28.6.05




Gratulere med dagen til supersyster, 16 år!

Hurra hurra hurra!


Eg feirer med å vise henne fram i all sin venleik, og no når eg har oppdaga at det går an å legge inn bilder smeller like godt til med eit søtt søskenbilde frå julafta. Eg er den med blanke silikonaktige kinn og grøn kjole (som eg har sydd sjølv). Astrid er den pene som ser ut som fotomodell /idoldeltakar, og den tredje er Heine. Han er 21 og har søkt bibliotekhøgskulen. Eg vonar han kjem inn der!
Eg blir visst heilt nødd til å trykka eit finare bilde av min person ved eit seinare høve, men i dag er det Astrid sin dag, so då får det heller gå at ho er mykje penare enn meg på bildet, for det er jo faktisk heilt riktig. Astrid og eg har baka brownies. 400 g smør, 8 egg, 8 dl sukker. Djises. Det blir tjukkesøstrer av slikt, men det er bursdag og sommarferie, so det får me tola.

27.6.05

Nett komen heim, direkte frå nattoget, og påmeldt som frivillig til fjøsfestival. Ulikt anna som er fysisk & naturvitskapleg her på vestlandet har ei helg på Nesodden gjort meg kraftig solbrent. I tillegg: ganske søvnig. Kvila litt no.

22.6.05

Eg er stolt over å vera Fusing, og ikkje minst over å vera konsul, for då er namnet mitt i PASSET. Etter medisinkurs (som var litt ekkelt, eg blir svimmel berre av ordet "blodfortynnande" dersom nokon andre seier det høgt) var det lansering av passet på Fjord`n Senter. Sentralbanksjefen sa nokre vakre ord, og etterpå kunne ein få seg pass. Eg fekk nummer 12, og seinare på kvelden fekk eg det påskrive av Eksellensen sjølv.
Oppmøtet var ikkje overstrøymande, men klokka 13 ein tysdag brukar det ikkje vera trengsel på senteret til vanleg heller

Eit knippe gode menneske åt laksamiddag på vakre Engevik Gard, og Eksellensen held ein rørande takketale til dei tilstadesverande. Han kunne ikkje fått til alt dette aleine, og det veit han veldig godt. Eksellensen er ein god mann, og flink til å trekkja fram dei som fortener det!Etter middagen vart eg med heim til den visekongelege residensen, der eg såg dokumentaren saman med magasinet-journalisten (LES MAGASINET NESTE HELG) medan Eksellensen vart fotografert. Etterpå var eg blitt litt full so eg avbraut med meir eller mindre saklege innskot heile tida då journalisten intervjua.

12.6.05

Over skrivebordet heng eit bilete av Heikki Holmås, omlag 3 år. Han var eit vakkert barn med sjarmerande bolleklipp.

Det har vore ei stri helg, men finfint. I går var eg på puben (ja, det er bunden form eintal. Det er ikkje so mange pubar i nærleiken). Det er ei stund sidan eg var heime, og JAFFAL sidan eg var på puben, so i fem minutt kjende eg meg nesten som ei rockestjerne. Folk blir glade for å sjå meg att, og eg blir glad for å sjå folk att. Etter fem minutt har eg helst på alle, og nyhendet er ikkje nyhende lenger. Då kan eg setja meg roleg ned og nyta ei kald (og ganske dyr) øl, skjønn karaokesong, og den gode samtalen, vittige frieri og gamle vener.
Morten Visekonge kom i regjeringa, og det med 52 prosent av stemmene, hurra for det. Og på tampen av kvelden, før eg går til sengs: ei ganske festleg liste over boktitlar med "mari" i. No går eg til sengs. Ha ei fin natt.

9.6.05

Vakna til den deilige lyd av regn, regn, regn, so eg orka ikkje hente avisa. Det gjorde ingenting, eg las DagogTid frå laurdagen medan eg drakk kaffi og såg ut på regnet, den grå fjorden og det lave skydekket. (Eg høyrde på P1 og det var i grunnen ganske fint. Alle burde gå inn og stemma på visekongen til P1-regjeringa!)

Kveldsvakt på jobben var ekstra spanande i dag. Me drog på bondegard og mata høner, såg på kyr og reid på hest. Eg reid og, i den grad å sitje oppå ein fjording som blir leigd av ei jente på 17 kan kallast å ri. Uansett, frå hesteryggen var det lenger ned enn eg forventa, og eg følte meg veldig fjollete eit sekund. Det kom seg, og eg likte meg ganske godt der oppe. Kanskje burde eg få ein ven med ein stall, so eg kunne ri litt i blant?