29.1.06

Det er noko med den ugreie kjensla av at eg er ein mobilitelefon som går på siste rest av batteriet. Eg lader opp pittelitt, nok til å få tatt dei mest presserande samtalane, men det går tomt fort, og eg rekk ikkje å få lada heilt opp.

I går var eg so forkjøla at eg ikkje skjøna eit ord av det innleiarane sa til sist, noko som var veldig synd, for møtet var spanande. Kyoto-avtalen og framtida. Etterpå måtte eg reise heim og sjå film, og ikkje drikke so mykje som ein slurk øl. Det var fabelaktig deilig, og "Vindauge mot bakgården" av Hitchcock var veldig, veldig bra.

Difor har eg no bestemt meg: i morgon leverer eg eigenmelding og let møtet i stiftelsen isfit, styremøtet og alt anna ligge. Eg veit eit par ting nett som eg skal fikse, men elles skal eg vere heime og rydde rommet og lade opp. Ete noko sunt. Ikkje dra på Samfundet. Og gjenopppstå på tysdag som eit betre menneske. Snakkas då!

25.1.06

Det har vore ein god dag, ein særs god dag! Den byrja med ein telefon frå NRK(eg må fyrst renske stemma og øve meg på å sei "hei, det er mari" når telefonen ring medan eg søv og eg eigentleg VEIT det er dag og at eg burde vere vaken. Klokka var 10). So stod eg opp då, og førebudde meg å møta sjefen for Mensa Trondheim i debatt på direktesendt riksdekkande radio. Dette kan høyrast om du lastar ned dagens "Norgesglasset" på nettradio. Og det gjekk fint!

Vidare var dagen ein heilt vanleg fin dag på Studentersamfundet. Gode folk, gode nyhende, gode ting.

I kveld har eg vore hjå ei god venninne og feira den gode B ho fekk på munnleg-eksamen til hovudoppgåva hennar. So er ho ferdig utdanna og følgeleg vaksen. Gud, kor fint å vere med henne og andre gamle vener! Me gjekk på cherrox og drakk øl og festleg drink med namnet "Mexican death squad".

So kjem eg heim, og har fått epost med lenke til Motorpsycho på nynorsk! Og dette er så vakkert og gjer meg glad og roleg. For øvrig tykkjer eg dette forsøket på å skrive nynorsk er fint. Trur nokon at "va" er nynorsk berre fordi det er slik ho uttaler det? Det vart sitert slik fleire stader. Og er det lov å skrive "jentane"?

Klar til å legge meg? Nei ikkje nett enno, men snart. Klokka er ikkje halv fire enno. (Og ja, eg tykkjer likevel ikkje at studentane i Trondheim på generell basis er uansvarlege. Halv fire er ikkje noko tidspunkt.)

16.1.06

I dag har eg eit strålande nyhende: eg har vore på Dragvoll! Det vil seie, for alle utanbygds lesarar: UNIVERSITET! Eg har vore på førelesning! Vel. Eg må vedgå at forelesinga var litt meir eit infomøte, for prosjektoren som skulle vise "Orions Belte" verka ikkje. Men eg lærte ein ting: Orions belte var innleiinga på det som populært vert kalla "helikopterperioden" i norsk film.

Etter nokre timar på Dragvoll, derav eit par kaffedrikkande kafetimar, innhenta dette vervet meg, og eg vart oppringt av Adressa.no. Resultatet av desse samtalane kan de lese her og her. (Eg ser heilt fullstendig klinkokkovilloggal ut på bildet. Herregud altså.)

5.1.06

Eg er særs begeistra, og skikkeleg gjennomskremt:
- snikande uvisse, skummel musikk-skremt
- brå lydar, kveppe og hyle-skremt
- krypande ekle insekt-skremt
- store monster som slåss-skremt
- rosa, udefinerbart tentakkelmonster-skremt
- action på høge hus-skremt

....alt dette, i tillegg til kjærleik ved fyrste blikk-romantikk, vennskap på tross av enorme skilnader og litt tristheit....

King Kong er ein fantastisk film!

2.1.06

Då var jula over, og det nye året er byrja. Det blir eit år eg har heilt passe store voner til. Det største og nyaste var i august då eg for alvor skulle inntre i dette nye vervet. Dette året me byrjer på no blir soleis fyrst og framst ei fortsetjing på det som har vore. Og forsetta blir deretter: å framleis gjere so godt eg kan. Men eg ynskjer meg ein plan for hausten, og eg gler meg til å klippa håret.


Visekongen er i eksil. Han har abdisert og reist. Det var ein vakker, men også særs trist avskilseremoni i Fusa Kyrkje på nyttårsaftan. Då Kongen heldt tale var det mange raudkanta auge å sjå. No er han reist og eg er trist. Fusa kjem aldri til å bli det same att!