje kva so er skjedd, men om nokon har øydelagt han med vilje skal eg banka dei.

18.2.02

Snille gutar er ekle.

RED



You are full of energy and impulsivness. You Enjoy being in power both in your career and in your sex life. You are extroverted and very passionate about what you believe in.




Find out your color at Stvlive.com!



Uæh!
Dette er gale med meg:

Kjeven er laus i leddet, og klikkar og set seg fast.
Plattfot
Nedsett luktesans
Kort akilles
Blir lett svimmel (dårleg balansenerve kanskje)
Merkeleg utslett i albogen, det klør

Men eg har godt nattsyn.

17.2.02

Kva var dei ute etter?
Ghost World var ein super film. Eg kunne kjenne meg att i den, både i klede og ting og tankar - jentene i filmen har berre dratt alt saman lenger enn meg. Det var ganske vittig å snakke med Nils om filmen etterpå, me hadde lagt merke til heilt ulike ting. Det er kanskje den filmen eg har likt best på lenge. Og så er nettsidene kjempekule.

Eg skal byrje å gå meir med kjolane eg har funne på besto sitt loft att. Sjølv om det er bale i regn.

14.2.02

Mora mi synes det er dritkult med to norske skisko på prikken heilt likt over målstreken.

Eg åt litt sterk italiensk ost som fekk leppene mine til å klø og hovne opp. Eg hadde likna ei californisk sunsetbeach dame, hadde eg vore blondare.
Eg har akkurat kome heim etter å ha vore på jobb, og er trøytt. Eg har fått ein jobb til no, som norsklerar i vaksenoppleringa. Så idag var eg på jobb frå halv ni til sju, og det er mange, mange timar. Eg gjer mange ting! Assistent på skulen, leiar for dei borgarlege konfirmantane, og no dette her.

Åh, deilige Fusa! !!! "Me fusingar" har jo littavkvart å vere stolte av for tida, det skal vere visst.

Det som kanskje er det beste med å bu heime er at eg får ta ut pengar utan bankkort, låne ting på biblioteket utan lånekort, tilogmed handle utan pengar.
Dei som er interesserte i å vite meir om denne flotte kommunen, kan lesa og finna linkar her.

Og tenk det! Ikkje berre finn ein konfirmasjonsbilete av meg her , ein kan tilogmed lasta ned lokal folkemusikk! Hurra!

13.2.02

HØGASTE: I fjor sommar gjekk eg fjelltur i italienske alpefjell som var 6000 meter og noko. Det var høgt og fint. Ellers er eg stadig høg på livet og lukka, hahahaaaaa

LAVASTE: Eg har ein gong, eller nokon gongar nekta for å ha gjort ting eg faktisk har gjort. Det er i grunnen ganske lavt, iallefall svært lite eksistensialistisk. Det flataste eg nokon gong har vore....det gidd eg ikkje fortelja om.

VÅTASTE: Eg likar ikkje regnklede, så i løpet av vidaregåande vart eg ofte ganske våt når eg måtte gå ute. Heller våt enn allværsjakk, det var min policy. No for tida går eg ikkje ut når det regnar.

LENGSTE: Utveksling til Salvador, Brasil då eg var fjorten. Det var kjekt

KOR: Danmark, England, Irland, Tyskland, Austerrike, Italia, Ungarn, Brasil, Tenerife, Færøyane

11.2.02

Eg øver meg framleis på gitar. Og her finn eg ofte hjelp med rare grep. Kjempepraktisk, hurra!

Og dette er ekkelt.

10.2.02

Forresten møtte eg Frode Grytten i dag tidleg, og slo av ein prat om "Popsongar", the smiths, ei ny bok med noveller Ragnar Hovland har omsett frå fransk og litt til.
Dustesjur kallar meg for vår alles søte lille Mari, og påstår at eg er fjortis. Han er den mest arrogante eg kjenner, og då eg i dag kjenner meg litt redusert, litt sart og tander, kjenner eg at eg blir sur på sjur. HAH, det rimte. Eg gidd iallefall ikkje å besøka han når eg skal til Skottland for han er skikkeleg dum.

Bakfylla er urkjip. Skjelving er urkjipt. Sterke lys og skarpe lydar er urkjipe.

Eg veit ikkje kva presumptivt betyr. Men eg har litt hove igjen, og "to presume" betyr å anta. Då betyr det sikkert antakelegvis. Lunkent inntrykk av Nils ? Han var iallefall veldig veldig full. Det var igrunnen eg og, så eg veit ikkje kva me snakka om, anna enn at me skulle sjå Ghost World i lag.

Syster mi har besøk av ei drittvenninne som har mobiltelefon. Ho får meldingar heile tida og det BRÅKAR.

7.2.02

Diverre måtte eg fjerne den vakre rosa, for biletet verka ikkje. Sikkert mongo-yahoo sin feil. Uansett, det er ei fin, teikna rosa rose. Med sjarmerande tekst. Jepp.

4.2.02


Denne vakre rosa har eg fått som minne etter ein romantisk biltur......
Desse to, superbad og Plan Ein er fine sider med fine fargar. Bra dersom eg keiar meg, eller ventar på at musikk skal verte ferdig lasta ned.

I dag då far min kom heim frå jobb hadde han med seg eit nytt fjernsyn som han hadde kjøpt. Det gamle fjernsynet våras var frå 1983, og bror min har lenge ynskt seg fleire kanalar enn NRK1 . Eg føler i grunnen at eg har hatt ein fin barndom og ungdomstid med denne kanalen. Men det hadde vore kjekt å ha Nrk2 og.
Medan eg høyrer på ekle ting på nettradio, driv eg og på med litt koselegare ting. Eg lastar ned alle popsongane som har inspirert Frode Grytten til å skrive boka med tittelen, ja nettopp : "Popsongar". Det vert fint.

3.2.02

Min største draum her i livet er eit Nina Hagen Cover Band. Det fins enormt mange sider om henne på internett, og mange av dei er veldig kule. Diverre er det ingen sider som har akkordar eller tabulatur til tekstane hennar. Så dersom nokon skulle ha nokre slike liggjande, ville eg blitt superglad. De kan maila dei til meg, og eg skal vera dykk evig takksam.

1.2.02

Dette kan ein lese hjå Øyvind , ein ven av Sjur:

""Eg er ei venninne av Sjur", seier ho. Det lysnar for meg. Eg kjenner att andletet langt der inne under hetta, og over sjalet. Det er jo Mari. Ho har eg høyrt mykje om. Mest frå Sjur og Håkon. Meir vil eg ikkje sei. Men ho er sikkert grei for det."

Tydelegvis vil ikkje Øyvind fortelje kva han har høyrd om meg frå brørne Hevrøy. Er det bekymringsverdig? Det må eg vurdere.

No har eg vurdert det. Ikkje så veldig bekymringsverdig.


Øyvind snakkar og om ein test han har tatt, om temasongar, og her er mitt resultat:

"Din sang er Dum Dum Boys' Splitter Pine!
Du ser verden gjennom et litt uvanlig filter, kan oppfattes som en rebell, men relativt ufarlig. "