20.2.02

Sjur vurderer om han likar smerte, seier han. Og Håkon likar speglar i parleiken. Barndomen på Osterøy var sikkert litt keisam, sidan dei tyr til slikt for å underhalda seg.

Eg er pyse i dag. Klarte ikkje drikka kaffe utan at halve koppen var mjelk. Eg høyrer på Ephemera sitt nyaste album
Balloons and Champagne . Det er eit fint og søtt album, men litt keisamt i lengdo. Dessutan høyres dei nesten ut som Stina Nordenstam (råtten side forresten), men eg likar Stina betre.


Den tingen eg har som eg likar best, har eg ikkje for tida. Det valdar meg stor sorg. Det er ein minidisc . Ein dag var den øydelagt, og det kostar 900 kroner å reparere den. Eg veit ikkje kva so er skjedd, men om nokon har øydelagt han med vilje skal eg banka dei.

Ingen kommentarer: