28.11.07

Kor syndig er eigentleg sjokolade? Kjærasten og eg såg Chocolat i dag på ekte white trash-vis. Me tok med kvar vår tallerken lessa over med potet&kålrabistapp og pølser inn i sofaen og såg film. Digg mat, deilig film.

Tanken på sjokolade slapp aldri taket. Medan dei andre såg Rosenborg spele kamp(kjærasten var faktisk på Lerkendal) las eg kokebøker. Eg elskar Nigella. Og no har eg testa dei syndige grensene til det lengste, det dekadente og søte livet ein vanleg onsdagskveld: å bake sjokoladekake som Nigella serverte på nyttårsfesten medan eg drikk eit par glas raudvin og ventar på kjærasten.

No står kaka i omnen. Den inneheld 300 gram sjokolade, 6 egg, 125 gram smør og 175 gram sukker, og er piska saman i tre bollar. Enkelt, ganske kjapt og veldig deilig. Og det kjennes nesten ikkje syndig ein gong.

(I morgon har eg køyretime på slaps og is. Det kvir eg meg til.)

24.11.07

Frydar meg med eit glas raudvin og fantastiske Baccara på laurdagskvelden. Ungdomstid, du slette tid. Rett frå jobb og sju-vakt att i morgon. Det er eit hondaliv, men pengane kjem godt med om ein skal ha te salt i suppo og søte kjeks te jul!

Førre helga fekk eg tidenes e-brev. Her stod skrive:

Beklager å måtte spamme, dette var eneste måten jeg kunne få kontakt med deg, mitt livs kjærlighet. Vi møttes på Harveys i helgen, husker at du het Mari-ett-eller-annet...
Hvis du føler det samme, please svar på denne mailen!!!!!!!

LoveU:)

hilsen
"meat-loaf"


...og det var sendt til meg og 571 andre ntnu-brukarar som heiter noko med Mari. Blant anna nokre Mariusar, og ein av desse svara (til alle 572):

Halla!

Jeg var på Harvey’s i helgen og var full som et charterfly. Husker ingenting, men kunne det vært meg?

Hilsen Marius


Eg vonar Meat Loaf finn drømmedama si, det hadde vore ei historie for den kulørte vekepressa, det.

22.11.07

Korleis har du det? Eg vonar du har det bra. Sjølv har eg budd so lenge i Trøndelag at eg har byrja å sei "lell" og ein slags "schø"-lyd på slutten av setningar. Eller meir som "sche", eventuelt "schæ" og i alle fall ei blanding av dei tre. Med kort vokal. Eg skal finna fonetikkbøkene og so skal eg skriva ned kva lyd eg faktisk lager. OG som ikkje dette var nok! Schwa-vokalen i "hei" går meir mot trøndersk e enn vestlandsk æ. Det kjennes ikkje bra. IKKJE bra.

Difor les eg vestlandske bloggar (Alle jentene i Skoddeheimen er gode å ha til dette føremålet) og eg les vestlandske bøker og eg FRYDAR meg når eg kan le innadvendt av dei vestlandske humor-særeigenheitane. So les eg høgt for kjærasten min, og FRYDAR meg når han ikkje tykkjer det er like morosamt som meg. For det tyder at det vestlandske er intakt. Heldigvis.

21.11.07

Arild Opheim fortalde nett at vill-kalkun er i ferd med å innta byar i USA. Til dømes Manhattan. Det er ein fantastisk tanke. Eg ler høgt på kjøkenet med tankene på dei gamle damene som vart so skremde at dei ikkje kom seg avgarde på grunn av ein truande kalkun, og dimed vart haldne som gissel. Diverre følgde eg ikkje med nett då, so eg høyrde ikkje KVAR denne skrekkens kalkun opererte, men eg ser for meg at dei tre gamle damene sat på eit bord på ein fortauskafe og at kalkunen patruljerte strengt fram og attende foran dei. Goble! Goble!

No er eg godt i gong. Og det er jo nett ein månad sidan sist eg skreiv noko, so då kan eg skriva litt til.

Alle stadene eg har budd har eg hatt lånekort på biblioteket. Det vil seie: Fusa, Bergen og Trondheim. I Fusa var det best, særleg før det automatiske kortsystemet. Då hadde eg lånenummer A5. A1-4 var dei andre i familien min.* I går var eg på Melhus bibliotek og fekk meg lånekort der. Det finaste der var at eg fekk kort sjølv om eg hadde gløymd legitimasjon. Eg set pris på slike stader, når ein får lånekort utan legitimasjon, for det tyder at det bur få nok folk der til at folk stolar på kvarandre enno. Eg lånte "Røff guide til samtidslitteraturen" av Marta Norheim. No planlegg eg ynskjeliste til jul. Eventuelt låneliste til biblioteket.

Kjærasten min speler trommer i kjellaren. Potetene til den tidlege middagen er på kok. Eg har det veldig fint.



*Ja, pappa var bibliotekar. Det var fantastisk å vere med han på jobb, og det var eg ofte. Sat der i barnekroken og las alle bøkene eg fann, og då klokka var åtta gjekk eg heim med ein pose eg nesten ikkje klarte å bæra. Fantastisk. Eg likte best eventyr-historier om parallelle univers og born i hovudrollene. Magi, tidsreiser, portar til andre stader eller rett og slett handling frå stader som ikkje finst. Som ein bokserie om Julia og den skumle kampen mot ei rottedronning av noko slag. Eg hugsar ikkje noko konkret, berre nokre bilete. Eller Narnia-serien so klart. Og so vidare.