20.2.02

Vil ikkje ha:

Pynteting. Nips. Ekle rosa gjenstander eg har hatt sidan eg var elleve. Dei ligg i øskjer under senga mi. Eg hatar dei.

Fyrste ting eg fekk:

Anar ikkje. Mamma fortel om den minste bamsen ho fann i leikebutikk juli 1982, som likevel såg stor ut ved sida av nyfødd meg i vogna.

Kulaste eg har gjeve vekk:

Ei jul fekk Sigrun ei Margit Sandemo bok. Den hadde eg skore hol i, og inni låg det litt snop og ein verdikupong som sa at me skulle på kino ilag, ho velger film, eg betaler. Me såg Mongoland , og det var ein fin dag.

Ting som ikkje finst, men burde finnast:

Har ikkje peiling. Kjem ikkje på nokon ting. Liten elektrode som ein kan operera inn i korsryggen og som med fjernkontroll kan framkalla orgasme finst jo allereie.

Ingen kommentarer: