30.9.02

Måndag morgon, eg har stilt klokka på halv sju. Eg har planer om å gå på forelesing kvart over åtte. Men nei.
Det regna, heilt enormt, så eg ombestemte meg. Sov til halv tolv, eller noko slikt. Stod opp, las aviser i nokre timar.
Er trøtt, har litt vondt i halsen.

Herregud, kor vert det av pengane mine? Dei forsvinn som aldri før.

Klarar ikkje skriva noko no. Skal ned i byn, kjøpa busskort. Skal kanskje gå på fancy klesbutikk, shine/fatback, og sjå på dødsfin dongerijakke. Den fins her, og er aldeles super. Men sikkert dyr.

I kveld skal eg på kino, på Cinemateket, og sjå 7 samuraier. Det dumme er at eg ikkje har nokon å gå med! I går såg eg Ghost World aleine, og det er IKKJE det same. Såh, dersom nokon er i Trondheim i kveld og har lyst å gå på kino med meg klokka halv sju, plis gje lyd. Det skal vere mottaking med servering av sushi føre filmen.

27.9.02

Nesten heilt tomt i gongane på Dragvoll. Rart.

No skal eg straks på capoeiratrening, men Sigrun gadd ikkje bli med. Herregud. Eg er tjue år gamal, men kvir meg for å gjera ting utan bestevenninna mi. Det er dødsteit, så eg har tenkt å gå på treninga, enno om eg vurderte å ikkje gjere det, sidan ho bækkar ut, høno.

No skal eg overvinne angsten og fjortisfaktene, og gå på capoeira-trening, heilt aleine. Utan å vere nervøs. Jah, det skal eg.

26.9.02

Om har setningar i dag ugrammatiske hatt språkvitenskapen eg.
Blogger er ei rompe.

I går kveld skullle Sigrun og eg eigentleg på Knullekurs på samfundet. Det var diverre avlyst. Og me som hadde gledd oss slik til å sjå om det ikkje skulle vere ein praktisk del! Sukk. Dessutan køyrde ein buss forbi og spruta oss supervåte, nett slik som alltid skjer "når ingenting kunne bli verre" i amerikanske seriar og slikt. Me gjekk og drakk litt øl, hadde ikkje lyst til noko anna.

Då me kom heim såg me det nye musikkprogrammet til nrk. Det handla om turneane til Gluecifer, som drakk & røyka kvar dag og sov i bussen, Ephemera som var utruleg søte og pikete og drakk rusbrus i england, og Sondre Lersj som er charmerande og legg seg tidleg i Frankrike.

Eg har nett fått ei melding på min mobile telefon, som fortalde meg at ein cd eg tinga hjå Morty Black (ein nokså ny musikkbuttikk i stan), filmmusikken til "Hedwig and the angry inch" er komen! Jesss, då vart eg fornøgd, eg vonar eg får tida til å henta den etter forelesing i dag.

23.9.02

Åhoi! Helga mi har ikkje involvert alien-porno. Men det har vore ei veldig, VELDIG bra helg.

Fredag, Carl Frode Tiller las og fortalde frå den fantastiske boka si, Skråninga, på Posepilten. Ein utestad med kanskje det fiinaste namnet. Det var strålande spanande å høyre han fortelje. Det er den mest intelligente og reflekterte eg har møtt. Etterpå hadde me innfyttefest, det var vittig.

Laurdag: Studentsamling med målungdommar. Som alltid; sosialt & lærerikt. Om kvelden sprang eg gjennom den supermørke og våte skogen for å rekka ein trikk. Så var eg på Dali med sigrun, angelin, eivind, askil og arne. Og Eivind sine kontaktar fekk oss inn trass i vår eitt-år-for-unge-alder, dessutan utan å betala. Hah!
Eg skulle berre vera der ei lita stund og kanskje ta ei eller to øl. Me kom heim halv fira. Eg møtte forresten stud.ass. Roe der, som gav oss godkjend og gode kommentarar på Platon-oppgåva eg sleit med førre veke.

Sundag: Meira studentsamling. Før alle deltakarane samla seg på mormors for å vente til klokka vart seks så ølet kosta 29 kroner. (det er eit vanvittig opplegg. 51kr før 18.00, 29 kr etter. hoi!) Så møtte eg Astrid! Det var artig! Me var på teater og såg ei morsom, men litt halvvegs Jo Strømgren-forestilling om Færøyane, mine favorittøyar. Etterpå var me på mormors att, ein del målungdommar var der framleis, og me hang der til det stengte. Då køyrde Erlend og Bjarne oss heim i Bjarne sin 2CV.
Litt trangt med tre i baksetet på den, men morsomt. Marie sov hos meg.

I dag har eg vore på Platekompaniet, utan vilje nesten. Kjøpte Doktor Kosmos og den nye til Beck. No skal eg heim og høyra på da.

(Forresten har mi karriere i nmu nådd nye høgder. Eg er nemleg å finna i flygebladet til denne
saka.)


Og tilslutt, ein pris til den som skjønnar kva som er trikset med desse setningane:

Did I draw Della too tall, Edward? I did?
Emil, a sleepy baby peels a lime.
Yo, banana boy!
Oh, cameras are macho
Madam I'm Adam

19.9.02

Eg hadde fått eit ubesvart anrop på telefonen min, og då eg sjekka på telefonkatalogen var nummeret til Centrum Trelast & Jernvare. I Fauske. Lurer på kva dei vil meg.

I går såg eg Askil Holm, han gjekk utanfor platekompaniet og snakka i telefon. Sigrun og eg hadde vore på platekompaniet i over ein time. Eg kjøpte fem album. Etterpå gjekk me til ein bokhandel, og var der like lenge. Eg kjøpte to bøker. Eg likar å bruke tid i bokhandlar og platekompaniet, men eg skulle ynskje bøker var like billig som platekompanicdar. Bøker er altfor dyrt.


18.9.02

Ich bin nicht sehr froh. Es regnet viel zu viel. Doch, was macht mich froh, ist sehr gute Pläne für die Wochenende! Am Freitag haben wir InnflyttingsParty, und gute Freunde komt um uns zu besuchen. Sonntag soll ich ein Teaterspiel sehen, mit meine
telefonen ringer, eg må avslutta

16.9.02

ÅH! Akkurat då eg hadde byrja å LIKE eksfil og syntes at Platon og Aristoleles made some sense at all og i grunnen var litt interessant - då er me ferdige med det. Over til Galilei, treghetslov, linjer, krefter, matematikk og aritmantikk (kva ER DET?). Og eg som syntes det var så praktisk å gå på førelesing på Gløshaugen i dag (dette er eigentleg staden for realistar, matematikarar, naturvitskapskvinnerogmenn, sivilingingeniørar), fordi eg bur to minutt herfrå og ein halvtime frå Dragvoll (som er staden for hf & svt - filosofar og filologar og statsvitarar og musikarar og medievitarar og altså der eg høyrer heime). Alle ex.phil førelesingane er i utgongspunktet like, men denne førelesaren sa "dere er jo alle realister, så dere kan selfølgelig alt om Galilei, Newton og mekanikk", og så teikna han formlar og piler og bokstavar og slikt på tavla i to timar. "hehe, dette kunne jeg ikke gjort på Dragvoll!" Eg må nok gå på Dragvoll førelesing i morgon, sukk.

I natt drøymde eg at eg var lærar som leverte tilbake engelskprosjekt til ein klasse. Ein elev som heitte Anders hadde skrive prosjektet "Holy Hooligans".

Heile helga har eg vore på capoeiraseminar. Det var kjekt, veldig kjekt, men slitsamt. Og leggane mine kjennes som tjukke muskelknutar. Og skuldrene mine er vanskelege å røra. Og det er vondt å gå ned trapper. Og sidemusklane, dei som er verken mage eller rygger gjer meg stadig merksam på sin eksistens (noko som knapt har hendt før) ved å verka ved minste røyrsle. Men eg er nøgd, så gøy var det!

13.9.02

EGVERTSINTOGSUROGFORBANNANÅRDATAMASKINENENE
IHEILEVERDAAKTIVTGÅRINNFORÅØYDELEGGJEFORMEG
FORATEGIKKJESKALFÅFERDIGDENJÆVLOPPGÅVAOM
PLATON.DETSKALVISSTFAENIKKJEGÅANATALT
SKALFUNGERA.NOKOMÅALLTID, ALLTID!VEREFÅKKASLIKAT
EGIKKJEFÅRGJORTDETEGHARÅGJERE.
DESSUTANERDETSLITSAMTÅSKRIVEUTANTEIKNSETJING.FAEN!
Datamaskiner! AAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA!
Eg trykker superhardt på tastane berre for å ta igjen. Eg skulle ynskja det gjekk an å BANKA maskinene, for i går og i dag har dei ikkje gjort anna enn å fåkka opp i Platon-oppgåva til meg og nokre Gløs-gutar som eg er på seminar med. Men no er oppgåva levert, og eg er i grunnen ikkje så sint lenger(som før idag, sjå post over. Den havna der oppe på grunn av nokre tekniske problem). Men litt aggressiv, ja, for tastane er treige.
Iallefall for treige for meg, for eg skrive nemleg supersupersuperfort.

Eg saknar chatting! Eg har ikkje hatt slike lange, spanande internettsamtalar med menneske eg ikkje kjenner på ekte sidan eg flytte hit. Til gjengjeld har eg jo møtt ein del folk på ekte då, og dersom eg måtte velga hadde eg nok kanhenda vald dei ekte folka. Det er ikkje nett slik at eg grine, men eg saknar da litt. Chattinga altså.

Elles kan eg melda at da er haust.

11.9.02

Jøgge skrive om ein draum han har hatt. Vel, eg vakna i natt ein gong av at eg lurer på om eg ropte i søvne. Eg var nemleg superman som skulle tulla meg og fly litt rundt for å feira at eg nettopp hadde tatt ein skurk. Eg var på veg inn vindauget mitt igjen, då brått ein skummel skugge med ei farleg gul pil kom mot meg.
Ein ekte teikneseriedraum, det var dødsskummelt.
Aha. Sikre kjelder fortel meg at det er Tornerose. Tullenamn. Eg vil ikkje vera tornerose.
Eg kjenner meg obsternasig i dag.

I am Aurora!
Which Disney Princess are you?


Aurora? Kem e da? Tulleprinsessa, eg har no aldri høyrd om henne.

9.9.02

The wind blows the hair from your face
while you're waiting
by the porch on this July, sunny day
I see from the look in your eyes that you're worried,
will he come today

You won't be here tomorrow morning, but you said that yesterday as well,
I bet I`ll see you here all summer,
waiting for the one who went away

The blueberry-dress is the one you`ll be wearing,
cause that's the one, that he said he liked.
And maybe tomorrow he'll be returning, and all will be allright

No har eg fått ein meil, takk til Ida, og fått ordna teksten og akkordar, so no skal eg øva på den songen eg har hatt på hjernen omlag to veker i strekk.
Etter Jørgen:

Fått 6 på en prøve: Ja
Pult en som hadde et avkom: Nei
Drukket deg skikkelig dritings: Ja
Drept noen (forhåpentligvis i krig eller selvforsvar): Nei
Prøvd ulovlig narkotika: Nei
Vet hva abstinenser betyr: Ja
Vært i en alvorlig slosskamp: Nei
Vært i en situasjon der du faktisk har trodd du skal dø: Nei
Blitt berømt: Nei, ikkje enno
Sett en død person på kloss hold: Nei
Har forplantet deg (fått avkom): NEI takk og gudskjelov og nei og bank i bordet
Blitt arrestert: Nei
Lagd en film: Nei, men vært med i ein
Kjenne en passifist: Ja
Ha en venn som kommer fra Afrika: Ja
Vunnet masse penger på spill: Nei
Vært i verdensrommet (feks i romferge): Nei
Startet en slosskamp: Nei. Jo, med broren min.
Opplevd at noen har sagt at de elsker deg: Nja. Sjur nemde noko slikt på telefonen ein gong.
Opplevd en nærkontakt: Neppe

6.9.02

Rart, men nokså vittig, når nokon plutseleg sitt ved sida av meg på datasalen og leser på Svein si side. Frekk som eg er, bruker eg nemleg å sjegla på skjermane til dei andre på datasalane. Og så går ho vidare til Sjur si side, og så viser det seg (eg spør jo då, sjølvsagt) at dette er ei nettdagbokdame!
Rart.

I går hadde eg ein skrekkeleg og grusom og forferdeleg kjip dag. Eg bante masse i går. Men det ser ikkje så fint ut å banna her, dessutan har eg ikkje behovet lenger.
I dag går det derimot mykje betre, utanom regnet som hindrar meg i å sykla, og eg føler meg frisk og glad og superklar til å skriva oppgåve om Platon.
Eg må gjera da sjølv, for nokon ville ikkje fråta meg verdiful skrivetrening med å skriva da for meg. Ikkje ein gong mot naturaliabetaling!

Uansett. Eg skal straks på førelesning, og i kveld skal eg til Oslo att. Så det vert nok ingen Samantha Fox konsert på meg i kveld. Jahajajajajaja.

2.9.02

På lesesalen der eg var i stad hadde nokon tagga på veggen foran meg.
"JESUS" stod det. Og "TOM WAITS", "PLATON", "FY!" og "hun Rød er stygg".
Fleire enn meg har visst hatt konsentrasjonsproblemer på den lesesalen.
Jesus og Tom Waits - eg trur at eg likar musikken til mr.Tom betre enn Jesus, enno om han kanskje har lite meir innflytelse på verda enn Waits har. Men berre litt.
Det begeistrar meg at det fins eit Marispråk!
Slik ser det ut:
МАРИЙ ЙЫЛМЫМ шымлыше-влак радамыш эрвел эллаштат ушнаш тӱҥалыныт.
Det er riktig artig å lese om same kveld frå fleire vinklar!

Eg har og laga slike bøker det vert snakka om. Nokre av dei vart produsert på ungdomsskulen, og det kan nok seiast at dei, visuelt og innhaldsmessig, hadde eit litt anna uttrykk enn denna. Litt meir pyntete.
Dei litt seinare bøkene, som eg er meir nøgd med enn u-skulekladderiet, var fylte av ting som kinobillettar, bilete av auger, av munnar og diverse. Men eg kladdar lite med tusj.

I kveld skal eg på capoeiratrening igjen. Nett når eg er kvitt gongsperren, så skal eg påføra meg ein ny!

Mo dlsø fr gå djå kbs dom dkrjt frtdom rin åøsddrtrt gomhtsmr øoyy broø o gptøsjøf yoø ysdyysyitry m¨t rhom lsm ypivj- eller korleis det går dersom fingrane er feil på tastaturet. Lenge leve Bjørg Steen som lærte meg touch!