16.9.02

ÅH! Akkurat då eg hadde byrja å LIKE eksfil og syntes at Platon og Aristoleles made some sense at all og i grunnen var litt interessant - då er me ferdige med det. Over til Galilei, treghetslov, linjer, krefter, matematikk og aritmantikk (kva ER DET?). Og eg som syntes det var så praktisk å gå på førelesing på Gløshaugen i dag (dette er eigentleg staden for realistar, matematikarar, naturvitskapskvinnerogmenn, sivilingingeniørar), fordi eg bur to minutt herfrå og ein halvtime frå Dragvoll (som er staden for hf & svt - filosofar og filologar og statsvitarar og musikarar og medievitarar og altså der eg høyrer heime). Alle ex.phil førelesingane er i utgongspunktet like, men denne førelesaren sa "dere er jo alle realister, så dere kan selfølgelig alt om Galilei, Newton og mekanikk", og så teikna han formlar og piler og bokstavar og slikt på tavla i to timar. "hehe, dette kunne jeg ikke gjort på Dragvoll!" Eg må nok gå på Dragvoll førelesing i morgon, sukk.

I natt drøymde eg at eg var lærar som leverte tilbake engelskprosjekt til ein klasse. Ein elev som heitte Anders hadde skrive prosjektet "Holy Hooligans".

Heile helga har eg vore på capoeiraseminar. Det var kjekt, veldig kjekt, men slitsamt. Og leggane mine kjennes som tjukke muskelknutar. Og skuldrene mine er vanskelege å røra. Og det er vondt å gå ned trapper. Og sidemusklane, dei som er verken mage eller rygger gjer meg stadig merksam på sin eksistens (noko som knapt har hendt før) ved å verka ved minste røyrsle. Men eg er nøgd, så gøy var det!

Ingen kommentarer: